Alt om meg som du eigentleg ikkje har stor trong til å vite. Lister, rare draumar, favoritt-oppramsingar, challenges, fjas og mas. Gøy å skrive, men heilt sikkert heilt i tåka for dei fleste.
Okay, så er eg blitt flinkare å ikkje hive meg over alt eg finn på nettet som eg har lyst på. Vanlegvis sukkar eg tungt og held fram. Men denne gongen angra eg ikkje då pakken omsider kom!
Soundtrack: P!nk (feat. Chris Stapleton) – Love me Anyway
For sjåååå på den nydelege vetle skapningen som kom i posten til meg i dag! Heilt frå Nederland og hit til kalde nedsnødde Noreg! <3 Den skal bu i biblioteket mitt når eg er ferdig å pusse opp den nye kåken min og passe på bøkene mine. For det er ein vaskeekte bokdrage, for nemleg! 😀
Så var 2025 blitt historie, og eg tek dei fyrste noko nølande skritta ut i det nye året. Og jaggu snør det på denne sida!
Soundtrack: Alice Cooper – Poison
Faktisk hadde det lava så heftig ned at eg måtte måke ein liten flekk ute på tunet for at Pixie i det heile skulle klare å kome seg ut for å pisse på morgonkvisten. Den vetle trultao mi stoppa på dørstokken, såg på snøen som låg på trappa og snudde seg bestemd for å marsjere tilbake til ullteppet i sofaen inne. For i augo til ei lita nakenhundjente var det ein VEGG av snø som møtte ho der ute. Ein vegg som eg hadde bestilt til jol, men som tydelegvis hadde bydd på seriøse leveringsvanskar for vêrgudane. Ikkje at det gjer noko; eg elskar snøen uansett kor tid på vinteren at den bestemmer seg for å dukke opp! <3
På den fyrste dagen i det nye året, og den siste dagen før eg byrjar i jobb igjen etter joleferien har eg gitt meg i kast med å tømme mobilen for bilete. Det er jo ein prosess i seg sjølv, for pc’en min finn ikkje telefonen min når eg prøver å koble den til med USB, og derfor har morgonen gått til å overføre bileta via blutooth. Eg byrja klokka 11 eller deromkring i føremiddag, og endå har eg berre klart å flytte eit år inn på data’n!! Så, der gjekk jo då planen om å lage nyttårskavalkade. Kanskje i morgon. Om ikkje anna så fekk eg rydda litt i biletemappene mine, noko som var på HØG tid!!
Men kvardagen er over meg igjen, og i morgon skal eg hive meg rundt og byrje på den 15. boka i Eirill Seidkvinne-serien. Eg gru-gledar meg. Eg tok ferie akkurat då historia tok til å bli ganske … klein. Ingen spoilers, men la oss referere til den manglande romantikaren i meg og la det bli med det.
Sidan eg no ikkje fekk lage eit innlegg om året som gjekk, så snublar eg like godt nokre år tilbake med eit par-tre bilete frå tidlegare tider. Sånn for nostalgien si skuld:
Herlegaste vetle Pixie-mi!
Throwback til fyrste turen min på Waves of the 90s!
Meg og den stakkars karen eg er gift med ein vårdag i 2023!
Denne veka kom det pakke til meg frå Poki-Heaven! OMG OMG OMG! Eg er no den stolte eigar av Mary Puppins; my very own Dogpool!!
Soundtrack: Rammstein – ZickZack
Eg sa til Dùnedain her om dagen at eg hadde bestilt ny hund. Han tok det ganske fint, i motsetjing til kva enkelte av mine tidlegare roomies har gjort når eg drar denslags spøkar. Men så er Dùnedain alltid open for å utvide familien, og det er EG som må vere den vaksne og ansvarlege som seier: -Nei, Ling-Ling. Me kan ikkje kjøpe kanin og marsvin no. Og set frå deg den sibirske angorahamsteren. Me har ikkje plass til den heller.
Denne gongen var det (heldigvis?) ein plushie. Kosebamse, for dei som ikkje er heilt inne i terminologien. Eg samlar på ting. Litt hoarder-tendensar der, men eg skuldar på genene mine. Samlingane mine går i dokker (creepy eller realistiske babydokker, Monster High og BJD), retro-My Little Pony, FunkoPOP!, dragefigurar og englefigurar (som berre får kome fram kring joletider stort sett … Englane, ikkje dragane!) Og film og musikk i fysisk form, fordi eg tykkjer dei som skaper slikt fortenar det. Og sjølvsagt då sære bamsar. I tillegg er eg så hinsides heldig som har ein barndomsven som har starta nerde-butikken Poki-Heaven der dei sel nesten alt av sånne gøye ting! Dei har endå til gode å pushe Monster High og BJD (og englar?) men det er lov å håpe at det kan kome til å dukke opp på eit tidspunkt det òg! :p Jaffal Monster High, for det er eit mareritt å få tak i den orginale serien!! *hint-hint*
Dogpool var med i Deadpool & Wolverine-filmen og blei spelt av Peggy som er ein blanding av mops og kinesisk nakenhund. Det er IKKJE ein krysning eg på nokon måte støttar, men kullet hennar var eit såkalla “uhell”. Derimot elskar kinesiske nakenhundar. Dei er dei absolutt kulaste bikkjene på jorda i mine auge, sjølv om eg ikkje fnyser av verken schäfer eller norsk grå elghund! <3 Eller xolo’ar. Eg skal definitivt ha ein xolo på eit tidspunkt. Eg har møtt ein del av desse kinesiske hårlause divaene opp igjennom, og dei er så fulle av personlegdom at eg har ikkje opplevd makan. Mi eiga vetle dramaqueen, Pixiebelle Tallulah Arorèe, er mitt spirit animal. Ho er lat, sta, kresen og full i rare innfall. Og så ser ho ikkje ut som nokon annan boff i verda! Ho manglar eit øyra (som ho mista då ein laushund tok seg inn i inngjerda deira medan ho var ein bitteliten kvelp før ho kom til meg) og det er ikkje så mange tenner att i munnen hennar. Ho er meir katt enn hund, kanskje mest fordi ho har vokse opp med nesten berre katte-sysken, og har ho bestemd seg så er det ikkje sjans i Helvete for at du får ho til å skifte meining. Akkurat som mamma’n sin. Og veldig ofte matchar sveisane våre <3 Ryan Reynolds sa i eit intevju at Peggy var ein hundemanifasjon av Deadpool, og sjølv om ho ikkje var reinrasa varma det så inderleg hjarta mitt. Det seier -litt- om kor awsomme desse bikkjene er!!
Men Pixie sjølv var ikkje så veldig imponert. Eg måtte sikkert prøve 20 gongar før eg fekk eit bilete der ho sat nokon lunde i ro ved sidan av dette nye kreket som mamma hadde drege i hus. Ho tykte ikkje det var representativt for rasen. Du kan likevel ane at det er visste likheistrekk når dei står attmed kvarande! xD Elessär har derimot arva mor si sin kjærleik for kosebamsar; han har tre stykkjer som han ikkje kan leve utan: triceratopsen Nassif, spekkhoggaren Terry og Fisken (som berre er ein fisk, underleg nok). Men då han fekk auga på Mary Puppins tykte han så absolutt at samlinga måtte utvidast og prøvde derfor fleire gongar å stele den frå meg. Hehe, dyri bli’ so’ folki, sa oldemor mi, og eg vil så absolutt påstå at det er noko sant i det!
Og skulle du vere ein like stor fan som meg, så er det fullt mogleg å kjøpe dette vetle mirakelet av ein kosebamse her! 😉
Godt nyttår frå meg og Dùnedain! Og skål for at 2025 kjem med ALT de måtte ynskje dykk!
Nytt år, nye moglegheitar. Og fleire nyttårsforset. I år har eg eit: Eg skal klare å skrive minimum TO blogginnlegg i løpet av veka! Og så langt har eg faktisk klart det ganske bra, sidan eg tjuvstarta litt sånn på haustparten!
Soundtrack: Nightwish – Noise
Eg har prøvd med det same nyttårsforsettet tidlegare, men då har det vore meir “eg skal skrive meir i bloggen”. No set eg meg eit meir konkret mål i håp om at det skal føre fram. I tillegg blir det kanskje litt meir press på å faktisk produsere litt tekst når eg no legg ut link på Facebook-sidene mine. Eg kjem ikkje til å linke til alt eg skriv bortsett frå det som er relevant til film – og bøker, men om nokon kik innom og les litt, så er det jo kjempekjekt det òg! Det blir mest av alt ei form for dagbok for min eigen del, for å få ut litt av alt som samlar seg oppi knollen, og som ikkje passar inn i det eg vanlegvis skriv!
For dei som då vel å ta fyrste turen innom (velkomen forresten!) så tenkte eg å skrive bittelitt om meg sjølv! Eg heiter Lukritzia, og bur utanfor Bergen. Eg er oppvaksen i Balestrand (eller BaleBy om du vil), men flytta lengjer sør for å studere då eg var i byrjinga av 20-åra. Og her blei eg! Forhåpentlegvis får eg moglegheita til å flytte “heimatt” snart, for eg elskar bygda mi der oppe i Sogn. No bur eg saman med mannen min Dùnedain, dei tre kattane Thrallya, Eówyn og Khavi, samt hundane Pixie og Elessär i eit koseleg lite hus fjernt frå folkeskikken, og eg trives veldig godt her. Men det er smått med plass, så det hadde vore fint med til dømes eit kjøken der ein ikkje trengde å gå ut for å skifte meining. Eg er stolt sogning, dyreelskar, hippie-bonde-gothar, reinkarnasjons-spiritist og definerar meg sjølv som heks. Og så er eg nynorskfanatikar, sjølv om jobben min helst ser at eg skriv på bokmål. *fnys*
Sånn til dagleg skriv eg bøker. Blant anna. Eg er forfattaren bak den historiske romanserien Søstre, og har snart gitt ut 20 bøker! No er eg i gong med ein ny serie, men den skal eg heller kome tilbake til seinare. I tillegg driv eg filmselskapet Alien Ghoti AS saman med mine fantastiske kollegaer Wenche og Jonny. Eg har i fleire år vore potet i filmbransjen, og jobba med alt frå produsent og regissør til skodespelar, statist og sminke. Det einaste eg ikkje har prøvd er lydmiks, så vidt eg kan kome på! Og eg elskar det, sjølv om det ikkje er så lett å leve av i det lange løp. Men det er ikkje så mange som har moglegheita til å leve av det dei elskar, og film og det å skrive er så absolutt blant mine største lidenskapar. Eg kunne knapt vente til eg forsto korleis ein skulle bruke bokstavar til å forme ord og setningar då eg byrja på skulen, og eg byrja på mi fyrste bok då eg var 9 år. Den blei på litt over ei halv dataskriven side, for det tok så hinsides lang tid å sitje der og taste med to fingrar. Så lærte eg meg touch-metoden, og resten er historie. Eller ganske mange historiar, for å vere ærleg. Eg skriv film/TV-seriemanus, noveller, dikt og romanar. Ikkje alt er like mykje å rope hurra over, men eg likar å sitje og drøyme meg vekk uansett. Så då kan ein likevel skrible ned det ein tenkjer på.
Skrekkfilm er min sjanger, sjølv om favorittfilmen er Ringnes Herre. Og så diggar eg Deadpool, både filmane og teikneseriane. Eg er vel eigentleg ein skikkeleg nerd når det kjem til stykkje, som samlar på retro-My Little Pony, rare dokker, FunkoPOP! og dragefigurar. Eg elskar fantasy, brettspel/rollespel, World of WarCraft og teikneseriar. Og så har eg ein fasinasjon for ting folk gjerne ser på som litt dystre, og det var kanskje der idèen til å skrive Søstre hadde sitt utspring. Svartedauden, norrøn mytologi og norsk folketru har alltid vore noko eg har lese ALT eg kom over om. Eg pugga bygdaboka heime så snart eg kunne lese, på jakt etter gamle soger og historiar om draugen, pesten og overtru, og eg elskar å lære om korleis verda såg ut for menneska i middelalderen. Alt frå korleis dei brukte urter og folkemedisin til kva dei trudde på av underjordiske og trollskap. Litt historie-nerd er det med andre ord i meg, sjølv om moderne historie alltid har vore litt meir ‘meh’. Krigane på 1900-talet interesserar meg cirka midt der sola aldri skin.
Bonde-gothar var ein kategori eg blei putta i av ein medbloggar for mange år sidan. Eg kledde meg helst i svart, og danderte meg sjølv med naglar og store boots, lange skinnfrakkar og med svart hår og likesminke i mine yngre dagar, men eg var langt ifrå så dramatisk som dei gotharane eg gjerne møtte då eg flytta til Bergen. Dei lente meir mot metal-goth og victoriansk-goth, medan eg gjerne tok på meg svarte sæggebukser og digre hettegensarar. No er eg noko meir fargerik, og har helst rosa, lilla eller blått hår, knæsjfarga sko eller neonfarga mesh. Eg elskar å leike meg med sminke og prøve nye frisyrer, og sidan eg eigentleg vimsar kring i min eigen vetle draumeverden mesteparten av tida, så har eg innsett at eg eigentleg er litt hippie òg. For eg er veldig peace ‘n’ luv, og tykkjer alle skal vere snille med kvarandre. Eg er ei diplomatisk sjel som ikkje kavar seg så lett opp, og eg elskar livet. Eg sleit med psykiske utfordringar i ungdomstida, men etterkvart som eg byrja å bli tørr bak øyro (og det tok jaggu lang tid, for eg trur det framleis er teikn til fuktskader baki der endå!!) lærte eg meg å sjå ljost på livet, meg sjølv og alt det fantastiske som er kring meg. Men eg er open om det eg har vore gjennom, for det er nok av dei som slit og treng å høyre at det kan bli betre. Eg veit jaffal at eg hadde trengd å høyre det då eg var nedi dei djupaste kjellarane …
Og så bør det nemnast at eg er både sarkastisk, ironisk og har særs tørr og gjerne litt svart humor. Men eg er ganske så snill på botn, sånn eigentleg!
Så velkomen til deg som våga deg innom! Kom gjerne tilbake ein annan gong! Og til sist vil eg ynskje alle som ein eit fantastisk godt nyttår, med von om at 2025 kjem med mykje godt og ikkje forsvinn så fort som 2024!
Det snør, det snør! Noko eg meinar er eit godt teikn for det komande året <3
Eg har venta og venta på at min wrap skulle kome, og i dag dukka den ENDELEG opp på mobilen min!
Soundtrack: SIA – Puppies are Forever
Can’t Take Me Home – Albumet som gjorde at eg blei nasegrus forelska i P!nk!
Eg blir gjerne litt overraska når den kjem. I fjor var den stappfull av obskur middelalder-musikk og Grieg og gregorianske munkar. Det har gjerne vore det eg har guffa når eg skriv, for å kome i rette stemninga og reise så langt tilbake i tid som 1300-talet. Det var fint lite av både hardcore metal og ontsj-ontsj-bass på den tida. Men i år trur eg er fyrste gong lista mi er representativ for min musikksmak. Øverst på lista truna dronninga mi: P!nk. Eg føretrekk kanskje metal, rock og old school hiphop/rap, men P!nk har vore heltinna mi sidan hennar fyrste album. Eg ELSKAR den dama!! Det er ein klisjè, men nokre gongar lurer eg på om ho verkeleg sit og spionerar på meg og skriv tekstane sine OM meg. Anten det, eller så tenkjer eg og ho skremmande likt om det meste. Og så må eg nemne at eg ein gong var ute med ein gjeng kollegaer, der me byrja å snakke om kven kring bordet som likna på ulike kjendisar. Me hadde ei med oss som var rimeleg lik Miley Cyrus, og så snur ei av jentene seg mot meg og seier: -Men du liknar jo på P!nk! Seriøst. Det var nok berre fordi eg hadde knæsj rosa hår på det tidspunktet, men OMG. Det er kanskje det fiiiiinaste komplimentet eg har fått i mitt LIIIIIV, så eg tek det med meg til grava! <3
Men tilbake til wrap’en min. Det kom nok ikkje som ei overrasking at den var dominert av Rammstein, Lordi og The Rasmus. HIM glimra med sitt fråvèr dette året, og var i staden blitt erstatta av Die Antwoord? Pussig, for eg tykkjer ikkje akkurat eg har høyrd så mykje på dei i år? Og i januar skal eg ha høyrd på eit band som heiter Stargate? Det fekk meg til å klø meg litt i hovudet, og eg måtte faktisk google for å sjå kven i alle dagar dette var. Ikkje at eg blei masse klokare, og i og med at det ikkje ligg ute noko band med det namnet på Spotify, så trur eg kanskje app’en min har røykt sokkane sine. Det er eit -produksjonsselskap- så vidt eg veit, og kvifor dei har rota seg inn på lista mi må gudane vite! Det kan vere eg tek feil, men eg finn dei ikkje og eg kan ikkje minnast at eg aktivt har søkt opp nokon med det namnet.
Men alt i alt; medan dei fleste eg har snakka med skjemst litt over alt det rare dei har høyrd på siste året, så vil eg påstå at mi er høgst representativ for det eg vanlegvis guffar på høgtalarane. Sånn utan å nemne at N’Sync sin “Bye Bye Bye” gjekk på repeat gjennom sumaren etter premieren på Deadpool & Wolverine. *kremt* No er det uansett jol, og her i huset spelar me derfor berre jolemusikk i desse dagar. Den manglande jolestemninga har faktisk kome snikande etter at helga har gått med til å vaske ned gongen, så den duftar friskt av grønsåpe, ljosa og adventstjerna er komne på plass og eg har fått gjort klar i alle fall TRE gåver med god hjelp på nyfikne pusekattar som var særs hjelpsame då jolebanda skulle surrast kring pakkane!
Skrekkfilmar er ein av mine aller største lidenskapar. Eg ELSKAR skrekk. Så her er mi liste, med anmeldingar, av skrekk og gru som eg har kosa meg med gjennom tida. Den vil konstant endre seg etterkvart som eg bestemmer meg for at ein film er betre enn ein annan! Enjoy!
Note: Denne lista baserar seg på det EG meinar er viktig i skrekkfilm-samanheng. Historia/manus, kor intens den blir, effektar og foto, blant anna. Eg er ikkje kresen på skrekkfilmar, men eg ER kresen når det kjem til kva eg kallar ein GOD skrekkfilm!
Nei nei nei! For all del; denne Dronninga lever i beste velgåande. Og så vidt eg veit er det framleis rompa til Elizabeth som held truna varm borte i Storbritannia. Men leggje på røyret, ta på seg tredressen, skubbe opp blomar eller gå under torva. La oss snakke litt om døden.
Sountrack: Lordi – Beast of Both Worlds
“Folk vil alltid fø, og folk vil alltid dø”. Det var argumentet til far min om kvifor det var lurt å velgje ei yrkesrettning innan helse. Det er berre litt problematisk når dottera hans tydelegvis har ein medfødd intens fobi for både avføring og dei fleste andre kroppsvæsker. Nope! Her skulle det ikkje tørkast romper eller analyserast urinprøvar. Hell no.
Så eg blei kunstnar, og takk og pris for det! Men det gjer meg ikkje mindre merksam på at det er eit faktum: Me skal alle døy. Det gjenspeiglar seg nok i “kunsten” min. Eg har sikkert eit heilt bibliotek med det ein i dag vil referere til som “emo-poesi” og Makaber kunne like gjerne vore mellomnamnet mitt. No fanst det vel og merke ikkje emoar i mi tid, men ein haug med svartkledde kids som gjekk rundt og sutra over at dei heller vore vampyrar eller at dei høyrde til i victoriatida. Kvinnediskriminering, baby-farmar og kolera kan dei ha for min del! Det får ikkje hjelpe kor fine kjolane deira var. Tema kring døden har alltid facinert meg til det morbide. Og tru meg, eg har fått høyre det. Likevel sluttar det aldri å forundre meg kor skvetne folk blir når eg drar ein vits om temaet! Det er ikkje slik at eg har tenkt å hoppe utfor den fyrste brua eg kjem over fordi om eg fleipar om døden!
Jaudå, døden er direkte dødsfarleg. Den saken er klar. Men eg har kravla meg gjennom årevis med suicidale tankar, og då blir ein godt mogleg litt herda. Det å døy er ikkje så skummelt, sjølv om eg aller helst vil vere her på jorda og leve livet. Og det er tydelegvis fullstendig fy-fy å drive med noko slags planleggjing av si eiga gravferd! Men eg syns det er litt viktig,
eg. Særleg om ein er sånn som meg, som verkeleg vil gå ut med eit BÆNG! For eg likar ikkje at folk grin. Ikkje på mine vegne i alle fall. Eg har jo hatt eit fantastisk og heidundrandres liv, i alle fall når eg endeleg bestemde meg for å slutte og synast synd på meg sjølv. Det hjelp ingen. Nokre år tilbake var det ein irsk kar som fekk spelt av eit lydopptak av seg sjølv då dei senka kista i jorda. Eg held på å le meg skakk då eg såg klippet! Makan til genial idè?!
Så eg bestemde meg veldig klart for at SLIK skal mi gravferd vere. Planleggje bryllaup, planleggje gravferd; poteito, potato. Det er like fullt eg som er hovudpersonen, sjølv om bryllaupsdagen er delt med han stakkaren som har sagt ja til å gifte seg med meg. I mi gravferd skal folk le. Drit no i å bruke masse pengar på dyre kister, blomar og Fandens oldemor. La gamla få kvile, og bruk heller pengane på ein fest. Stand-up komikarar! Ballongar! Eller ballongdyr! Hoppeslott og tequila! Sleng inn ein mann utkledd som mannen med ljåen, og dagen er komplett. Meg kan de berre hive i ein flyttekasse frå IKEA og grave ned bortom nåvi. Eg er daud, eg merkar fint lite til det uansett. Og skal dei på død og liv reise ein gravstein, så krev eg eit morosamt sitat, dikt eller i det minste ein drage som dekor. Bortsett frå det kan dei gjere som dei vil med meg.
Men så opnar eg kjeften og fortel om planane mine, og folk kring meg blir temmeleg bleike om nebbet. Det er ikkje akkurat som om eg drog ein frekkis om den avdøde og høgt elska tanta di! Eg snakkar heilt og haldent på eigne vegne! Sjølvsagt blir eg, som alle normale individ, trist når nokon eg bryr meg om bestemmer seg for å ta på seg tredressen og skifte realm. Men eg HATAR den grusame tunge kjensla ein får når det skjer. Og eg syns ikkje noko sånt skal skje den dagen et let att gluggane for godt. Ei gravferd bør vere ei feiring av alt denne personen var, og eg elskar å få folk til å le. Eg er kanskje ikkje direkte komikar-materiale, men eg tek det eg får. Så min plan er å kome tilbake og heimsøkje skiten ut av folk dersom dei arrangerar ei gravferd der alle sit på rekkje og rad og tutar i ei kyrkje. For så vidt har eg allreie teke fyrste steg for å unngå det; eg melde meg glatt ut av Statskyrkja for årevis sidan.
Ein god latter forlengjar livet, sa kjerringa og lo seg ihjel. Det kan de godt skrive på gravsteinen min!
Då straumen rauk i natt, og drøydde til langt på dag med å kome tilbake, innsåg eg at det var visse manglar og hòl i planen min for den dagen zombiane kjem. Eg trudde det eg hadde kokt saman var temmeleg vatntett, men eg hadde ikkje teke med i betraktning at det kan oppstå aldri så små kriser berre av eit halvt døgn utan elektrisitet.
Soundtrack: HIM – When Love and Death Embrace
Plan A er fyrst og fremst å kome seg til helsike vekk frå folkerike områder, og søkje dit ingen kunne tru at nokon kunne bu, eller rettare sagt BaleBy. Det er ikkje det at det er fullstendig aude i heimbygda mi, men når ein tenkjer på kor isolert ein blir der dersom det går ras og ferjene blir innstilt, så kan ein fort sjå kor mykje lettare den staden blir å forsvare enn midt oppå Hardangervidda, sjølv om det òg er langt frå folk. Problemet mitt var berre at eg innsåg at det var ingen plan B! For det er ingen garanti for at ikkje hordar av levande daude gjer vegstrekningane uframkommelege, og at ein dermed må avvente sjølve fluktplanen til nokon får rydda veg. Med mindre ein har ein tanks. Eg har ikkje noko tanks.
Så då sit ein altso her oppe i ein høgde der ledd og lemmar på dei som allereie har til ein viss grad har vandra over til den andre sida vil bli så stive og ubrukelege i vinterkulda at dei neppe kjem og bankar på stovedøra di. Så langt, så vel. Men alle som er fan av zombie-sjangeren veit at noko av det fyrste som forsvinn i filmversjonane av apokalypsen (rett etter sunn fornuft, vel og merke!) er straumen. Og her hjå oss forsvinn då vatnet i same rennet sidan me har pumpe og brønn.
Og la meg berre få utbrodere kor hjelpelaus ein blir utan elektrisitet: Det blir mørkt. Og kaldt. Me har heldigvis vedovn, og eg trudde eg hadde redda skinnet mitt allereie der. Men kva hjelp det når ein ovnen er så barnevenleg at katten nærmast kan sove oppå den medan den er i full fyr? (innhaldet i vedovnen, vel og merke. Ikkje katten.) Det neste problemet med støytte på var at Dùnedain ikkje fungerar utan kaffi. I grensa til å gli over i zombiane sine rekkjer av koffein-mangel svima han rundt i lang tid medan me freista å finne ei løysning på situasjonen. Komfyr, microbølgjeovn, vatnkokar og kaffitraktar: Ingen av desse fungerar utan el-juice. Så fekk mannen ein idè og forsvann ned i kjellaren. Før eg rekk å snu meg er han tilbake og vil lage bål på stovegolvet. Vel, nesten. Han hadde ein sånn gasskoke-sak som fylte halve rommet, som var til å koke krabbepannene på. Og ei gassflaske som fylte andre delen av rommet. -Uhm, javel? -Ja, eg tappar berre vatn frå varmtvatn-tanken i ei panne og så kokar me det. -På golvet? -Ja? -Nei. Det var ein tilsynelatande snurt kar som fint måtte pakke saman bålet sitt og tusle nedatt i kjellaren. Og eg sat att her og lurte på korleis dette huset hadde blitt ståande til eg flytta inn. Eg trudde idèen hans var basert på ein koseleg liten primus, men min eigen private Lars Monsen hadde ikkje meir raudsprit til å få futt i denslags, så enden på visa var at han måtte sitje nede i kjellaren og vente til vatnet koka.
Då han omsider var tilbake i dei levande si verd og atter hadde fått koffein i blodomløpet, sat me i kvar vår ende og stira tomt ut i lufta. Kva no? Finne ut kva som gjer at straumen er vekke? Nyttar ikkje. Nettet er nede. Lage oss frukost? Nope, me har berre sånne halvferdige rundstykkjer og ingen steikeovn. Skulle me lage ferdig bryllaupsinvitasjonane? Nei. Damn. Limpistolen treng straum. Spele litt på mobilen medan me ventar på at dette skal gå over? Eller er spela mine online? Jepp, dei er visst det. Og skrive går ikkje, for skriveria mine ligg i DropBox’n som er, gjett kva? Online. Dusje, vaske litt i huset, stryke gardinene som eg hadde utsett til sundag….Ingenting funkar utan straum!! Me fraus i det minste ikkje, for det brann lystig i ovnen. Dermed gjorde me det som folk gjerne gjorde i gamledagar, når digital underhaldning var ikkje-eksisterande: Me las kvar vår bok.
Til sjuande og sist drog eg konklusjonen om kva som manglar i planen min: Bøker. Haugar og dungar av lesestoff. Eg treng MINST ei palle med litteratur til den dagen zombiane kjem. Ellers trur eg at me er på veg rett mot tidenes mest stusselege dommedag-scenario.
Alle sin favorittzombie Bub demonstrerar kor viktig god litteratur er for å overleve apokalypsen! (Day of the Dead – Universal Pictures)
I helga fekk eg spørsmål om kvifor eg kallar kjærasten min Dùnedain. Fyrst og fremst brukar eg det namnet på han online, for han likar ikkje så godt å vere “synleg” på nettet…(men han har jo skaffa seg HEILT feil kvinnfolk om han på død og liv skal vere anonym!! Præhæææ!) Men eg kallar han det reint privat òg. Og kvifor? Jau, no skal du høyra.
Fyrste gong eg og Dùnedain møttes, var på ein fest hjå Gabbi og Harelabb. Han var sjåfør for nokre kompisar, og eg var der av gamal vane. Partyløve, her. Me byrja å syngje karaoke saman, og etterkvart som kvelden gjekk byrja me å snakke om dei kreative interessene våre. Han var litt Reodor Felgen; han elska å putle med alle slags oppfinnelsar og diverse småplukk (modellbåtar, LEGO, u name it), og både teikna og var trubadur. Eg har ikkje så mykje skapande kreativitet i fingrane reint fysisk, men har ein vill fantasi og er full av kreative idèar oppi toppen. Så eg fortalde han at eg skriv mykje. Filmmanus, songtekstar, dikt, noveller, og ikkje minst romanar. Eit av mine livsverk, som tydelegvis aldri blir ferdig, er ein fantasy roman som heiter Calendilah. -Kva handlar det om? spurde han. -Ei einsam halv-alv-jente som lever aleine i skogen, fortalde eg og la ut om den magiske verda mi som eg hadde skapt, full av troll og alvar og dvergar og hekser, og alt anna som høyrer heime i slike landskap. Han smilte, og lagra meg på telefonen sin som Calendilah. Då han i tillegg kunne fortelje at han treivst godt heilt aleine i skog og mark, utbraut eg: -Om eg er Calendilah, då må jo du vere ein dùnedain!
Det blei hengjande ved han. For dei som ikkje veit så mykje om Ringenes Herre, så var dei etterkomarane av alvevenene som kjempa saman med alvane i kampen mot Morgoth, for å sei det veldig kort. Aragorn var ein av dei, og han har vel dei fleste høyrd om etterkvart. Hunden vår, Elessär, har fått namnet sitt i og med at det var det alviske namnet til Aragorn, men det er ein annan historie.
Den natta blei me sitjande og prate lengje om alt mellom himmel og jord. Eg fortalde han at eg var heks og spiritist, men i starten tykte han at å kalle nokon “heks” var frykteleg brutalt. -Men du er magisk, sa han. -Kanskje eg er ein alv, spøkte eg. -Det skal du ikkje sjå bort ifrå, svarte han.
Eg likar tanken på at me er litt magiske, både eg og han. Det føles i alle fall magisk å ha funne eit anna menneske som elskar meg så ubetinga og høgt, og kjensla er så absolutt gjensidig. Tye-méla Dùnedain <3
Medan eg sat og tasta i veg på ynskjelista mi går, så merka eg at det klødde litt i den blogge…foten? Fingeren? Eg saknar bloggen min. Så no startar eg på nytt. Igjen.
Soundtrack: Celtic Woman – Teir Abhaile Riu
Heldigvis er ikkje ein av dei som har ein fanskare å forhalde meg til. Så vidt meg bekjend er det berre eg sjølv som av og til ser tilbake på skribleria mine, og kring jol sjekkar ein og annan ut ynskjelista mi. Men det er mest for min eigen del eg har ein blogg. Akkurat som at eg ein gong i tida førde dagbøker, berre for meg sjølv. No var dagbøkene mine vel og merke eit djupdykk i menneskesinnets mørkaste sider til tider, og det har eg ingen behov for å lufte offentleg på nett. Takk og pris. Eg likar berre å skrive, og for så vidt så har eg fint lite mørke ting å skrive om, i alle fall på den mentale fronten. Litt verre er det kanskje med den brennande interessen eg sit med for det makabre og mørke sånn ellers, men det får verda berre leve med.
Ein av grunnane, trur eg, til at eg ikkje har vore så engasjert bloggmessig er det nitriste designet eg har på sida mi. Ja, det er til å grine av. Eg veit. Så i ekte korona-and tenkte eg kanskje at det var på høg tid med ei oppussing. Det blir planen for romjola, for tida framover er jaggu tettpakka nok med ting eg skal nå over. Eg har sett meg ei deadline på 1. desember for skriveprosjektet mitt, eg og Dùnedain er byrja på bryllaupsinvitasjonane våre, jolepresangar skal kjøpast inn, og eg og fine mannen min driv å lagar adventskalendar til kvarandre. Og i kveld/ettermiddag (alt etter kor mykje eg klarar å skrive i løpet av dagen) skal me ta bilete til jolekorta sånn at eg kan få dei framkalla. Så, ja. Det er er heftig mykje på tapeten for tida. Men veit du kva? Eg elskar det. Eg saknar det skikkeleg hektiske livet som gjerne slår ut i full blome når eg til dømes jobbar på eit filmprosjekt. Ting skjer. Hjernen jobbar. Du skal ha kontroll på ti tusen ting og alt går i eitt. Og det er den diggaste kjensla eg veit.
Konklusjonen min er med andre ord: I romjola, om ikkje heile slekta på begge sider skal slåss om kvalitetstid med oss, så skal eg lage ny header, og starte bloggen min på ny frisk. Som om den er splitter ny. Og eg gler meg. Samstundes som eg har eit håp om at 2022 ENDELEG skal bli året der eg klarar å bli ein aktiv bloggar igjen!!