Anmelding: World War Z

Amerikansk zombie/action-flick (2013)
Med Brad Pitt, Fana Mokoena & Daniella Kertesz
Regi: Marc Foster
Lengde: 1 timar 56 minutt

Puristane rasar gjerne over denne. Ingenting stemmer med romanen som Max Brooks skreiv i 2006, og Brad Pitt er den teitaste mannen i to sko. Men eg likar denne filmen. Faktisk så godt at eg har sett den….litt vel mange gongar. 

 

Zombiefilmar er min favorittsjanger. Og eg kan ikkje sei eg har sett veldig mange dårlege filmar med Brad Pitt heller. Eg syns han er ein flink kar.

Denne gongen er han ein FN-etterforskar som må reise jorda rundt for å finne ein kur eller eit eller anna som kan hjelpe menneskeheita i

kampen mot zombiane som er i ferd med å ta over verda.

Vanlegvis tek zombie-sjangeren for seg korleis nokre få utvalde strevar med å overleve i ei (post-)apokalyptisk verd, der dog-eats-dog er refrenget.
Denne gongen får me ein litt annan vri, og eg syns det er heilt greit.
Eg likar at det startar så koseleg, med ein heimeverande pappa som mekkar pannekaker og ein familie som leikar 20 spørsmål saman i bilen. Sånn akkurat i det helvete bryt laus.
Det blir action og skyting og ein mann som blir sliten mellom familien og plikta til å hjelpe menneskeheita, og det funkar. Syns eg.
Dessverre er det enkelte ting som ikkje funkar, som at zombiane spring. Eg veit ikkje kor mange gongar eg må understreke dette før nokon i filmbransjen tek meg seriøst, men om det er levande daude som utgjer zombietrusselen, SÅ KAN DEI IKKJE SPRINGE!! Dei skal slepe seg framover som ei altoppslukande masse og gnage laus på eit kvart lem dei kjem over. Det er zombiar.
Om ein vel å lage ein annan vri på det, sånn som dei til dømes gjorde i 28 Days Later eller oppfølgjaren; okay. Men då er dei strengt tatt ikkje zombiar lengjer, utan at det for så vidt gjer så mykje. Cred til britane for den anyways.

Innimellom haltar grafikken litt. Eg føler gjerne eg sit og ser på nokon som spelar ein eldre versjon av Resident Evil meir enn ein faktisk film som har hatt eit ganske så allright budsjett (190–269 million dollar), og ein kan ikkje klandre tida for dårleg animerte zombiar heller. Det har blitt laga mange gode filmar med betre grafikk lengje før Brad byrja å rulle rundt i zombie-pit’n.

Nokre logiske bristar er det òg, som når Pitt’ern flyg på kryss og tvers rundt kloden med militærflyet sitt, og me sit att med inntrykk av at kvar flygning tok omtrent like lang tid som strekninga Bergen-Oslo. Det blir litt teit. I tillegg får det vere måte på kor mange gullhår den fyren skal ha i ræva gjennom filmen. At han ikkje gjekk av med pensjon etter å ha vunne hovudpremien i LOTTO ein 8-10 gongar, er eit under.

Men til sjuande og sist ser eg veldig mellom fingrane på alle tinga dei har tulla med i denne filmen. Det blir aldri keisamt, og sjølv om eg føler det stort sett er meir action enn skrekk, så har det nokre skikkeleg intense scener som dreg heile bøtteballetten opp på eit eige nivå.
Folk kan krangle til dei blir blå i trynet med meg om dette, men eg syns filmen er verd å sjå. Igjen og igjen og igjen ….obviously.