Huset er vaska, Sølvgutana har ralla frå seg og gåvepapiret er brutalt rive av gåvene i tur og orden. Sau og rype er fortært, og eg har ete meir marsipan enn noko mentalt friskt menneskje er i stand til å innta. No er jolemusikken bytt ut med god gamal metal, og romjola er over oss. GOD JOL!
[tl-dr: ei detaljert og illustrert oversikt over jola 2025]
Soundtrack: Nightwish – She is my Sin

I dag skulle me eigentleg ete kalkun hjå svigers, men så braut det ut litt korona i slekta, og dermed blei planane lagt på hylla til fordel for litt heimekos med dyrehagen. Og godt er det; eg har hatt så hinsides dårleg samvit for at me feira jol utan dei i år!
Det er jo sant som folk seier til meg at dei forstår ikkje konseptet med jol sånn direkte, men likevel så er det beibiane mine. Og det er litt magisk å sjå dei få utlevert deira eigne jolegåver og få pakke opp akkurat som resten av flokken …

Men tradisjonen tru hadde svigermor laga til jolegåve til nurka mine òg, så det vanka både hundepølse til voffeloffane og tunfisk til pusejentene då me kom heim på jolekvelden!
Før sjølve jolekvelden kom var det tradisjonen tru mykje som skulle på plass. For fyrste gong sidan eg snubla inn i vaksen alder blei det vel og merke ikkje vaska med q-tips i krokane, for halve adventstida var eg i BaleBy og rydda i kjellaren som snart skal bli den nye leilegheita vår. Den prosessen skal eg kome tilbake til, for sjølv om det var eit hinsides arbeid å kome til botn i rotet, var det eit lite eventyr i seg sjølv. Eg fann jolekort og gåvelappar som gjekk tilbake til tipp-tipp-oldefaren min si tid, og så mange gløymde skattar at det var ei rein fryd.
Atter ein gong fryktar eg at den nye stova mi kjem til å sjå ut som ein spennande brukthandel for dei som gjestar den, for det er mykje eg rett og slett ikkje har hjarte til å berre kaste. Men pyttsann. Det har etterkvart blitt mitt kjennemerke, så kvifor skulle eg bry meg med å forandre meg? 😉
Retur til Bergen, og her skulle det vaskast, gåver skulle pakkast og leverast, og ikkje minst sto eg i bresjen for 50-årsdagen til den eine av dei to mest fantastiske kollegaene i verda! Eg vonar han kosa seg, men eg skal ikkje gå i detalj om korleis dagen hans gjekk for seg her og no.
Eg måtte vidare, for så snart han var blitt feira ferdig måtte eg tilbake til vaskebøttene mine i desperat håp om å kome i mål før nissen banka på.
I tida eg oppheld meg i Sogn ringde Dúnedain meg og kunne så muntert og stolt proklamere at han hadde vore og kjøpt joletre.
-Utan meg?!
-Jaaaa … men det er plasttre då!
– … du veit kva eg tykkjer om plasttre?
– Åh. Shit.
Sjølv etter så mange år i same seng så hadde det ikkje gått heilt inn, trur eg. Eg HATAR plasttre. Eit godt alternativ for allergikarar, men eg vil ha TRE i stova. Ekte tre. Med nåler som stikk, edderkoppar som gøymer seg blant greinene og dufta av gran eller furu som fyller rommet medan treet dryssar om kapp med snøen utanfor (som for ordens skuld ikkje kom i år.) Det er jol. Og det skal pyntast etter alle kunstens reglar, med dei minste kulene i øverst og større kuler nedover, spyd i toppen og glittertrådar.
Slik blei det IKKJE i år. I staden har eg eit monstrum ståande på spisebordet mitt med nokre billege plastkuler som eg ikkje ein gong anar kvar eg har plukka med meg frå og litt puslete joleglitter kasta kring.
Det kan få bu ute i vindfanget vårt kring joletider når me flyttar. Berre slik at alle som kjem innom kan sjå min inderlege forrakt for desse dårlege etterlikningane. Fysjom, tvi og æsj.
Men adventstida rulla vidare!
Helga før jolafta heiv eg og bestevenen min oss rundt for å ta fatt på den faste joletradisjonen vår med å bake jødekaker og serinakaker, og ete til det taut perlesukker ut av øyro på oss. Sjølvsagt med ein god film på skjermen.
I år blei det den nye Naked Gun-filmen med Liam Neeson, og for dei som elska desse goofy filmane med Leslie Nelson, må det understrekast at Liam er ein nydeleg arvtakar!
Men før mjølskya kunne stige oppunder taket og lufta fyllast med dufta av nysteikte jolebakst, så måtte me vitje jolemarknaden i Bergen! Det er litt av tradisjonen. I år blei det ikkje tur opp i pariserhjulet for fyrste gong i historia, for køen var langt og trengselen blant dei oppmøtte stor, så me kike i staden litt på kva dei hadde, eg fekk med meg ei gratis gravlykt frå ein av bodane for … tja, den var gratis? Og så åt me crêpes, diskuterte kor guffent det dufta langsmed ostebodane, og at jolemarknaden i år var noko tafatt. Kvifor veit eg ikkje, men det føltes ikkje heilt slik som det vanlegvis gjer når me tuslar kring og prøvesmaker lefser, spekepølser og heimelaga marsipan.
Vetle jolafta var eg oppe før fuglane feis og kasta meg atter oppi vaskebøttene. Faktisk var eg så tidleg oppe at eg fekk fotografert soloppgongen då voffane omsider bestemde seg for å starte dagen dei òg!
Eg låg for så vidt etter med ALT eg skulle gjere denne dagen, og ei stund såg det verkeleg ikkje ut som om det skulle bli jol i stova mi. Alt sto på hovudet, og sjølv om Boney M skreik seg hese i høgtalarane klarte eg ikkje heilt å kome til det punktet at eg fekk den magiske kjensla som vanlegvis fyller meg på denne tida av året. Eg skuldar på plastreet som gubben drog i hus.
Men innan hovmeister snubla seg bort til Miss Sophie med portvinen hennar kom den snikande.
Huset dufta reint, englane mine hadde flytta inn i stova og dei fleste hybelkaninene var jaga på dør. Eg kan avsløre at dei var tilbake allereie då eg sto oppatt dagen etter, men pyttsann. Bur ein i ein dyrehage, så må ein berre leve med det.
Jolefreden kunne senke seg, og me reiste ut til svigerinna mi for å ete altfor mykje pinnekjøt, svigermor fekk mandelen i riskremen og eg krabba rundt under treet og delte ut gåvene.
Og jaggu hadde ikkje folk lest ynskjelista mi med lupe i år: Eg fekk så masse fiiiint!! Nye Buffalo-sko (som eg for så vidt hadde plukka ut og hjelpt til med å bestille sjølv) frå Dúnedain (og WoW-expansion Midnight som eg allereie hadde fått lov å ta i bruk i forkant!), masse nye gøye strømpebukser, coffin-veske, smykker, sminke, masse gøy goth-dill, marsipan og Freia Boble nok til å halde meg med nom fram til påske, pengar og den fyrste Mr. Ballen-boka!
I tillegg fekk eg FIRE FLASKER med 3 Monkeys-vin! Jiiz. Nokon har tydelegvis planar om at 2026 skal starte med ein heftig skallebank!
Bror min og nevøen min hadde til og med funne ein Freddy Kreuger-bamse til meg, og Dúnedain fekk seg VR-briller frå meg og mi side av familien.
Han sat og spelte flysimulator til langt på natt i går, og vekte meg då han med eitt kom springande gjennom soverommet og ut på badet der han spydde som ein gris fordi flyet hans hadde styrta og han blei sjøsjuk. Arme mann. xD
Men har er tappert tilbake på hesten igjen i dag, så han fekk ingen varige mèn.
Så var det rypemiddag hjå svigers på 1. joledag, og i dag tek me livet med ro. Det er lov.
Sjølv om den byrjar å nærme seg slutten når eg omsider har fått tasta ferdig dette innlegget, så vil eg likevel nytte høvet til å ynskje dykk alle ei rettleg GOD JOL, og avsluttar med å vise fram årets jolekort no som alle som skulle få det i postkassa har fått sett det! Med ein stor takk til snillaste Jonny som stilte som fotograf og gjorde det mogleg å lage desse awsomme greiene! <3






















































