Løpetid og husvask og fandens oldemor!!

Eg er så sliten. Sååå sliten. Men huset er nedvaska, og eg byrjar å sjå ein ende på galskapen. La oss då berre slengje inn ein hannhund og ei tispe med løpetid, berre for å gjere ting litt ekstra spennande. 

Soundtrack: Wheeler Dealers

Slik ståa er no, må Elessär og Pixie vere adskilde. Både for vår og deira skuld; Elessär nektar å gje syster si fred, for gjett kva? Akkurat i det han kom i puberteten, køyrde ho i gong med løpetid. Stakkars guten fattar og begrip ikkje kvifor han brått oppfører seg rart, og kvifor Pixie er så spennande. Han grin og stressar, og Pixie er grumpy som fy. Khavi og fuglane nyt at ingen bryr seg med dei, men bikkjene driv gamlingane sine til vannvidd.

Så, what else is new?
Vel, eg har hatt bursdag! 😀 Det blei, tradisjonen tru, feira med ein aldri så liten weekend-festival. Laurdagen hadde eg vors her i nye-kåken, før me (det vil sei: Sara, Wenche, Sandra, Elin og Linn. Og meg sjølv, åff kårs.) snudde snuten ned mot by’n, der me dansa i timesvis og konsumerte litervis av alkoholhaldige substansar.

Wenche blei grundig nedvaska av Pixie under vorspielet!

 

Party-crewet mitt på 90-talskveld på InSide!!

 

Wenche og meg nyt ein siste strawberry daiquiri på Tonga før me la inn årene

Heilt fantastisk kveld, utan tvil! Den enda på Tonga Bar, der eg og Wenche tømde i oss kvar sin strawberry daiquiri, som ga oss au i magen, og fekk oss til å ta til fornuft og kome oss heimover. Eg presterte i same rennet å øydeleggje ein fyr for livet. I køen kom det 4-5 dritungar som snakka høgt og heftig om sine kvinnelege erobringar, med det resultatet at underteikna snudde seg og tok eit godt grep om utstyret hans, medan ho proklamerte: -Er det ALT du har å skryte av?!
Nuvel. He had it comming.

Dagen etter var det roleg kakefest, der Dùnedain diska opp med sjokoladekake, marsipankake, bollar og is! <3 Svigers kom innom, samt lillebror med familie. Heilt fantastisk koseleg! ^^
Og så fekk eg litt økonomiske bidrag til shoppoholicaren i meg, så i dag var eg på Lagunen for å utforske utvalet. Gina Tricot-buksa som eg har sikla på ei eve (slengbukse i kamuflasjemønster!!!) var sett ned frå 299,- til 125,-, så brått hadde eg peng til overs, og kunne innvistere i ein herleg tunika i tillegg!! Så fekk eg nye sølvøyredobbar på Glitter, handla litt mat og fekk med meg nokre potteplanter heim. Stort betre kan det vel ikkje bli!
Eg kan òg informere verda om at eg tydelegvis har vore ein tur innom ei tidsmaskin på vegen, for ikkje berre var det slengbukser i ørten variantar i butikkane, men dei sel Buffalo-sko på DNA no! Til den nette sum av 1700 kroner, eller noko deromkring. Ikkje heilt innanfor med mi lommebok, men eg skal ikkje nekte for at nostalgien trengde seg på….Ikkje nok med det, men det var ikkje grenser for kor mange butikkar som spelte 90-talsmusikk?! Eg skal ikkje vere vanskeleg; eg føler meg særs heime i den epoken, eg!

Og så good newz: Kåken på Askøy er historie. Eg har vaska og skurt og gnukka og gnidd, og no ser huset overkomeleg ut. Det er mykje som må gjerast for at nokon skal kunne bu der igjen; loftet var rett og slett i kritisk tilstand no som me ikkje har budd der og lufta eller hatt varme på!!

Venstre sida: Skurt ned. Høgre sida: Generell før-tilstand.

Det var ille, for å sei det mildt. Det trengst minst 3 nye ventilar i huset, ei skikkeleg vifte på badet, oppvarmingsmoglegheitar som ikkje baserar seg på elektriske ovnar, ein GOD del måling og utskifting av heile lofttaket. Eg er veldig glad EG ikkje må ta meg av den oppgraderinga….!!
Men nøkkelen leverar eg i morgon, og så er nok eit kapittel tilbakelagd. Og sjølv om det er noko vedmodig, etter 11 år i den stova, så skal det bli godt å basere seg på å bu varmt og tørt, og med plass til eit spisebord i stova! 😀

Ny laptop <3

For fyrste gong i mitt liv har eg vore i ein fysisk butikk og kjøpt ny laptop. Splitter ny ASUS-maskin; liten og søt. Og det er som å ha eit blankt lerret framfor seg. Det er ikkje grenser for kor skrivetrongen brått melde seg i sama rennet!! 

Soundtrack: Seigmenn – Hva Vi Elsker

Skrivestova mi er oppe og går, og i dag: Ny pc. Slike ting gjer meg glad. Av sorten happy-happy-wheee!! Eg har faktisk til no i livet berre kjøpt eller overteke brukte laptopar, både av økonomiske og praktiske orsaker. Men denne gongen er det BERRE mi maskin! Ingenting anna enn det EG vil ha på den! Tek itt tid å bli van med Windows 10….Så moderne har eg aldri vore før! xD *gamlingen*
Så då har eg omsider fått innstallert mesteparten av alt som er livsnaudsynt, og hadde etter planen tenkt å skrive eit laaaaaangt innlegg, med masse-masse bilete, men guess what? Alt eg skulle ordne på nye-data’n tok så lang tid, at no må eg finne senga! :O

Så i  morgon er atter ein dag. La meg berre håpe eg ikkje blir ståande på Askøy og vaske ned hus til kyrne kjem heim. Hmfp.

Paranoid menstruell!

I omtrent ei veke kvar månad, blir eg eit monster. Ikkje eit typisk premenstruelt monster, som bitcher og kastar tallerkar veggimellom. Eg blir eit psykiatrisk prakteksemplar, ei vandrande doktor-tese. Frå WonderWoman til tvangstrøye-kandidat på 1-2-3. 

Soundtrack: The Red Dragon (2002)

Det er berre nokre dagar før Tante Raud kjem på vitjing, og dei fyrste dagane inn i denne festen av ei veke me skal gjennom ein gong i månaden. Brått er eg paranoid. Full i angst, delvis hypokonder, og eg skal sannsynlegvis døy i løpet av dei komande vekene. Er det ein svulst som ligg og lurer under huda? Eller er det mogleg at det berre er ei bittelita kvise? Smertene i ryggen; er det gikt? Er eg gravid? Er det omgongssykja eg har fått? Eller er det kreft?
Det går så langt at eg må kjefte litt på meg sjølv, noko som igjen hjelp meg på vegen mot å fundere på om eg eigentleg er litt schizofren.

Eg veit ikkje om det eigentleg er normalt. Som ei som lid av PCO-syndrom, var eg ganske vaksen før eg fekk mensen til noko lunde faste tider. Så eg har mykje å lære. Blant anna har eg fått erfare at ein kan få smerter i korsrygg og lår, noko som visstnok kan oppstå under ein fødsel.
Men smerter kan eg leve med. Ein poppar nokre smertestillande og held fram. Mi store utfordring er at eg blir så borti veggane utmatta. Ikkje trøytt og sliten, som etter ei hard arbeidsveke. Me snakkar fullstendig blotta for overskot, og ei trong til å sove minst 25 timar i døgnet. Det er heilt absurd kor trøytt eg kan bli!  Og kvar gong tenkjer eg at NO har eg fått kreft. Dette er sikkert slutten. Eller i det minste ME.

Men så går veka mi mot slutten, og eg innser at det var visst berre i hovudet mitt denne gongen òg. Brått forsvinn monsteret i speiglen. Energien kjem tilbake. Hjernen fungerar igjen. Og eg prisar meg lukkeleg at det er ein månad til neste gong.

 

 

 

Status: Delvis i dass

Det er allereie gått ein månad sidan siste livsteikn, men det fristar eigentleg ikkje så masse å skrive på dette nye bloggoppsettet her….! Mest fordi eg ikkje har orka å setje meg inn i alle nye funksjonane i interface’n her. Men det skal bli betre, det har eg i alle fall lova meg sjølv! 

Soundtrack: AC/DC – Back in Black

Eg skuldar litt på formen òg. Siste vekene har eg vore noko sjaber; eg går og er småpjusk heile tida. I dag vakna eg med merkeleg hovudpine. Ljoset som kom inn på soverommet var rett og slett berre skikkeleg ubehageleg, og eg enda med å krype under dyna igjen etter at eg stod opp, og venta på at sola skulle gå ned og ikkje reflektere i snøen utanfor. Då blei det betre. Men eg har framleis kjensla av ein blyklump i skallen, innhylla i piggtråd og stålull.
Magen er uggen, ryggen fuskar og eg er generelt sliten. Men på eit eller anna tidspunkt kan det ikkje gå meir nedover, og ting må vel snu? Bank i bordet!!

Ellers døydde min høgt elska data her om dagen, og eg sit med Dùnedain sin og freistar å bli vener med den. Ting eg må invistere i byrjar å hope seg opp; eg treng ny printer, ny pc, ny skjerm til stasjonæren, og eg kom over ei bukse på Gina Tricot som driv å ropar på meg.

Men eg er i det minste komen i gong og skrive igjen (håpar eg!!) så snart kan eg vel leggje ut innlegga som eg har byrja på, men som aldri kom lengjer. They are on their way!
No har Dùnedain mekka orientalsk gryte, så mat i skrotten er fyrste prio.