Livsteikn!

Dæng. Så har det ikkje blitt heilt som planlagd med blogginga mi sidan….uhm, forever. 

Eksamen, skulearbeid, student-TV, mannfolk, pusekattar og ikkje minst nokre påkrevde WoW-breaks har vore ganske så essensielle siste tida. Men sumarferien er her, og eg vurderar å leggje om livsstilen. Igjen. 
Nei, eg skal ikkje koste støvet av joggeskoa og kutte ned alkoholinntaket. Heller ikkje leggje om kosthaldet. Ikkje så masse i alle fall. Litt mindre grillmat hadde sikkert gjort seg, men så lengje kursen er nokon lunde stø og hovudinnhaldet er kyllingfilèt og salat, så er det knapt nokon som kan klage.
Men det å faktisk P-L-A-N-L-E-G-G-J-E dagane sine, hadde heilt sikkert vore ein god start. Sånn som å stå opp til ei cirka fast tid, ete faste måltid og tenkje i følgjande baner: “Eg kunne jo sett meg ned og skrive litt….? Sånn etter at eg har teke oppvaska og skifta i kattekassa?”
Det er planen for sumaren å innføre. (og har me høyrd DEN før lzm?)

Men kors på halsen; eg saknar å blogge. Eg saknar å skrive, og eg saknar å sosialisere meg både online og IRL. Eg har ikkje vore den flinkaste der siste månadane. Og det innrømmar eg. I guess it’s called luuuuv <3
Så, ein kjapp øppdeit er kanskje på sin plass:

**1**

Eg var singel. Så var eg det brått ikkje likevel, men i staden nyforelska og rimeleg happy. 10 års ekteskap var lagt bak meg, og i april flytta min beste ven og nye kjæraste inn her hjå meg. KissKiss, som er det særs klissete namnet eg har…uhm, klistra på han. Han kallar meg Alven. Kosealven. Og me er skikkeleg teite, begge elskar Monty Python og kattar (eg elskar jo alle dyr, så sånn sett er det greit for meg!), og me kranglar om dei teitaste tinga i verda. Som kven som har laga ripe i steikepanna, og kvifor det ikkje er ein genial ting å vaske hendene i oppvaskkummen når den er full i oppvask. Og gjett kva? Eg elskar det. Eg føler meg 19 år igjen. Ære-være-K’Man. <3

 

Og så er me supernerdar begge to; han elskar tekniske duppedittar og ting han kan skru på, er eit matematisk fantom og kan merkelege ting som eg ikkje ein gong anar kva er for noko. Som til dømes Java. Som eg BURDE vite kva er for noko, men som eg etter å ha studert det eit halvt år, innsåg at var klingonsk for meg. Og eg elskar dataspel, fantasy, dragar, dokker, datamaskina mi og denslags ting som er viktige i livet. 

**2**

Eg er blitt mamma igjen! Til verdas nydelegaste vesle gut, som har fått det velklingande namnet St. Angus McLennard I. Eit namn som verkeleg står i stil med Khavi-Malawi Maluski og Raphaela Salvadòra von der Bustenskjold III, som er blitt stolte storesystre. Puseguten vår blei henta frå Hardanger i mai, og har altfor mange tær og enorme fotar i forhold til resten av den vesle kroppen, men han er så fantastisk at det går ikkje an å ikkje elske han frå fyrste stund. Me måtte vel og merke omplassere Marky då eg og x-lusken gjekk frå kvarandre, og eg saknar det å ha hund så masse at det verk i kroppen, men eg må nok sjå i øyrena at K-Man har rett når han seier at hund krev litt meir tid enn kva me har til rådigheit framover…..

**3**

For fyrste gong i livet kan eg sjå meg i speiglen og tenkje “WOW”! Eg har framleis meir på kroppen enn det rosabloggarane har sett som standard, og p-plasteret mitt gir meg så masse kviser at eg ser ut som ein pizza i trynet. Og etter at eg fekk pusebeibi i huset, har leggane mine utvikla seg til noko som minnar om ein kryssning mellom ein entusiastisk sjølvskadar sitt meisterverk og eit halvhjarta Picasso-måleri, men eg gir bæng. Denne veka bada eg faktisk topplaus utan å ofre tilskodarane ein tanke, og gå tilbake eit halvt år så ville det vore sånn cirka det siste eg hadde gjort her i livet. Eg hadde for så vidt sannsynlegvis frose ihjel i prosessen i tillegg. Men eg føler meg BRA! 

….i det store og det heile er eg ganske så lukkeleg. Og det føles fantastisk. Nokre ting endrar seg neppe; eg er framleis pepsi max-addict, spelar altfor mykje dataspel, har endå ikkje funne ut kva eg eigentleg vil bli her i livet, og døgnet har framleis for få timar å ta av. Men det gjer ikkje så mykje. Og strengt tatt er det eigentleg det aller viktigaste.