For ørtande gong har legen min permitert seg. Og det er ikkje ein gong same legen; eg får sjeldan ha ein lege meir enn eit års tid, før dei brått finn ut at NO var tida inne for å rømme jobben.

Soundtrack: Wheeler Dealers

Spørsmålet då er: Er det meg det er noko gale med?! Eller rettare sagt; står det så gale til at legane slit seg ut? Etter at eg har vore der 4-5 gongar, kastar dei handklede inn, stappar legelisensen der sola aldri skin og rømmer til sydlegare strøk. Det er i alle fall min teori.

På onsdag som var, hadde eg legetime. Så i helga bestilte eg ein ny, og får beskjed om at legen min har teke permisjon, og eg har fått midlertidig ny fastlege. Ut ifrå namnet trur eg at eg har vore hjå denne karen før, og han var veldig hyggeleg og flink! Men eg føretrekk kvinneleg lege. Ein vaksen legemann er heilt greit, sånn type “har sett alt i mi tid”, så lengje han er hyggeleg og lett å prate med. Eg har overhovud ingenting imot yngre mannelegar, men så var det den greia med å undersøkje ting….der nede. Av ein eller annan grunn er det pinlegare å gå til ein fyr som er YNGRE enn deg med sånne ting, og ekstra ille er det om det er ein KJEKK lege! Eg likar ikkje å gå til legedamer som er overdrive pene heller, berre så det er sagt. I’m not being sexistic. Det er berre noko med å blottleggje valkar og skavankar for individ som strålar perfeksjonisme i alle rettningar. Og ikkje kan ein trøyste seg med at dei berre er dumme og deilige, for det krev ein viss intelligens for å faktisk bli lege.
Poenget er uansett at dei skumlaste legane er dei unge legemannane, når det skal takast celleprøver eller denslags.

Men så var det denne greia med at eg skremmer Fanden på flatmark, og oldemor hans med.
Favorittlegen min i dei hine hårde dagar (som for ordens skuld gjekk ut i permisjon og aldri kom tilbake….) sa ein gong at ho blei så glad kvar gong eg kom inn på kontoret, for eg hadde ein sånn herleg utstråling! <3 Må ha vore håret mitt, for så snart det ikkje var lilla lengjer, forsvann ho.
Ein må vel og merke ta i betraktning at det er jaggu ikkje mykje som fungerar normalt hjå meg heller. For å ta ein lett og kjapp oppsummering av nokre rare funksjonar på meg:

– Immunforsvaret mitt slår seg av cirka to veker i månaden.
– Når eg blir sjuk, er eg elendig på dagtid, men så kjem kvelden, og eg kan vere eit fyrverkeri heile kvelden og natta, for så å bli like elendig igjen dagen etter.
– Eg blir solbrend berre eg ser sola. Og når eg er blitt solbrend, blir eg sengjeliggjande fordi det føles som om eg har feber; eg frys og er svimmel, og blir fullstendig ubrukeleg.
– Dersom eg får myggstikk, hovnar det opp til ein golfball, og får eg det på armar og bein blir dei gjerne til blåmerker, og det klør heilt inn i beinet. (myggstikk andre stader klør, men på ingen måte like ille!)
– Eg nys når eg tenkjer på sex.
– Om nokon fortel om noko som høyres skikkeleg vondt ut, så får eg vondt i halebeinet.
– Eg HATAR sylteagurk, men ELSKAR essensen av dei. Så eg må ha det på burgaren, berre for å ta det av.

Ikkje veit eg om dette er normale funksjonar hjå ein gjennomsnitteleg homo sapiens, men tydelegvis blir det for mykje for legane.
Sånn sett burde eg fått innpass som undervisningsmateriale i helseutdanninga. Det var kanskje der eg skulle ha retta karrieren.

I omtrent ei veke kvar månad, blir eg eit monster. Ikkje eit typisk premenstruelt monster, som bitcher og kastar tallerkar veggimellom. Eg blir eit psykiatrisk prakteksemplar, ei vandrande doktor-tese. Frå WonderWoman til tvangstrøye-kandidat på 1-2-3. 

Soundtrack: The Red Dragon (2002)

Det er berre nokre dagar før Tante Raud kjem på vitjing, og dei fyrste dagane inn i denne festen av ei veke me skal gjennom ein gong i månaden. Brått er eg paranoid. Full i angst, delvis hypokonder, og eg skal sannsynlegvis døy i løpet av dei komande vekene. Er det ein svulst som ligg og lurer under huda? Eller er det mogleg at det berre er ei bittelita kvise? Smertene i ryggen; er det gikt? Er eg gravid? Er det omgongssykja eg har fått? Eller er det kreft?
Det går så langt at eg må kjefte litt på meg sjølv, noko som igjen hjelp meg på vegen mot å fundere på om eg eigentleg er litt schizofren.

Eg veit ikkje om det eigentleg er normalt. Som ei som lid av PCO-syndrom, var eg ganske vaksen før eg fekk mensen til noko lunde faste tider. Så eg har mykje å lære. Blant anna har eg fått erfare at ein kan få smerter i korsrygg og lår, noko som visstnok kan oppstå under ein fødsel.
Men smerter kan eg leve med. Ein poppar nokre smertestillande og held fram. Mi store utfordring er at eg blir så borti veggane utmatta. Ikkje trøytt og sliten, som etter ei hard arbeidsveke. Me snakkar fullstendig blotta for overskot, og ei trong til å sove minst 25 timar i døgnet. Det er heilt absurd kor trøytt eg kan bli!  Og kvar gong tenkjer eg at NO har eg fått kreft. Dette er sikkert slutten. Eller i det minste ME.

Men så går veka mi mot slutten, og eg innser at det var visst berre i hovudet mitt denne gongen òg. Brått forsvinn monsteret i speiglen. Energien kjem tilbake. Hjernen fungerar igjen. Og eg prisar meg lukkeleg at det er ein månad til neste gong.

 

 

 

Djupt, svart hòl, møt Lokkri. Lokkri, hels på botn.

Soundtrack: P!nk – The Great Escape

Sånn var i alle fall dei siste dagane. Heilt utan forvarsel, stupte hjernen min ned i den mørke, dumme plassen den likte seg så godt i, og insisterte på å forbli, i svunnen tid. Eg var ikkje vidare imponert. Ikkje kunne eg forstå kvar det kom ifrå heller, men alt var der: Angsten, insomnia, sjølvhatet, mørkret….Til og med ein og annan sjølvmordstanke kom innom og helste på!
På toppen av det heile bestemde eg og Dunedàin oss for å prøve oss på den obligatoriske greia som alle andre har i sine forhold: Ein liten krangel. Det var ikkje alvorlege greier, og ingen tallerkar blei knust. Det var kun verbalt, og relativt fort unnagjort. Me skværa opp, men framleis sat det ein liten jævel nederst i magen min og laga kvalm.

-Du er så ubrukeleg.
-Kva GJER du eigentleg i denne verda?! Det er null grunn til at du i det heile skal eksistere!!
-Det er ikkje depresjonen din som snakkar no; dette er berre eit faktum.
-Korleis kan nokon eigentleg vere glad i deg? Det er ikkje akkurat som du gjer noko nytte for deg?
-Kvifor er du ikkje berre heilt normal og sånn som alle andre? Trenar og startar familie og jobbar normalt?
-Ikkje ein gong kjærasten din klarar å vere glad i deg, så sær og vanskeleg som du er….

Eg får seriøst lyst å kaldkvele den småjævelen. Mesteparten av livet mitt har eg gått og høyrd på han, og det er overhovud ikkje EIT fornuftig ord som kjem ut av kjeften hans. Det tok meg over 20 år å rette meg opp i ryggen, sjå han djupt inn i augo og sei at eg DUG faktisk! Det eg er flink til, er eg jævlig flink til! Eg er overhovud ikkje perfekt, men visst faen skal eg få lov å vere glad i meg sjølv for den eg er. Dei som ikkje klarar å bli glad i meg for meg, er ikkje verd for meg å bry seg om heller. Verda skal ikkje få lov å definere kven eg er, korleis eg skal vere, kva eg skal gjere, og eg treng overhovud ikkje vere A4 for å vere lukkeleg. I mitt tilfelle; snarare tvert imot.
Eg har verdas beste kjæraste, og min familie er sett saman av pels – og fjørkledde små englar. Eg har verdas beste vener, og eg har lært meg å tenkje positivt. Eg kan sjå meg sjølv i speiglen utan å få brekningar, og eg har alt eg treng her i livet.  Eg blir nok aldri rik og får eigen pengebinge, men tek eg dag for dag, så er eg faktisk ekstremt lukkeleg! Og for meg er det meir enn nok.
Så eg slo i bordet med fakta, og ba den dritten av ein klump i magen ryke og reise. Han etterlet seg ein magekrampe og ein ny type vond klump.
Mensen.
Eg burde ha sett den kome, trass i at det berre er fjorten dagar sidan sist. Men angsten og depresjonane har ein tendens til å kome snikande i samband med den. Hjernen er i det minste tilbake på rett kjøl, og min indre demon har pakka og reist tilbake til Helheimen den kom frå. Takk og pris.

Sånn avsluttningsvis, så har dei lagt om heile interface’n min her på bloggen min, så innlegga mine står i fare for å bli litt flykræsj framover. Lev med det til eg har funne ut kva eg eigentleg driv med her. Men eg kan med handa på hjarta sei at eg likar det ikkje. *furte*

Soundtrack: Alf Prøysen – Romjulsdrøm

Eg hinta litt då, men han tok det i det minste!

Leppestift-etui!! I lilla!! <3 Treng det eigentleg, for er det ein ting eg er ekspert på, så er det å øydeleggje leppestiftane mine fordi hetta ramlar av i veska, og leppestiften blir full i sand og barnåler og lo og faenskap!

Soundtrack: Snorkinga til Elessär

Dette kan guten!! Eg kasta meg over kalendaren då eg kom heim frå nattevakt, som den entusiastiske skitungen eg er. Og sjåååå kva flinke Dunedàin hadde funne til meg! <3

Det er ei DRAGEBOK!! Søtaste vesle skriveboka med DRAAAAGESKJELL! Såh det såh! xD
Han stakkars, fekk “berre” tapas-wraps-pinnar av meg i går. Men det var fordi eg kom over den geniale vesle greia, og tenkte at han trengde dei så han slepp å sitje og hakke opp grillpinnar i framtida! Åååh, jiiz for ein teit og tung settning….!

Men no skal eg sove. Ute SNØR det (sånn i tilfelle nokon ikkje las ingressen!) og eg kryssar fingrane til krampa tek meg for at eg vaknar til ein kvit og snødekt hage utover dagen!!

Soundtrack: Mrs. Robinson – Simon & Garfunkel

Det er veldig sjeldan at eg har mareritt. Eg kan ha ubehagelege draumar, men det dei fleste ville definert som eit mareritt, er som regel ting eg syns er superunderhaldande, og eg blir frustrert når draumen tek slutt. Eg ville jo vite korleis dette enda!
Men i natt hadde eg då ein av dei draumane som gjorde at eg låg stiv som ein stokk og stira framfor meg i fleire minutt, før eg slo på ljoset og våga å sove igjen. Det var ikkje handlinga som var skremmande, men måten hjernen min leikar regisør gjennom historia.

Det starta med ei blond, ung dame. Det var ikkje meg; eg observerte berre det som skjedde, litt som om eg såg ein film som var filma delvis i hovudpersonen sitt POV. Ho var kledd i ein rosa fluffy fjærvest, tøflar og shorts, og det føltes som om ho var midt i prosessen med å anten gjere seg klar til å gå ut, eller akkurat var komen heim og på veg til sengs.
Brått er det ein annan person i huset med ho, som viste seg å vere hennar eigen dobbelgjengar. Denne personen angreip karakteren, og drap ho med kniv. Så byrja historia på nytt. Igjen blei ho drepen, men på ein ny måte. Og så skjedde det igjen. Denne gongen var hovudkarakteren litt meir obs på at noko ikkje stemde. Ho var redd. Og endå ein gong blei ho drepen.
Då ho igjen var tilbake ved start, greidde ho på ein eller annan måte å unngå mordaren, berre for å oppdage at det ikkje var ein dobbelgjengar, men snarare nokon utkledd som ho sjølv, iførd ei maske. Ho fann ei slik maske under eit bord, tok den på seg, og freista å unngå mordaren. Ho blei klar over at det konstant “spawna” nye versjonar av ho sjølv, samt nye mordarar. Mordarane var nye og ulike menneskjer heile tida, iførd masker.

Så kobla hjernen min inn, for no forstod den at dette ikkje kom til å skremme meg, og eg var ein av dobbelgjengarane i historia. Saman med orginalen, og ein annan dobbelgjengar, barrikaderte me oss på eit bittelite bad. I panikk freista me å klatre ut vindauga, men oppdaga at mordarane hadde spikra att vindaugo. Eg og den eine dobbelgjengaren freista å halde att døra, for den gjekk ikkje an å låse, medan orginaldama freista å bryte opp vindauga. Så står brått nokon på andre sida av glaset og freistar å slå seg veg inn! Ei ung dame greidde å ta seg inn, og me slåss med ho og fekk vridd kniven hennar ut av handa på ho. Men i prosessen, glapp døra opp, og eg såg min med-klone får ein kniv over strupa gjennom glipa i døra, før eg sjølv forsvann inn i mørkret, og forstod at dei hadde klart å ta knekken på meg òg.

Så langt var det intenst, men overkomeleg. Så kom den som fekk blodet til å fryse til is inni meg. Historia utspann seg på ein TV-skjerm. Ei reporter-dame snakka om dei brutale drapa, og eg var bak ein fyr som sat i ein sofa og såg på. Så kom musikken. Åh, herregud. Den musikken. Eg kan ikkje forklare kva som fekk hjarta til banke seg veg gjennom brystkassa mi, men trommene, songen….Det var blod overalt, og det var merkelege, farga ljos-flash i rommet. Så kom det kravlande ei kvinne bortover golvet; ho mangla eit bein, var tilgrisa i blod, og kledd i lakk og lær. Så kom det fleire. Den same kvinna, men alle var skada på ulike måtar. Forvridde, såra og blodige. Alle var kledd ulikt, med ulike frisyrer. Dei var same person, men samstundes ikkje. Eg var ein av dei.
Mannen i sofaen snudde seg. Andlete hans var fult i kutt og glasskår. Av ein eller annan grunn måtte me kome oss vekk ifrå han. Og ruta gjekk oppover langs veggane, mot taket. Mot eit kvitt ljos der oppe. Medan musikken held fram.


Eg slo opp augo, og heiv etter pusten. Eg blunka nokre gongar, slo på ljoset og innsåg at det er kanskje ein god ting at eg ikkje er ansvarleg for sound traxx i filmverda.

 

Soundtrack: Khavi’s song

Det ligg ein pus på fanget mitt, og syng om betre tider. For matmor, om ikkje anna. Khavi sjølv har det heilt supert.

Jepp, dette er eit sutreinnlegg. For eg skal så absolutt innrømme at dette byrjar å ta skikkeleg på. Eg HATAR å vere sjuk. I alle fall når det ikkje er teikn til betring!
I går var eg hjå legen. Igjen. Og nok eit “hm” blei ytra frå medisinmannen sine lepper. Tilbake til operasjonsbordet, fram med skapellen og sprøytene. Heldigvis lamma dei halve sida mi og vel så det denne gongen, og eg slapp å liggje der og vri meg som ei vaskefille kring joletider.
Vondt var det like fult, men mindre vondt. Takk og pris.
I etterkant har det likevel ikkje vore noko betring; eg er framleis kvalm, orkar overhovud ingenting, og ligg i halvsvime mesteparten av tida. Mat er ein u-ting; orkar berre eit par munnfull, og så seier det stopp. Innimellom fungerar eg litt, og kløøøør etter å gjere noko fornuftig, men like fort som den kom, er energien vekk, og eg kunne ha sovna ståande.

Så då lever eg på te. Av ein eller annan grunn hjelp det noko; eg blir litt mindre kvalm. Ikkje ein gong sjokolade er noko trøyst, og i mitt tilfelle seier det ganske mykje!
I mitt paranoide sinn byrjar teoriane å samle seg opp. Eg har sikkert fått sidekreft. Eller munn – og klovsykje. Ebola. Eller som Dunedàin foreslo i går: Harepest. Det er rikeleg av diagnoser å ta av med min rike fantasi!
Legen sa han skulle ta meg inn igjen på måndag, og dei tappa nok blod til å halde liv i ein mindre vampyrlandsby i går, for å freiste å finne ut kva som eigentleg er gale med meg. Eg for min del tviheld på min gamle livsfilosofi om at om ein berre er pessimist, så slepp ein å bli skuffa!
La oss håpe det. Dei andre gongane dei har slite med å finne ut kva som er gale med meg, har dei til sist avslørt både diabetes, helveteseld og ein gong eit merkeleg virus som dei ikkje kunne forklare på annan måte enn at “det minnar om kyssesykja”.
Eg veit ikkje heilt kva glea skulle vere i dei situasjonane, anna enn at dei faktisk fann ut kva som var gale. Ingen av sykjene var eller er noko vidare å rope hurra over.

Så eg ventar i spenning, og freistar å klekkje ut eit fiffig namn på denne nye utfordringa eg skal gje legestanden denne gongen. Eg reknar med dei lar meg namngje den, sånn type in the name of science? Lukritzia Undergongus høyres passande og fengjande nok ut, vil eg påstå.

Soundtrack: Kirsten Bråten Berg – Spurv på en snor

Eigentleg hadde eg tenkt at denne bloggen skulle vere fri for all sutring bortsett frå den noko sjølvirnoiske typen. Men når det kjem til stykkje, så er det ikkje heilt likt meg. Eg har ofte fått kritikk for at eg for open, anten eg snakkar eller skriv om sex eller psyke, det merkelege livssynet mitt eller barnslege måtar å sjå livet på. Men eg er ærleg om det, og eg skal vere den fyrste til å innrømme at eg ofte ser meg sjølv i speiglen og lurer på om eg eigentleg er litt tilbakeståande.
Eg trur ikkje eg er det. Men det skjer at eg lurer litt.

Akkurat no har eg ein liten nedtur. Det er ikkje så ille som det har vore tidlegare; kor mange gongar har eg ikkje site der med ein kniv eller eit tau i handa, omringa av tablettar eller stått på eit stup og vurdert å hoppe?
Det er fortida mi. Dei siste fem-seks åra har eg jobba hardt med meg sjølv. Eg har klart å kome meg i jobb, eg føler meg lukkeleg, og eg slit ikkje lengjer med tanken på sjølvmord eller den evinnelege kjensla av at eg sit i eit svart hòl som eg aldri skal klare å kome ut av. Eg har sett at det er håp, og at det er ljos i enden av tunnelen. For ti år sidan såg eg ALDRI for meg at det skulle vere tilfellet.

Men i det siste har eg merka at det har bygd seg opp ein vannvittig klump i magen, som eg kjempar mot dagleg. Ein trong til å skrike, grine, grave meg ned og forsvinne. Det er slitsamt. Vannvittig slitsamt.
Her om dagen stod eg på jobb med ein så stor klump i halsen at eg måtte svelgje fleire gongar før eg prata til kundane. Den kjensla av at det ljoser av augo dine at panikken veks i deg, og den grusame murringa som startar i botn av magen og breier seg i heile kroppen, og du trur alle kan sjå korleis hendene dine skjelv.
Eg overvann det denne gongen òg, men blei gåande og tenkje på det i dagane som følgde. Og no er me her. Eg er sliten. Forferdeleg sliten reint mentalt.

Så kvifor? Kva er det som er grunnen til at dette skjer igjen?
Vel, eg skreiv tidlegare i dag om korleis dette året har vore eit fysisk mareritt for meg. Ein ting var før, då immunforsvaret mitt var så godt som ikkje-eksisterande, og eg pådrog meg influensa berre nokon naus på fastlandet. Folk kunne i det minste sjå at eg stod der med rennande nase, blanke auge og var likbleik i trynet. Kaldsveitten rann og kroppen ga rett og slett opp.
No er det mindre tydeleg at eg er sjuk. Ingen kunne sjå smerten i kneet mitt medan eg freista å halde meg på beina. Dei kunne sjå at eg halta, men smerten var det berre eg som kjende. Kor vondt det faktisk var. Det er ikkje direkte usynleg at eg går med ein kul i sida som har vokse til størrelsen av handflata mi på to dagar. Men den er gøymd under kleda. Det eg klarar å ha på meg, vel å merke: Tynne toppar som er minst mogleg borti meg. BH er ein gløymesak. Eg får vondt berre eg ser på dei.
Den minste kontakt med noko som helst får meg til å skrike, og eg er freista til å kneble venstrearmen fast på brystet, for å vere sikker på at det ikkje kjem så mykje som eit fiber borti meg.

Og då kjem det: Kjensla av å vere så borti natta ubrukeleg. Ein gryande angst for at omverda ikkje skal tru meg; at vener, familie, kollegaer og alle eg møter på min veg skal tru at eg diktar opp all elendigheita. Anten det skulle vere for sympati, eller for å sleppe å gjere noko. Så då sit eg der, med boblande dårleg samvit for kjærasten min som knapt kan få ta i meg fordi alt gjer vondt, for alt eg skulle ha gjort i hus og heim, for alt og alle eg føler eg forsømmer. Eg blir kvalm av heile opplegget.
Det tek meg tilbake til ei tid der eg trudde eg skulle døy før eg fylte 30, og tankane om at eg ikkje dugde til ein skit og var ei belastning for alt og alle kring meg, og derfor burde ta livet av meg sjølv for å hindre at nokon måtte ta del i mine byrdar. Fysjom. Eg vil ikke dit igjen.

Ein gong kjempa eg med nebb og klør og det vesle eg hadde av krefter for å få hjelp. Eg var så letta då eg omsider fekk kome til ein psykiater, men det tok ikkje mange vitjingane før han konkluderte med at eg var frisk nok til å avslutte behandlinga. Eg var ikkje imponert. Fordi om eg hadde ein liten periode der eg følte meg relativt ok, visste eg at det ville kome tilbake. Det gjorde jo alltid det. Og eg fekk rett; brått var alt det svarte og fæle tilbake, og eg bestemde meg for å kjempe på eigahand.
Det har alltid vore masse fantastiske mennesker i livet mitt som ville hjelpe, men eg ville ikkje vere ein byrde. Ville ikkje at nokon skulle bry seg, bruke krefter på meg eller at eg skulle slite dei ut med mitt negative syn på livet, sjølvhat og alt som følgde med.
Det som hjelpte meg, var å slutte å tenkje utover augenblinken. Eg lærte meg å leve NO, og ikkje tenkjer verken framover eller bakover. Litt typen “lev som om kvar dag er din (fyrste og) siste “. Og det funka!
Eg slutta å bry meg om kva nokon i verda måtte tenkje om meg. Eg byrja å leve som MEG, og syns folk eg er sær og rart, så er det deira problem. Eg lærte å elske meg sjølv.

Hjernen gjer opprør av og til, sånn er det vel for dei fleste av oss. Og nokre gongar er det forferdeleg tungt. Eg er verdas heldigaste menneske, med ein jobb eg elskar, fantastiske vener, nydeleg familie (inkludert dei med poter og vengjer!!) ein kjæraste som elskar meg så høgt at han hintar frampå at han vil gifte seg med meg, og eg manglar ingenting. Så eg blir så sint på meg sjølv når eg er så priviligert og likevel slit med angst og depresjonar! Kor mange gongar har eg ikkje sparka meg sjølv i leggen og skjelt meg sjølv ut med både indre og ytre stemmer for at eg er så lite takksam?
Fleire enn eg kan telje.
Eg kan ikkje noko for at kroppen min har bestemd seg for å bryte saman og gjere livet mitt surt for meg. Det får bli den sitt problem. Eg er fast bestemd på å ikkje gje opp, men kravle ut av det dumme hòlet eg har snubla nedi, før eg når botn. Eg veit kor kjipt det er der nede. Skite er det òg.
Så frå meg til meg sjølv: Ikkje gje opp. Du står snart rak i ryggen med begge beina på jorda igjen. 2018 var kanskje eit fysisk dritår, men du gror saman att, skal du sjå! Før du veit ordet av det, svingar du seidelen og feirar livet atter ein gong. For det er verd det. Kors på halsen.

Soundtrack: World of WarCraft – Boralus Theme

Au.

I går måtte eg kaste inn handkledet og sei at eg blei vekke frå jobb. Om det var omgongssykja eller berre noko heilt anna veit eg ikkje, men det var uggent i begge endar, for å sei det slik. I tillegg har eg strekt eller slite ein muskel over brystkassa, så alt av hosting og brekningar fekk meg til å jamre i smerte.
Fantastisk. Dette året kan snart ikkje bli betre.

Fyrst var det kneet. Eit halvt år utan å kunne gå noko vidare, og med håplaust søvnmønster fordi eg vakna kvar gong er rørte på meg i senga. Eg blei operert, og så var det opptrening og sting og fandens oldemor. Akkurat når eg tenkte at NO fungerar foten heilt fint, skjer det noko rart med skuldera mi, som gjer at eg ikkje klarar å løfte ting og det å snu seg i senga blei atter ei pine. Flott. Heldigvis går det over, tenkte eg, før eg tek eg eit svalestup ned ei trapp i mørkret, og skadar musklane i brystkassa. Ein muskel som tydelegvis går heilt bak i ryggen, for brått verk det kring halve overkroppen.
Men me er ikkje ferdige der! No sir!
Introduserar verkebyllen eg sleit med for 4-5 år sidan. Eit lite helvete på venstre side, som startar som noko som minnar om ei kvise, og veks seg til ein liten golfball med verk. Og det er VONDT. Berre noko kjem så vidt borti, skrik eg av smerte. Det er vondt å liggje, det er vondt å gå, det er vondt å røre armen.

For å toppe det heile; medan eg er dårlegare enn ein middelaldrande kar med man-flu i går, presterar pelsball Elessär å rulle utfor eit stup. Han blei slapp og pjusk, og byrja å kaste opp. Dyrlegen neste. Heldigvis hadde det gått bra; han var noko mørbanka, men ellers var han i fin form då kvelden kom. Heldigvis. Stakkars Dunedàin var stille fortvila, og sikker på at voffen måtte vandre til dei evige jaktmarker der ei stund!

I dag held eg senga. Berre avbrote av eit og anna måltid, litt WoW når formen tillèt det, og ein tur på vetlahuset no og då. Sånn til orientering.