Ei veke igjen til jol!!

Soundtrack: Alf Prøysen – Julekveldsvise

Atter ein gong sat eg her, og kik på kalendaren, medan eg lurer fælt på kvar dei 17 dagane i starten av desember blei av. Det skjer kvart år. Kvifor er ikkje stova pynta med glitter og stas, englar og fjøsnissar?! Kvifor er ikkje peparkakene på plass i fine kakeboksar ute i trappegongen? Kvifor ligg det framleis ein bunke jolekort som ikkje har havna i postkassa til utstilling på TV-benken? Og kva skjedde med å vere tidleg ute med jolegåvene? Eg er framleis berre HALVVEGS!! (greit, den skuldar eg på at eg framleis ventar på resten av løna mi, og at eg har jobba non stop sidan fyrste delen av den tikka inn på konto’n)

Og som kvart einaste bidige år, sit eg her og tenkjer: -Greit. I år gjekk det ikkje. Men til NESTE år….!!
Eg har mine tvil, for å sei det slik. Eg sit nok med tomme kakeboksar, ein haug ukjøpte jolegåver og ikkje-innpakka jolepresangar på same tida i 2019 òg, skal du sjå. 

Men eg har i det minste vore på jolemarknaden inne i by’n, som til orientering var MAGISK, og eg stikk innom der igjen i morgon med Ida-mi, som er heime på ein kjapp mini-ferie. Fyrst nokre timar på kontoret, og så tilbake til kandiserte epler, magiske karusellar og nybakte smultringar med sjokolade! <3 *poff* og Lokkri er 5 år igjen. 
Eg og Kæsskiss var der og sjekka utvalet førre veke, og det er lengje sidan jolestemninga har site sååå laust hjå meg! ^^ Sjølv om både eg og Kæss var særs einige om at jolerap ikkje er eit greie me heng oss på. Eg fekk knipsa nokre stemningsbilete då, men det var dette med meg og mobiltelefon-kamera. Makan til makkverk. Så i morgon har eg notert meg at speiglrefleksamera er med på morroa. Basta bom! Her skal det fotografarast! ^^

Kæsskiss blei så flau då eg skulle ta dette bilete, så eg måtte smugfotografere! Men fyren i kassen såg ut som tatt frå ein Asterix-film, så korleis kunne eg IKKJE ta bilete?! 

 

Meg og min aller bestaste ven; raudlege, småfrosne og i skikkeleg jolestemning! <3

 


ALT var av sjokolaaaade!!!

 

Og så har eg jo sjølvsagt opna jolekalendaren min! Dunedàin tek verkeleg innpå med poeng her: 

12. desember, og karen hadde kjøpt jole-einhjørningar til meg!! 

Finaste glittre-hestane!! Dei skal få plass på joletreet når eg ein gong får det. Inntil vidare prydar dei ein ljosestake på veggen her. 
Så kom 14. desember, og ein  mykje treng RedBull dukka opp i kalendaren: 

Det er den bestaste typen, kors på halsen! Og det kjem godt med, når morgontrøytte meg (klokka 15 på ettermiddagen….) skal på laaaaang vakt på stasjonen. Og der har det for så vidt vore fullstendig Texas denne helga…! Eg har laga så sinnsjukt masse mat dei siste dagane, at eg nesten tilta! Det er ikkje så ille sånn sett, men når du er aleine på jobb, blir det i overkant hektisk. Til og med kundane reagerte, og berre: -Huff, er du heilt aleine her? Stakkars, går det bra? Blir du ikkje heilt utsliten?
Det er lissom heilt greit når kundane berre er snille og fulle av forståing for at ting ikkje skjer på eit trylleslag. Det er verre om ein har kundar som blir sure og slår seg vrange. Det skjer heldigvis ytterst sjeldan. Og eg merkar at eg kjem til å sakne kundane mine vannvittig masse der borte. (kollegaene òg, don’t get me wrong! Eg blir utruleg lett glad i folk! <3 ) 
Funny story når me fyrst snakkar om jobben; Dunedàin og eg var på joleshopping førre måndag, og eg kom innom ein skobutikk der eg såg dei hadde skoa eg har sikla på sånn cirka sidan i sumar. Platå FTW! Så eg måtte helse på. Nesten 1200 kroner, stod det på prislappen. Men dei trengde å få høyre eit god jol frå meg like fult. I talk to shoes as well. 
Så oppdagar eg at glidlåsen har fått seg ein knekk, og spurde varsamt den fine butikkdama der om dei selde dei billegare grunna det. 
Joda! Eg kunne få dei for 600 kroner!! Så Dunedàin bladde opp til jolepresangen min på staden, og eg rusla lukkeleg ut med eit par nye sko. På beina. 
Det fekk konsekvensar; etter nokre timar på joleshopping, hadde eg ei vatnblemme på størrelse med ei drue på hælen. Ao. 
Så då eg kom på jobb på fredag, halta eg litt. Hælen var framleis ganske sår, og eg hadde ikkje brukt sko som pressa på såret til då. R-Boz (my boss) ser på meg med store auge, og kjem i full fort bort i kassen. 
-Går det bra? Kva har du no gjort deg?!
Eg forklara at det var berre eit gnagsår, og eg kunne sjå at minst femten kilo ramla av skuldrane hennar. Hehe, eg trur det tyder på at min uflax-kvote er oppbrukt til LANGT inn i nye året! xD Og eg har ikkje tenkt å skade meg meir på ei stund. Det får halde. Eg har som mål å kome gjennom 2019 utan så mykje som eit blåmerke!! *bank i bordet* 

Men den siste kalendargåva! La oss ikkje gløyme den: 

Sjååå den fine engelen som engelen min har kjøpt!! 😀 Eg ELSKAR sånne søte små englar! Men det er vel ikkje noko folk -ikkje- har fått med seg; huset mitt er reine Himmelriket når det går mot jol. Eg skuldar på mor mi; ho har hatt engledilla sidan eg var knøtt. Og akkurat som med ho, så blandar eg ikkje nissar og englar!! Då kan dei byrje å slåss, og det ville gitt ein knekk i jolefreden, det! (ja, eg ELSKAR alle dei rare greiene og interne fjaset familien min har gåande!) 

Til sist må eg få nemne at det blei faktisk ein liten jolelunsj på meg og damene mine, med Helle og Novelia på slep. Nett’n og Janne og Solveig og meg mekka tapas med så masse godt at eg nesten måtte rulle meg på jobb etterpå! Og eg fekk demonstrert mine fantastiske kunstar til å snakke beibisk. 
For ja; eg elskar ungar. Eg er blitt gamal nok til å innrømme det no. Hadde dei kome med slumre-knapp og ein stand-by knapp, så skulle eg gjerne hatt ein 5-6 stykkjer! Men freelance, kunstnar og deltidsarbeidarar slit nok litt med å få både tid og økonomi til å gå opp, og det er derfor veldig sannsynleg at dei like greit kan halde seg frå å få born. I alle fall denne utgåva av rasen. My babies will forever be those of fur, paws and wings. 

Men no har eg vel masa nok. Så eg finn køya, og er klar for nye eventyr i morgon. Etter at eg har sjekka batteriet i speiglrefleks’en min….!!

Adventskalendar 10. desember <3

Soundtrack: Alf Prøysen – Romjulsdrøm

Eg hinta litt då, men han tok det i det minste! 

Leppestift-etui!! I lilla!! <3 Treng det eigentleg, for er det ein ting eg er ekspert på, så er det å øydeleggje leppestiftane mine fordi hetta ramlar av i veska, og leppestiften blir full i sand og barnåler og lo og faenskap!

Til Nissen Frå Lokkri

Det føles litt som om lista mi blir kortare og kortare for kvart år? Kanskje eg faktisk tek til å bli vaksen?? For ein skremmande tanke….

Men det er nokre ting som står på lista. 
– Ei god steikepanne
– Sengesett, gjerne i flanell! For to. Her skal det matche! 
– Handklede til bad, små og store, i som brunt, beige, grått, osb. 
– Regnklede 
– Gummistøvlar 
– Røykelse

– Stearinljos, gjerne kubbe/kuleljos
– Sjokolade og marsipan (I’m an omnomnomnivore!!) 
– Minnekort til mobilen min (Huawai Mate 10 Lite) 
….og så har eg lyst på fleire sånne små duppedingsar til å pynte stearinljos med!! Hadde nokre knallfine hjarter, men nålene på dei knakk til slutt! Så, ja takk! 

Alkohol er ingen dum ting heller! Helst ikkje raudvin eller whiskey, men ellers er eg ikkje så vanskeleg! ^^ Glad i kvitvin er eg òg!

Lesestoff er det vel nokon som vil påstå at eg har nok av, men det er nokre bøker som framleis står på lista mi: 

Drømmesvart av Lise Myhre
EON – 20 år på Ramme Alvor av Lars Lauvik

og 

Teikneseriar:

Buffy The Vampire Slayer
Angel
Spike & Dru
The Walking Dead (har #1!)
Fables

Eg skal freiste å ikkje overekspandere filmsamlinga mi òg då, men eg har frykteleg lyst på Deadpool 2 og Angel sesong 2 – 6 – 7!

Til slutt, så treng eg pengar. Eg sparar til hus, og lever i håpet om å få spleisa med Dunedàin på eit eller anna innan 2019 går mot slutten…! 
Men gåvekort er òg ein fin ting, sidan eg faktisk då må kjøpe ting for dei, og ikkje spare-spare-spare! ^^ 
Nokre lure tips der, kan vere:

  • Outland
  • Indiska
  • Glitter
  • Soria Moria
  • New Yorker
  • Annes Hår & Barbershop (hjå fine Elisabeth-negledama!!) 
  • Let’s Buzz
  • Kremmerhuset

 

Har me dekka det då? Eg blir jo glad for alt som er innpakka sånn sett, men her var nokre forslag til dei som ikkje har kreativiteten i orden! ^^ 
Og så blei den lengjer enn venta likevel, så eg trur ikkje eg treng frykte at vaksenlivet snik seg innpå meg sånn med det fyrste likevel!

 

Jolekalendar-update, hus-news og sådann mere.

Soundtrack: Boney M – White Christmas

Aaaah….Det er fint lite som gir meg meir jolestemning enn Boney M. Eg klandrar gamlingane; opp gjennom heile barndomen var det standard i desember. Joleplata til Boney M snurra og gjekk til vasking og baking og sølvpussing. Det blei liksom ikkje jol utan! 

Eg fekk betennelsesdempande av legen denne veka, for den skuldera mi som driv å tullar seg. Men eg kunne ikkje starte på den, før eg kunne slutte på smertestillande, noko eg MÅ ha for å kome gjennom arbeidsdagen. Så, vel og merke med vondt i hjarta, sa eg ifrå meg vakta mi i dag. Men no merkar eg at det var på høg tid med ein fridag. Eg vann ein sal-konkurranse her om dagen då! To kinobillettar!! <3 Så då må eg berre finne ein film eg har lyst å sjå med go’guten min, samt eit tidspunkt der eg har TID til sånne fritidssysler…!
Det har gått i EITT siste tida; jobb-jobb-jobb og endå litt meir jobb, play-date med favoritt-englane mine, Synne og Samuel, og handletur med svigermor, noko som resulterte i at eg endeleg fekk med adventsstake!! Samt eit awsomme lure-skinnbukse!! <3 Jolekaker kom ho òg med, så medan eg har jobba i det siste, har Dunedàin nærmast levd på peparkaker, kromkaker, nøttetoppar og kransekake! xD Makan til godtemoms….(veit du les her inne, svigermor! Så heilt offentleg: Tusen takk! U are the BEST! <3 ) 

Innimellom freistar ein då å få seg ein liten blund på sofaen, mellom slaga. Men her kjem litt av grunnen til at me no har teke ei ganske stor avgjersle, eg og Dunedàin: 

Om nokon legg merke til den massive vetle beibien som passar på at mamsen får sove i fred? Jepp, sånn kviler me her i huset. Og konklusjonen er at me treng sårt meir golvplass, med ein sånn diger bamse i huset! Han har passert 30 kilo no, og er endå ikkje ferdig å vekse. Gentle giant, greit nok. Men han trur framleis han er på størrelse med Pixie, så ting kan brått bli i overkant valdsamt her. 
Derfor har me bestemd oss for å flytte på oss. Til Bontveit. Der kan me bu billeg, sidan Dunedàin har hus der oppi, fram til me får spart opp til å kjøpe hus, kanskje hakket meir sentralt. 
Samstundes hjelp det på å flytte til eit hus som har skikkeleg varme, og der du ikkje delar rom med rotter og mus, og der det dryp frå taket over senga vår. 
Så det er siste nytt på husfronten. Me søkte jo om lån, men fekk avslag grunna dårleg budsjettering det siste året. Det er kanskje ikkje rart då; eg tente så godt som ingenting medan eg var sjuk, og me held så vidt hovudet over vatnet i store delar av året. Men eg ynskjer no 2019 velkomen med opne armar, og eit håp om at det skal bli eit år utan mykje au og blæh og sutring og grining. 

Men det var den adventskalendaren vår!! 
Den 6. desember hadde jolenissen putta fin-fine hjarte-teiknestifter i kalendaren min! 

Syns dei var dødssøte! ^^ *squeeee!!* 
Og i går låg det ein av mine favorittar i lomma mi: 

Mars-sjokolade!! Heilt fantastisk å nyte ein sånn når ein kjem heim etter ei lang kveldsvakt. 
Og så har eg for så vidt innsett at desse gåvekalendarane mest av alt blir ein konkurranse i kven som kjenner kven best i forholdet! xD Ein vil jo helst finne ting som passar perfekt til kjærasten sin, og som lyser opp dagen hans/hennar! 
For å sei det sånn: Dunedàin ledar med eit hestehovud på meg så langt! Han har verkeleg gått i seg sjølv for å finne dei PERFEKTE gåvene! <3

Pakkekalendar – 4. desember!

Soundtrack: Snorkinga til Elessär

Dette kan guten!! Eg kasta meg over kalendaren då eg kom heim frå nattevakt, som den entusiastiske skitungen eg er. Og sjåååå kva flinke Dunedàin hadde funne til meg! <3

Det er ei DRAGEBOK!! Søtaste vesle skriveboka med DRAAAAGESKJELL! Såh det såh! xD 
Han stakkars, fekk “berre” tapas-wraps-pinnar av meg i går. Men det var fordi eg kom over den geniale vesle greia, og tenkte at han trengde dei så han slepp å sitje og hakke opp grillpinnar i framtida! Åååh, jiiz for ein teit og tung settning….! 

Men no skal eg sove. Ute SNØR det (sånn i tilfelle nokon ikkje las ingressen!) og eg kryssar fingrane til krampa tek meg for at eg vaknar til ein kvit og snødekt hage utover dagen!! 

 

Produsent Snorkfrøken, den tannlause kinesaren og gryande jolestemning <3

Soundtrack: Skruk – Det Lyser i Stille Grender

NB! Dette innlegget skal etter planen innehalde fleire bilete på sikt, men sidan eg manglar desse foreløpig, kjem dei forhåpentlegvis seinare, eventuelt i eit anna innlegg! 😉

Det er litt vedmodig når ei innspeling er over. Du har levd i di eiga vesle boble i over ei veke, der verda er prega av kablar og budsjett og ein haug med fine folk som held seg i same bobla. Brått er kvardagen der igjen, og du merkar du faktisk saknar å stå tidleg opp for å møte på sett med walkie-talkie i baklomma, dokumentmapper på alle kantar, og eit fantastisk crew som gjer ein heilt utruleg innsats frå morgon til kveld. 
Film er ein livsstil. Når eg fortel folk om korleis det gjerne artar seg, og korleis ALT dreiar seg om jobben din i periodane det står på (i alle fall når ein jobbar med kortare innspelingar) er det mange som ristar på hovudet og spør: -Korleis ORKAR du?!
Det er ikkje vanskeleg. Ikkje når du lever for det, og elskar kvart minutt av det. 
Som produsent i denne runden, fekk eg sett mindre av det som skjedde framfor kamera enn når eg har vore foto, lyd, skodespelar eller i prod.design-avdelinga. Men det var ei fantastisk opplevjing, og eg gjer det gjerne igjen! Det er ei lita kontorrotte i meg, når alt kjem til stykkje! 

I am Cornholio! I need TP for my banghole! (anar ikkje kvifor hovudet mitt syng den, men….)

Innimellom kan det vel og merke bli mykje for ein kvar entusiast, og i går enda eg opp med å duppe av på sofaen. Det siste eg sa til mine effektive og trufaste prod.ass’ar Jenny og Wenche, var: -Vekk meg om eg snorkar! 
Eg merka ikkje ein gong at eg hadde sklidd inn i draumeland, før nokon prikka borti meg og kviskra: -Vakne! Du snorkar! Dei går på opptak! 
Eg snorkar vanlegvis berre når eg er i overkant trøytt og sliten, og dette var vel det endelege provet på at NO trengde eg ein fridag. 
Så eg måtte sei ifrå meg jolebordet med den andre jobben. Det gjekk rett og slett ikkje! :'( Kroppen protesterte, hovudet arrangerte parade, og ryggen gjekk ut i streik. Veldig kjipt; eg hadde verkeleg sett fram til å hive innpå med pinnekjøt i godt selskap, svinge meg på dansegolvet og hive nedpå ein dram eller to. Men vil ikkje kroppen, så vil ikkje kroppen. 
Pixie skulle jo i tillegg vere med på innspeling denne dagen, og ho starta dagen med å glefse tak i Elessär, og knekke ei tann…Heldigvis hang den berre igjen etter ei hudfille, og kunne nappast ut. Ho har berre mjølketenner (long story), og dei vil etterkvart ramle ut av seg sjølv. Men det tek til å gå hardt utover hjørnetennene hennar! Ho kjem til å bli ei tannlaus lita dame på sikt, er eg redd….Men innsatsen hennar var det ingenting å sei på, trass i tannfellinga! Ho er vesle primadonnaen til mamma, ho. Ein tannlaus liten kinesar-diva. 

Men no har jola gjort sitt inntog i heimen, så smått i alle fall. Jolemusikken siv ut av høgtalarane, adventstjerna er komen opp, og joleljosa lyser opp utanfor. 
Og tradisjon tru renn det inn med snaps frå folk som har kome hakket lengjer og starta jolebaksten. Eg tek det litt på sikt. Fyrste veka skal eg jobbe som ein tulling, så det blir ikkje mykje tid til nedvask i år heller, ser det ut som. 
Ha ei flott adventstid, alle saman! 

Pakkekalendar – 2. desember!

Soundtrack: Halvdan Sivertsen – Josefs Julevise

Fyrste pakken kalendaren gjekk til Dunedàin, og han fekk fingerlause hanskar av meg. Så var det den tyngste pakken i kalendaren til meg som nummer 2. 
Inni var det duftljos!! Fantastiskaste yashmin-dufta! <3 Held det fram slik, så blir dette tidenes kalendar! xD