Lock down – Gode råd i denne harde stund!

Korona-viruset har stengd ned samfunnet. Eg for min del er veldig glad; eg har diabetes og eg har forkjølingsastma. Og folk flest har teke lock down veldig fint, så eg tenkte å bidra med mitt. Her er gode råd til kva ein kan finne på når ein likevel skal halde seg innanfor husets fire veggar!

Soundtrack: Utvandrerne – Netflix

Noreg er i lock down. Folk får heimekontor, og alt av arrangement er avlyst. Treningssenter og uteplassar held stengd. Alle skal halde seg heime, så langt som råd.
Men er det eigentleg så ille? Du kan gå rundt i pysjen heile dagen, ikkje stresse og gå heilt utan sminke eller med håret slengd opp i ein rufsete hestehale. Og ikkje minst kan ein bruke tid på dei ein er mest glad i!

Om du har born:
– Bygg eit teppe  – og putefort i stova, og les eventyr med lommelykt inne i mørkret!
– Lag kakao med marshmallows, og benk dykk i sofaen med ein god film for heile familien!
– Spel brettspel!
– Trolldeig! Eit undervurdert vidunder. Bygg eit familiebilete saman, der alle lagar ein figur kvar og lim det i ei ramme når det er ferdig.
– Om alle er friske, men heimeverande, og vèret tillèt det, så kan ein vere ute og leike SAMAN! Lær ungane dine leikane DU elska då du var liten; Stjele egg, Boksen går, Krig (leiken altso…om andre enn meg hugsar den?) Bro Bro Brille, Haien kommer…..Lær dei leikane som kanskje ikkje er så vanlege lengjer!
– Alle i familien teiknar eit bilete med MASSE fargar, i eit felles tema. Kjæledyra dykkar, årstider, draumehuset….Kjøp matchande rammer når folk slepp ut i friluft igjen, og heng dei opp saman!

Er du innestengd med kjærasten din:
– Start på vårreingjeringa! Så slepp de ta den når de er i 120% i jobb igjen!
– Prøv noko nytt på kjøkenet; lag pastasaus frå grunnen av, prøv deg på noko eksotisk, komponèr ein pizza med fyll de aldri har prøvd før! La deg inspirere på Pinterest!
– Lag ei kjærastebok; finn fram bilete og skriv ned historiar frå livet dykkar saman. Det er eit nydeleg minne å ha til seinare <3
– Finn favorittfilmane dykkar; Dùnedain elskar action (stakkars…) og eg er horrorfanatikar. Prøv å finne noko begge kan elske saman!
– Brettspel funkar her med!
– Om ein kan gå ut, så kan ein jo starte med hagearbeidet tidleg? Skjære tre, rydde gamalt lauv, fixe gjerdet….Du finn GARANTERT noko som skal gjerast!

Sit du aleine:
– Spel dataspel! Det finst MMO-spel for ein kvar smak, der du kan samarbeide med andre og chatte og skravle så masse du orkar!
– Lag fotobok! Sjølv brukar eg helst Fotoknudsen sin nettbaserte program, sjølv om eg er litt sinna på dei fordi dei er så treige med å levere. Men dei har fantastisk fine design-moglegheitar!
– Sortèr den roteskuffa di, som du har kjefta på deg sjølv over at du endå ikkje har orden i….
– Ring ein ven! Det er framleis lov!
– Lag deg ein kopp varm te, pakk deg inn i det mjukaste teppet, og sjå alle filmane eller seriane i listene dine på Netflix eller Youtube eller HBO; whatever’s your poison of choice!
– Prøv deg på handarbeid! Eller eit anna hobbyprosjekt. Igjen: Pinterest er STAPPFULT av geniale idèar som MÅ prøvast!

Eller gjer ALT SAMAN! Tid og overskot burde dei fleste ha nok av i desse dagar, med mindre dei er sengjeliggjande.
Happy Lock Down alle saman! <3