Amerikansk skrekk (1976)
Med Sissy Spacek, Piper Laurie & Amy Irving
Regi: Brian De Palma
Lengde: 1 time 38 minutt
Carrie var den fyrste romanen som Stephen King publiserte, og den fyrste i ei rekkje av filmatiseringar av verka hans. Held den tidas tann? Nuvel.
Fyrste gong eg såg Carrie var eg litt for ung. Det var veldig skummelt, og slutten hadde i si tid eit rykte på seg å vere den skumlaste som filmverda har greidd å produsere. I tillegg har eg lest boka. Mange gongar. Og no som det har gått ganske lang tid sidan sist eg las den, blir filmen litt daff.
Eg hugsar ikkje alt eg hadde friskt i minnet den gong, som ga karakterane mykje meir tyngde for min eigen del. Det øydelegg litt.
Filmen ber så absolutt preg av å vere laga på 70-talet, utan at det skal haldast imot dei som sto for prosjektet. Det var slik dei laga film den gong. Sett med mine meir moderne auge, blir mange av scenene hinsides langdryge, og dei halar ut delar av filmen til det keisamelege. Pyttsann. Me kallar det berre for “å byggje stemning” og lever vidare med det.

Me møter Carrie White, som er ei stille og nervøs ung jente som får mensen for fyrste gong i gymgarderoben. Dei andre jentene ler av ho og kastar bind og tampongar på den livredde jenta som aldri har blitt fortalt at det er normalt for kvinner å blø litt sånn ein gong i blant.
Det er umogleg å ikkje få sympati for ho, for Carrie er så uskuldig som ein kan bli. Og ho har ei mor som er så fanatisk kristen at du får lyst å gje ho både ein og to knytnevar i naserota.
Berre to (og etterkvart tre) personar har noko form for medkjensle med ho: Gymlæraren Miss Collis (Rita Desjardin), klassekameraten Sue (Amy Irving) og seinare Sue sin kjæraste Tommy (William Katt).
Sue overtalar Tommy til å invitere Carrie med på ballet, men plageandene til Carrie (og ein av dei er faktisk John Travolta, før han slo gjennom stort med Grease og Saturday Night Fever!) har ingen planar om å la ho få så mykje som ein einaste fin kveld i livet, og bestemmer seg for å spolere opplevjinga for den stakkars jenta. Det dei derimot ikkje veit er at Carrie er telekinetisk, det vil sei i stand til å flytte ting med tankane.
Let the madness begin …
Det er ikkje ei einaste handling Carrie gjer gjennom heile filmen som er vanskeleg å forsvare. Ho er ikkje eit monster, men ei jente som omsider er komen dit at dråpen traff begeret og rann over. Og det renn så til dei grader over. Likevel heiar i alle fall underteikna på ho heile vegen. Eg vil så gjerne at den eigentleg så skjønne jenta skal få ein happy ending! Og stadig sit eg og tenkjer at ho kunne teke det endå litt lengjer. For det ville jaffal EG gjort!
Men det blir ikkje skrekk. Knapt nok “revenge horror”. I alle fall ikkje for ei herda sjel på denne sida av 2000-talet. Hadde eg sett på denne som ein thriller, så hadde den kanskje fått eit terningkast høgare. Og det sit djupt inne å lande der eg til sist enda opp, for eg elska verkeleg denne filmen då eg var yngre.
Det har kome to re-makes og ein The Rage: Carrie 2 (som eg òg elskar! Sue me! … pun intended!) og sjølv om den orginale Carrie alltid vil ha ein spesiell plass i hjarta mitt, så må eg innrømme at eg føretrekk den siste re-maken frå 2013. Av heilt personlege orsaker.


