Den fyrste snøen kom i går, og eg har vore i overkant fråverande her på bloggen min i altfor lang tid (eg var flink ganske lengje!). Men jammen går me mot jol igjen, så då er det vel på høg tid å skrive ynskjeliste?

Soundtrack: Susanne – Kristin Solli

Eg har sjølvsagt masse på lista mi i år òg, sånn i tilfelle jolenissen skulle vere ekstra gåvmild i år. Ein veit aldri, og eg HAR vore snill jente!

Det er slunken i strømpebuksa-skuffa mi etterkvart, etter at eg hadde ei opprydning og kvitta meg med alle som var vel godt brukte. Og det var eigentleg ganske mange av dei som låg der.
Så, då må den fyllast opp! Dei har mykje kult både hjå H&M, Lindex og Cubus! Eg diggar alle som ikkje er vanlege svarte, eg!

Slangemønster frå H&M, leopard, raud med hjarter på eller blomemønstra mesh frå Lindex, tjukke som tynne, eller netting for den saks skuld! Størrelse L er å føretrekkje!
Og dei har utruleg kule tjukke strømpebukser på Lindex btw!

Og så treng eg ny toalettveske! Gjerne ei litt stor ei, med MASSE plass til alt eg drar på når eg reiser nokon plass. Gjerne svart, raud eller lilla, slik at den matchar alt anna eg drar rundt på!

Freia Boble-sjokolade, 3Monkeys-vin og sukkerfri RedBull er alltid kjærkome, akkurat som marsipan og sjokolade generelt!

Same med gåvekort på favoritt-sjappene mine! Som til dømes
– Outland
– Gina Tricot
Poki-Heaven
– Glitter
EMP
– Rituals (og eg ELSKAR Rituals of Sakura-serien!!)

Eller gåvekort hjå anten Let’s Buzz eller Genistreker!

Det er ikkje til å kome vekk frå at eg ELSKAR Killstar-merket. Dei har mykje gøy hjå Outland, og eigentleg ynskjer eg meg alt dei har. Størrelse M i toppar/overdelar, og L i bukser og kjolar.
Sokkar og sko er str. 36!
Eg har utruleg lyst på eit underbust-korset òg, men det er mogleg det bør prøvast og styrast og herjast litt for at det skal passe, så det må vel gå inn i ein gåvekort-kategori … Og det same kan ein vel sei om Buffalo-sko, som eg gjerne skulle hatt eit nytt par av.

Ikkje får eg nok av gøye toppar heller!
Eg har slite ut alle WoW-toppane mine, så eg blir utruleg glad for påfyll!! Men generelt toppar i str. M med gøy tekst eller artige trykk blir høgt verdsett uansett!

To bøker står høgt på lista:

Mr. Ballen er ute med ny bok, og eg ynskjer meg sjølvsagt den òg, men eg har ikkje fått lest den fyrste endå! Dei har den både hjå Outland og Ark!
Og så har eg fått dilla på kunsten til Ashley Voortman, og ho har òg ei bok som eg ynskjer meg:

Creepy Crafts! Einaste plassen eg kunne finne den i sal i Noreg for augneblinken var hjå Akademika, men dei har tidlegare hatt den hjå Ark og Norli! Berre ikkje akkurat når eg skulle skrive ynskjeliste, tydelegvis …

Nokre sminkeprodukt ligg òg på lista mi …

Eg har leita meg halvt ihjel etter ein svart tattoo-stamp penn med hjarteform!! Men ingen butikkar i Noreg har hatt det på lager sidan … vel, på lengje.

Og holografiske augeskuggar, eller kva det heiter! Til meir pigmenterte til betre!
På bileta er Infinite Chrome Flakes-augeskugge og Twin Flames frå Danessa Myricks Beauty (bilete nr. 2 og 3) og KVD Beauty sin Dazzle Gel i blått. Men seriøst. Eg treng ikkje fancy dyr make-up! Så lengje det er gøy, så er eg happy!
Og eg har leita etter ein skikkeleg god frosted sølvlepestift sidan 90-talet!! Hadde ein frå Dior back in the days, men til no har eg ikkje funne noko som kan konkurrere mot den. Den var FANTASTISK!!

Eg samlar jo på masse rart, og det er alltid kjekt å få utvide samlinga … (eg treng det vel strengt tatt ikkje, men damn. I luv these things!!)
I FunkoPOP!-avdelinga er det desse fire som står øverst på lista i år:


Thrall og Alleria Windrunner frå WoW (#1046 og #1045), samt Gimli frå LotR #629 og Freddy Kreuger #02!
Eg er ikkje så nøyen på om dei kjem i boks og mint condition. Eg samlar på figurane for figurane sin del, så om dei er pakka ut og kjøpt brukt gjer absolutt ingenting!

Det er eit stort hòl i Monster High-samlinga mi der Clawdeen Wolf skulle vore òg.


Den dama har vore heftig vanskeleg å få tak i, særleg i modellnr. N5947 (den på bilete)! Men eg leitar framleis!

MEN! Hjå Lekekassen har dei faktisk Wednesday frå Monster High-serien!! Og holy smoke, ho er heilt NYDELEG!! Så ja, eg ynskjer meg den òg, eg!

(og PS så har Lekekassen faktisk dinosaur-egg som du kan klekke og få din eigen dinosaur!! Eg berre nemner det! I mean OMG?!)

Og så er det sjølvsagt nokre DVD’ar/BluRay eg gjerne ville hatt:
– 28 Years Later (2025)
– Gonjiam: Haunted Asylum (2018)
– The Ugly Stepsister (2025)

Okay, det var det for i år! ^^
God jol alle saman! Og hugs at det er veldig gøy å skrive ynskjeliste og ikkje minst for meg å få ei av deg, slik at eg kan kome i gong med jolehandelen!