Kræsj ‘n’ burn

Djupt, svart hòl, møt Lokkri. Lokkri, hels på botn.

Soundtrack: P!nk – The Great Escape

Sånn var i alle fall dei siste dagane. Heilt utan forvarsel, stupte hjernen min ned i den mørke, dumme plassen den likte seg så godt i, og insisterte på å forbli, i svunnen tid. Eg var ikkje vidare imponert. Ikkje kunne eg forstå kvar det kom ifrå heller, men alt var der: Angsten, insomnia, sjølvhatet, mørkret….Til og med ein og annan sjølvmordstanke kom innom og helste på!
På toppen av det heile bestemde eg og Dunedàin oss for å prøve oss på den obligatoriske greia som alle andre har i sine forhold: Ein liten krangel. Det var ikkje alvorlege greier, og ingen tallerkar blei knust. Det var kun verbalt, og relativt fort unnagjort. Me skværa opp, men framleis sat det ein liten jævel nederst i magen min og laga kvalm.

-Du er så ubrukeleg.
-Kva GJER du eigentleg i denne verda?! Det er null grunn til at du i det heile skal eksistere!!
-Det er ikkje depresjonen din som snakkar no; dette er berre eit faktum.
-Korleis kan nokon eigentleg vere glad i deg? Det er ikkje akkurat som du gjer noko nytte for deg?
-Kvifor er du ikkje berre heilt normal og sånn som alle andre? Trenar og startar familie og jobbar normalt?
-Ikkje ein gong kjærasten din klarar å vere glad i deg, så sær og vanskeleg som du er….

Eg får seriøst lyst å kaldkvele den småjævelen. Mesteparten av livet mitt har eg gått og høyrd på han, og det er overhovud ikkje EIT fornuftig ord som kjem ut av kjeften hans. Det tok meg over 20 år å rette meg opp i ryggen, sjå han djupt inn i augo og sei at eg DUG faktisk! Det er er flink til, er eg jævlig flink til! Eg er overhovud ikkje perfekt, men visst faen skal eg få lov å vere glad i meg sjølv for den eg er. Dei som ikkje klarar å bli glad i meg for meg, er ikkje verd for meg å bry seg om heller. Verda skal ikkje få lov å definere kven eg er, korleis eg skal vere, kva eg skal gjere, og eg treng overhovud ikkje vere A4 for å vere lukkeleg. I mitt tilfelle; snarare tvert imot.
Eg har verdas beste kjæraste, og min familie er sett saman av pels – og fjørkledde små englar. Eg har verdas beste vener, og eg har lært meg å tenkje positivt. Eg kan sjå meg sjølv i speiglen utan å få brekningar, og eg har alt eg treng her i livet.  Eg blir nok aldri rik og får eigen pengebinge, men tek eg dag for dag, så er eg faktisk ekstremt lukkeleg! Og for meg er det meir enn nok.
Så eg slo i bordet med fakta, og ba den dritten av ein klump i magen ryke og reise. Han etterlet seg ein magekrampe og ein ny type vond klump.
Mensen.
Eg burde ha sett den kome, trass i at det berre er fjorten dagar sidan sist. Men angsten og depresjonane har ein tendens til å kome snikande i samband med den. Hjernen er i det minste tilbake på rett kjøl, og min indre demon har pakka og reist tilbake til Helheimen den kom frå. Takk og pris.

Sånn avsluttningsvis, så har dei lagt om heile interface’n min her på bloggen min, så innlegga mine står i fare for å bli litt flykræsj framover. Lev med det til eg har funne ut kva eg eigentleg driv med her. Men eg kan med handa på hjarta sei at eg likar det ikkje. *furte*

Life in a box

Soundtrack: Naboen….

Kor tid det starta er eg heller usikker på. Eg har hatt ei av dei nettene der eg ligg og vrir meg som ei vaskefille, og ikkje klarar å sovne. Ikkje hjelp det på at Perle har brukt nasa mi som slumreknapp mesteparten av natta. 
Men på eit eller anna tidspunkt mellom 6 og 8 var i alle fall naboane over meg vakne, og det var tydelegvis veldig viktig at resten av bebuarane fekk med seg dette. Det byrja med at nokon gjekk med sko over hovudet mitt. Så var det nokon som blei sinna. Ei dame var ikkje vidare imponert over eit eller anna, og stemmenivået blei heva litt etter litt. Det gjekk ikkje an å få med seg KVA som var problemet, men vedkomande som mottok kjeften, kom i alle fall ikkje til ordet. Meir tramping. Av ein eller annan grunn kunne eg, trass i å ikkje klare å oppfatte eit einaste ord, høyre at kvinnfolket kjefta på bergensk. Og så stemde eit knøtt i, som skreik ut i frustrasjon, det blei trampa litt meir, nokon slamra i ei dør, og orkesteret held fram ned trappa utanfor. 
Konserten var over, men det er framleis nokon, med sko, som ikkje klarar å bestemme seg kva rom vedkomande vil opphalde seg i der oppe. 

Med unntak av nokre år på Danmarksplass, har eg aldri budd i blokk. Dei fyrste par leveåra mine budde me i rekkjehus, men bortsett frå det har eg alltid vore ein “husperson”. Oppvaksen på småbruk i bygde-Noreg, og nokre år på loftet hjå besteforeldra mine. Eg syns til og med det kunne bli i overkant slitsamt. Bortsett ifrå det, har eg alltid budd i hus. 
Ikkje at leilegheita eg passar ikkje er kjempekoseleg, herleg storleik, og på ingen måte klaustrofobisk! Men det er noko med å ha menneskjer kring seg på alle kantar. Dette er fyrste gongen eg eigentleg merkar noko til naboane, bortsett frå dei eg har møtt i trappa eller ved inngongsdøra, men det er noko rart med det å dele hus med ein haug med folk som du sannsynlegvis aldri kjem til å sei eit ord til. Og det trass i at du er veldig klar over kva dei et til middag, kvar bidige dag! (i går hadde naboen kjøtkaker, og dagen før slo dei til med eit slags karri-gryte, dersom du lurte.) 

For ein periode er kåken her heilt fantastisk. Og eg ELSKAR dusjen! ,Den er så svær at eg kunne helde fest der inne!! Kjempeopen stove, MASSE plass på kjøkenet….Skjær ned på naboane, og eg kunne gjerne budd slik! ^^ Særleg når det er ein stor boks med sjokolade i spisskamerset! <3 (neidå, Ingeborg! Eg har framleis berre teke ein!) 

Men då høyres det ut som om dei over meg har bestemd seg for kvar dei vil bli, og eg vurderar å ta ein alvorsprat med Ole Lukkøye igjen. 

Livsteikn!!

Soundtrack: The Rasmus – Nothing

Det har faktisk gått ein månad sidan sist eg plasserte rompa mi nær pc’en og skreiv nokre fornuftige ord! Yikes! Ikkje fordi eg ikkje har hatt noko å skrive om, men rett og slett fordi eg har vore bissi med å flytte. Og jobbe litt innimellom. Og fordi dei som skulle levere fiber i nyekåken tydelegvis slit med eit eller anna, sannsynlegvis IQ-nivået. Dei har vore innom fleire gongar no, og dei kan umogleg ha unngått å få med seg at der oppe i dalen er det KALDT. Type den blå enden av gradestokken ganske så konstant. Men likevel dukkar dei opp, gong etter gong, utan utstyr til å tine tilkoblingsområdet. Ikkje trudde eg at sånne ting måtte tinast; eg trudde strengt tatt at ein kunne setje i ein slags kontakt, og gjennom den gjekk det straum, og VIPS så kom gigabytane flygande. Men Internett er tydelegvis flytande. I følgje min logikk. 
Så eg ventar framleis i spenning! 

I mellomtida har eg emigrert til Fyllingsdalen. Eg pakka med meg den stasjonære pc’en og ein bag med klede, og flytta midlertidig inn hjå Harry og Ingeborg, for å passe hus og pus(ar). I motsetjing til der eg bur til dagleg no, er butikken innan gåavstand, så eg har akkurat vore på bui og kjøpt meg kjøtkaker à la Fjordland (fordi eg drøymde om det i natt, og har gått og vore sugen på det i heile dag!), litt is, pepsi max, RedBull og gulerøt. Sistnemnde er mitt sunne alibi, sidan eg sa til Ingeborg i går at eg hadde levd lengje nok på sjokolade, chips og skive med leverpostei, så no trengde eg å endre kosthaldet litt. Og etter ein lengjer leiteekspedisjon oppdaga eg ein microbølgjeovn i spisskammerset, så då er det håp! xD 
Så då kan eg nerde og game og vere sinnsjukt lat nokre dagar. Dunedàin er i nyekåken med vår dyrehage, og har endå ikkje sett noko til nett-mannane. 

Så ja; eg passar pusar, nærmare bestemd Lucy og Perle. 

Så langt har det gått strålande, bortsett frå at dei ikkje har så mykje til overs for maskineriet som eg har dradd i hus og viar så mykje merksemd. Lucy bestemde seg for å hjelpe meg å raide tidlegare i kveld, og Perle syns dette var så facinerande at ho slengde seg på laget. Dermed sat eg og kjempa med to pusekattar, medan eg freista å halde tritt med resten av laget i Dazar’alor, og fekk huda kjefta full fordi eg ikkje klarte å treffe Ra’wani. Nesten litt glad eg ikkje har med høgtalarar eller headset i sånne situasjonar! xD Eg tok nemleg med dei fancy ljos – og vatn-høgtalarane mine, utan å tenkje på at eg ikkje har bluetooth-tilkobling på maskina mi, og dermed ikkje får høyrd eit pip av det som blir sagt i spelet. Eller generelt på skjermen. Så nix Netflix inntil vidare. Like greit; eg hadde seriøst rikeleg å oppdatere meg på i Azeroth! Tre månadar utan speling…! :O 

Sånn ellers har eg det veldig bra. Litt vedmodig å slutte på stasjonen på Kleppestø; eg kjem til å sakne alle rare, fine folka der! <3 Men no har eg ferie. Eg treng å chille bittelitt, og gjere ingenting. Berre avbrote av litt nedvasking av gamlehuset, men det må til. Me har flytta dyrehagen permanent opp i dalen, og dei STORTRIVST! Elessär har masse snø i hagen, og står klar ved ytterdøra berre eg nærmar meg den. 

Det blir lett sliten voff av sånt! <3 
Khavi er heller litt fornærma fordi ho ikkje får lov ut endå, men eg vil vere heilt sikker på at ho ikkje stikk for langt, og at ho finn vegen heimatt før eg lar ho vandre. Pixie storkosar seg, for ho har saueskinn i go’stolen, og drit syltynt i verda utanfor. Ho går til naud ut og pissar litt, før ho rekapitulerar til kosekroken sin. Og fuglane har fått skikkeleg utsikt, og syng av fult hjarta medan dei studerar snø og hjort og hestar og kva no anna som måtte passere. 
Det er eit relativt rikt dyreliv kring huset. Eg har til dømes ein harepus som hoppar gjennom hagen kvar dag. Han kjem fram frå under rododendroen over huset, hoppar omtrent fire-fem meter bortover plenen, før han gjer ein 90 grader sving, og hoppar nokre få meter, før han stuper utanfor muren vår. Kvar. Bidige. Kveld. Noko seier meg at han kanskje har mykje til felles med nett-mannane våre…..(og her skulle eg kome med ein genial vits om brannmurar, men eg er for trøytt. Ha i minnet at eg prøvde.)

Bilete av nytt hus og heim kjem etterkvart; akkurat no ser det ut som eit katastrofe-område, så det må vente til eg har fått på plass alt rotet mitt. Men eg kan leggje til heilt på slutten, at det er 35-års jubileum for My Little Pony i år!! Og dermed har dei byrja å selgje old school ponies Ein av dei som mangla i samlinga mi har eg allereie sikra meg, på Os av alle ting! xD

Fine Skydancer fekk flytte inn med alle dei andre førre veke. Og nei, eg har ingen planar om å bli vaksen. Ein dag skal eg opne eit museum med creepy dokker, MLP og rare bamsar! <3 Godt mogleg dragane mine må flytte inn der òg; dei tek til å bli talrike…! 

Men då returnerar eg til Azeroth med godt samvit, og satsar på å skrive meir jamnleg når eg berre får kontakt med omverda frå heimebasen!