Livsteikn…

Eg innrømmar det: Eg er hinsides sløv….

Og betre har det vel ikkje blitt denne vinteren. Som den balestrendingen eg er, så har eg gått i dvale. Ute snør det framleis, til mi store undring, i og med at eg har busett meg rett utanfor Bergen! Det er vel og merke ikkje berre kulden som har teke på, trass i fleire dagar med såkalla “sibir-kulde” her på bruket. Eg fekk omsider ei tilbakemelding frå legen min om at eg har ein skade på menisken, etter at eg med stor entusiasme freista å setje saman ein ny sofa i stova mi før jol. Det har ikkje blitt betre. Og når den isande kulden susa over landet, blei det i alle fall IKKJE betre!! 
Påfølgjande kom ein strekt muskel i brystkassa, som sette høgrearmen min ut av spel i over ei veke, og brått forsvann vatnet vårt fordi underteikna hadde gløymd å setje i rett stikkontakt til varmekablane som skulle halde vatnet flytande. I staden stod me her med fast form i røyra. 

Då gjekk eg og la meg. Verda var både dum og teit, eg følte meg som ein udugeleg bæsj, tatt i betraktning at bæsj i utgongspunktet dug til fint lite. Følgjande skjedde: Eg pakka meg ned i x antal tepper i sofakroken, slo på TV’en og blei der. Halt og skral som eg var, blei eg ubrukeleg på jobben, og eit sosialt liv har eg fint vinka bye-bye til for det meste. 

Men i dag skjedde det noko! 
Medan eg låg og vrei meg i draumeland, hadde eg ein mystifistisk draum om at vatnet vårt var kome tilbake! Eg har ALDRI vore så glad for å vri om vatnkrana og sjå ein flom av reint, flytande vatn straume ut av krana!! Og så vakna eg, gjekk på do, og oppdaga at eg ikkje akkurat var sanndrøymd. Røyra vrei seg framleis i smerte, og eg gjekk noko småsnurt tilbake til dyna mi. Atter ein gong drøymde eg. Denne gongen drøymde eg at eg vakna frå den førre draumen, og gjekk på ny ned for å sjekke om me hadde fått vatn. Denne gongen, som sist, flauma det ut med nydeleg, reint vatn! 
Og så vakna eg igjen. Eg fortalde Dùnedain om den vidunderlege draumen medan eg fekk på meg fillene og gjekk ned. Gjett kva? ME HADDE FÅTT VATN!! 
Så eg har dusja, inkludert heime-spa, vaska klede, rydda litt og styrt på. Oppvasken er omsider teken, og eg er glad som ei lerke her eg sit! Brått var det som om våren var komen for min del, og skrivekløen byrja å murre i fingertuppane. 
Så gjennstår det å sjå då, om eg klarar å vedlikehalde den! <3