Filmanmelding: It comes at Night

It Comes at Night

Amerikansk thriller – 2017
Med Joel Edgerton, Christopher Abbott & Kevin Harrison Jr.
Regi: Trey Edward Shults
Lengde: 1 time 31 minutt

Korleis overlever ein apokalyptiske tilstandar? Ikkje ved å isolere seg fullstendig i ein villa uti skogen i alle fall!

Då eg høyrde om filmen fyrste gongen, tenkte eg at det var ein skrekkfilm, og det virka særs lovande. Ein familie isolert i skogen, der dei lever etter strenge reglar for å overleve. Ei raud dør som ingen får opne, medan ein skummel sjukdom rasar i verda, og så kjem det nokon og bankar på. Brrrr!

Og det startar så bra; stemninga er dyster og trykkjande frå fyrste stund. Det einaste eg sit og irriterar meg over, er at eg aldri føler eg får ein skikkeleg oversikt over korleis dette enorme huset er delt inn! Det er eit rom som er dekka av plastikk, to soverom, ein korridor, eit kott og eit slags kjøken. Så blir det fire soverom. Og brått har me eit ekstra rom som visstnok tilhøyrde ein fyr som heitte Bud. Men kven svarten er Bud?! Litt lengjer inn i filmen, får eg mistanke om at det kan vere bestefaren. Som forøvrig døyr heilt i starten. Greit. Eg kan leve med det. (og for sikkerheits skuld googla eg det, og det viste seg at bestefaren faktisk heitte Bud. Mystery solved.) Me er tilbake til fire soverom. Og eg tenkjer med meg sjølv at det er kanskje ikkje ein dum idè å vise så lite av huset som mogleg, og ha det så mørkt som råd i alle rom, for ein kan tross alt spare ganske masse på scenografien på denne måten!

Men me er ikkje heilt ute av skogen endå. Faktisk, me er ikkje ute av skogen i så mykje som eit minutt i denne historia! Situasjonen blir stadig meir og meir anspend mellom dei seks + ein hund som gøymer seg bak gjenspikra dørar og vindauger. Etterkvart som historia utspinn seg, dukkar det stadig opp nye spørsmål som eg sit på nåler etter å få svar på.
-Pyttsann, tenkjer eg. -Det kjem vel ein genial tvist på slutten, og eg får svar på ALT eg lurer på!
Så eg ventar. Og gler meg. Og trådane blir stadig fleire, og eg gler meg som ein unge på jolekvelden til eg skal få nøste opp alt saman og kan krype til sengs med eit tilfreds smil.
Kvifor lyg Will?
Kven er dei to mennene i skogen?
Kva var det som smitta Stanley?
Kva er det slags sjukdom som har råka menneskeheita?
Kven opna den raude døra?
Men, nei. Det kjem aldri. Brått går skjermen i svart, og rulleteksten snurrar i gong. Tilbake sit eg og måpar. For sjølv om filmen var nydeleg på så utruleg mange måtar, så heng det fleire lause trådar i lufta enn på ein gjennomsnitteleg trådsnellefabrikk!
Og det største spørsmålet av alt: Kva i helsike var det som skulle kome om natta?!

2 kommentarer
    1. jeg har dessverre ikke sett den filmen, så dette er noe jeg gleder meg til. likte veldig godt dette innlegget.. du skriver utrolig bra, og gir en slik innlevelse og dybde som jeg ikke har sett maken til.. fortsett med å skrive så bra som du gjør.. jeg heier på deg

    2. Joachim Hovland Vik: Tusen takk! 😀 Og beklagar seint svar; eg er ikkje den flinkaste å følgje med på bloggen min, tydelegvis….*burn* Eg har eit håp om å klare å skrive fleire sånne innlegg, men skrivelysta har latt vente på seg….Vonar den tek seg oppatt snart! 😀

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg