Det var berre oss, kors på halsen!

Dersom me skremde vatnet av dei som tilfeldigvis var ute og traska langs gatene på Nesttun i dag, så kan eg berolege dykk med at det var ikkje russarane som invaderte oss med propellfly! Det var berre meg og Dùnedain minus eit eksosanlegg…

Soundtrack: Lordi – Celestial Serpents

I går kom endeleg underskjørtet til brudekjolen, som eg bestilte for ganske så lengje sidan. Den stakkars dama i brudebutikken orsaka at det hadde teke så lang tid, men det var litt leveringsutfordringar langs ruta i desse dagar.
Forståeleg nok; eg var berre glad til at det endeleg kom sjølv om eg føreløpig ikkje veit om det faktisk vil passe under kjolen.
Dùnedain er framleis noko * poff * etter koronarunden sin, så han søv i hytt og pine. Dermed gjekk klokka mot 16 før me omsider kunne rulle nedover mot Nesttun for å plukke opp stakken min.

Me kom berre til fyrste ferist før stakkars Till Lindmann på anlegget blei overdøvd av eit brak, etterfølgd av noko som skrapa heftig i asfalten og sikkert ga oss ein flammehale av dimensjonar.
-Kva er den lyden? utbraut eg.
-Eg veit ikkje, svara kadlen forvirra og hoppa ut av bilen (han hadde stogga den fyrst!) Ned på kne gjekk han, og mumla eit noko oppgitt “oj”.
-Kva er det?
-Eksosanlegget.
Dermed måtte mannen heilt ned på alle fire og under bilen. I pissregn og hestelort. Det kan gjerne rettast kritikk mot at eg, som det sterke og uavhengige kvinnfolket eg er, ikkje gjorde same manøver, men eg skal ærleg innrømme at eg veit like lite som kva som er under ein bil som du heilt sikkert veit om hjernekirurgi.
Så medan alle sluser sto vidopne over oss, låg han og kava i ein søledam medan han freista å få laus faenskapet, før han lempa det inn i bilen og starta motoren.
-Me får heller leve med lyden, sa han.
-Eg kan hente skjørtet mitt i morgon, protesterte eg. -Du skal sleppe å køyre Fana rundt med dette her!
-Nei nei. Eg må uansett på Biltema og kjøpe delar.
Og så rulla me avgarde, medan me pumpa opp anlegget med Rammstein i håp om å overdøve lyden på utsida.

Skjørtet blei henta, verda blei skremd og eit lite ærend som skulle innebære å hente eit skjørt og kjøpe ein sekk med kattesand enda med å inkludere ein god time på Biltema med Dùnedain springande som ein hovudlaus kylling mellom hyllene på jakt etter den rette mutteren til det perfekte røyret.
Det var min dag. Korleis har din vore?

The Covid Diaries – MAN DOWN!

Så var turen komen til Dùnedain, og ingen er så sjuk som den sjuke mann, så eg ventar i spenning på korleis dette skal utvikle seg!

Soundtrack: Seigmenn – Hva Vi Elsker

Heldigvis er eg byrja å krøkne såpass til at me kan byte om rollene. No kan han vere pasient, og eg kan vere sjukesyster.
Hjå meg er det berre litt småhosting og ein vond rygg ute og går. Mannen har derimot stigande feber as we speak.
Men i ekte sjuk mann-stil har han passa på å vekkje meg jamnleg gjennom natta for å fortelje meg at ja, han byrjar faktisk å få feber. Og no stig den. Og så frys han. No frys han faktisk litt meir, og så må han på do. Når han returnerte fraus han endå meir, og det var særs essensielt at eg kjende på armane hans fordi han hadde gåsehud.
I tillegg har natta vore i overkant varm, og eg kan fint sove gjennom varmen så lengje ikkje nokon har hudkontakt med meg og eg blir klam og guffen. Prøv å forklare det til ein stakkar som ligg og hutrar og frys ved sidan av deg!
Enden på vise var at klokka litt over 5 ga eg opp og starta dagen. Mannen har stor vifte som sirkulerar lufta, to dynar og ei bikkje som sit vakt ved senga i fall han skulle bli sjukare, atter ei bikkje som fungerar som varmeflaske, isvatn i flaske og nettbrett om han ikkje får sove.

Eg derimot, sit i stova og stirer på solljoset som kryp nedover bakkane mot huset og kvir meg til atter ein klam og varm dag. Eg kan takle det når eg er frisk, men det er eit PYTON vêr å vere uggen i!!