Kva i alle dagar er det som får ein godt vaksen mann til å kike ned på tissefanten sin og tenkje: -Hm! Kanskje ei fullstendig ukjend dame kunne tenkje seg å sjå han her?
Soundtrack: Miracle of Sound – Valhalla Calling
Eg og ei venninne tok ein prat om dette fenomenet i går. Og det slo meg at i heile mitt liv har eg faktisk berre motteke EIT dick pic! Det var i tillegg på den tida mobiltelefonane hadde så dårleg oppløysning på bileta sine at du måtte gjette deg fram til kva du såg på. Litt sånn “connect-the-dots”-konsept.
Ikkje at eg saknar det på nokon måte; eg tykkjer eigentleg ikkje at det mannlege kjønnsorgan er så veldig innbydande. Tidlegare var eg sjølvdiagnostisert med det eg kalla “kuk-angst”; det vil sei ei ibuande frykt for brått å bli vitne til ein snabb i fri dressur på eit uventa tidspunkt.
Når det var planlagd at den skulle dukke opp var det greit. Men pikkar frå det store intet kunne eg glatt styre min entusiasme for.

Det er eigentleg litt fascinerande korleis mange gutar og menn slit med usikkerheit kring sine eigne kjønnsorgan, men å dele ut bilete til jenter dei ikkje ein gong har møtt heilt ukritisk er null stress.
Kva forventar dei eigentleg? At dei kvinnelege mottakarane skal bli så entusiastiske over den piskeklare laksen til avsendaren at dei hiv seg over telefonen for ein booty-call med det same dei opnar meldinga?
Trur dei at vår fyrste tanke er at me skal sende noko tilbake? Og er det så allright å gå kring og vite at pikken din ligg i DM’en til eit kvinnfolk du ikkje anar kven er?
Uansett så byrja eg å filosofere litt kring temaet.
Kanskje er det rett og slett slik at eg utstrålar noko på eitkvart bilete av meg online som skrik at å sende noko slikt til meg er ein særs dårleg idè. Og la meg understreke: Det ER det.
Dersom ein korttenkt kar hadde site og nappar løken, og brått fått eit innfall om å vidarekommunisere syslene sine til meg, så er det ein viss fare for at han hadde kome til å angre. Hardt og lengje, pun intended.
Eg hadde ikkje vore i stand til å motstå trongen til å gje fyren ei solid analyse i retur, som han mest sannsynleg ikkje hadde sett vidare pris på. Generelt har eg lite fint å sei om denne kjøtstanga mannfolk går kring med mellom beina, og ikkje få meg til å byrje på den tafatte sekken som heng under!!
Den funkar til formålet, men eg har inga interesse av å fordjupe meg i fysiologien, særleg ikkje på framandfolk.
Og så var snøballen i gong å rulle: Kva meir kunne ein gjort med eit rykande ferskt snoppe-shot?
Å sende eit i retur hadde vore ein god start. Eg har aldri send nokon så mykje som eit lettkledd bilete av meg sjølv, langt mindre eit bilete av staken! Noko som nok kokar ned til at eg ikkje HAR ein, men det treng jo ikkje karen å få vite.
Reaksjonen hadde nok vore upåklageleg når han opna fila og stira rett på eit heftig utstyr med ein knytneve i eit godt grep kring rota og teksten: -Og her er min!
Eit anna alternativ hadde så absolutt vore å svare med eit: -Takk for tilskotet til samlinga mi! for så å gje han ein link til nettsida eg har oppretta med eit nydeleg galleri av tilsende understell. Med fullt namn, må vite.
Det sneik seg inn eit realt kunstverk i tankane mine medan eg sat og funderte. Eit slikt pixlete bilete samansett av mange små bilete, som summa sumarum utgjer eit anna bilete, om det gir meining? Der du kan klikke på eit og få opp eit STORT bilete av ynskjeleg kølle for nærare inspeksjon.
Men i og med at eg har vore lite utsett for desse noko spesielle sjølvportretta, så måtte konseptet sjølvsagt vore eit samarbeidsprosjekt mellom meg og alle kvinner der ute som mottek denslags junk-mail.
La det vel og merke vere ei åtvaring til alle deletrengde herremenn der ute: Berre gje faen. Ikkje del ut dine edlare delar på måfå, for tenk om nokon som meg får kloa i dei. Det vil ikkje ende godt.




















