Eg vil ikkje leggje meg, eg!

Soundtrack: Die Antwoord – Peanuttbutter + Jelly

Ikkje før klokka 12 i morgon, vel og merke! Men har eg nemnd at eg ELSKAR å sove? Og drøyme? For det grensar til ein hobby i verda mi. Anten eg er på zombie-jakt, i ein alveskog, eller eg rett og slett berre surrar omkring i eit særs overabstrakt og absurd univers. Eg likar meg der. 

Og i tillegg kjem eg ganske rett ifrå “møte” hjå Gabbi og Harelabb. Planen var å innføre meg i oppgåvene mine kring serveringsdame-jobben hjå dei når dei giftar seg om nokre veker! (IIIIIH!!!!) Men det gjekk jo ikkje. Me blei, tradisjon tru, sitjande og skravle om alt mellom himmel og jord, og brått var det på tide å snu snuten heimover. 
Men eg er ikkje fødd bak ovnen og oppvaksen i Amerika; eg har servert før! Så det skal gå så fint så. Eg likar å tru at eg veit kva eg driv med. 
I tillegg introduserte Gabbi meg for Scrivener, og eg kløøøøør etter å skrive!! 
No innser eg at det å kaste seg inn i eit fantasy-univers og gje etter for den søte kløe, vil resultere i ein særs sur svie når eg skal opp og tene til livets opphald i morgon, så eg freistar å styre unna. 

Det har ellers vore ei hendelsesrik veke. 
Måndag feira me bursdagen til verdas bestaste lillebror, og den fantastiske nevøen min som alt er blitt 2 år!! Herregud, det er som om det berre er nokre månadar sidan me gjekk og venta på fyrste nurk, og no er #2 blitt så stor?! 

Noko skeptisk til heile oppstyret…! 

Så kom tysdag, og eg slepte med meg Mr. Sunney på Hereditary. Som skrekkfilm-fanatikar vil eg understreke at filmen var fantastisk, og at eg trur det er ein moglegheit for folk som ikkje er like herda som meg å bli noko skremde av den! Stemninga var nydeleg, bileta var vakre og skodespelarane var fantastiske. Oppbyggninga i historia var fantastisk, og det einaste som skurra var at handlinga kanskje gjekk litt over hovudet på folk. Eg måtte i alle fall dobbelsjekke at eg hadde forstått den, og blei positivt overraska over at eg faktisk hadde fått med meg det aller aller meste! Hurra! Eg er overhovud ikkje så dum som eg ser ut til! xD 
Og dei siste 20 minuttane var INTENSE!! Hadde ei jente som sat ved sidan av meg, som på eit punkt kviskra til venninna si: -Seriøst, eg orkar snart ikkje meir!!

Hadde døgnet hatt fleire timar, skulle eg skrive ei anmelding av den, men akk. Berre sjå den. Gjer det. Do it! Do it NOW!! Du treng ikkje å på død og liv bli skremd; berre nyt!!

I går berre jobba eg. Fyrste vakt aleine i 7 timar! Og det gjekk eigentleg veldig bra, sjølv om eg skal innrømme at då eg stod og steikte burgar nummer ørten-og-fem, tenkte eg med meg sjølv at det MÅ vere noko meir til livet….! 
Heldigvis kom ein fin-fin kundemann inn rett etterpå og sa at eg såg så utruleg snill ut, og dermed elska eg jobben min igjen. Men eg har no søkt på fast jobb i filmbransjen. Kryss fingrane!! (eg vil ikkje sei stort meir om jobben; sjølv om eg veit at det garantert blir ein hard kamp om stillinga, så blir eg kjempetrist om eg ikkje får den!!) 

Og idag? Jobba på kontoret. Ein jobb eg òg elskar. Sitje og ordne ting i skjema og booke og sortere og sende mail og andre sånne koseting. Det er nesten så eg ikkje treng betaling, for eg kosar meg verkeleg med arbeidsoppgåvene! ^^ 
Og så var det grillings hjå Gabbi og Harelabb, som tidlegare nemnd. 
Me var noko tidleg ute då me snudde nasa mot deira casa, så me stoppa fyrst på McDonalds. Den teite magen min treng jo mat før eg kan ete (don’t we all?), for visst eg er veldig svolten når eg kastar meg over middagen, blir alt berre au og uff, og så kjem alt i retur. Så eg måtte ha meg ein liten cheeseburgar for å roe det verste kaoset i skrotten. 
Deretter gjekk Dùnedain innom Biltema, og kom ut igjen med denne: 

Atter ein gong gjekk det opp for meg kvifor eg verkeleg ELSKAR den mannen! Faen så bad ass harry!! Hihi! Eg skal ha ein sånn sjølv, når eg byrjar å pimpe bilen min på sikt. Samt rosa leopard-fløff på rattet, bubblegum-wonderbaum i speiglen, og bass i bagasjen. Wow. Eg kjem til å ha den råaste rånebilen syd for Nordpolen!! 

Men eg har framleis skrivekløe. Damn it. 
Snur snuten mot å løyse kryssord på senga. Kanskje det kan dempe det verste suget. 

Svalestup og kiwi-party!!

Sountrack: Nightwish  – Amaranth

Så var eg tilbake i jobb på Shell 7/11. Tidlegare, sånn i mine yngre dagar, sa besten alltid til meg at om eg ikkje fann ut kva eg ville bli snart, kom eg til å ende opp som trise på Dragsvik. Det vil sei: Kioskdame. Han tok ikkje veldig feil, men faktum er at eg trives utruleg god med jobben min! Så lengje eg har moglegheit til å kombinere det med å lage film, så er eg lukkeleg. 
Og når me er inne på kloke ord, så kom svigermor mi med nokre her om dagen òg, då eg og Dùnedain stakk innom: – De er alltid så blide og glade! De har kanskje ikkje så mykje, men de klarar dykk og er lukkelege! Og det visar! 
Det har lagt litt i bakhovudet mitt dei siste dagane. Verken eg eller Dùnedain kjem til å bli millionærar med dei rettningane me har vald her i livet. Men me har kvarandre, og me har det utruleg fint saman. Og sjølv om vår type familie er noko uortodoks, så har me fire (snart fem) born som me elskar over alt på jord! Folk kan sei kva dei vil om at dyr aldri kan erstatte det å ha “ekte” born, men eg kunne aldri tenkt meg å bli mamma til anna enn firbeinte og flygande skapnader. Kanskje nokre med gjeller, men det får vere grenser for kor mykje lengjer eg skal vere nøydd å strekkje meg. 
Me bur i verdas koselegaste vetle hus, i ein liten eventyrskog. Eg er tante til verdas nydelegaste små englar, og eg har huset fult i fantastiske skattar. Loftet mitt er fult av dokker og bamsar og My Little Pony, eg har ein hærskare med fantastiske mennesker i livet mitt som er så heldig å få kalle venene mine, og eg kan få lov å vere meg sjølv 100%. Kva andre måtte tenkje om meg når eg fargar håret lilla og kler meg i netting og naglar, klarar eg heilt fint å la vere å bry meg med. Og ikkje minst, som eg allereie har nemd: Eg får jobbe med min største lidenskap! Eg får lage FILM, og eg får skrive og dikte opp mine eigne land med mine eigne reglar. 
Eg elskar livet mitt!! Sånn med unntak av at fyrste dag på jobb tok heftig på beina mine, etter så mange veker som tilnærma lik invalid…..Men det skal eg klare å leve med. 


Foto: Christie <3

I går hadde min favoritt-kiwi Christie bursdagsfest. Ho hadde lagt feiringa til Casa de Gabbi & Harelabb. Planen min var å møte opp, hengje litt, drikke eit par-tre øl og stikke heim, sidan eg skulle byrje på jobb klokka 12 dagen etter. Og tradisjonen tru var eg ein smule etter timeplanen då klokka tikka mot party-time. Eg slengde meg i dusjen, vaska det vetle av dun eg har på toppen, shave-shave og vaske-vaske, og skulle klatre ut av dusjkabinettet. Der tok eg ein merkeleg form for ufrivilleg piruett, og stupte i staden ned mot flisane. Medan eg hang i lufta, var det noko inni hjernen min som ropa høgt og skingrande at DETTE kom ikkje til å ende bra! Operert kne, og dagen før sjukemeldinga mi var over? Nei, dette kunne me ikkje ha noko av!! 
Som ein katt i fall (eller ei kyr på basehoppings-kurs) freista eg å vri meg i lufta. Alt gjekk i sakte film, medan det svarte og rimeleg steinharde golvet kom faretrugande nær. Kneskåla mi, på høgre fot (som for så vidt er den som er lappa saman herifrå til eva) sneia golvet i eit nanosekund, før eg fekk vridd meg over på sida i noko eg likar å tru var eit slags ninja-hallingkast, og ankelen min slo så det sang mot kanten på dusjen. 
Så låg eg der, kneip igjen augo og ba ei stille bøn om at eg framleis var på den rette sidan av dei levande si verd. Smerten i foten tyda heilt klart på at eg så definitivt var i live. 
Eg røska ned ein handklede frå benken attmed meg, pakka det under foten, og psyka meg opp til å kike på skadene. Konklusjonen blei at dette var ikkje vidare suksess; heile fotbladet mitt var blåare enn ein smurf, oppskrapa og såg ikkje bra ut. Neste etappe var kneet. Der vaks det fram eit knøttlite blåmerke, midt mellom arra. Det hadde gått bra. Kneet var i det minste i eit stykkje. 
Eg fekk stabla meg på beina, og innsåg at trass i det meste, er eg tidenes gummikvinne. Foten var kanskje blåslått og såg mindre innbydande ut, men brusk og bein var akkurat der dei var då eg steig inn i dusjen. 

Me kom oss på fest. Noko anna hadde kanskje ikkje ligna meg. Og då ølen min var konsumert, serverte Harelapp meg tequila. I was doomed. Og for å gjere det endå verre, sette Gabbi på karaoken, og då blei i tillegg Dùnedain hakket verre å få med på lasset. Me kom oss likevel heim og til sengs, og underteikna var ljos vaken igjen klokka 06.00 i dag tidleg. Eg enda sjølvsagt med å krype under dyna igjen, og vakna noko meir dehydrert litt seinare. 
Like fult; eg er stolt. Dehydrert, men stolt. 
Og som alltid var det verdas herlegaste gjeng som held fyllekula i gong! Det er aldri keisamt i den kåken; det er folk av ALLE typar som likevel klaffar som hand i hanske der! Det er straighte, lesber, homsar (var ingen, meg bekjend, av type sistnemde der i går, men…) bifile, transer, cross-dressers, gotharar, rockarar, hard-core feministar, musikarar og kontorarbeidarar. Ein heilt fantastisk blanding av folk som kan sitje og diskutere alt frå sex til danske språk-issues, utan at nokon ser rart på deg. ALT blir diskutert, og alle har det kanongøy!! Eg er så utruleg glad eg endeleg har funne ein gjeng individ som er like fucked i skallen som meg, og hadde det ikkje vore for denne klanen, hadde eg aldri funne Dùnedain!! <3 
Syng med den stemma du har, og skrik ut ALT du har på hjarta. I luv these ppl. 

Me ‘n’ ma badass birthday kiwi-chick
(Foto: Christie)

Frost – den omtenksame undulaten. Og Elessär.

Groove Coverage – Moonlight Shadow


 

Dette er Frost. Han er ein sympatisk liten kar. Sjølv om han som regel er sjefen for all faenskap som fjørballane mine finn på, og rask med å skulde på kven som helst som måtte vere i nærleiken, så har han stor omsut for dei kring han. Til dømes den blå undulaten som bur inni speiglen på badet. 
Faktisk har han mistanke om at denne andre karen slit noko med å få i seg mat, kanskje mest fordi han bur INNI skapet mitt, bak speiglen! Så derfor er det viktig å mate Speiglvend-Frost. Noko han gjer til gongs. 

Vel, eg tvilar i alle fall på at den andre fuglen går svolten. Det tek i alle fall Frost ansvar for. Pluss at han passar på at mamma ikkje blir arbeidsledig. 

Men over til nokre skikkeleg fantastiske nyhende: Me skal bli FORELDRE!! Sånne skikkelege foreldre, til ein pelskledd liten krabat på fire fotar! 
Eg og Dùnedain har prata ei stund om at me må få oss ein større og noko meir uthalden hund. Pixie er ikkje ei bikkje som er skapt for snø, regn eller sterk sol, samt at ho er ein smule mørkredd og syns ikkje vind er så kult. Så om ho er med på tur er særs vêravhengig. Lita er ho òg, så lange turar kan fort bli i overkant slitsame. (ho er sprek som ein fole, men det veg ikkje alltid opp for veldig korte bein!) 
Så me har leita og leita etter ein voff som passa for oss. Og her om dagen fann me han! 

Vår nye gutebass, Elessär! Foreløpig har han berre eit namn, men tradisjon tru endar han nok opp med to til. Alle beibiane mine har tre namn, og sånn har det nesten alltid vore. Bortsett frå Frost og Fimbul. Dei nektar å ta imot fleire namn. Dei presenterar seg dessutan stort sett som “plipp-klipp-squeeeek”, så….eg veit ikkje. 
Det er framleis ein månad til Elessär flyttar inn hjå oss, men me skal helse på han igjen om cirka 14 dagar. Han var lite beigeistra for fotoapparatet, så kvar gong linsa blei retta mot han, vrei han seg som ein liten makk! Med andre ord: Betre bilete kjem seinare!
Mest av alt er me spente på korleis han kjem til å gå saman med Pixie! Khavi er ein pus med bein i nasa, og har vokse opp med voffar opp og i mente, så ho er eg ikkje så uroleg for. Men Pixie er og blir ei primadonna og ei lita prinsesse, som krev din fulle merksemd, og furtar om ho ikkje får det! 
Når det kjem til stykkje har ho godt av å få ein bror. Ho treng nokon som kan setje seg på ho når ho ikkje oppfører seg. Og noko seier meg at Elessär er ein perfekt kandidat for jobben! 
 

Oppussing status: Almost there!

AC/DC – Back in Black

Optimalt er det ikkje heilt endå, vel og merke. Stakkars Frost er litt halshogd på skjermen til stasjonær-pc’en min, og på laptop-skjermen forsvinn namnet til Pixie. Men I’m getting there! 

Kom heim til ein Dùnedain i dag, som køyrer Hostel-maraton. Skrekk-entusiast til trass; tortur-porno er IKKJE mi greie. Så han får kose seg på eigahand, medan eg mekka pannekaker og plasserte rompa mi framfor pc’en. 
Like etter var han byrja med å snu opp ned på vasken på badet. Bakdelen med å ha ein mann som er forfengeleg: Av og til ryk perlearmbanda deira, og perlene tettar vasken! xD 
Neidå, er det ein ting karen min ikkje er, så er det forfengeleg. Men han kler seg bra, i det minste! 😉

Timeplanen tettnar til framover, så eg skal freiste å skrive litt nokre dagar i veka. Eg treng det. Det har vore nok gaming på meg siste månadane. Flink jente, gjere vaksen-ting! 
Over og ut!

Hei – som det går!!

Dazed & Confused – Die Antwoord ft. God

Jiiz! Det skjer så masse for tida! Og no går eg inn i ei av dei mest hektiske vekene på lengje, ganske snart! 
So wazzup? 
Vel, fyrst av alt fekk prosjektet til Tommy og underteikna, kortfilmen “Min Elskede“, stønad frå NFI og Vestnorsk Filmsenter!! It’s ON ppl!! Til hausten blir det film, og den skal bli så hinsides bra at eg allereie no har lov å vere i overkant stolt! Hell yeah! 
Så, ein del arbeid der. 

I dag har eg vore hjå dyrlegen med Pixie og sjekka gebisset hennar, og veterinæren var særs nøygd med den perlekvite tannrekkja til beibisen min. Vel, det vetle ho har igjen av den. Pixie har litt kinesisk nakenhund-issues med tennene, i og med at ho aldri mista mjølketennene sine. Så ho har under halvparten av det normale antalet tenner igjen i kjeften! Men ho klarar seg fint, og dei ho har blir pussa kvar kveld, til hennar store irritasjon. Tannpuss er IKKJE gøy, så det resulterar i at eg og Dùnedain må sitje og halde ho og syngje fine songar til ho for å få ho gjennom traumaet. Kvar. Bidige. Kveld. 
Men det er verd det. (ikkje spør Pixie; ho vil garantert nekte for det!) 

Fysioterapeut-timar, by-tur med Ida, Jokke, BK og Rolf Eirik, bilkøyring (jepp, eg prøver igjen!!), husvask, filmprodusent-møter, jentetur på by’n med Wenche….Det har som sagt ikkje mangla på ting i avtalebokji mi. 
Førre helg snudde eg og Wenche verda på hovudet. Eller i det minste by’n. Drog med oss ein random nordlending heim på nachspiel, skremde tydelegvis livet av han, og så hoppa han i ein taxi heim. Og så vidt eg hugsar, er BrukBar sin drink “Selfie” knallgod!! Sånn mental note til meg sjølv, så eg hugsar at eg skal kjøpe den neste gong eg havnar på by’n. 
Denne helga blei det berre ein tur på Finnegan’s med Ida, som var så flink å kome innom hovudstaden på Vestlandet. Der fann me ein brisen BK, ein debatt-klar Jokke, og ein snill Rolf Eirik som svippa oss heimatt tidleg på natta. Ida var kjip og bestilte billettar sørover tiiiidleg på morgonkvisten dagen etter, så me måtte avrunde (etter mitt syn) noko tidlegare enn eg følte for! 😉 

Fine nerdane mine!! 

 

Men me hadde ein herleg kveld like fult. Blei litt mange pils, og BK sa så passande då han såg meg for fyrste gong på over eit år: -Og du; du ser meir Ina ut enn nokon sinne!
Jokke spurde derimot kvifor i alle dagar eg hadde fjerna alt håret, og la til han syns eg var masse finare med langt, oskeblondt hår. I beg to differ. 

Eg skal vere flinkare å oppdatere framover. Trur eg. Det har seg gjerne sånn at når eg får meir å gjere, disponerar eg tida betre. Og sundag er fyrste gong i jobb igjen på eit halvt år! Det skal bli digg. Eg er lei av å vere halt, og no fungerar kneet greit, stort sett. Jippi!
Og vidare har eg full timeplan, så det blir mindre sløving og meir effektivisering. Basta bom. *krysse fingrane* 
 

Kvinneleg stand-up. Hipp hurra.

The Rasmus – Empire

Kva gjer ein på når ein ligg på sofaen med ein fullstendig bedøva fot på venstresida (myggstikk. Eg dempar dei med lokal-bedøvelse….) og ein halvvegs fungerande fot til høgre? Glor på stand-up. Og til dei som lurer på kvifor eg ikkje ligg ute i sola og nyt vèret: Dùnedain tok solkremen min med seg til Austevoll. For å dykke. Jævlig med sol nede på havbotn, har eg høyrd?

La oss no sjå litt på fenomenet “kvinnelege komikarar”. For eg klarar ikkje heilt den sjargongen. Klart, det finst morosame damer! Eg berre….kjem ikkje på så veldig mange i farten? Samanlikna med antal menn, vel og merke. Eg kan ramse opp sikkert hundre menn som driv med stand-up som får meg til å le så eg tissar på meg! Blant favorittane kan eg nemne Eddie Izzard, Dagfinn Lyngbø, Fluffy, Robin Williams, John Oliver….(okay, sistnemnde er vel meir talk-show host, men eg tissar, eg tissar!!) 

 

 

 

Men no har eg då freista å kome gjennom tre kvinnelege moroklumpar, sånn på rappen. Eg starta med Amy Schumer, og blei flau. Så køyrde eg på med Tig Notaro, og kjeda meg. Så runda eg av med Amy Wong, og følte det var noko der, men det traff ikkje heilt blink hjå meg. 

 

 

 

Personleg tykkjer eg desse tre damene er i heilt ulike båsar, og utøver heilt ulike former for komedie. Dei er sjølvironiske, joda. Men det blir ikkje like morosamt som når karane gjer det! Kvifor? Fordi dei er så forbanna sinte!! (ikkje Tig. Trur eg. Gudane veit; det gjekk så sakte i svingane der at eg duppa av….) Eg får kjensla av at når damer utøver sjølvironi, blir det ein sånn: -Dette er grunnen til at eg hatar meg sjølv, og kvifor alle damer bør hate seg sjølv, og derfor er det morosamt! 
Menn tek det meir i rettning: -Joda, så er eg ein liten tjukkas med altfor store øyrer, men det er no arti’ lell!
Ikkje kjenner eg meg igjen i det dei pratar om heller. Innimellom føler eg nesten at dei berre freistar å vere eklast mogleg for å overgå gutta-boyz sin prompehumor: -Ooooh, sjå på meeeeg! Eg kan snakke om bæsj og analsex og korleis musa mi har utvida seg fordi eg har pult altfor mange mannfolk!
Cheers luv, men det blei litt TMI for min del, skal eg vere ærleg. Og eg er ikkje ein gong kjend for å vere vidare prippen akkurat; eg snakkar veldig rett frå levera sjølv! Dei som kjenner meg veit at både skitne vitsar og sex-prat sit ganske så laust hjå meg. Men eg er ikkje interessert i å høyre korleis dei enorme fitteflappane til morrodama redda 12 personar frå eit skipsbrot då dei spende dei opp mellom to palmetre og seigla tilbake til fastlandet!? 

Eg har fundert på om det kanskje til sjuande og sist kjem til at eg ikkje er ei “normal” jente, som ville stilt i høge hælar og miniskjørt, men perfekt frisert hår og knallraud lepestift dersom eg hadde stått på scenen og freista å gjere stand-up. All cred til damene som vågar det; eg hadde ikkje våga sjølv! Men eg hadde nok trappa opp i haremsbukse og ein topp med noko nerdete greier på. Mannfolk stiller jo særs gjerne i dongeribukse og t-skjorte, utslitne joggesko og eit ølglas i neven. Showet mitt hadde nok dreia meir i rettning Eddie Izzard sin humor, og i glaset hadde det sannsynlegvis vore tequila. 

Eg ler av teite nerdereferansar og tørr humor. Gjerne sånn som grensar til så teit at ein ikkje heilt veit om ein skal le eller grine. Ordspel og sarkasme. 

 

Så enkel er eg. Om nokon kan anbefale skikkeleg herleg-teite damer som har matchande humor, så tek eg gjerne imot tips! Hadde vore kjekt å få servert litt magemuskel-trim frå den kvinnelege delen av befolkninga òg!

Stemmer det at dei ikkje har mygg på Island?!

Soundtrack: Lordi – Nailed by the Hammer of Frankenstein

Stemmer det at det ikkje er mygg på Island?! For i så tilfelle vurderar eg STERKT å melde flytting!!

Eg har ei fortid der eg overhovud ikkje kunne fordra sol og sumar. Pussig greie det der med hardbarka gothar/vampar. Eg har gjort det til ei freelance-karriere å tilby meg sjølv som samanlikningsgrunnlag for alle som trur dei ikkje får farge i sola; eg blir ikkje brun. Eg kan halde meg kvit som eit laken, eller raud som ein hummar. Ingen mellomting. Pr. no kan eg framvise eit ganske heftig skilje, men når eg då samanliknar farge med Dùnedain, innser at eg lenar meir mot griserosa enn nøttebrun. Når alt kjem til alt, så gjer det ingen verdens ting heller. Eg er unik, akkurat som alle andre, og ganske stolt av å vere rar, både mentalt og fysisk! ^^

Derimot har eg blitt ganske glad i sumaren! Sjølvsagt likar eg den betre når eg ikkje går på krykkjer, med sting i kneet og ein nyleg overlevd urinvegsinfeksjon. Det følgjer nokre utfordringar med midt i badesesongen, for sånne badenymfar som meg! Men pytt-pytt. Det er andre ting eg kan gjere i finvèret! Liggje i hengjekøyen, plante i hagen, pynte ute og ete masse-masse meir is enn det som er sunt for diabetikarar! 
Det er derimot EIN ting som lagar skår i gleda: Myggen. 
Normale individ får eit myggstikk, klør litt, og går vidare. Eg havnar på dødsleiet. Nei, eg er ikkje allergisk (så vidt eg veit), men om myggen stikk meg på beina, klør eg så hinsides at eg held på å døøøøy!! Andre plassar på kroppen reagerar relativt normalt, men beina? Det er eit eige kapittel. Og ikkje hjelp det at eg tydelegvis er ein vandrande dessert-buffèt for blodsugarane!! Dei elskar meg! Eg er sikker på at det heng posters av meg på eit kvart mygg-tenåringsrom i verda! Det kan virke som om eg går både Justin Bieber og Rihanna ein høg gong i det kjendisuniverset der. Dessverre. 
Og når det er varmt og klamt ute, klør det endå meir. Mitt beste triks så langt har vore å smørje stikka med sprit og aloe vera, og det hjelp i eit begrensa tidsrom. Men så er det like ille igjen. GAH! 
Medan andre sjekkar skapet og tittar under senga etter busemannen, saumfèr eg rommet etter mygg før eg legg meg. Ikkje at det hjelp; eg er nøydd å sove med ope vindauga, og då kjem dei snikande for å forsyne seg likevel. 
Nokon burde byrje å tene pengar på meg; eg kan følgje folk kring i verda, og dei er GARANTERT å sleppe myggstikk. Eg tek dei alle saman. 

Utover det skal eg ikkje klage. Men noko må då eg òg ha å gjere i sumarvarmen?

 

Forglemegei i Bergen sentrum! 

 

Eit søt lita mu eg helste på ute på Herdla <3

 

Frost og Fimbul; to karar som føler dei er på heilt feil side av vindauga i varmen!