Fyrste gong eg såg Carrie var eg litt for ung. Det var veldig skummelt, og slutten hadde i si tid eit rykte på seg å vere den skumlaste som filmverda har greidd å produsere. I tillegg har eg lest boka. Mange gongar. Og no som det har gått ganske lang tid sidan sist eg las den, blir filmen litt daff. Eg hugsar ikkje alt eg hadde friskt i minnet den gong, som ga karakterane mykje meir tyngde for min eigen del. Det øydelegg litt.
Filmen ber så absolutt preg av å vere laga på 70-talet, utan at det skal haldast imot dei som sto for prosjektet. Det var slik dei laga film den gong. Sett med mine meir moderne auge, blir mange av scenene hinsides langdryge, og dei halar ut delar av filmen til det keisamelege. Pyttsann. Me kallar det berre for “å byggje stemning” og lever vidare med det.
Frå nydeleg prom queen til skremmande hemnar! Carrie er ikkje til å spøkje med!
Me møter Carrie White, som er ei stille og nervøs ung jente som får mensen for fyrste gong i gymgarderoben. Dei andre jentene ler av ho og kastar bind og tampongar på den livredde jenta som aldri har blitt fortalt at det er normalt for kvinner å blø litt sånn ein gong i blant. Det er umogleg å ikkje få sympati for ho, for Carrie er så uskuldig som ein kan bli. Og ho har ei mor som er så fanatisk kristen at du får lyst å gje ho både ein og to knytnevar i naserota.
Berre to (og etterkvart tre) personar har noko form for medkjensle med ho: Gymlæraren Miss Collis (Rita Desjardin), klassekameraten Sue (Amy Irving) og seinare Sue sin kjæraste Tommy (William Katt). Sue overtalar Tommy til å invitere Carrie med på ballet, men plageandene til Carrie (og ein av dei er faktisk John Travolta, før han slo gjennom stort med Grease og Saturday Night Fever!) har ingen planar om å la ho få så mykje som ein einaste fin kveld i livet, og bestemmer seg for å spolere opplevjinga for den stakkars jenta. Det dei derimot ikkje veit er at Carrie er telekinetisk, det vil sei i stand til å flytte ting med tankane. Let the madness begin …
Det er ikkje ei einaste handling Carrie gjer gjennom heile filmen som er vanskeleg å forsvare. Ho er ikkje eit monster, men ei jente som omsider er komen dit at dråpen traff begeret og rann over. Og det renn så til dei grader over. Likevel heiar i alle fall underteikna på ho heile vegen. Eg vil så gjerne at den eigentleg så skjønne jenta skal få ein happy ending! Og stadig sit eg og tenkjer at ho kunne teke det endå litt lengjer. For det ville jaffal EG gjort! Men det blir ikkje skrekk. Knapt nok “revenge horror”. I alle fall ikkje for ei herda sjel på denne sida av 2000-talet. Hadde eg sett på denne som ein thriller, så hadde den kanskje fått eit terningkast høgare. Og det sit djupt inne å lande der eg til sist enda opp, for eg elska verkeleg denne filmen då eg var yngre. Det har kome to re-makes og ein The Rage: Carrie 2 (som eg òg elskar! Sue me! … pun intended!) og sjølv om den orginale Carrie alltid vil ha ein spesiell plass i hjarta mitt, så må eg innrømme at eg føretrekk den siste re-maken frå 2013. Av heilt personlege orsaker.
Huset er vaska, Sølvgutana har ralla frå seg og gåvepapiret er brutalt rive av gåvene i tur og orden. Sau og rype er fortært, og eg har ete meir marsipan enn noko mentalt friskt menneskje er i stand til å innta. No er jolemusikken bytt ut med god gamal metal, og romjola er over oss. GOD JOL! [tl-dr: ei detaljert og illustrert oversikt over jola 2025]
Soundtrack: Nightwish – She is my Sin
Pixie-promp & ‘Lessär
I dag skulle me eigentleg ete kalkun hjå svigers, men så braut det ut litt korona i slekta, og dermed blei planane lagt på hylla til fordel for litt heimekos med dyrehagen. Og godt er det; eg har hatt så hinsides dårleg samvit for at me feira jol utan dei i år! Det er jo sant som folk seier til meg at dei forstår ikkje konseptet med jol sånn direkte, men likevel så er det beibiane mine. Og det er litt magisk å sjå dei få utlevert deira eigne jolegåver og få pakke opp akkurat som resten av flokken …
Wynnie finn jolestemninga framfor peisen når stova omsider er blitt vaska skikkeleg!
Men tradisjonen tru hadde svigermor laga til jolegåve til nurka mine òg, så det vanka både hundepølse til voffeloffane og tunfisk til pusejentene då me kom heim på jolekvelden!
Før sjølve jolekvelden kom var det tradisjonen tru mykje som skulle på plass. For fyrste gong sidan eg snubla inn i vaksen alder blei det vel og merke ikkje vaska med q-tips i krokane, for halve adventstida var eg i BaleBy og rydda i kjellaren som snart skal bli den nye leilegheita vår. Den prosessen skal eg kome tilbake til, for sjølv om det var eit hinsides arbeid å kome til botn i rotet, var det eit lite eventyr i seg sjølv. Eg fann jolekort og gåvelappar som gjekk tilbake til tipp-tipp-oldefaren min si tid, og så mange gløymde skattar at det var ei rein fryd. Atter ein gong fryktar eg at den nye stova mi kjem til å sjå ut som ein spennande brukthandel for dei som gjestar den, for det er mykje eg rett og slett ikkje har hjarte til å berre kaste. Men pyttsann. Det har etterkvart blitt mitt kjennemerke, så kvifor skulle eg bry meg med å forandre meg? 😉
Retur til Bergen, og her skulle det vaskast, gåver skulle pakkast og leverast, og ikkje minst sto eg i bresjen for 50-årsdagen til den eine av dei to mest fantastiske kollegaene i verda! Eg vonar han kosa seg, men eg skal ikkje gå i detalj om korleis dagen hans gjekk for seg her og no. Eg måtte vidare, for så snart han var blitt feira ferdig måtte eg tilbake til vaskebøttene mine i desperat håp om å kome i mål før nissen banka på. I tida eg oppheld meg i Sogn ringde Dúnedain meg og kunne så muntert og stolt proklamere at han hadde vore og kjøpt joletre. -Utan meg?! -Jaaaa … men det er plasttre då! – … du veit kva eg tykkjer om plasttre? – Åh. Shit. Sjølv etter så mange år i same seng så hadde det ikkje gått heilt inn, trur eg. Eg HATAR plasttre. Eit godt alternativ for allergikarar, men eg vil ha TRE i stova. Ekte tre. Med nåler som stikk, edderkoppar som gøymer seg blant greinene og dufta av gran eller furu som fyller rommet medan treet dryssar om kapp med snøen utanfor (som for ordens skuld ikkje kom i år.) Det er jol. Og det skal pyntast etter alle kunstens reglar, med dei minste kulene i øverst og større kuler nedover, spyd i toppen og glittertrådar. Slik blei det IKKJE i år. I staden har eg eit monstrum ståande på spisebordet mitt med nokre billege plastkuler som eg ikkje ein gong anar kvar eg har plukka med meg frå og litt puslete joleglitter kasta kring.
Det kan få bu ute i vindfanget vårt kring joletider når me flyttar. Berre slik at alle som kjem innom kan sjå min inderlege forrakt for desse dårlege etterlikningane. Fysjom, tvi og æsj.
Men adventstida rulla vidare! Helga før jolafta heiv eg og bestevenen min oss rundt for å ta fatt på den faste joletradisjonen vår med å bake jødekaker og serinakaker, og ete til det taut perlesukker ut av øyro på oss. Sjølvsagt med ein god film på skjermen. I år blei det den nye Naked Gun-filmen med Liam Neeson, og for dei som elska desse goofy filmane med Leslie Nelson, må det understrekast at Liam er ein nydeleg arvtakar!
Men før mjølskya kunne stige oppunder taket og lufta fyllast med dufta av nysteikte jolebakst, så måtte me vitje jolemarknaden i Bergen! Det er litt av tradisjonen. I år blei det ikkje tur opp i pariserhjulet for fyrste gong i historia, for køen var langt og trengselen blant dei oppmøtte stor, så me kike i staden litt på kva dei hadde, eg fekk med meg ei gratis gravlykt frå ein av bodane for … tja, den var gratis? Og så åt me crêpes, diskuterte kor guffent det dufta langsmed ostebodane, og at jolemarknaden i år var noko tafatt. Kvifor veit eg ikkje, men det føltes ikkje heilt slik som det vanlegvis gjer når me tuslar kring og prøvesmaker lefser, spekepølser og heimelaga marsipan.
Vetle jolafta var eg oppe før fuglane feis og kasta meg atter oppi vaskebøttene. Faktisk var eg så tidleg oppe at eg fekk fotografert soloppgongen då voffane omsider bestemde seg for å starte dagen dei òg!
Eg låg for så vidt etter med ALT eg skulle gjere denne dagen, og ei stund såg det verkeleg ikkje ut som om det skulle bli jol i stova mi. Alt sto på hovudet, og sjølv om Boney M skreik seg hese i høgtalarane klarte eg ikkje heilt å kome til det punktet at eg fekk den magiske kjensla som vanlegvis fyller meg på denne tida av året. Eg skuldar på plastreet som gubben drog i hus.
Men innan hovmeister snubla seg bort til Miss Sophie med portvinen hennar kom den snikande. Huset dufta reint, englane mine hadde flytta inn i stova og dei fleste hybelkaninene var jaga på dør. Eg kan avsløre at dei var tilbake allereie då eg sto oppatt dagen etter, men pyttsann. Bur ein i ein dyrehage, så må ein berre leve med det. Jolefreden kunne senke seg, og me reiste ut til svigerinna mi for å ete altfor mykje pinnekjøt, svigermor fekk mandelen i riskremen og eg krabba rundt under treet og delte ut gåvene.
Og jaggu hadde ikkje folk lest ynskjelista mi med lupe i år: Eg fekk så masse fiiiint!! Nye Buffalo-sko (som eg for så vidt hadde plukka ut og hjelpt til med å bestille sjølv) frå Dúnedain (og WoW-expansion Midnight som eg allereie hadde fått lov å ta i bruk i forkant!), masse nye gøye strømpebukser, coffin-veske, smykker, sminke, masse gøy goth-dill, marsipan og Freia Boble nok til å halde meg med nom fram til påske, pengar og den fyrste Mr. Ballen-boka! I tillegg fekk eg FIRE FLASKER med 3 Monkeys-vin! Jiiz. Nokon har tydelegvis planar om at 2026 skal starte med ein heftig skallebank!
Bror min og nevøen min hadde til og med funne ein Freddy Kreuger-bamse til meg, og Dúnedain fekk seg VR-briller frå meg og mi side av familien. Han sat og spelte flysimulator til langt på natt i går, og vekte meg då han med eitt kom springande gjennom soverommet og ut på badet der han spydde som ein gris fordi flyet hans hadde styrta og han blei sjøsjuk. Arme mann. xD
Men har er tappert tilbake på hesten igjen i dag, så han fekk ingen varige mèn.
Så var det rypemiddag hjå svigers på 1. joledag, og i dag tek me livet med ro. Det er lov.
Sjølv om den byrjar å nærme seg slutten når eg omsider har fått tasta ferdig dette innlegget, så vil eg likevel nytte høvet til å ynskje dykk alle ei rettleg GOD JOL, og avsluttar med å vise fram årets jolekort no som alle som skulle få det i postkassa har fått sett det! Med ein stor takk til snillaste Jonny som stilte som fotograf og gjorde det mogleg å lage desse awsomme greiene! <3
Ja, eg er sur. Direkte gretten. Tidlegare kunne eg kome meg både fram og tilbake mellom Bergen og BaleBy for kring 800,-. No er prisen oppe i over ein tusing EIN VEG! Og då tykkjer eg at eg kan forvente Internett som i det minste klarar å opne DropBox slik at eg kan jobbe på vegen. Men neidå. Eg byrjar å mistenkje at dei har installert noko slags anti-teknologisk force field på skuta si, for her var det jaggu ingenting som virka som det skulle. Headset’et mitt gjorde opprør og nekta å slå seg på før eg hadde fått lada det heilt opp, og eg kunne teke både pissepause, røykjepause og ein kjapp ferietur til Granka på tida det tok å laste inn ei nettside. Om den i det heile lot seg opne. Bilete i avisartiklar kan eg berre gløyme, og den siste timen har eg site og freista å sende inn svar på Filmweb sin adventkalendar. Og så kom austavinden feiande innover fjorden, så eg sit og skriv medan laptop’en sklir fram og tilbake på bordet med meg hengjande på som eit silkeslips i full orkan. Ein blir litt muggen av slikt.
Men som eit førjolsmirakel kom eg faktisk inn på blogg.no! Og eg vel å ta det som eit teikn på at det no er på høg tid at eg må skjerpe meg. Bortsett frå ynskjelista mi har det tross alt ikkje blitt posta noko her sidan mars!! :O Kva skjedde?! Vel, livet. Det er som regel det som kjem i vegen for det meste. Eg skriv framleis bøker, men kvar gong eg har tenkt på bloggen min har eg innsett at eg har eigentleg veldig lite spennande å vise til i kvardagen. Å høyre om mine etterkvart særs einspora dagar kan neppe vere noko å skrive heim om. Eg står opp, prøver å få auge, skriv 3000 ord (minimum!!) før eg brukar eventuell tid fram mot middag på å jobbe med filmmanus, putte ting inn i rekneskapssystem og slikt noko spennande. Dermed blir det ikkje.
Det er lov å håpe at eg får orden på meg sjølv og skriv noko som kan vere hakket meir spennande å lese om framover, no som eg lever i håpet om å kome i gong med oppussing av kjellaren på “Fjorleifstad”. Kryss fingrane! Eg lovar ingenting!!