Så var 2025 blitt historie, og eg tek dei fyrste noko nølande skritta ut i det nye året. Og jaggu snør det på denne sida! 

Soundtrack: Alice Cooper – Poison

Faktisk hadde det lava så heftig ned at eg måtte måke ein liten flekk ute på tunet for at Pixie i det heile skulle klare å kome seg ut for å pisse på morgonkvisten. Den vetle trultao mi stoppa på dørstokken, såg på snøen som låg på trappa og snudde seg bestemd for å marsjere tilbake til ullteppet i sofaen inne.
For i augo til ei lita nakenhundjente var det ein VEGG av snø som møtte ho der ute. Ein vegg som eg hadde bestilt til jol, men som tydelegvis hadde bydd på seriøse leveringsvanskar for vêrgudane.
Ikkje at det gjer noko; eg elskar snøen uansett kor tid på vinteren at den bestemmer seg for å dukke opp! <3

På den fyrste dagen i det nye året, og den siste dagen før eg byrjar i jobb igjen etter joleferien har eg gitt meg i kast med å tømme mobilen for bilete. Det er jo ein prosess i seg sjølv, for pc’en min finn ikkje telefonen min når eg prøver å koble den til med USB, og derfor har morgonen gått til å overføre bileta via blutooth. Eg byrja klokka 11 eller deromkring i føremiddag, og endå har eg berre klart å flytte eit år inn på data’n!!
Så, der gjekk jo då planen om å lage nyttårskavalkade. Kanskje i morgon.
Om ikkje anna så fekk eg rydda litt i biletemappene mine, noko som var på HØG tid!!

Men kvardagen er over meg igjen, og i morgon skal eg hive meg rundt og byrje på den 15. boka i Eirill Seidkvinne-serien. Eg gru-gledar meg. Eg tok ferie akkurat då historia tok til å bli ganske … klein. Ingen spoilers, men la oss referere til den manglande romantikaren i meg og la det bli med det.

Sidan eg no ikkje fekk lage eit innlegg om året som gjekk, så snublar eg like godt nokre år tilbake med eit par-tre bilete frå tidlegare tider. Sånn for nostalgien si skuld:

 

Herlegaste vetle Pixie-mi!

 

Throwback til fyrste turen min på Waves of the 90s!

 

Meg og den stakkars karen eg er gift med ein vårdag i 2023! 
0 kommentarer

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *