Hei igjen, nissefar!

Så var det snart jol igjen, og i år har eg inkludert min betre halvdel i ynskjelista! For, ja. Han er ikkje vidare enkel å lure gåveidèar ut av. Men i år har eg køyrd han gjennom eit SKIKKELEG hardt forhøyr i forkant!!

Soundtrack: Inferno Veil – Shaman

I år er det PENGAR som står øverst på lista, både for meg og Dùnedain. Me planlegg bryllaup for harde livet, og økonomiske bidrag blir varmt motteke.
Men litt anna står jo på lista òg, sjølvsagt. Så la meg presentere Årets Ynskjeliste:

Eg ynskjer meg framleis dørmatte, eg! Ponny eller Deadpool. Eller begge delar! Eg har tross alt to ytterdører, så eg kan godt utplassere ei på kvar plass!

No har eg brukt mesteparten av året på å fordjupe meg i tida kring Svartedauden, og av den grunn har eg kome over to bøker som eg har utruleg lyst på!

Den eine er Theodor Kittelsen sin Svartedauen (bombe?) og den andre er teikneserieromanen Solruns Saga av Eirik Ihldal og Bjørn Ousland. Sistnemnde las eg då eg eigentleg var altfor lita, og har hatt lyst å lese serien igjen i håp om at eg denne gongen kanskje forstår kva eg les! Dei hadde begge to hjå Ark
Og så har dei masse-masse gøy hjå Superkul som eg svært gjerne skulle hatt kloa i!! Har eg nemnd at eg elskar dragar….? FORATTESJÅÅÅ så masse nydelege dragar dei har der!!

Okay, ignorer at det er litt pussig bilete; eg testa eit nytt program.

Den drageblomepotta i nede til venstre står HØGT på lista! Eg TRENG ein sånn i livet mitt!!
Og når me snakkar om blomepotter, så er eg på jakt etter ei høg blomepotte. Gjerne med litt antikk/viktoriansk look. Har nokre hengeblomar som skulle budd i høge potter, sidan eg ikkje kan hengje dei på veggen her hjå meg (det blir for fristande for små kattepoter….)

Og så har eg i år, som alltid, lyst på FunkoPOP!-figurar! Eit lite døme på karakterane eg siklar mest på følgjer:

 

Og så er det jo sjølvsagt høgt på lista med gåvekort på tattoo & piercing!!

Eg er nesten tom for duftoljer (har berre blomelukt igjen!) så sånne små flasker med duftolje med lukt til dømes av musk, ocean, karibisk sjøbris, seabreeze, frukt…Ting i den rettninga. Og sånne duftpinne-greier som eg alltid ynskjer meg:

Og favorittparfymane mine:

Men eg har byrja å gje opp at eg kjem til å finne slike igjen. Dei er jo UTRYDDA?!

Gøye andletsmasker er heller ikkje å forakte i desse korona-tider:

Desse er henta frå DMP, men det finst mykje gøy for sånne sære og makabre individ som meg der ute! Som denne?

Skal verda gå under, så la oss gjere det med stil!! xD

Kva anna?

  • Søte kvitvinar
  • Sjokolade og marsipan
  • Joletrepynt type retro/gamaldags, gjerne i sølvfargar!
  • Gode sminkebørstar i alle størrelsar!
  • World of WarCraft: Shadowlands (expansionen altso!)

 

 

Og så er det sjølvsagt brettspel:

Mystery House, Last Night on Earth, Pandemic og Betrayal at Hill on the Hill er blant favorittane!!

…og der innser eg at eg har brukt SINNSJUKT med plass til mi eiga ynskjeliste, og derfor finn du ynskjelista til Dùnedain her!

 

Ja, forresten jolenissen….

Mitt innlegg blei så langt at kadlen måtte få sitt eige innlegg med ynskjeliste! Så her er den! 

Soundtrack: Møkkapikk – Bjørn Hellfuck

Dùnedain seier han ynskjer seg pengar. Men det kan vere kjekt med noko anna enn konvoluttar under treet?
Eventuelt så kan han få gåvekort på klesbutikk (New Yorker som ligg på Sotra er favoritten!) eller på ein skobutikk! Det måtte han krype til korset og innsjå at han faktisk treng.

Mannen treng òg påfyll av parfyme. Favorittane hans er CK One og Armani Code, men alt som er liknande i duft blir han glad for!

Han treng òg ein aftershave utan alkohol som luktar godt!

Snop er alltid ein hit her i heimen, spesielt er han veldig glad i Cheese Doodles (men det MÅ vere originalen!!), og sjølvsagt sjokolade og marsipan!
Han har òg ytra ynskje om AA-batteri til hovudlykta si, for det er forbruksvare så det held her i garden!

Så var det munnbind. I likheit med meg syns han heilt kvite, svarte eller papirmunnbind er ganske så keisame, så han vil gjerne sprite opp kvardagen med noko i rettning dette:

Av litt dyrare ting, så ynskjer han seg nokre greier til bryllaupet, i og med at han vil ha ein vikinginspirert look på brudgomskleda sine.
Han ynskjer seg ein sølvfarga skjegg-ring, noko liknande det på bilete her.

Og til sisten ynskjer karen seg eit vikingsverd! Eit lite utval henta frå Sverd – SVERD OG RUSTNINGER som hadde ganske greie prisar:

Eg forstod det slik at det var det øverste sverdet på bilete, som heitte Viking Sword Erik The Red, 92cm Marto 543 som var favoritten! (det er nummer 15 nedover på lista)

Det var dessverre det eg greidde å tyne ut av han til ynskjelista hans! Så la oss håpe mannen blir nøygd! (det blir han. Han blir heilt månebedåtten berre han får presangar, han! xD )

 

Trumpetia – Ei episk reise i tid og tanke

Året er 2066. Etter å ha opna for både kloning og ulike eksperimentelle livsforlengjande inngrep, sit Donald Trump framleis i det Kvite Hus i sitt 120 leveår. Etter å ha freista å drive han ut med alt frå atomtruslar til brenning av salvie, er det konkludert med at han må berre få bli der. Verda har gitt opp. Og gått under. 

Soundtrack: Die Antwoord – Open the Door

Ingen har heller fått tilgong til det Kvite Hus etter at Trump trumpa (pun intended) gjennom ei omfattande lovgjevnad om fri kloning for alle frie landsmenn i 2045, der alle bensinstasjonar og daglegvareforretningar blei pålagde å selgje CloneYourself-DIY-kits. Landet er no styrt av Donald-kloner og importerte oompa-loompaer frå den djupaste, mørkaste jungelen i Afrika.
Han har innført påbod om at alle innbyggjarane i dei no koloniserte landa i verda skal vere spray-måla oransje og bære eit marsvin på hovudet; ei trend som no er blitt nasjonal-look’en til USA.

I 2026 fekk han endra grunnlova til å inkludere at ein kvar amerikansk borgar skal ha minimum tre skytevåpen i huset, og at skytetrening skal starte allereie i barnehagealder. Der blir homofile og ulovlege innvandrarar brukt som levande blink.

Trump gjekk hardt inn for å kolonisere store delar av verda i kjølvatnet av valet i 2020, og pr. dags dato er Danmark, Oman, Nederland, Angola, Libya og Djibouti underlagd amerikansk styre. Av praktiske orsaker.
Han har òg gjort dodo-fuglen til USA sin nasjonalfugl, og løvetannen er no nasjonalblomen. Nasjonalsongen er endra til Kanye West sin Ni**as in Paris, og har lagd ned forbod mot influensa, bruk av joggesko i offentleg rom og det å vere fattig. Brot på desse lovene, blir straffa med døden.

La oss berre håpe Joe Biden vinn dette valet.