Ring på fing – HER SKJER DET TING!!

Soundtrack: Sinead O’Connor – Silent Night

God jol alle saman! 
Jau, det står til liv i heimen, trass i at huset er bitande kaldt. Det hjelp med fluffy tepper, varme kosedyr og stearinljos, men berre til eit visst punkt. Når neglespretta kjem snikande, og ein vurderar å krype inn i kjøleskapet for å få varmen i seg, så merkar eg kor godt det skal bli å forflytte seg til eit varmare hus! 
No skal eg freiste å gjere noko eg vanlegvis ikkje er så flink til; eg skal la innlegget mitt kvile mest mogleg på bileta, framfor å skrive ein liten micro-roman sånn eg brukar å gjere når eg har mykje å fortelje. Denne gongen blir det ein illustrert micro-roman! For jammen har eg ikkje vore flink å flippe fram kamera siste tida! Men det gjenstår å sjå om eg klarar det. Eg er glad i å skrive, om nokon ikkje har merka det….! 

Men la oss starte så langt tilbake som hukommelsen min går. 
Eg og Ida-mi tok oss ein runde i by’n for å freiste å få henta fram jolestemninga mi. Me var sjølvsagt innom jolemarknaden, drakk god og varm eplegløgg, åt crêpes med nutella og tok bilete av ender og svaner. 


Så måtte eg og KæssKiss halde tradisjonen ved like, og bake jødekaker og serinakaker til jol! Det blei gjort bittevetle jolafta, og resultatet blei som vanleg temmeleg fantastisk! Sjølv om serinakakene mine har ein tendens til å flyte utover som ein snømann ved eit St.Hans-bål. Men smaken var god då…!

 

Så kom omsider jolafta! Den blei feira hjå broremann og madammen, med foreldra mine, og englane <3 
Sammi sprang fram og tilbake mellom joletreet eg sat under, og foreldra sine, og småropa med overentusiasme: -Pakke? Pakke til meg? 
Eg fekk tre (!) minnekort til kamera og mobiltelefon, sengeklede, pengar, bøker…Sånn for å nemne noko. 
 

Men midt under pakkeseremonien, skjedde dette! 
 

Dunedàin skulle etter min plan fri på nyttårsafta, men jaggu gjekk ikkje karen på kne framfor heile familien min, og spurde om eg ville gifte meg med han!! 
Synne såg på mamma’n sin og spurde: -Mamma, koffor GRINE tante Lokkri?!

Ho var ikkje akkurat overbevist når mor hennar sa at det var fordi karen min fridde; ho forstod ikkje heilt kvifor DET var noko å grine over?! 
Og eg er eigentleg heilt einig. Eg er veldig lukkeleg, med ring på fing! <3

 

 

Bryllaup blir nok ikkje i 2019, men eg går inn i året saman med min nye forlovede! <3