Amerikansk skrekk (2024)
Med Harriet Slater, Adain Bradley & Jacob Batalon
Regi: Spenser Cohen & Anna Halberg
Lengde: 1 time 32 minutt
Tarot skal uttalast ‘taro‘ blir det presisert tidleg i filmen. Så då får me vel forhalde oss til det?
Eg les tarot … orsak, ‘taro‘-kort sjølv, og med ein gong ein film indikerar at den skal omhandle nokre av “mine” greier, så blir eg skeptisk.
Men når det er sagt, så likar eg sjølve korta i filmen. Eg elskar små-creepy tarot-kort. Og dei som Haley (Harriet Slater) tek i bruk klassifiserar vel til den kategorien.
Ein venegjeng har leigd ein gamal herregard for å feire 21-årsdagen til Elise (Larsen Thompson), og midt i festen går dei tom for alkohol.
Dei leitar gjennom huset og finn ei dør som ikkje skal opnast. Den lar dei vere og leitar vidare.
Neidå, sjølvsagt ikkje. Dei bryt den opp og tuslar ned i kjellaren, som er stappfull av alle slags okkulte og skumle greier. Blant anna ein boks med nokre suspekte tarot-kort.
Haley kan lese tarot og har ei greie for astrologi, så ho køyrer i gong ein runde med spådomskunst for venane sine.
Så pakkar dei saman og reiser heim, og det går ikkje så lang tid før dei byrjar å døy på måtar som kan koblast til det Haley las i korta. Klatre på karriere-stigen blir til å døy under loft-stigen. Vatn under brua blir i til å døy på brua. Du skjønar opplegget.
Det kvilar ei forbanning over denne kortstokken, i tillegg til at du aldri skal bruke andre sine tarot-kort.
At nokon kjem og tek livet av det sånn IRL er vel lite sannsynleg, men dei som trur på at korta har noko magisk ved seg trur gjerne òg at tarot-kort kan bli “merka” og vanskelege å lese dersom for mange fingrar tafsar på dei. Men det er kanskje berre slike overtruiske trollkjerringar som meg som tviheld på denslags idèar?

Nokre gode jump-scares har dei klart å få inn, og stemningen er heilt innanfor. Eg diggar monster-designet på skapningane som kjem til livet frå kvart og eit kort, men samstundes blir dei på eit vis litt for like mange av monstera frå Stories to Tell in the Dark (2019)? Det kan vere berre noko eg innbillar meg, så eg skal ikkje stå veldig hardnakka på akkurat det.
Noko føles vel og merke litt halvhjarta med det heile. Eg hadde faktisk trudd den skulle vere mykje dårlegare enn den viste seg å vere, men samstundes blir det heile litt tamt. Det er mykje her dei kunne gripe tak i og brukt til å gjere filmen mykje meir intens og spennande, for det er mykje skummelt i ein tarot-kortstokk! Eg kan forstå at “Tårnet” eller “Månen” blir litt vanskeleg å bruke som spennande karakterar (og “Tårnet” er det kortet eg likar minst sjølv!) så kunne dei gjort meir ut av det dei hadde til rådigheit i forhold til mystikken og symbolikken.
Eg må innrømme eg kjeda meg litt, men dei får ein 3’ar. Berre fordi eg tykte monstera var ganske kule!


