Blod på tann?

Medan eg sat og tasta i veg på ynskjelista mi går, så merka eg at det klødde litt i den blogge…foten? Fingeren? 
Eg saknar bloggen min. Så no startar eg på nytt. Igjen.

Soundtrack: Celtic Woman – Teir Abhaile Riu

Heldigvis er ikkje ein av dei som har ein fanskare å forhalde meg til. Så vidt meg bekjend er det berre eg sjølv som av og til ser tilbake på skribleria mine, og kring jol sjekkar ein og annan ut ynskjelista mi.
Men det er mest for min eigen del eg har ein blogg. Akkurat som at eg ein gong i tida førde dagbøker, berre for meg sjølv. No var dagbøkene mine vel og merke eit djupdykk i menneskesinnets mørkaste sider til tider, og det har eg ingen behov for å lufte offentleg på nett. Takk og pris. Eg likar berre å skrive, og for så vidt så har eg fint lite mørke ting å skrive om, i alle fall på den mentale fronten. Litt verre er det kanskje med den brennande interessen eg sit med for det makabre og mørke sånn ellers, men det får verda berre leve med.

Ein av grunnane, trur eg, til at eg ikkje har vore så engasjert bloggmessig er det nitriste designet eg har på sida mi. Ja, det er til å grine av. Eg veit.
Så i ekte korona-and tenkte eg kanskje at det var på høg tid med ei oppussing. Det blir planen for romjola, for tida framover er jaggu tettpakka nok med ting eg skal nå over. Eg har sett meg ei deadline på 1. desember for skriveprosjektet mitt, eg og Dùnedain er byrja på bryllaupsinvitasjonane våre, jolepresangar skal kjøpast inn, og eg og fine mannen min driv å lagar adventskalendar til kvarandre. Og i kveld/ettermiddag (alt etter kor mykje eg klarar å skrive i løpet av dagen) skal me ta bilete til jolekorta sånn at eg kan få dei framkalla.
Så, ja. Det er er heftig mykje på tapeten for tida. Men veit du kva? Eg elskar det. Eg saknar det skikkeleg hektiske livet som gjerne slår ut i full blome når eg til dømes jobbar på eit filmprosjekt. Ting skjer. Hjernen jobbar. Du skal ha kontroll på ti tusen ting og alt går i eitt. Og det er den diggaste kjensla eg veit.

Konklusjonen min er med andre ord: I romjola, om ikkje heile slekta på begge sider skal slåss om kvalitetstid med oss, så skal eg lage ny header, og starte bloggen min på ny frisk. Som om den er splitter ny.
Og eg gler meg. Samstundes som eg har eit håp om at 2022 ENDELEG skal bli året der eg klarar å bli ein aktiv bloggar igjen!!

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg