Jammen nærmar det seg jol igjen. Og dei fyrste førespurnadane om kva eg ynskjer meg i år har byrja å tikke inn. Så kva tid er vel betre til å skrive ynskjeliste enn akkurat no?
Soundtrack: Battle Beast – Straight to the Heart
I år treng eg gåvekort. Eg har det meste eg treng til å fylle fem hus, tre fjøs, ein garasje og ein mindre ute-do, men samstundes er det litt som manglar. Til dømes ei seng, lamper i ulike variantar (hovudsakeleg av typen som heng i taket … ), greier for å setje opp det nye walk-in closet’et mitt og stæsj eg treng for å organisere skuffer og skap.
Men det er veldig vanskeleg å -ynskjer- seg, i og med at eg ikkje er komen så langt at eg har måla på dei ulike hyllene dei skal passe inn i. Sånn til dømes.
Så eg ynskjer meg gåvekort hjå:
IKEA
Bohus
Lampegiganten
Og Lampegiganten har jo då nokre lamper som eg strengt tatt ikkje -treng-, men eg meinar OH MY GOD!!
Sjåååå på denne lampa her:
Det er ei FLODSVIN-LAMPE!! Sjølvsagt ynskjer eg meg ei!!
Og så snubla eg over desse skjærebretta her, som heilt tydeleg er KI, men om det finst noko tilsvarande eller liknande ein plass der ute, så kan du ta deg ein god f**n på at eg treng noko slikt!
I tillegg er det kome så utruleg mykje gøy på sminkefronten.
Eg er ein smule hekta på chromatic sminke for tida. Alle former for chromatic sminke. Frå dei dyre og fancy greiene som Mei Pang X Blend Bunny kan by på, til det ganske rimelege alternativet frå Wet’n’Wild som heiter Chameleon (og som blant anna blir seld hjå Ellos!)
Lepper, eyeliner, lipliner, augeskugge … YES PLEASE! ^^
Eg er òg på jakt etter ein litt creamy sølvfrosted leppestift, kvit eyeliner og kvit mascara, dersom nokon snublar over noko sånt!
Det er òg ein del “små-ting” eg har som standard på ynskjelista mi. Slike ting som ein aldri får nok av!
– Freia Boble
– Leppemasker (linken er berre for å vise kva slags type leppemasker eg elskar; det treng ikkje å vere nøyaktig denne sorten!)
– Thr3 Monkeys kvitvin eller bobler med bringebær og fersken <3
– Sukkerfri RedBull (vanleg, cherry sakura eller peach!)
– Marsipan
– Søte/nostalgiske joleklistermerker
– Gode tusj – eller gelpennar
– Rituals-ting (helst ikkje bodylotion, for eg har sjuuuukt masse som eg må bruke opp!! Favoritten er framleis Sakura!)
… og så treng eg ein ny mesh-topp. Eller fleire. Dei tek til å gå litt opp i saumane dei eg har. Noko i denne stilen som du finn hjå Zalando, til dømes.
Ashley Voortman er ute med endå ei ny bok som eg ynskjer meg!
Dei har faktisk Haunted Miniatyres hjå Nordli og Ark! Og Creepy Crafts finn du òg hjå både Nordli og Ark!!
Så var det alle dei rare små tinga eg samlar på då.
Som eg understrekar kvart år: Eg treng ikkje flunkande nytt og mint condition på dei. Det kan gjerne vere brukt så lengje det er rett duppedings! Det gjeld det meste på lista mi, bortsett frå sminke og snop. Brukt snop kan vere litt kjipt å få!
Finn.no er ein fin-fin plass å finne samleobjekt, og der er det gjerne billegare enn om ein skal kjøpe/bestille det frå bui! Det treng heller ikkje vere i orginal-embalasjen, berre så det er sagt!
I år har eg endeleg landa på kva slags P!nk-figur eg ynskjer meg! (seriøst; eg funderar lengje og vel på kva for ein Funko-POP som passar best inn i samlinga mi …)
Så på ynskjelista mi for 2026 har eg:
P!nk – POP!Rocks #459
Anduin – POP!Games #1099
Freddy Kreuger – POP!Movies #2
Aragorn – POP!Movies #531
Clawdeen Wolf manglar framleis i Monster High-samlinga mi. Dei gongane eg har funne ho i modellnr. N5947 (som er den eg er på jakt etter) så er det i ein større lot med andre dokker som eg allereie har. Så jakta held fram!
Men dei har fått eit nydeleg eksemplar hjå Lekekassen som absolutt er eit fullgodt alternativ!
Og dei har Wednesday. Den typen du prøvde deg på i vår, Dúnedain! * hint, hint * Og dei har den hjå Boozt. Du fekk med deg det? Sant, Dúnedain??
DVD’ar/BluRay:
– Gonjiam: Haunted Asylum (2018)
– Hell House LLC (2015)
– Evil Dead Burn (2026)
CD’ar/Vinyl:
– Nick Cave & the Bad Seeds: Ghosteen
– Rammstein: Live in Mexico City
– Tori Amos: In Times of Dragons









































































