Eg må vere litt distriktpolitisk engasjert og lette hjarta mitt litt. 

Soundtrack: The Rasmus – You Want it All

Dei som bestemmer i dette landet tykkjer av ein eller annan merkeleg grunn at alt av tilbod utanfor Oslo kan kuttast, kappast, fjernast eller minimerast. Skule eller helse; for som dei seier i den Tine-reklamesnutten som gjer meg like forbanna kvar bidige gong: “tenk at det bor folk her?”
(debatten om kvifor eg hissar meg opp over den, får me ta ein annan gong)

Men jau. Det BUR faktisk folk resten av Noreg. Ikkje alle kan sitje på ein utekafè i hovudstaden med nasa ned i ein cappuwrappocchino og meine at verda blir betre berre den blir bilfri. Nokon må faktisk produsere det kvite dei puttar i dei koffein-baserte drikkane sine, anten dei føretrekk jur-juice eller havremjølk. Det er bøndene som ordnar, om du ikkje heng med. Og dei kan ikkje dyrke korn i ein bakgard midt på Carl Johan. Eller halde kyr i ein funkisbolig på Frogner.
Fjorden der aust har dei føkka så heftig opp at fisken ikkje lengjer vil bu der, så det må nokre barske folk langsmed kysten ordne, slik at fine byfruer kan få ta tran-pillene sine til frukost.
Vil du ha pinnekjøt til jol, så må nokon halde sauar. Og føretrekk du svineribbe, så trengs det at nokon passar grisen fram til den kjem på bordet. All salaten du trykkjer i deg ordnar bøndene òg, i tillegg til egg, kylling, epler og jordbær. For å nemne noko.

 

MØØØØ! Bilete er lånt frå Nationen.

Men så kjem me til noko litt finurleg som gjerne følgjer med når det bur folk ein plass: Dei treng litt meir enn jorda dei dyrkar. Eit helsetilbod til dømes. Til og med bønder blir sjuke ein gong i blant, og til slutt blir dei gamle og treng kanskje litt ekstra hjelp i form av ein fungerande aldersheim eller ein doktor som kan hjelpe når blodtrykket går i taket fordi dei som bestemmer let til å ha gløymd oss fullstendig.

Nokre av dei som bur i utkant-Noreg får born. Og desse borna treng ein skule å gå på. Barnehage. Kanskje eit fritidstilbod.
Det trengst butikkar, bensinstasjonar, verkstader, og ikkje minst transporttilbod når folk skal bu ein plass.
I heimbygda mi er me i tillegg avhengige av bilen, for bussen ser me kanskje ein gong kvart skotår om me er heldige. Der har dei plukka vekk politiet, banken og no skal dei i gong å loppe oss for aldersheimen. Alt skal til Sogndal fordi det er større. Og har du ikkje eigen bil, så har du eit problem dersom du treng nokre av desse tenestane, for det ligg gjerne ein drøy time med buss unna. Inkludert ferje.
Igjen spora eg litt av, men det er likevel dette som er poenget mitt: Kvifor i alle dagar skal alt samlast og skjærast ned på i eit så langstrakt land som Noreg?
Kvifor skal det ikkje vere forsvarleg dekning av ambulanseteneste, sjukehus, fødestover og opplæring av våre små håpefulle utan at det skal gå fullstendig på helsa laus? Kva skal desse pengane dei sparar inn gå til? Skal dei som held landet vårt i gong og sørgjer for at me ikkje er nøydd å importere oksekjøt som er så proppfullt i antibiotika at det nærmast veks sopp på innsida av blodårene på dei over landegrensene vere nøydd å leve i eit samfunn der hjelpen når ein treng det er tre timar unna på speilblankt vinterføre fordi nokon med slips tykte det var litt dyrt å drifte ein skikkeleg ambulanseteneste?

Bygde-Noreg ligg mellom fjordar og fjell. På forblåste holmar ute ved kysten. Blant rasutsette vegstrekkjer og er kobla saman med ferjer som ikkje alltid går når dei skal.
Men det bur folk der. Dei vel distriktet framfor bylivet, og eg forstår dei. Eg lengtar tilbake dit sjølv. Det er noko unikt med livet på bygda. Og dei som har forstått dette tykkjer eg me skal ha respekt for.
Eg kjem aldri til å forstå kvifor nokon tykkjer det urbane livet der du bur i ein boks stabla oppå naboen er betre enn å ha grøne bøar, skog og fjell like utanfor stovedøra di. Men eg forlangar ikkje at me skal vere einige om kva som er best.
Eg forlangar berre at politikarane skal dra nasa ut av sitt eige kaviarkryss og sjå at det er noko utanfor Ring 3!

Handletur. Eg tuslar avgarde med handlevogna, medan Dùnedain pantar flasker. Telefonen min ringjer og det er mannen som lurer på kva reol eg gøymer meg bak. 
-Eg ser deg, seier han og rundar stabelen med woksausar på tilbod. 

Soundtrack: Ed Sheeran – I see fire

Sidan han no står rett framfor meg og handlevogna mi, legg eg på. Men han held fram å prate i telefonen.
-Eg tok med chips sidan det var tilbod. Skal eg hente ein til med salt til deg?
Eg ser rett på han. Han ser forundra tilbake på meg ein augneblink før han senkar mobilen.
-Eg er visst litt bonde på by’n i dag, seier han stille. -Eg har ikkje fått nok kaffi.

Dùnedain er ein vims. Ein fantastisk, perfekt og god vims. Min vims.
Me er ulike som natt og dag på dei fleste områder, men eg ville ikkje bytt han ut for noko i verda. Og han har noko eg har innsett at er det viktigaste i ein partnar for min del: Lidenskap.
Ikkje av den romantiske sorten. Takk og pris. Det er ikkje eit snev av romantikk i denne skrotten heller.
Men av den typen som verkeleg elskar og brenn for sine ting.
Eg gjekk ikkje heilt beint den kvelden eg møtte han for fyrste gong, men gjennom det noko tåkete tequila-blikket mitt fekk eg dratt han med meg opp til karaokeskjermen. Og han kunne syngje. Og han prata med slik innlevelse om musikk at eg blei heilt fascinert.

Meg og draumemannen på High as a Kite-konsert 2022

I mine yngre dagar trudde eg at det var god humor eller six-pack eg såg etter i ein partnar. Humor er alltid eit pluss, men eg har innsett at det er ikkje eit naudsynt punkt på lista mi. Det eg ser etter i eit mann/kvinnfolk er lidenskap. Eg kan bli like betatt av ein person med masse kunnskap kring noko han eller ho er engasjert i som eg kan falle for nokon som er gode til å danse eller male. Så lengje dei elskar sine greier og har sjølvtillit når dei får vise kva dei kan.
Og det treng ikkje vere romantisk tiltrekkjing; eg elskar å omgje meg med folk som brenn for noko. Det er nok derfor eg har ei greie for nerdar. Eg blir så hinsides stolt når nokon som vanlegvis er litt stille og tilbaketrekte får vise kva dei er gode for, anten dei er gode til å spele piano eller har skills i dataspel. Eller berre sit på vanvittig mykje kunnskap på eit noko obskurt felt og kan slå om seg med gode argument.
Politikar, dansar, gamer eller skodespelar. Eller berre nokon som veit meir enn gjennomsnittet om vaskemaskiner.
Eg diggar det.

Kva i alle dagar er det som får ein godt vaksen mann til å kike ned på tissefanten sin og tenkje: -Hm! Kanskje ei fullstendig ukjend dame kunne tenkje seg å sjå han her?

Soundtrack: Miracle of Sound – Valhalla Calling

Eg og ei venninne tok ein prat om dette fenomenet i går. Og det slo meg at i heile mitt liv har eg faktisk berre motteke EIT dick pic! Det var i tillegg på den tida mobiltelefonane hadde så dårleg oppløysning på bileta sine at du måtte gjette deg fram til kva du såg på. Litt sånn “connect-the-dots”-konsept.
Ikkje at eg saknar det på nokon måte; eg tykkjer eigentleg ikkje at det mannlege kjønnsorgan er så veldig innbydande. Tidlegare var eg sjølvdiagnostisert med det eg kalla “kuk-angst”; det vil sei ei ibuande frykt for brått å bli vitne til ein snabb i fri dressur på eit uventa tidspunkt.
Når det var planlagd at den skulle dukke opp var det greit. Men pikkar frå det store intet kunne eg glatt styre min entusiasme for.

Bilete er lånt frå Horsenetwork

Det er eigentleg litt fascinerande korleis mange gutar og menn slit med usikkerheit kring sine eigne kjønnsorgan, men å dele ut bilete til jenter dei ikkje ein gong har møtt heilt ukritisk er null stress.
Kva forventar dei eigentleg? At dei kvinnelege mottakarane skal bli så entusiastiske over den piskeklare laksen til avsendaren at dei hiv seg over telefonen for ein booty-call med det same dei opnar meldinga?
Trur dei at vår fyrste tanke er at me skal sende noko tilbake? Og er det så allright å gå kring og vite at pikken din ligg i DM’en til eit kvinnfolk du ikkje anar kven er?

Uansett så byrja eg å filosofere litt kring temaet.
Kanskje er det rett og slett slik at eg utstrålar noko på eitkvart bilete av meg online som skrik at å sende noko slikt til meg er ein særs dårleg idè. Og la meg understreke: Det ER det.
Dersom ein korttenkt kar hadde site og nappar løken, og brått fått eit innfall om å vidarekommunisere syslene sine til meg, så er det ein viss fare for at han hadde kome til å angre. Hardt og lengje, pun intended.
Eg hadde ikkje vore i stand til å motstå trongen til å gje fyren ei solid analyse i retur, som han mest sannsynleg ikkje hadde sett vidare pris på. Generelt har eg lite fint å sei om denne kjøtstanga mannfolk går kring med mellom beina, og ikkje få meg til å byrje på den tafatte sekken som heng under!!
Den funkar til formålet, men eg har inga interesse av å fordjupe meg i fysiologien, særleg ikkje på framandfolk.

Og så var snøballen i gong å rulle: Kva meir kunne ein gjort med eit rykande ferskt snoppe-shot?
Å sende eit i retur hadde vore ein god start. Eg har aldri send nokon så mykje som eit lettkledd bilete av meg sjølv, langt mindre eit bilete av staken! Noko som nok kokar ned til at eg ikkje HAR ein, men det treng jo ikkje karen å få vite.
Reaksjonen hadde nok vore upåklageleg når han opna fila og stira rett på eit heftig utstyr med ein knytneve i eit godt grep kring rota og teksten: -Og her er min!
Eit anna alternativ hadde så absolutt vore å svare med eit: -Takk for tilskotet til samlinga mi! for så å gje han ein link til nettsida eg har oppretta med eit nydeleg galleri av tilsende understell. Med fullt namn, må vite.
Det sneik seg inn eit realt kunstverk i tankane mine medan eg sat og funderte. Eit slikt pixlete bilete samansett av mange små bilete, som summa sumarum utgjer eit anna bilete, om det gir meining? Der du kan klikke på eit og få opp eit STORT bilete av ynskjeleg kølle for nærare inspeksjon.
Men i og med at eg har vore lite utsett for desse noko spesielle sjølvportretta, så måtte konseptet sjølvsagt vore eit samarbeidsprosjekt mellom meg og alle kvinner der ute som mottek denslags junk-mail.
La det vel og merke vere ei åtvaring til alle deletrengde herremenn der ute: Berre gje faen. Ikkje del ut dine edlare delar på måfå, for tenk om nokon som meg får kloa i dei. Det vil ikkje ende godt.

Okay, la meg kjapt setje scenen her: Donald er den store dumme bølla i skulegarden. Putin er jocken som dopar ned jenter på fest og gjer som han vil med dei. Og Kim Jong-un er den halvkjipe kompisen deira som stappar i seg ostepop og ler medan Donald bankar opp nerdane. Landa i resten av verda er medelevane som må leve med desse lakabodlane. 

Soundtrack: Lordi – Lucyfer Prime Evil

I filmane er vanlegvis bølla ein ekkel liten gut som har fått altfor mange cheeseburgarar fordi mamma aldri laga skikkeleg mat til han heime, og eigentleg ikkje var så glad i han. Han er usikker på seg sjølv og har liten tiss.
Tilfellet vårt er mykje det same, bortsett frå at Donald ikkje er usikker på seg sjølv. Snarare tvert imot; han er den ufyselege gutungen som kjem frå ein rik familie med altfor mykje pengar, og som har fått lov å ture fram akkurat som han vil heile livet.
Akkurat no har han peikt seg ut Danmark som sitt nye mobbeoffer, sidan det ikkje var gøy å plage Venezuela lengjer. Og sidan han veit å angripe der det svir mest, slik bøller gjerne gjer, har han gått etter lillesyster Grønland.
Alle veit at Grønland er ganske forsiktig og uskuldig, men at ho alltid har sjokoladepulver til å putte i mjølka si til lunsj. (ein referanse for oss som gjekk på skule då ein fekk lettmjølk eller h-mjølk, og ikkje Litago som skulemjølk!)
Og det har Donald lyst på.

Men som bøller flest er Donald ganske uberekneleg. Ein veit aldri kva han kjem til å finne på, for han skal tøffe seg for den kule Putin og blir heia på av den små-ekle Kim.
Det skremmer alle dei andre elevane ved skulen hans, for det virkar ikkje som om verken lærarane eller foreldra hans er i stand til å tøyle han. Dei er altfor opptekne med å stikke nasa så langt opp i kaviarkrysset på fyren som det er å råd å kome i håp om at så lengje han er nøgd så gjer han ikkje for mykje gale.
Og her er det eg byrjar å hisse meg opp.

Eg likar ikkje mobbing. Eg har ALDRI takla at folk plagar andre, oppfører seg som om dei er betre enn alle kring seg eller at nokon er stygg med andre.
Slike folk tykkjer eg treng ein heftig dose juling og ein smak av eigen medisin.
Då eg var ei rund og god lita kruttønne i barndomen, så sette eg meg på dei. Eg la dei som plaga andre i bakken, sette meg til rette oppå dei og let tyngdekrafta gjere jobben. Dei måtte sverge å vere snille før eg reiste meg igjen. Cred til Vetle-Bolla.
Donald blir litt vanskeleg å setje seg på. Han er langt vekke, og eg hadde nok blitt plukka raskt ned av Secret Service om eg kom for nær. Ikkje slepp dei meg inn der borte på andre sida av dammen så mykje som eg har kava meg opp og skrive online om dette kreket av ein mann heller.

Bilete lånt frå EaWorldView

Men det Donald og venene hans driv med no er sidestilt med mobbing. Dei skal vere store og tøffe, og har derfor bestemd seg for å ta seg til rette. Akkurat som det måtte passe dei. Og i staden for å stå opp mot mobbarane, køyrer leiarane kringom i verda same taktikk som skremde elevar som fryktar at dei blir neste mål for banden: Dei bøyer seg baklengs i håp om at om dei berre gir akkurat passe masse etter, så vil Donald bli happy.
Tingen er berre at slik fungerar det ikkje når ein har med ein fyr som er så høg på seg sjølv som Donald å gjere. Han er typen som får vetlefingeren og tek heile handa.
Han bryr seg ikkje om eit “nei”, og trur at ingen reglar gjeld for han.

Me er komne til eit punkt som byrjar å grense til det latterlege. At ein puslete mann, sprø som kjeks og dum som ein frøloff, har ansvar for eit av verdas mektigaste land er i seg sjølv komisk, men at verda til ei kvar tid føyer seg for innfalla hans og freistar å snakke vit med han er heilt ko-ko.
Fyren skryt av at han tek fyrsteklasses MRI-bilete av hjernen sin, utan at han ein gong veit kvifor dei la han inni tuben og fotograferte han! Han lever på cheeseburgere frå McDonalds og driftast på Cola Zero, og når han opnar kjeften undrar eg meg kvar einaste gong på kor mykje den eine hjernecella han har til rådigheit jobbar overtid for at han i det heile skal ha vit til å trekkje pusten. For det er jaggu ikkje mykje som foregår mellom øyro på den karen. Eg er sikker på at om han hadde ramla og slått hòl i hovudet, ville vakuumet i skallen på han vore stort nok til å suge oss alle inn i ein ny dimensjon.

Bilete lånt frå Aftenposten

Det einaste som gjer nytten for å setje denne karen på plass er å gje han ei sabla god oppdraging, slik foreldra hans heilt tydeleg ikkje gjorde.
Det vil sei avskjære han frå burgarane og colaen, sjå til at han held leggjetidene sine og setje han i time-out når han ikkje oppfører seg.
Slike ting må gjerast på heimebane, for det rår ikkje me utanfor Statane over. Men me kan jo nekte å leike med han og resten av USA til dei lærer seg folkeskikk! Sei at dei får ikkje meir maskiner, bilar, medisinar eller data-deler av oss før dei tek til vit.
At det hadde blitt litt slunkent i grønsaksavdelinga deira om ikkje Mexico ville dele avocado’ane og tomatene sine, og Guatemala hadde snurpa att leveringa av bananer hadde kanskje ikkje Donald merka så mykje til, slikt sunt kosthold som han svergar til.
Men om Canada og Chile (som er blant dei største eksportørane av kjøt og fulg til USA) hadde sagt klart og høgt NOPE!, og India og Nederland hadde stoppa opp leveransane av sjokoladebønner og kakao pulver, så er det mogleg at Donald hadde fått litt kalde føter fordi han såg opprøret i landet bryggje.
For er det EIN ting eg veit om mitt eige kjønn, så er det at det er faen meg ingen du har mindre lyst å få på nakken enn ein gjeng premenstruelle sjokolade – og junk food-sugne kvinnfolk!
Viva la REVOLUTION!!

PS! For ordens skuld så er det ikkje positivt å vere ein lakabodl!!

Eg hugsar Jern-Erna stå på skjermen og utbrodere kor viktig det var at nordmenn feis ut fleire born. Men i kjølvatnet av adopsjonsformidlings-avviklinga som har surra og gått i media i det siste, er det nesten så eg føler ein trong til å spørje om det berre gjeld når borna er etnisk norske?

Soundtrack: P!nk – There You Go

Så formulerte ikkje Erna det akkurat slik. Det var meir i rettning: -Nordmenn må FÅ fleire born. Nøyaktig korleis dei skal kome til verda presiserte ho ikkje noko vidare.
No ligg det an til at fleire av dei som formidlar adopsjonar til Noreg må leggje ned, fordi Bufdir og politikarane ikkje klarar å få fingeren ut og rette opp i det rotet dei har laga for mange ufrivilleg barnlause som så gjerne vil ta imot eit barn som treng ei mamma og/eller ein pappa som kan gje dei eit godt liv og eit alternativ til å vekse opp på barneheim.

Det seier seg sjølv at dersom ein stoppar tilførselen av mjøl til bakaren, så kan han ikkje lage fleire brød. Og om det går fleire år utan at nokon får formidle kunnskapen om korleis ein gjer det, så endar ein opp med eit folk som ikkje KAN bake.
Slik er det med dei som driv adopsjonsbyrå òg; dei har opparbeida seg kompetanse og kontaktar over fleire år, men om dei ikkje får halde fram i virket sitt så går denne kunnskapen tapt. Dei er avhengige av å ha ein økonomi for å få det til gå rundt, og når dei ikkje har pengar så kan dei heller ikkje sitje på gjerdet og vente.
Det er logisk, er det ikkje?

Eg har full forståing for at ein adopsjon må vere til barnets beste. Eg støttar ikkje kjøp og sal av born.
Men er det ein ting eg IKKJE støttar, er når ein byråkratisk floke skal gjerast så til dei grader komplisert at dei som jobbar på dette feltet ser seg nøydd til å avvikle foreiningane sine fordi dei verken er i stand til å drive eller finansiere det dei driv med.
Kvar er dei politikarane som ville at me skulle bli fleire nordmenn då? Kvifor skal det stikkast kjeppar i hjula for dei som faktisk VIL bli foreldre, men som ikkje kan?
Noreg har fleire som ynskjer å adoptere pr. år enn det blir fødde born som blir frigitt for adopsjon. Og sjølv om ventelistene er lange for dei som vel å adoptere frå utlandet, så er det absolutt eit fullgodt alternativ.
Argumentet eg stadig får høyre om at “då kan de bli fosterforeldre? Det er mange som treng familiar i Noreg òg!” får det til å rykkje i augeloket og koke i toppen.
Ja, det er riktig at det er mangel på fosterfamiliar i dette landet, men i mitt tilfelle kan eg ikkje ein gong vere fostermor for ein pusekatt utan at eg veit korleis hjarta mitt ville blitt knust i ein million bitar når eg skulle gje den frå meg. Kva då med eit barn som brått skal tilbakeførast til den biologiske mora eller faren sin?
Dei som vil adoptere er folk som vil bli mamma/pappa for SITT barn, på lik linje med dei som vel å få born sjølv framfor å bli fosterforeldre.

Sannsynlegvis kjem eg aldri til å få born. Eg har hatt mange år på å bli van med tanken fram til eg og Dùnedain bestemde oss for at me ville adoptere saman. Det såg lengje ut til at eg ikkje kunne bli gravid, og om det skjedde var sjansane store for at eg kom til å spontanabortere. Men når ein er klår over det frå ung alder, så slår ein seg litt til ro med det.
Så møtte eg den finaste og godaste mannen på jord, og me var samkøyrde om at adopsjon var noko me begge kunne tenkje oss.
Me kom ikkje så langt i prosessen før dei fyrste humpane i vegen gjorde det vanskeleg å gjennomføre, og Bufdir avvikla heile sulamitten.
Sorgen er der så absolutt. Me hadde gleda oss stort til å i alle fall prøve, og kanskje vere så heldige at me fekk reise til Sør-Afrika og hente oss ein liten engel som skulle bli vår. Som me kunne elske og skape ein familie saman med. Og som me kunne krangle med så busta fauk når dei blei tenåringar og tykte me var dei dummaste foreldra på jord.
At me ikkje sette i gong tidlegare og at alderen kjem til å innhente oss og gjere oss “for gamle” innan det blir mogleg å adoptere igjen må me ta på vår kappe. Til ein viss grad visste me alltid at den moglegheita var til stades, men me ville så gjerne prøve.
Hjarta mitt brist derimot for dei mange som sat og venta på telefon om at dei var tildelt eit barn. Som sto og pakka kofferten då Bufdir sette seg på bakbeina. Og for dei borna som no ikkje får moglegheita til å få foreldre som kan elske dei.
Om norske politikarar vil ha fleire born, så burde dei sjå til å gjere jobben sin og sjå på dei sakene som faktisk hastar framfor å gjere det så fordømt vanskeleg som det dei har gjort til no!

Sjølv om eg er den stolte eigar av ein rosa klapp-telefon med glitter, så har eg eit ganske så elsk/hat-forhold til heile den teknologiske omverda …

Soundtrack: The Rasmus – Rest in Pieces

Faktisk er eg der at eg legg frå meg telefonen i hytt og pine, for så å berre gje ein bæng i å leite etter den fordi eg O-R-K-A-R ikkje. Den pip. Den masar. Den prøver å bestemme ting, og eg likar ikkje at nokon bestemmer over meg. Det er derfor eg aldri har klart å bu på internat meir enn tre-fire månadar før eg innser at eg vil ikkje at nokon andre skal avgjere kor tid eg skal ete og kor tid eg skal vere på rommet mitt.
Om verneteneste var obligatorisk for jenter då eg voks opp, hadde eg site meir i kakebua enn eg hadde sett bar himmel i tida mi der, for å sei det slik. Eg TAKLAR ikkje autoritetar.

Men eg er gamer. Eg elskar å sjå på film, og eg kan sitje og nerde meg framfor pc-skjermen relativt lengje til meg å vere, som ikkje har ro i ræva. Eg klarar ikkje å sjå to filmar etter kvarandre, for eg får lopper i blodet, makk i magen og termittar i skallen.
Og hadde eg hatt kids ville nok Barnevernet vore på døra ganske kjapt og anklaga meg for barnemishandling sidan eg hadde nekta borna mine mobiltelefon før dei var myndige. Av prinsipp. For eg tykkjer den SoMe-galskapen er akkurat det: Galskap.
Eg har berre Facebook og bloggen min. Insta, Twitter (eller X som dei visstnok kallar det no?) TikTok og SnapChat kan ta seg ein bolle. Eg gidd ikkje bruke tida mi på det, og eg tykkjer eigentleg ikkje at eg går glipp av noko fordi om.

Så ja. Eg er ei slik gamal kjerring som meinar alt var betre før når telefonen var montert på veggen, ein hadde dørklokke som sa frå at det kom folk på vitjing framfor at ein fekk ein SMS ti minutt før dei sto på trappa, og datamaskiner var noko eksotisk og spennande framfor noko frustrerande og daglegdags.

Men medan eg sat og las nokre kronikkar og artiklar om mobilfenomenet og korleis det føkkar med hjernene til born og unge (noko eg er heilt einig i sånn sett! Fysjom!!) så slo det meg at DETTE har eg høyrd om før!
Dataspel førde til valdelege tendensar. Teikneseriar var fyrste steg inn i kriminelle miljø. Dei som høyrde på tungrock ville ende opp med hjerneskader og kraftig hårvekst på ryggen. Den siste kan eg ikkje dokumentere at nokon gong har blitt fremsett som tese, men du skjønar kvar eg vil.
Alle nye media har alltid blitt uglesett, og dersom ungdommen fattar stor interesse for det (som unge gjerne gjer når det kjem noko nytt og spennande) så har diskusjonen kome opp igjen: Hjernen kan råtne vekk av å lese. Den syndige måten dei dansa på då Elvis kom på scenen og vrikka på hoftene ville føre dei rett inn i Djevelens armar og lukt til Helvete. Bøker blei brende, TV skulle forbys, og kven visste kva radioen kunne føre med seg av styggedom?

Bilete er lånt frå BBC

Likevel blei det folk av oss som voks opp med både bøker i hyllene, radioen på full guffe til ei kvar tid, barne-TV på skjermen klokka 18 og som var så heldige å ha tilgong til både Nintendo, Sega, Gameboy og stasjonær pc heime. Og som til og med hadde tilgong til Internett då me kom i tenåra.
Men så er det noko med “for mykje av det gode”. Alt med måte. Du lærer ikkje noko på skulen om du sit med nasa ned i teikneseriar gjennom heile mattetimen. Og du går glipp av alt som skjer i verda om du berre stirer inn i ein dataskjerm heile dagen. Det er om å gjere å finne ein balanse.

Ein gong i tida sat det sikkert ein holebuar-pappa og klaga over kor mykje tid sonen hans brukte på desse fordømte hellerissingane. Og du kan ta deg ein god faen på at den dagen eg har plass i gongen, blir du nøydd å setje att telefonen din i mobilhotellet mitt når du kjem på vitjing.

 

Nei nei nei! For all del; denne Dronninga lever i beste velgåande. Og så vidt eg veit er det framleis rompa til Elizabeth som held truna varm borte i Storbritannia. Men leggje på røyret, ta på seg tredressen, skubbe opp blomar eller gå under torva. La oss snakke litt om døden. 

Sountrack: Lordi  – Beast of Both Worlds

“Folk vil alltid fø, og folk vil alltid dø”. Det var argumentet til far min om kvifor det var lurt å velgje ei yrkesrettning innan helse.
Det er berre litt problematisk når dottera hans tydelegvis har ein medfødd intens fobi for både avføring og dei fleste andre kroppsvæsker. Nope! Her skulle det ikkje tørkast romper eller analyserast urinprøvar. Hell no.

Så eg blei kunstnar, og takk og pris for det!
Men det gjer meg ikkje mindre merksam på at det er eit faktum: Me skal alle døy. Det gjenspeiglar seg nok i “kunsten” min. Eg har sikkert eit heilt bibliotek med det ein i dag vil referere til som “emo-poesi” og Makaber kunne like gjerne vore mellomnamnet mitt. No fanst det vel og merke ikkje emoar i mi tid, men ein haug med svartkledde kids som gjekk rundt og sutra over at dei heller vore vampyrar eller at dei høyrde til i victoriatida. Kvinnediskriminering, baby-farmar og kolera kan dei ha for min del! Det får ikkje hjelpe kor fine kjolane deira var.
Tema kring døden har alltid facinert meg til det morbide. Og tru meg, eg har fått høyre det.
Likevel sluttar det aldri å forundre meg kor skvetne folk blir når eg drar ein vits om temaet! Det er ikkje slik at eg har tenkt å hoppe utfor den fyrste brua eg kjem over fordi om eg fleipar om døden!

Jaudå, døden er direkte dødsfarleg. Den saken er klar.
Men eg har kravla meg gjennom årevis med suicidale tankar, og då blir ein godt mogleg litt herda. Det å døy er ikkje så skummelt, sjølv om eg aller helst vil vere her på jorda og leve livet.
Og det er tydelegvis fullstendig fy-fy å drive med noko slags planleggjing av si eiga gravferd! Men eg syns det er litt viktig,

eg. Særleg om ein er sånn som meg, som verkeleg vil gå ut med eit BÆNG!
For eg likar ikkje at folk grin. Ikkje på mine vegne i alle fall. Eg har jo hatt eit fantastisk og heidundrandres liv, i alle fall når eg endeleg bestemde meg for å slutte og synast synd på meg sjølv. Det hjelp ingen.
Nokre år tilbake var det ein irsk kar som fekk spelt av eit lydopptak av seg sjølv då dei senka kista i jorda. Eg held på å le meg skakk då eg såg klippet! Makan til genial idè?!

Så eg bestemde meg veldig klart for at SLIK skal mi gravferd vere. Planleggje bryllaup, planleggje gravferd; poteito, potato. Det er like fullt eg som er hovudpersonen, sjølv om bryllaupsdagen er delt med han stakkaren som har sagt ja til å gifte seg med meg.
I mi gravferd skal folk le. Drit no i å bruke masse pengar på dyre kister, blomar og Fandens oldemor. La gamla få kvile, og bruk heller pengane på ein fest. Stand-up komikarar! Ballongar! Eller ballongdyr! Hoppeslott og tequila! Sleng inn ein mann utkledd som mannen med ljåen, og dagen er komplett.
Meg kan de berre hive i ein flyttekasse frå IKEA og grave ned bortom nåvi. Eg er daud, eg merkar fint lite til det uansett. Og skal dei på død og liv reise ein gravstein, så krev eg eit morosamt sitat, dikt eller i det minste ein drage som dekor.
Bortsett frå det kan dei gjere som dei vil med meg.

Men så opnar eg kjeften og fortel om planane mine, og folk kring meg blir temmeleg bleike om nebbet.
Det er ikkje akkurat som om eg drog ein frekkis om den avdøde og høgt elska tanta di! Eg snakkar heilt og haldent på eigne vegne!
Sjølvsagt blir eg, som alle normale individ, trist når nokon eg bryr meg om bestemmer seg for å ta på seg tredressen og skifte realm. Men eg HATAR den grusame tunge kjensla ein får når det skjer. Og eg syns ikkje noko sånt skal skje den dagen et let att gluggane for godt.
Ei gravferd bør vere ei feiring av alt denne personen var, og eg elskar å få folk til å le. Eg er kanskje ikkje direkte komikar-materiale, men eg tek det eg får. Så min plan er å kome tilbake og heimsøkje skiten ut av folk dersom dei arrangerar ei gravferd der alle sit på rekkje og rad og tutar i ei kyrkje.
For så vidt har eg allreie teke fyrste steg for å unngå det; eg melde meg glatt ut av Statskyrkja for årevis sidan.

Ein god latter forlengjar livet, sa kjerringa og lo seg ihjel. Det kan de godt skrive på gravsteinen min!

Då straumen rauk i natt, og drøydde til langt på dag med å kome tilbake, innsåg eg at det var visse manglar og hòl i planen min for den dagen zombiane kjem. Eg trudde det eg hadde kokt saman var temmeleg vatntett, men eg hadde ikkje teke med i betraktning at det kan oppstå aldri så små kriser berre av eit halvt døgn utan elektrisitet. 

Soundtrack: HIM – When Love and Death Embrace

Plan A er fyrst og fremst å kome seg til helsike vekk frå folkerike områder, og søkje dit ingen kunne tru at nokon kunne bu, eller rettare sagt BaleBy.
Det er ikkje det at det er fullstendig aude i heimbygda mi, men når ein tenkjer på kor isolert ein blir der dersom det går ras og ferjene blir innstilt, så kan ein fort sjå kor mykje lettare den staden blir å forsvare enn midt oppå Hardangervidda, sjølv om det òg er langt frå folk.
Problemet mitt var berre at eg innsåg at det var ingen plan B! For det er ingen garanti for at ikkje hordar av levande daude gjer vegstrekningane uframkommelege, og at ein dermed må avvente sjølve fluktplanen til nokon får rydda veg. Med mindre ein har ein tanks. Eg har ikkje noko tanks.

Så då sit ein altso her oppe i ein høgde der ledd og lemmar på dei som allereie har til ein viss grad har vandra over til den andre sida vil bli så stive og ubrukelege i vinterkulda at dei neppe kjem og bankar på stovedøra di.
Så langt, så vel. Men alle som er fan av zombie-sjangeren veit at noko av det fyrste som forsvinn i filmversjonane av apokalypsen (rett etter sunn fornuft, vel og merke!) er straumen. Og her hjå oss forsvinn då vatnet i same rennet sidan me har pumpe og brønn.

Og la meg berre få utbrodere kor hjelpelaus ein blir utan elektrisitet:
Det blir mørkt. Og kaldt. Me har heldigvis vedovn, og eg trudde eg hadde redda skinnet mitt allereie der. Men kva hjelp det når ein ovnen er så barnevenleg at katten nærmast kan sove oppå den medan den er i full fyr? (innhaldet i vedovnen, vel og merke. Ikkje katten.)
Det neste problemet med støytte på var at Dùnedain ikkje fungerar utan kaffi. I grensa til å gli over i zombiane sine rekkjer av koffein-mangel svima han rundt i lang tid medan me freista å finne ei løysning på situasjonen.
Komfyr, microbølgjeovn, vatnkokar og kaffitraktar: Ingen av desse fungerar utan el-juice.
Så fekk mannen ein idè og forsvann ned i kjellaren. Før eg rekk å snu meg er han tilbake og vil lage bål på stovegolvet. Vel, nesten. Han hadde ein sånn gasskoke-sak som fylte halve rommet, som var til å koke krabbepannene på. Og ei gassflaske som fylte andre delen av rommet.
-Uhm, javel?
-Ja, eg tappar berre vatn frå varmtvatn-tanken i ei panne og så kokar me det.
-På golvet?
-Ja?
-Nei.
Det var ein tilsynelatande snurt kar som fint måtte pakke saman bålet sitt og tusle nedatt i kjellaren. Og eg sat att her og lurte på korleis dette huset hadde blitt ståande til eg flytta inn. Eg trudde idèen hans var basert på ein koseleg liten primus, men min eigen private Lars Monsen hadde ikkje meir raudsprit til å få futt i denslags, så enden på visa var at han måtte sitje nede i kjellaren og vente til vatnet koka.

Då han omsider var tilbake i dei levande si verd og atter hadde fått koffein i blodomløpet, sat me i kvar vår ende og stira tomt ut i lufta. Kva no?
Finne ut kva som gjer at straumen er vekke? Nyttar ikkje. Nettet er nede.
Lage oss frukost? Nope, me har berre sånne halvferdige rundstykkjer og ingen steikeovn.
Skulle me lage ferdig bryllaupsinvitasjonane? Nei. Damn. Limpistolen treng straum.
Spele litt på mobilen medan me ventar på at dette skal gå over? Eller er spela mine online? Jepp, dei er visst det.
Og skrive går ikkje, for skriveria mine ligg i DropBox’n som er, gjett kva? Online.
Dusje, vaske litt i huset, stryke gardinene som eg hadde utsett til sundag….Ingenting funkar utan straum!!
Me fraus i det minste ikkje, for det brann lystig i ovnen.
Dermed gjorde me det som folk gjerne gjorde i gamledagar, når digital underhaldning var ikkje-eksisterande: Me las kvar vår bok.

Til sjuande og sist drog eg konklusjonen om kva som manglar i planen min: Bøker. Haugar og dungar av lesestoff. Eg treng MINST ei palle med litteratur til den dagen zombiane kjem. Ellers trur eg at me er på veg rett mot tidenes mest stusselege dommedag-scenario.

Alle sin favorittzombie Bub demonstrerar kor viktig god litteratur er for å overleve apokalypsen! (Day of the Dead – Universal Pictures)

 

Dette er eit noko personleg innlegg, men eg tykkjer det er verd å dele det likevel. Det har gitt meg håp og ein tanke om at ein kjem dit ein skal vere, når ein skal vere der. Uansett kor tungt livet til tider måtte vere.

Soundtrack: Rammstein – Mutter

Eg var ganske ung då eg byrja å slite med vonde tankar. Eg hugsar dei fyrste minnene mine som dreia seg kring kor dum og vanskeleg verda var, og tankane mine byrja etterkvart å dreie seg om døden.
Då eg var 9 år mista eg både katten min Mokki og marsvinet Marve. For folk flest er det vanskeleg å forstå kor mykje dyra i livet mitt betyr for meg, og eg har ofte blitt avfeia med at “det var jo berre ein hund/katt/marsvin/osb.” Ikkje for meg. For meg har det å miste eit av dyra i livet mitt vore like vondt som å miste andre familiemedlem. Men sånn er eg samanskrudd, og eg forventar ikkje at andre skal forstå det.

Det å miste desse to bestevenane mine ga meg i alle fall mi fyrste forståing av døden. Det at nokon du elskar skal på eit tidspunkt forsvinne, og at tida tikkar mot at dei fleste som er nær og kjær på eit tidspunkt svinn hen. Ein skulle bli vaksen. Og eg frykta tida som vaksen meir enn sjølve døden. Eg forsto at det ikkje var ei så enkel tid. Ein mista evnen til å leike, og i staden skulle ein ta ansvar for alt i sitt eige liv, få jobb og vere flink til det ein dreiv med. Du skulle få ungar, og kanskje mista ein evna til å drøyme og sjå huldra i skogen og dragar i skyene? Når kosebamsar og dokker ikkje lengjer var gode samtalepartnarar dei dagane verda var teit. Og brått var ein heilt aleine i ei verd der alle andre var like einsame.
Eg ville ikkje bli sånn. Eg ville ikkje at den dumme klokka skulle tikke nedover mot alt dette skumle og fæle som ein måtte igjennom. Pubertet. Ungdomsskule og så vidaregåande. Og så skulle ein studere og føde ungar, og uroe seg for pengar. Flytte frå heimbygda mi som eg elska.
Alle desse tankane skremde meg så intenst at eg ofte vurderte om eg ikkje berre skulle gjere slutt på alt sjølv og sleppe unna. Eg var 9 år og vurderte sjølvmord.

Men eg hadde ein ting som kunne få meg ut av desse mørke tankane. Inne i mi eiga vetle fantasiverd hadde eg ein plass eg rømde til.
Ein stad inne i ein skog, med grøne tre og ei eng som bølgja av gule smørblomar. Det låg eit vatn der, og hjortane beita under ein solfylt himmel der det aldri var skyer. Og på ein liten haug i det fjerne låg ei lita stove. Eg visste ikkje kva som var i stova, men i mine draumar var det ein god plass. Ein trygg plass, som låg der i det fjerne og lokka på meg.
Eg kunne leggje meg i den gyngande gule sjøen min og sjå på dyra kring meg. Det var fredfullt. Berre fuglesong og vinden som suste over meg.
Og for ei stund forsvann alle dei fæle tankane. Ei stakka stund var eg fylt av ei enorm ro som ingen kunne ta frå meg. Det var ingen krav der. Ingenting av alt det skumle som fylte alt anna i verda. Og det var aldri lengjer vekke enn at eg kunne late att augo og la meg sjølv forsvinne i alt det gode som var i skogen min.
Det var så livaktig til tider at eg kunne lukte trea. Piggsvina som kravla rundt i ly av eit gulv hav og ekorna som hoppa frå grein til grein kring meg. Høyre det skvulpe i tjernet mitt. For ei stund var alt perfekt og akkurat slik det skulle vere.

Åra gjekk. Eg blei vaksen. Eg snubla mange gongar på vegen, og periodane med vonde tankar trengde seg gjerne på nokre gongar opp igjennom åra. Men skogen min blei i bakhovudet. Som ein stad ein kunne trekkje seg tilbake om ein mediterte.
Det å vere vaksen fekk eg aldri heilt til, men eg klarte meg. Og eg møtte Dùnedain, som på mange måtar var alt eg hadde drøymd om i ein partnar, og meir til. Saman flytta me opp i det vesle huset der me no bur, og fylte det med firbeinte pelsungar.

Den fyrste sumaren kom. Eg sat på trappa medan hundane var i hagen og vimsa slik hundar gjerne gjer.
Blikket mitt søkte nedover bakkane. Til ei eng av blømande smørblomar som skilde meg og huset frå eit vatn der bittesmå bølgjer skvulpa lett i sumarvinden.  Det var ikkje uvanleg at eg såg hjortane beite der nede, sumar som vinter. Sola skein oppe på himmelen, og bada eit vidunderleg bilete i glansen sin.
Eg sat på trappa. Utanfor ei lita stove oppå ein haug. Ei stove fylt av uendeleg mykje kjærleik frå små snutar og ein mann eg ikkje ville vore forutan. Ei stove som var min heim.
-Eg klarte det, tenkte eg. -Akkurat her er det meininga at eg skal vere. Eg er heime.

Bilete er lånt frå Scottish Wildlife Trust (og ja, eg veit det ikkje er ein norsk hjort, men (sannsynlegvis) eit skotsk rådyr!!)

Året er 2066. Etter å ha opna for både kloning og ulike eksperimentelle livsforlengjande inngrep, sit Donald Trump framleis i det Kvite Hus i sitt 120 leveår. Etter å ha freista å drive han ut med alt frå atomtruslar til brenning av salvie, er det konkludert med at han må berre få bli der. Verda har gitt opp. Og gått under. 

Soundtrack: Die Antwoord – Open the Door

Ingen har heller fått tilgong til det Kvite Hus etter at Trump trumpa (pun intended) gjennom ei omfattande lovgjevnad om fri kloning for alle frie landsmenn i 2045, der alle bensinstasjonar og daglegvareforretningar blei pålagde å selgje CloneYourself-DIY-kits. Landet er no styrt av Donald-kloner og importerte oompa-loompaer frå den djupaste, mørkaste jungelen i Afrika.
Han har innført påbod om at alle innbyggjarane i dei no koloniserte landa i verda skal vere spray-måla oransje og bære eit marsvin på hovudet; ei trend som no er blitt nasjonal-look’en til USA.

I 2026 fekk han endra grunnlova til å inkludere at ein kvar amerikansk borgar skal ha minimum tre skytevåpen i huset, og at skytetrening skal starte allereie i barnehagealder. Der blir homofile og ulovlege innvandrarar brukt som levande blink.

Trump gjekk hardt inn for å kolonisere store delar av verda i kjølvatnet av valet i 2020, og pr. dags dato er Danmark, Oman, Nederland, Angola, Libya og Djibouti underlagd amerikansk styre. Av praktiske orsaker.
Han har òg gjort dodo-fuglen til USA sin nasjonalfugl, og løvetannen er no nasjonalblomen. Nasjonalsongen er endra til Kanye West sin Ni**as in Paris, og har lagd ned forbod mot influensa, bruk av joggesko i offentleg rom og det å vere fattig. Brot på desse lovene, blir straffa med døden.

La oss berre håpe Joe Biden vinn dette valet.