Historien….på repeat?

Alle snakkar om holocaust; om korleis jødane blei behandla, drepne, forfølgd og jaga rundt i verda. Me grin når me ser “Schindler’s List”, og tenkjer: -For ein modig mann! Eg skulle ynskje eg kunne gjort det same, og redda så mange mennesker!
Hugsar du den vesle jenta i den raude kåpa? Ho som er den einaste fargen i ein lang fim i svart/kvitt? Ho døyr. Verda som utspelar seg på filmen er basert på sanninga. Om mennesker som døydde. Som kjempa og flykta, mange av dei fånyttes. For så mange av dei fekk aldri kome heim til familien sin og leve eit trygt liv. 

27. januar 1945 blei Auschwitz-leiren frigjort av sovjetiske stykar. Alle har sett bileta av det som møtte soldatane. Dei utsvoltne kroppane som knapt kunne halde seg oppreist. Som ikkje kunne halde seg oppreist. Død, oppklorte veggar i gasskammer, skohaugane, dei medisinske eksperimenta. Og verda lova seg sjølv ein ting: Dette skulle ALDRI gjennta seg. 

09. desember, 2015. Media, sosiale media, den vestlege verda….Det boblar over med eit framandhat me knapt har sett maken til. Bygningar som var meint å huset born blir sett fyr på. Det går ikkje ein dag utan at ein kan lese om korleis dei med mørkare hud eller hår blir trakassert. På gata. I media. På trikken. Born blir dytta i grøfta av vaksne mennesker som burde vite betre. Ein ser skrått på alle ein kan sjå at kjem frå andre delar av verda. Og det er blitt greit. Ein har på mange måtar forsont seg med at folk er redde, og då er det lov. Dei kan ha ei bombe. At Mohammed gjekk i klassen din på ungdomsskulen tyder ingenting. Han kan vere farleg. 

Eg blir kvalm. Og situasjonen blir ikkje mindre skremmande når Donald Trump står på talarstolen sin borte i Ju-Naiten og tek til ordet for at muslimar må ha spesial-ID. Den visa har me høyrd før, frå ein viss kunstmålar i Tyskland, som øydela ein eigentleg ganske så fancy bartefrisyre for all framtid ein gong på 40-talet. (Ein kan kanskje hevde tupèar er i ferd med å bli ei utdatert greie òg no….?)

Korleis enda me opp her? Kor tid gløymde me all medkjensla me hadde for ei folkegruppe i fortida? Kva er det som gjer situasjonen no så ulik situasjonen då, i eit sånt omfang at me syns det er greit å oppføre oss som neandertalarar?! Har me ikkje lært noko av tidlegare feilgrep? 
Og ein av dei tinga som verkeleg gjer situasjonen heilt vannvittig, er korleis eg har sett enkelte KRISTNE mennesker reagere! Det får meg til å hate konseptet religion så brennande intenst at eg nesten eksploderar! Kva skjedde med “elsk din neste”, “snu det andre kinnet til” og “du skal gjera mot andre det du vil andre skal gjera mot deg”? Kjære Jesus-fanatikarar; kva i alle dagar er greia med å kalle dykk kristne om de ikkje klarar å følgje dei VIKTIGASTE reglane guden dykkar har gitt dykk?! 
For ikkje å snakke om ramaskriket som kom over at religiøse symbol måtte fjernast for å huse flyktningane. Heile den situasjonen var berre flau; det var eit felles krav om at lokala skulle vere nøytrale, men brått var alle i Noregs land så religiøse at ein kunne få mark av mindre. 

Er det her eg skal kome med eit råd? Ein konklusjon? Nokre velvalde ord eller ein sarkastisk og morosam avsluttning? 
Eg har ingen. Eg håpar berre at folk innser kva for sinnsjuk spiral me er komne inn i, og tek tak i seg sjølv. For slike haldningar har ført til tragedie før. 

 

Ynskjeliste 2015

Så var me der igjen då! Jola står snart for døra, og året har swoosja avgarde. Så no er det på tide med ei oppdatert ynskjeliste! I år startar me med dei “små” tinga til ein forandring: 

Kubbe – og kuleljos
Snop (sjokolade, marsipan, vingummi….Nom er alltid ein hit! ^^ ) 
Alkohol (gjerne kvitvin! ^^)
Gøye strømpebukser str. M/L (har akkurat rydda klesskapet mitt, og det er no litt slunkent på strømpebuksefronten)
Pengar
Fin-fin servietthaldar – gjerne noko i litt shabby chic-stil! Litt i denne rettninga:

Awsomme gensarar/toppar og svarte (enkle) singlettar (med eit lite uval som døme:)

Europris-koffertar – dei har nokre heilt RÅ trillekoffertar på Europris som eg har veldig lyst på!! Og så treng eg verkeleg ei ny koffert òg

Terningar! Eg treng nokre av dei, til rollespel og denslags. Ein får tak i slike på Outland, blant anna: 

Gjerne med glitter og i fancy fargar! 

Gåverkort hjå frisør, tattoo, piercing og negledesign er òg motteke med opne armar!
Og som vanleg så kjem Ringenes Herre-RISK på lista, med eit håp om at 2015 er året!

Sengesett treng eg òg. Type to dyner og to puter…

Av dei litt dyrare tinga på ynskjelista mi, ligg følgjande ting: 
Playstation 3
Vinterjakke
Ny mobiltelefon
….og ein sånn flott golvljosestake!!

Og så kjem då den vanlege delen med CD’ar, DVD’ar, lesestoff og sånt noko.

CD’ar/vinyl:

Nick Cave & The Bad Seeds ? Murder Ballads
Die Antwoord – $o$
Tori Amos ? Little Earthquakes

 

Filmar/seriar (bluRay, DVD):

The Walking Dead season 5 & 6
Angel season 2, 6 & 7
Hobbiten-triologien

Dataspel:

Deadpool

Bøker:

Harry Potter-bøkene, helst på engelsk
Deadpool (du finn den eg har i tankane her:  https://www.platekompaniet.no/bok/deadpool-daniel-way2/)

 

Teikneseriar:

Buffy The Vampire Slayer
Angel
Spike & Dru
The Walking Dead (har #1!)
Fables

Og fordi Kriss er så kjempesnill, så har han sett saman ein liten inspirasjonscollage til meg, med alle bilete av ting eg elskar! Så om du kjem over noko av dette, så tenk på meg! 😀