Anmelding: Texas Chainsaw Massacre

                                                  Texas Chain Saw Massacre


Amerikansk slasher (2022)
Med Sarah Yarkin, Elsie Fisher & Mark Burnham
Regi: David Blue Garcia
Lengde: 2 timar 15 minutt

Netflix meinte Leatherface trengde å revampast. Som om ikkje det allereie har vore prøvd cirka førti gongar allereie.

Eg har sett verre. Som då Renèe Zellweger måtte ta opp kampen mot Matthew McConaughey og ein drag-inspirert Leatherface spelt av Robert Jacks. Det var ei fysisk vond opplevjing.

Men denne gongen er det fire ungdommar som, tradisjonen tru, er ute på den amerikanske landevegen og endar opp i ein spøkelsesby i Texas. Ikkje grunna biltrøbbel eller ein halvdaud hillbilly i vegkanten denne gongen, men fordi dei har ein slags hippie-draum om å starte eit nytt lokalsamfunn for unge gründerar.
Me møter den klassiske grumpy bilmekanikaren og bensinstasjonsarbeidaren (denne gongen fordelt på to karakterar), hillbilly-haldninga blant lokalbefolkninga og kjensla av at nærmaste nabo er tre dagar med jumbojet unna.

Og så ligg det ein barneheim i denne byen, driven av ei gamal dame med oksygentanken rullande etter seg. Ho har ingen born på denne heimen sin, berre ein svær bjørn av ein mann, som ho omtalar som “the last one of my children”.
Derifrå er det ikkje tvil om kvar historia går vidare.
Det blir hovud som flyg gjennom lufta, tarmar som dinglar ut gjennom eit bussvindauga, blodet sprutar og motorsaga brummar. Ingen revolusjonerande take på story’n der!

Men regisøren og manusforfattaren har gjort nokre halvhjarta forsøk på å formidle…eit eller anna. Gudane vite kva det har kokt ut i, eller ifrå for den saks skuld, men det er nokre krampetrekkjande referansar til dei velkjende “school shooting”‘ane som gjerne går av stabelen hjå våre vener på andre sida av dammen.
Lila, spelt av Elsie Fisher, overlevde ein av desse skyteglade galningane som valde å feire graduation-day med eit smell, og er derfor skvetten når det kjem til våpen. Noko gir ikkje filmen oss. Ho er redd pang-pang’ar; deal with it.
Og kvifor og korleis havna Leatherface på ein barneheim?
Med litt tweaks og endring av historia kunne det ha funka som ein ny film (sjølv om bakhistoria til denne Leatherface-fyren hadde vore interessant å få eit innblikk i uansett) men i og med at Sally, spelt av Olwen Fouéré, er med i historia og det fleire gongar blir referert til den gongen den opprinnelege handlinga fann stad, så er det tydeleg at dette skjedde lengje etter at Sally kom seg unna med å hoppe opp på eit lasteplan i 1974.
Og ikkje nok med DET: når Sally gjer eit comeback som bad ass grandma på jakt etter hevn, så blir det heile så anti-klimatisk at….Nei. Eg trur ikkje eg har ord som kan klare å dekke kjenslene mine kring akkurat det.

Eigentleg kvalifiserar dette seg til ein terningkast 2. Men eg lar den få ein ekstra prikk rett og slett fordi:
1) Filmen SER bra ut. Fotomessig syns eg dette er noko som fortenar i det minste bittelitt skryt.
2) Sjølv om filmen i seg sjølv er noko platt, så likar eg karakterane. Eg ville skulle berre ynskje at dei fekk litt meir tyngde og forhistorie! Det hadde løfta filmen i alle fall endå ein prikk!
3) Om du er litt goore-frelst, så er det greit med slikt her. Eg likar goore. Hovudsakeleg fordi eg er av typen som ler når nokon blir hengjande fast i eit bussvindauga og saga over på midten på tarmane heng att og dinglar når torsoen ramlar ut. I’m datt kind of girl. Og eg refererar til ei scene i filmen. Såh det.
4) Eg lo opptil fleire gongar. Høgast og lengst då eg såg “forsidebilete” til filmen:

Eg meinar; kom igjen. Har du sett makan til tafatt type der ute i dei visne solsikkene? I eit nølande augneblink sat eg å vurderte om det passa seg best å le eller grine. Eg gjekk for å le.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg