Årets Ynskjeliste – som vanleg lang som eit vondt år! ^^

Så stod jula for døra atter ein gong, og i morgon er det 1. advent!! Julekalendare min heng i trappa og kløøøør etter å bli riven opp! Ida var innom og henta sin del av pakkekalendaren no i kveld, og i iveren reiv ho opp den fyrste pakken. Hohooo, eg gler meg! :oD Særleg om kvaliteten på resten av gåvene er like herlege som den ho fekk!! Ædda-bædda til alle som ikkje joina i år! ^^
Men det var på sin plass med litt ynskjelisteoppdateringar, innsåg eg. Lista eg har er jo lang som eit vondt år (http://www.enjoydiary.net/no/Lukritzia/diary?id=277221) så eg tenkte å spesifisere den aldri så litegrann! Det er enkelte ting som står høgare på lista enn andre her i år!

La oss starte i den billege enden. Eg ynskjer meg faktisk veldig ei søt (og gjerne stor/med mange sider!) adressebok og ei fødselsdagbok! Og så ynskjer eg meg:

  • Ei artig musematte!

  • Fine kjøkenhandklede, kjøkenklutar og gryteklutar

  • Oppvask/vaskepulver-boksar frå Kremmerhuset

  • Nytt headset til data’n min!! (det gamle vil ikkje vere venna med meg meir…)

  • Scrabble (brettspelet, you know?)

  • Alle Harry Potter-bøkene, aller helst på engelsk!

  • Lord of the Rings Special Edition på BlueRay

  • StarWars-samlinga på BlueRay

  • Kontroll til PlayStation 3!!

  • Skyrim (dataspelet sjølvsagt!) og Dead Island (oxo eit dataspel!)

     

Og så saknar eg lommeboka mi!! Eg treng ei ny, tøff lommebok, gjerne ei som liknar litt på den gode, gamle eg hadde…Den såg slik ut, og noko tilsvarande den kjem ganske langt opp på lista mi! ;op


Og heimelaga personlege gåver er superkoseleg!! Har verkeleg fått sansen for slikt på mine gamle dagar! Hihi! Anten det er bilete folk har måla sjølv, smykker eller heimelaga nomnom; det er utruleg koseleg! <3

Eg var innom Black Design her før desember ein gong, og forelska meg fullstendig i desse englane


Ooooh, vil haaaa! Meinar å hugse dei var litt dyre vel å merke, men DAMN så fine dei var!! (sorry kvaliteten på bilete; eg har ikkje sånn fancy-pansy kameratelefon, eg.)

I tillegg treng eg seriøst eit smykketre til! Eg har jo eit sånt som dette, frå Indiska, berre i lyseblått:

….men eg treng jo ikkje akkurat eit sånt! Men noko i den rettningen; ikkje heilt 100% stilreint lissom! Eg elskar jo ting med særpreg. *host*

I år treng eg seriøst peng til jul òg! *ler* Eg må nemleg invistere i ganske mange ting framover! Fyrst og fremst treng me ny microbølgjeovn! Og den skal vere i børsta stål, så den matchar resten av mitt kitchy kitchen! xD Og eg treng nye regnklede, me skal kjøpe ny tv-benk, stovebord og nye hovudputer til senga vår, sidan eg har greidd å øydeleggje dei me har til det ugjennkjennelege. ;op Det minnar meir om potetsekker enn noko anna! Pluss at eg har lagt min elsk på desse to BJD’ane her:
 


Dei er ikkje akkurat billege, så her skal det sparast så eg kan invistere! Dokkegal? EG?! Pfff.

 Sist på lista mi kjem det nokre CD’ar og DVD’ar/BlueRays (eg er ikkje sånn at eg MÅÅÅ ha ting på BlueRay; DVD’ar funkar akkurat like fint for min del!)

Eg manglar følgjande filmar i Harry Potter-serien:

Harry Potter and the Prisoner of Azkaban
Harry Potter and the Goblet of Fire
Harry Potter and the Deathly Hallows ? Part II

 I tillegg er eg så gamaldags at eg likar å få CD’ar! Og nokre har eg litt meir lyst på enn andre, som til dømes

HIM  
Venus Doom
Greatest LoveSongs 666
Uneasy Listening Vol I & II

Lordi
Bend over and Pray the Lord
The Monsterican Dream
The Arockalypse

The Rasmus
Dead Letters
Black Roses

P!nk 
Greatest Hits… So Far!!!
Funhouse

 Alle CD’ane til Tori Amos, og alle frå Rhianna (bortsett frå LOUD).

 

Eg har jo då lagt min elsk på desse tinga her, så om nokon vinn i LOTTO og føler for å kjøpe dyre presangar, så har eg veeeeldig lyst på anten ein sånn kniv-mann:


eller ei sånn herleg hue/votte/skjerf-greie som dette! I ulvefasong, ofc.

Men ellers kan jo folk berre generelt gå loco på Kremmerhuset, Black Design, Krinkelkroken og Indiska! Eller kjøpe ein god kvitvin. Eg legg meg overhovud ikkje ned og grin fordi om eg får andre ting enn det som står på akkurat denne ynskjelista! xD Dette er berre det som toppar lista i år! Eg blir jo glad som ein unge over å få gåver uansett, om ein så berre pakkar inn ein bitteliten sjokolade til meg! Det ER faktisk tanken som tel, sjølv om eg er aldri så materialistisk! xD

 

 

 

 

 

Let’s talk about sex, baby!

Eg er heime idag. Av to grunnar: Lille voff var dårleg i magen, og sat i gongen og grein mesteparten av formiddagen. No er det to timar sidan sist ho måtte ut, så eg trur det har roa seg no. Neste grunn: Mensen kom for alvor. Vanlegvis er det to au-dagar når eg har mensen; den dagen eg får eggløysning og den dagen mensen faktisk startar. No er visst begge over, så eg håpar det blir med det. 
Men medan eg låg der og tykte synd på meg sjølv (og Maggie), og glodde på ei oppgåve som tydelegvis ikkje vil skrive seg sjølv, la eg ein skrivepause til ein episode av Trekant. De veit; det programmet på NRK som mange er så sinte på. Eg diggar det, vel å merke. Eg fattar eigentleg ikkje kvifor slike program ikkje har vore på skjermen i fleire tiår allereie. Men meg om det.

Så byrja eg å tenkje. Som i seg sjølv kan vere ein farleg ting. Eg har alltid leika med tanken på ein sex-blogg. Ikkje av typen med pornografiske bilete og detaljerte beskrivingar av sexlivet til meg og gubben, men om tankar og erfaringar og sex generelt. Ein gong i tida var eg veldig inne på tanken å bli sexolog, fordi det er eit sentralt tema i livet mitt. Sex altso. Og kven tenkjer ikkje på sex? Anten ein er aktiv eller ikkje?

Mitt forhold til sex har alltid vore ope, og eg har ingen problem med å snakke om det. Eg kan gjerne diskutere onani med folk, eg kan gjerne prate om kva eg likar og kva eg har prøvd. Ikkje alle er komfortable med å prate om det med andre, men alle har tankar om det. Og det er lov å føle at det er ein privat ting, men du kjøper gjerne den avisa med hovudoppslaget SEX av ti nordmenn likar pannekaker på fredagar uansett! Og sjølv om du ikkje vil innrømme det, så har du sett på porno. Eg likar ikkje porno spesielt godt, særleg ikkje med mannfolk i. Eg syns homosex eller lesbesex er greit, og erotiske filmar er ein fin-fin ting. Men porno-porno er ikkje mi greie. Sånn er eg skrudd saman. Men eg kan gjerne prate om det! 

Og så har me seksualiseringa av samfunnet, som eg syns har gått heilt av skaftet. Eg kan debatere det til det keisamelege. Eg syns ikkje det er greit å gjere småjenter til sex-objekt. Eg syns ikkje det er greit at det er viktigare å vere sexy enn å vere intelligent. Derimot syns eg det er heilt greit om ei jente vel å vere strippar eller selgje sex, dersom det er hennar eige val. Og det same gjeld menn. 
Så kva stoppar meg frå å opprette ein blogg med sex som eigen kategori? Det er det store spørsmålet. Eg har ingen problem med det. Det er ein ærleg og naturleg sak. Eg har alltid vore open kring det temaet, og gubben min er fult klar over det. Han har ingen problem med det heller; han er van med at eg kan slengje med kjeften kring det meste, inkludert ting som skjer på soverommet.
Folk som kjenner meg veit at eg er slik, og ville ikkje blitt overraska. Og om nokon på eit tidspunkt skulle finn på å bruke bloggen min mot meg på grunnlag av eit sånt tema, så seier det meir om dei enn om meg og bloggen min.
Med andre ord ser eg ikkje heilt problemet. I wanna sex up my blog! Så dermed er det duka for ein ny kategori i bloggen min: Bedroom secrets.
Så får me sjå kva eg skulle finne på å pryde det kapittelet med.   

Mobile tankar.

Så sat eg her på Studentsenteret, og hadde seriøse planar om å skrive på den eine av dei to oppgåvene mine. Sånn gjekk det ikkje. I staden har eg surfa på FaceBook, leika meg på NeoPets og lest nettaviser. Men så er vel neppe dette plassen for å få gjort noko fornuftig heller. Lufta er nærmast tjukk av mumling og skravling og folk som trampar på tunge hæla i trappene. Leamus i auga har eg òg, noko som ikkje gjer konsentrasjonen noko betre. 

To kollisjonar i området kring Puddefjordsbrua i dag tidleg, om nokon lurte på kvifor dei stod ei eve i kø der i morgonrushet! Eg må innrømme at det facinerar meg korleis folk ryddar opp i liva sine når slike uventa hendingar inntreff! Med ein gong køen synleggjorde seg framfor bussen, fiska alle passasjerane fram mobilane sine. “Eg blir sein…traffikken står i stampe….Har du sett noko på nettet om kva det er? ….Aha. Kjedekollisjon. Ja, men eg ville berre gje beskjed.”
Korleis i alle dagar overlevde me i gamledagar? Sånn før alle hadde internett og kommunikasjonsmoglegheitar tilgjengelege ved fingerspissane til ei kvar tid?? Fram til eg entra tenåra var det berre dei piffaste av dei snobbaste som hadde slike vidundermaskiner tilgjengeleg. Og dei var i tillegg så store at ein gjerne trengde ein ekstra ryggsekk for å få dei med seg! I kid you not!! Besteforeldra mine kjøpte seg ein sånn murklosse for å ha på hytta, og den blei frakta rundt i ei svær veske!

På den tida måtte ein ringje heimanfrå og avtale kor tid ein skulle møtast, hive seg på sykkelen og prøve å unngå at den andre personen blei nøydd å vente på deg. Blei du for sein, stressa du hardt og lengje for å innhente deg. Du kunne ikkje sende ein SMS og sei ifrå av bussen blei ti minutt for sein. Og dersom noko revolusjonerande hende i landet, visste du som regel ikkje om det før det kom på radioen eller TV’en, eller eventuelt i avisa. Ein kunne sjølvsagt halde seg inne med ei av sladrekjerringane i bygda, som meir enn gjerne informerte om kva ho Sigrid-Olina hadde drive med borte hjå han Knut-Ola-Peder i Svingen, for det hadde ho nemleg høyrd frå syster til mor til tanta til bestemora til naboen til ho Mari-på-Toppen, som gjekk forbi stoveglaset til han Knut-Ola-Peder i gårkveld!

Eg skal ikkje nekte for at eg var ein sucker for gossip på den tida. Eg og Lindekaka var stort sett oppdatert på det meste av det som skjedde i bygda, og all viktig informasjon blei ubønhøyrleg spreidd vidare, sidan det var av allmenn interesse å vite kven ho Kåre-Gygrid Slemmetruten strikka sokkar til. Eller kvifor Kvisten blei køyrd ned i Lærargata. Eller kven som sneik seg kring møne på kva gard. Kors på halsen; det var ikkje uvanlege samtaleemne i dei dagar! 

Men no som til og med dei eldste på gamleheimen kan vere stolte eigarar av mobiltelefonar, så må jo slarvet spreiast med rekordfart i små og store bygder? Det er no ein ting, men kvar blir det då av sjarmen med å sitje bak kjøkengardina og observere kven som er ute og går, for så å ringje opp Gunvor og informere ho om at ambulansen nok ein gong stod parkert utanfor han Trygvetassen si stovedør? 
Things will never be the same again. Og derfor skal eg om ikkje så altfor lengje, boikotte heile mobiliteten.  

Vel, då var det tre kvarter til neste etappe tek til her i min studentkvardag, og eg får hive meg kring og finne seminarrommet eg skal møte opp på. Og på vegen får eg vel prøve å raske med meg litt lunsj. 

Picture: PERFECT!!

Eg har vel knapt lagt ut eit einaste bilete her (som eg har teke sjølv) sidan eg var i Australia? Jiiz, det føles faktisk litt ille…Men det er vel sånn det blir når eg har ein pc som brått går ut i streik? 
Nuvel. Snille Krissebassen min har lova meg å stikke innom og leike datadoktor etter jobb i morgon, så forhåpentlegvis får me skjermkortet inn i maskina, og maskina up ‘n’ running. GAH! Eg har sakna beibisen min!! <3 Eg føler meg nærmast som ein tørrlagd alkoholikar på veg til vinsmakekurs her! Ingen meir kaving med kablar grunna tomme batteri, ikkje meir vondt i ryggen fordi eg sit forvridd i sofaen med laptop’en stabla på knea (jupp, dei sitjestillingane mine skulle seriøst vore fotodokumentert! ^^) og ikkje meir miniskjerm og tulletastatur! Velkomen tilbake min høgt elska og sårt sakna 20″ skjerm!!!! <3

Framover blir det vel både ei og to oppgåveskrivingar, og tusen sider å lese til eksamen, men det må vel vere håp for å snike inn litt Sims og litt Skyrim….og ein tur “heim” til Azeroth. Og sjølvsagt hakket meir illustrerte innlegg her på blogg.no òg, får eg håpe! ^^ 

Frukost idag: Ein donut, ei klementin og eit glas pepsi max

For eg skal meir enn gjerne innrømme at det kjipe brødet gubben min driv å kjøper på, smakar gymsokk. Så då tek ein det ein har.

Dagen i dag starta faktisk klokka 7! Eg vakna og kunne puste for eiga maskin, noko som ikkje har vore tilfellet på ei veke no. I rein skjær lukkerus, kunne eg stå opp og lufte voffen, utan ei einaste nær-døden- opplevjing! Damn, that felt good! <3
Det føles ikkje som om eg har lagt sjuk i berre ei veke. Denne veka har vart i fire månadar, I kødd you not! Den lengste avstanden eg har hatt krefter til å rusle, er frå senga og ned til sofaen. Ein tur på do har krevd kraftig oppsykjing, og matlaging har så godt som vore utelukka. Eg har stor sympati for han stakkaren eg delar seng med, som har helde ut med meg. Heilt seriøst; då uttrykket “ingen er så sjuk som den sjuke mann” blei komponert, var det tydelegvis ingen som tok meg med i reknestykket! For eg er sjukare enn den sjuke mann, eg. Når han byrjar å gå mot ljoset, har eg allereie reservert meg rom med utsikt mot baksida av Perleporten. 

 Eg har lita tru på at det eksisterar eit meir  sjølvsympatisk individ enn meg når eg  fyrst blir sjuk. Eg vågar knapt å tenkje på  korleis det hadde vore om eg nokon sinne  blei smelt på tjukken!!

 I det minste byrjar så smått verda mi å  kome i balanse igjen. Det ligg eit  skjermkort på ICA og ventar på meg, og  dermed kan eg vinke bye-bye til vonde  sitjestillingar i sofa og seng, og vende  snuten mot ein skikkeleg skjerm med ein  skikkeleg (i mine auge) kontorstol ved ein  skikkeleg pult. Og ikkje minst kan eg v  ende tilbake til Azeroth og Simmeland.  Forhåpentlegvis med ein viss balanse  mellom skulegong og lekselesing. Me  kan berre håpe.
 I tillegg har jo Skyrim kome ut, og eg sit  med sumarfuglar i magen og ventar på å få rømme til endå ei fantasiverd. Hurra! :oD 

Advent nærmar seg, og eg har funne meg ny adventstjerne. To nye englar er innkjøpt til samlinga, og eit glitrande reinsdyr (eg meinar det er ein hjort, men kva veit vel eg? *kremt*) står rakrygga på hylla over peisen og ventar på den gjæve høgtida. Kvart fiber i kroppen sitrar med tanke på julevask og juleverkstad og julegåveshopping og det som ellers høyrer heime i desember. 
Men før eg kjem så langt, bør eg vurdere å stå på eksamenane mine. Der trur eg kanskje eg har eit stykkje igjen. 

Bissi-bissi. Frykteleg bissi.

Uæææh! Kvifor skal eg på død og liv gjere det til ein livsstil å utsetje ting til siste stund?! I tillegg til å skulle ro iland to oppgåver neste veke (1. utkast vel og merke, men det gjer ikkje jobben mindre fordi om!!) og ei framføring på tysdag, har eg greidd å skippe fleire av mine “flink-student”-dagar, der eg sit med alarm på mobilen for å passe på at eg er flink å lese i 45 minutt, og ikkje tek meir enn 15 minutt pause. La meg sei det slik: Det har blitt opptil 14 timar med pause i slengjen….Midt oppi dette, sit eg med verdas dårlegaste samvit, fordi eg føler at eg ikkje har hatt tid til alle folka mine i det siste! 

Så idag tok eg meg skikkeleg i øyro. Drog meg sjølv ut av senga. Sette meg ned i sofaen med bøker og notatar, og sette i gong. Heilt til eg innsåg at eigentleg var eg forferdeleg svolten! Eg hadde jo berre kasta meg i gong med skulearbeidet, utan å få i meg mat! Sånt går då ikkje an. 
Bøker og notatar til sides, og marsj ut på kjøkenet. I frysaren finn eg ein enkel poserett med kylling og grønsaker; swoosj opp i steikepanna, ferdig på 1-2-3. Men oppvaskmaskina skulle vore teken ut av. Det lar seg eigentleg gjere medan maten blir varm.
Oppvaskmaskina er tom, og maten er klar. Men det er håplaust å lese samstundes som ein et! Så derfor kjem South Park på skjermen. Den varar -litt- lengjer enn middagen min, og så må jo maten få sige? Dermed blir mailen sjekka og nettavisene lesne, før eg atter finn fram bøkene.

Men vent litt! Eg burde vel sett på ei maskin med klede? Skitenkleskorga er jo overfull, og gubben kjem heim frå Sogn i kveld. Han burde sleppe å kome heim til slike klespyramidar.
Så dermed blir alle skitenkleda tømd utover badegolvet, og sortert. Det blei fem enorme haugar. Tørketrommelen er full frå før, så den må òg tømmast.
Maggie kjem ut på badet. Ho skakkar på hovudet og ser på meg med kulerunde brune auge.
Stakkars vesle jenta mi, ho treng så absolutt ut å lufte seg ein tur!

Tilbake i huset, og klesvask nummer ein er ferdig. Den skal forflyttast til tørketrommelen, og vask nummer to skal i elden.  Så kan eg setje meg ned og lese. Eller vent? Eg er jo faktisk blitt utruleg svolten igjen etterkvart? Kanskje det er på tide med litt mat igjen? 
Eit kjapt måltid. Frukt og yoghurt og det som ellers er å raske med seg i kjøleskapet. Og tilbake til bøkene.

I det rompa treff sofaen, virvlar det opp ei sky av hundehår. Eg burde støvsuge. Det hadde eg tross alt lova gubben. Og bosset er fult, så eg kan like gjerne tømme det og hente litt ved når eg fyrst er i gong. Men lommelykta er som sunken i jorda, så det blir ikkje ved på meg.

Ny maskin er ferdig. Men vaskemaskina er byrja å bli tett. Så då må eg ned på alle fire og pirke ut den slange-tingen som eg kan tømme det vatnet eg ikkje anar kvar kjem ifrå over i ei lita plastskål, og setje på endå ei maskin. Tilbake i sofaen. Faen. Det er sundag i dag! Eg fekk jo ikkje med meg Spesialenheten på onsdag! Reprise idag; lurer på kor tid?
Sjekke tv-guiden. Klokka halv elleve går reprisen. Samstundes med The Walking Dead. Crap. Og når me fyrst er så godt i gong, så går jo reprisen av Åndenes Makt òg i kveld, som eg ikkje såg på torsdag.

Sjekke klokka. Eg har no to timar igjen å lese det eg skulle ha brukt dagen på. Applaus. 

Skjønnheiten & Udyret

Det slo meg i dag tidleg då eg slepte meg sjølv inn på badet for å krype i dusjen. Ute var det framleis mørkt, og Maggie hadde akkurat send meg eit småirritert blikk for at eg kom trampande inn i stova hennar og sett på ljoset altfor tidleg ein fredags morgon. Eg kasta eit raskt blikk i speiglen, og innsåg at det ikkje lengjer var den same jenta som stira tilbake på meg der inne. Det var dei same blå augo med for korte augevippar, med tre kviser på haka som ikkje vil forsvinne, med nokre bilringar for mange og bleike bingovertinne-armar. Men samstundes var det noko nytt med denne dama; ho godtok seg sjølv for det ho var, og ho var GLAD for det ho såg! Eg er faktisk GLAD i meg SJØLV!

 Ein kan kanskje sei at det er jaggu på  tide. Det tok meg nesten 30 år å kome til  det stadiet der eg med hovudet heva  kunne konstantere at eg ikkje treng å  orsake meg for den eg er. Eg er ingen  supermodell, og eg er langt ifrå nokon  sin våte draum (så vidt eg veit?). Men eg  har ingen grunn til å hate meg sjølv!! I’m  super, thanks for asking! ^^

 Og igjen, då eg var innom Deli de Luca  ein kjapp tur på veg til bussen, slo det  meg igjen. I staden for å kome  smygande, usynleg og skjelven, bort til  disken for å betale, stod eg der med eit  smil om munnen, takka med klår  stemme då eg fekk vekslepengane og  ynskte ekspeditøren ein vidare fin dag.  Eg måtte faktisk stoppe opp utanfor og  tenkje over det. For ei overveldande,  herleg kjensle? 
 Ein treng vel ikkje gå lengjer enn eit år  tilbake i tid, då eg knapt klarte å gå til  postkassa utan å få hjartebank og  andenaud. No reiser eg inn til by’n og kik  i butikkar utan å vere avhengig av at  nokon er med meg, sånn i tilfelle nokon  eg ikkje kjenner eller ikkje kjenner godt  skulle finne på å snakke til meg. No kan  eg smilande takke når tilfeldige  mennesker ser på meg, og seier ting  som: -Det var ein fin hårfarge!
 For det skjer ofte! Eg blir stoppa på gata av folk som syns lilla hår er ein fantastisk ting, og små born utbryt frydefult når dei ser meg: -Seeee! Hon har lilla hår!
Eg har alltid elska merksemd; alltid sett pris på at verda ser meg. Men eg har aldri opplevd at verda har vore så positiv som etter at eg fekk meg lilla hår! It’s a stayer! ^^

Men er det på sin plass å finne seg sjølv når ein er på min alder? Skal ein ikkje gjere det før ein er ferdig med tenåra, eller vente til 40-årskrisa slår inn? Fleirtalet av dei på min alder, har gjerne allereie etablert sitt eige private fotballag, teke opp eit boleglån som ikkje er nedbetalt før dei sit med bleie og gebiss på heimen og dei reiser på fine venefestar der alle sit og nippar i eit glas raudvin og pratar om verdsøkonomien og kulturelle tiltak i nærmiljøet. Medan eg fargar håret lilla og byrjar på universitetet, samlar på skumle dokker og går på Halloween-party med kvite linser. Eg drikk ikkje fancy importert raudvin, men styrtar ein halvliter eller ei flaske tequila. Eg fnisar av prompehumor og drøymer meg vekk i fantasiverda mi. Eg les teikneseriar, og går i platåsko. Og når nokon skal tippe alderen min, har eg aldri vore eldre enn 25. 
Etter så mange år i eit svart hòl, med ein så dårleg sjølvtillit og eit sjølvbilete at det burde vore straffbart, er det fantastisk å endeleg klare å klatre opp og helse sola og ljoset velkomen. 

At days like this, I just LOVE being me!