Jakta på den fordømte brudekjolen

Musikken byrjar å spele, og alle snur seg. All merksemd blir retta mot den bakre delen av lokalet, der dei store dørane går opp, og brudepikene og brudesvennane kjem inn på rekkje og rad. Dei har krans på hovudet og kvite kjolar. Fine dressar og kanskje ljos i hendene. Alt er tilrettelagd for den andre hovudpersonen for dagen, som stig inn i rommet, med blomar i håret og slep og slør. Og ikledd….ein potetsekk.

Soundtrack: Gregorian Choir – Nothing Else Matters

Dette er for augneblinken mitt vetle mareritt. Eg las på ei bryllaupsside nyleg: “Valet av brudekjole er kanskje det mest personlige valet av klesplagg du nokon gong kjem til å gjere.” og eg tenkte: -Kyss meg midt i kaviarkrysset!!
For det er jo ei sanning i det, men så var det ein million faktorar som gjer at eg får lyst å rive ut det lange håret som eg har spart ut i over eit år no. Nettopp fordi eg vil ha ei fin frisyre til den store dagen.
For eg veit AKKURAT korleis brudekjolen min skal sjå ut. Vel, nesten. Den skal ha lange ermar, som eg likar å referere til som trompetermar. Sølvbroderi, ljos i fargen (helst kvit), ganske enkel, men med korsett. Og eg vil ha kappe med hette i mesh, ikkje noko klassisk brudeslør. Og draumekjolen min ligg for all del til sals på nettet, men den ville ha kosta meg 21.000 kroner.


Eh, nei. Så mykje pengar GIDD eg ikkje kaste vekk på ein kjole eg skal bruke ein gong i livet. Då føler eg mykje heller for å spytte inn litt ekstra i god mat og drikke, ei skikkeleg bryllaupsreise og bra musikk til sjølve festen.
Så eg byrja å leite. Saumfòr finn.no, leita gjennom alt av bryllaupsbutikkar i Bergen (via nett; det er jo ikkje lov å gå ut i desse dagar….), sjekka opp med folk som syr….Men draumekjolen uteblir. Senke litt på krava? Okay, la oss prøve. Følgjande resultat sit eg då att med:
1) Det er masse fine kjolar, men dei snurpar seg saman kring føtene, og vil redusere meg til ei trippande høne med egg klar i bakvegen om eg skal vere iført dei.
2) Stroppelaus kjole? Jaudå, men eg manglar relevant fylde i det øvre partiet, og ville nok ha enda med heile brudestasen hengjande som eit slapt skjørt kring livet før eg kom til alters.
3) Eg har ei kroppsform som med tida vil få forskarar til å klø seg i hovudet den dagen dei opnar kista mi i arkeologiens namn; eg ser ut som ein opp-ned pyramide, med superflotte bein, og skuldrar/nakke som ein okse på steoridar.
4) Nei, korte ermar funkar ikkje. Ikkje korte skjørt heller. Nope!
….og finn eg noko eg tenkjer kan fungere, kan du ta deg faen på at dei ikkje finst i anna enn størrelse 36. Og la oss berre innsjå det; eg kan slanke meg til eg blir BLÅ i trynet, men størrelse 36 kjem eg aldri til å klare å skvise vomba inn i.

Hadde dette vore for cirka 20 år sidan, med andre ord nokre år før eg gifta meg førre gong, så hadde det vore heilt greit med ein svart brudekjole, og eg kunne sett den saman bit for bit med nydelege gothiske element. Den gong sa min komande ektemann at han berre hadde TO krav til bryllaupet: Me gifta oss i kyrkja, og at eg stilte i kvitt. Greit. Eg var jo nøygd med kjolen min den gong, men eg ser jo i ettertid at den var ein smule….bløtkake. Silkeroser og netting på armane; check. Laaaangt slep; check. Så då var i alle fall eg nøygd. Den gong.
Kjolen ligg framleis i ein kasse, lagra vekk, men den er uaktuell i denne omgong. I og med at bryllaupet blei ein katastrofe utan sidestykkje, så la oss sei at det er ein av grunnane til at det ikkje fristar.

Så kva gjer ein chubby liten wannabe-alv når ein kjem i ei sånn knipe som dette? Eg for min del kryssar fingrane for at verda gir gode ting til snille folk. Ellers så får eg berre hoppe i det, og stille i strisekk.

Angst!

Draumeangst…?

Soundtrack: Hotel California – Eagles

Eg har slite med angst store delar av livet. Eg byrja å slite psykisk i ganske ung alder, og hovudsakeleg var det depresjon som prega tenåra mine. Men i 20-åra kom angsten i tillegg. Det var matangst, angst for at eg var ubrukeleg på alle rare måtar, prestasjonsangst, sosial angst….Men eg har kjempa masse for å få kontroll på meg sjølv, og i dag er det høgst sjeldan det slår til. Bortsett frå arachnofobi og ein hinsides høgdeskrekk som gjer at det er kvalmande å sjå folk klatre i fjell eller hoppe i fallskjerm på TV. Eg brukar å sei eg blir svimmel av å stå på tå, og det er jaggu ikkje langt frå sanninga!

Men i natt hadde eg ei opplevjing utanom det vanlege; eg fekk angst i ein draum. Og det blei med inn i vaken tilstand.
Det er år og dag sidan eg måtte kapitulere og gå og leggje meg fordi eg ikkje fekk kontroll på hjernen min. Det ligg framleis baki der og murrar, men no må eg berre le litt av heile greia.

Det merkelegaste var at draumen ikkje var på nokon måte skummel eller i nærleiken av eit mareritt. Eg er stort sett fan av mareritt, eg! Monster og spøkelser og zombiar; eg blir som regel skuffa når eg vaknar fordi det var så spennande! Så ja; them horrorfilms have fucked me up.
Nei, i denne draumen veksla eg mellom å vere på ein familieferie i noko yngre dagar, og vere på ein eller annan slags “leir” med alle slags folk eg kjenner. Folk eg har studert med, barndomsvener, slekt og familie…Ei herleg røre. Og eg hadde med kattane mine. Innimellom utspelte draumen seg i ei hytte, og innimellom eit fancy hotell. Eg delte rom med bror min, som i draumen var ein tween i eine augneblinken, og ein tenåring i neste. Nokre gongar var rommet vårt i ein mørk, fuktig kjellar (men for all del; det var fine og skikkelege rom!) og så kunne det brått vere på loftet. Innimellom var det eit flott hotell, men så var me tilbake til noko som minna meir om ei fint oppussa brakke. Ei lita stund inni der var me i huset der besteforeldra mine frå Arna budde. Og den delen av draumen eg hugsar best var då me skulle reise heim. Ute var det full snøstorm, og eg sprang rundt som ei hovudlaus høne for å få pakka alle tinga mine. Finne kattane mine. Rekke å kome meg på stranda før me skulle reise. (ja, for det var jo logisk oppi snøstormen….?) Eg måtte klatre i stigar, famle meg fram i mørke kjellarar, finne ting på dei merkelegaste plassar (kleda mine var brått ute på ein altan, på eit tidspunkt), berre for å oppdage at eg hadde tatt med meg dei merkelegaste ting på denne ferien, som skulle få plass i kofferten. Ei lampe, puslespel, bittesmå leikefigurar og plastdinosaurar….Det dukka stadig opp nye ting som eg måtte hugse å ta med. Og sjølv om eg visste at eg hadde fått plass i kofferten min då eg reiste til denne staden, og eg hadde ikkje kjøpt noko under opphaldet, så var det ikkje nubbesjans for å få kofferten igjen.
Så kjem det brått ein fyr; ein fyr kledd som ein soldat når han kom, og som ein rockeband-musikar i neste augneblink, som skulle ha rommet eg budde på. Dermed hasta det ekstra masse å få alt ut. Og så skulle me brått pakke med oss ein DIGER skrivepult som såg ut som ei blanding av eit antikk victoriansk møbel og noko kjøpt på IKEA.
Og så kjem det mest facinerande: ALT føregjekk med trekkspelmusikk i bakgrunnen….!! Ein marsj eller noko; eg blei i alle fall maksimalt stressa. Eg sprang og klatra og leita og kava.

Så bråvakna eg. Eg såg på klokka, og konkluderte i ei slags halvsvime at eg måtte stå opp og jobbe. Eg klatra over Dùnedain, som framleis var djupt i draumeland, og kræsja fyrst i klesskapet, så i baderomsdøra, før eg fekk vimsa meg inn i stova. Hovudet mitt snurra som ein karusell, og eg var framleis så stressa at eg skolv. Eg lufta bikkjene, og sette meg for å jobbe. Men den forbaska trekkspelmusikken dura framleis inni skallen min, og eg sleit med å halde kontroll på pusten. Hjernen min var så på hurratur, og eg greidde overhovud ikkje å samle tankane på ein flekk!
Så eg kapitulerte og kraup opp i senga igjen.

Etter å ha sove eit par timar, blei det betre. Takk og pris.
Men det rare er at eg har ikkje stressa på lengje. Eg har ingenting som ligg og tyngjer meg som eg MÅ får gjort innan nokre tidsfristar. Så kva som utløyste galskapen må gudane vite.

 

Oktober er AVLYST!!

Ja, tenk det. Eg har bestemd meg for å avlyse heile oktober. Månaden med Halloween og skrekk og gru og grøssarfilmar og det som høyrer med. Koronaen skulle jo ha lagd seg etterkvart, skulle den ikkje? Ingen vits i å køyre favorittmånaden min når ein ikkje ein gong får lov å feire den gøyaste dagen i året!!

Soundtrack: Kristin Solli – Hvem I Flammer

Då eg var lita var det fysjom-fy å feire slik ei kommers tulle-amerikansk høgtid. Men akk, eg lengta sånn etter moglegheita til å kle meg ut som eit lite monster, ein creepy zombie eller ein mystisk vampyr. Trick or treat. Skjære ut graskar. Sjå skrekkfilmar sjølv om eg eigentleg ikkje hadde lov.
“I Noreg har me jolebukk!” var argumentet. Men det er overhovud ikkje like gøy å vere utkledd som ein sliten fjøsnisse som å vere ei fandenivoldsk heks med vorter på nasa!!
Her har me omfamna både morsdag og farsdag, McDonalds og at jolenissen bur på Sydpolen. Då gjer det vel overhovud ingenting å dyrke ein aldri så liten hedensk tradisjon som ikkje ein gong har amerikansk opprinning? (alle veit vel at det er ein keltisk tradisjon, som har opphav hjå våre vener på dei britiske øyene?)

Etterkvart som eg blei eldre, var det festane som freista mest. No matter; feste kunne me gjere heile året, men eg for min del ville kle meg ut. Og då kom argumentet: “Det er berre noko som butikkane har funne opp for å tene pengar!”
Men eg lagar kostymane mine sjølv, eg! Det einaste eg legg ut for som standard, er linsene. Eg ELSKAR alle dei supercreepy linsene ein kan få tak i, og Halloween er på sett og vis det einaste tidspunktet der det er nokon lunde innanfor å gå med slikt. Sjølvsagt kunne eg brukt dei året rundt, men kvite zombieauge krev på ein måte litt ekstra, og ulikt Goth-Lokkri, er det svært sjeldan eg gidd å bruke tid på liksminke og fancy kjolar.
Men på Halloween står eg gjerne på badet i tre timar for å lage perfekte ormehòl på haka og skyggeleggje nasa og augehòla på heilt rett måte.
Eg har vore killer-clown, zombie, psyko-pasient og voodoo-prestinne siste åra, sånn for å nemne noko. Hovudsakeleg med å bruke ting eg likevel har i skap og skuffer. Men eg kjøper gjerne nokre små ekstra-ting, berre for å gjere kostymet ekstra kult, sjølv om det ikkje hadde vore like naudsynt til ei kvar tid. Og skal ein kjøpe, finn ein dei beste kostymane på bruktbutikkar og Fretex.

I år skulle eg ha svarte, heildekkande sclera-linser, og køyre anten possessed evil girl eller gå full demon. Eg har òg leika med tanken på å vere gravid zombie med oppriven mage, men det krev så mykje førearbeid at eg har tenkt å avvente den aldri så litegrann.

Så ja; eg elskar Halloween. Sjølv om det har vore år eg av ulike grunnar har vore nøydd å stå over, så er det noko med den stemninga. Mørke kveldar der regnet piskar mot vindauga; det knitrar i peisen, og ein kan med godt samvit krølle seg saman i sofaen med ein varm kopp te og eit mjukt teppe, medan ein køyrer horror-maraton på skjermen. Men nokon fest blir det neppe, sidan verda er midt inne i ei slow going apokalypse. Fullstendig blotta for zombie-angrep og tøffe fall out-outfits, der folk kjempar med maskingevær for å sikre seg den siste boksen med hermetisk lapskaus på Rema 1000. I staden fyller me havet med medisinske eingongsmasker, slåss om dopapir og ni-les avisene i håp om nyhende om at presidenten i Amerika stryk med. Litt av ein gjeng.

Eg føreslår dermed at me avlyser heile oktober, og hoppar rett til november, sånn at eg kan fokusere på ein annan kjær, amerikansk skikk: Hausttakk.