Filmanmelding: It comes at Night

It Comes at Night

Amerikansk thriller – 2017
Med Joel Edgerton, Christopher Abbott & Kevin Harrison Jr.
Regi: Trey Edward Shults
Lengde: 1 time 31 minutt

Korleis overlever ein apokalyptiske tilstandar? Ikkje ved å isolere seg fullstendig i ein villa uti skogen i alle fall!

Då eg høyrde om filmen fyrste gongen, tenkte eg at det var ein skrekkfilm, og det virka særs lovande. Ein familie isolert i skogen, der dei lever etter strenge reglar for å overleve. Ei raud dør som ingen får opne, medan ein skummel sjukdom rasar i verda, og så kjem det nokon og bankar på. Brrrr!

Og det startar så bra; stemninga er dyster og trykkjande frå fyrste stund. Det einaste eg sit og irriterar meg over, er at eg aldri føler eg får ein skikkeleg oversikt over korleis dette enorme huset er delt inn! Det er eit rom som er dekka av plastikk, to soverom, ein korridor, eit kott og eit slags kjøken. Så blir det fire soverom. Og brått har me eit ekstra rom som visstnok tilhøyrde ein fyr som heitte Bud. Men kven svarten er Bud?! Litt lengjer inn i filmen, får eg mistanke om at det kan vere bestefaren. Som forøvrig døyr heilt i starten. Greit. Eg kan leve med det. (og for sikkerheits skuld googla eg det, og det viste seg at bestefaren faktisk heitte Bud. Mystery solved.) Me er tilbake til fire soverom. Og eg tenkjer med meg sjølv at det er kanskje ikkje ein dum idè å vise så lite av huset som mogleg, og ha det så mørkt som råd i alle rom, for ein kan tross alt spare ganske masse på scenografien på denne måten!

Men me er ikkje heilt ute av skogen endå. Faktisk, me er ikkje ute av skogen i så mykje som eit minutt i denne historia! Situasjonen blir stadig meir og meir anspend mellom dei seks + ein hund som gøymer seg bak gjenspikra dørar og vindauger. Etterkvart som historia utspinn seg, dukkar det stadig opp nye spørsmål som eg sit på nåler etter å få svar på.
-Pyttsann, tenkjer eg. -Det kjem vel ein genial tvist på slutten, og eg får svar på ALT eg lurer på!
Så eg ventar. Og gler meg. Og trådane blir stadig fleire, og eg gler meg som ein unge på jolekvelden til eg skal få nøste opp alt saman og kan krype til sengs med eit tilfreds smil.
Kvifor lyg Will?
Kven er dei to mennene i skogen?
Kva var det som smitta Stanley?
Kva er det slags sjukdom som har råka menneskeheita?
Kven opna den raude døra?
Men, nei. Det kjem aldri. Brått går skjermen i svart, og rulleteksten snurrar i gong. Tilbake sit eg og måpar. For sjølv om filmen var nydeleg på så utruleg mange måtar, så heng det fleire lause trådar i lufta enn på ein gjennomsnitteleg trådsnellefabrikk!
Og det største spørsmålet av alt: Kva i helsike var det som skulle kome om natta?!

Filmanmelding: Day of the Dead – Bloodline

Day of the Dead – Bloodline

 

Amerikansk (cringe-)skrekk (2018)
Med Sophie Skelton, Johnaton Schaech & Jeff Gum
Regi: Hèctor Hernàndez Vicens
Lengde: 1 time 30 minutt

Oh boy. Kvar SKAL eg starte?!

“A bold new reimagining of the George A. Romero classic” står det på coveret. Og det er ei underdriving. I kjølvatnet av dette, vrir nok stakkars Romero seg i smerte. 
For kva i alle dagar ER dette!? Ein kvar zombie-addict veit at kongen på trona over sjangeren er Romero. Bold? Jau, i utgongspunktet er det eit ganske stort oppdrag å ta på seg, og eg vrei meg i smerte då dei laga re-make av Dawn of the Dead. Men dette? Dette vrir kniven i såret, strør salt i det, og fyller det med mjølk og honning midt i ein flugesverm i god, gamaldags middelaldersk stil. 

Skodespelarane er håplause. Story’n er langtekkeleg og keisam. Og zombiane spring. Allereie der veit eg at eg burde ha slått av filmen og gjort noko fornuftig i staden. Kall meg gamaldags, men levande daude smakar best når dei haltar seg bortover med det meste av det som skal vere på innsida godt synleg på utsida. 
Det som i si tid dreiv orginalen, var det faktum av dei verkelege monstera var menneska. Det er eit og anna monster her òg, men dei når ikkje sadistiske Rhodes opp til skotuppen. 

Men la oss ta for oss kva historia handlar om: Legestudenten Zoe overlever zombie-apokolypsen, og havnar i ein bunkers saman med ein gjeng sivile og militære. Det er ein dumming der som heiter Miguel, og ho har ein militær-kjæraste med meksikanske aner som heiter Baca. Så langt er det visse paralleler til orginalen. Men så dukkar Max opp, som ein gong i tida (eller tidlegare i filmen, om du vil) freista å valdta Zoe. Introduserar dumming nr. 2. Han er halvt zombie og halvt menneske, og 100% like fiksert på Zoe. I tillegg er han sminka som Jokeren i Batman. Og så ballar det på seg med problemar, blanda med jakta på ei vaksine. 


 

 

 

 

 

 

 

 

Det aller verste er kanskje at INGEN av karakterane i filmen har så mykje som SETT ein zombie-flick i sitt liv! Dei gjer ALLE feila ein kan gjere i skrekkfilmar; spring i feil rettning, skrik og skyt med automatvåpen i hytt og pine, får biltrøbbel midt i skogen….Det er ikkje måte på. 
Og kvar er Bub? Kvifor i alle dagar bytte dei ut vår alles favoritt-zombie med usympatiske  Max? Det er så ein får lyst å skyte seg sjølv, for så å gjennoppstå og la nokon gjere det for deg på ny. Dette gjer berre vondt. Og klisjèane slår deg i trynet i eit slikt tempo at du knapt rekk å trekkje pusten mellom dei. 

Nei, kjære regisør Vicens. Søtaste Hèctor. Finn deg ein annan sjanger å leike med. For det er overhovud ikkje her talentet ditt ligg. 

Kva skjedde??

Og brått var me kome til 2. februar, og eg har berre posta TO blogginnlegg. Kva skjedde?!

 

Nyttårsforsettet, for så vidt det einaste eg hadde, gjekk ganske greit rett vest. Eg skulle skrive eit blogginnlegg i veka, minst. Men det uteblei. Eg har skrive nokre filmanmeldingar, men dei kom aldri ut på bloggen. Kvifor? Det må dei greske gudane vite. Det er jo ikkje akkurat som om eg har gjort så mykje fornuftig siste tida! 
Men det er noko med kor lite produktiv ein klarar å bli når ein er sjukemeld. For det var dèt som skjedde. Den siste månaden har eg stort sett site/lagt på sofaen med eit kne som ikkje ville samarbeide. I desember presterte eg å skade menisken, og det har vore vondt å gå, vondt å sitje, vondt å liggje….La oss berre konkludere med at eg har vore høgst ubrukeleg. 
I dag er den fyrste dagen eg ikkje har vakna kvar gong eg har rørd meg i senga, og eg klarar å gå heilt fint utan at foten nærmast sviktar under meg. Det er ekle poppelydar i kneet når eg rettar det ut, men samanlikna med dei endå eklare smella og knekkelydane som regjerte for knapt ei veke sidan, seier eg meg nøygd med det. Haukeland neste for sjekk, men det kan virke som om det har reparert seg sjølv greit sånn ellers. 

Så då har eg sett film, høyrd på skumle skrekk-historiar på YouTube, sove i overkant masse, og når kroppen har vore samarbeidsvilleg, har eg freista å rydde hus. Eg er så lei av å vere halt at eg snart SPYR! Men no augnar eg håp. 
Forhåpentlegvis kjem eg sterkare tilbake. Eg har byrja å leggje litt planar for ting eg vil gjere, som å øve inn repetoar med Dùnedain (my new man; more about him later), sosialisere meg (tek gjerne imot forespørjingar!!), skrive, kome i gong med filmprosjekt igjen, kome tilbake i jobb utan at den stakkars sjefen min må tilretteleggje kvar einaste vakt for meg (kudos til deg, R!!) og få gjort ein storinnsats på loftet som aldri blir ferdig rydda. 
Så det er håp. Og kanskje eg til og med får noko interessant å skrive om igjen?