Ynskjelista 2013! Hurra!

Eg er ganske imponert over kor effektive og tidleg ute folk er med julehandelen i år! :op Når EG faktisk blir spurd om ynskjeliste? Haha, DEN var ny! xD

Og i år er den ikkje så sjukt lang heller? Eg har faktisk greidd å få både kinesisk nakenhund OG den fancy-smansy skoa eg har sikla på i over eit år!! Så hipp hipp hurra! :oD
Men tradisjon tru så må det stå NOKO på lista mi. Heilt klart. Så her er den. Ynskjelista 2013!

Det er mange ting eg treng, sånn sett. Det er ikkje alle invisteringar eg har vore like flink å prioritere. Så fyrst av alt; dette TRENG eg:

 

  • Gummistøvlar (gjerne med naglar!!)

  • Regnjakke. Allvêrsjakka eg har blir våt igjennom, så den er tydelegvis ikkje rekna for «all-vêr»

  • Søte lift ? eller kappegardiner til kjøkenet (i ljooose fargar!)

  • Ei allright vedkorg. Det er lite sjarmerande å ha ein IKEA-pose full i ved ståande i stova.

  • Ei fancy krydderhylle. Gjerne litt shabby-chic’ish. I sånn stil kanskje?

 

 

Og eg treng klede til Pixie. Ho er jo ein liten rockevoff (ja, ho ER det faktisk!!) og treng helst litt varme ting no i vinterkulda. Nokre rundar på Google visar at det OSAR av fantastiske klede til småvoffar!

 

Og seng må ho jo ha! Eg er ikkje storkrevjande sånn sett; ei pute’ish greie burde halde! Men sjåååå på dei fine eg har funne på nettet!!

 

 

Så var det den litt meir «har-så-lyst-på»-lista mi.

 

  • Staffeli (anten til å ha på bordet eller til å stå ved. Samma det; eg vil male i med rett rygg!!)

  • PENGAR!! Sparar til to ting: Hawaii-tur og til ny sofa! Snart. Når dyra har lært å oppføre seg.

  • The Sims 3 – Årstider

  • PlayStation 3 (den 4’aren er berre jall. Ikkje kompatibel med spela eg alt har ein gong!)

  • Oppbevaringsboksar til vaskepulver. Her er eit døme:

  • Yoga-matte

  • Webkamera

  • Monster High-dokker!! Mest av alt ynskjer eg meg Clawdeen Wolf, Scarah Screams og Howleen Wolf!

Og til slutt: LOTUS-LYSESTAKAR!! Har forelska meg heilt i dei!

Alle fargar og størrelsar er hurra!! ^^

 

Og så er det sjølvsagt alle bøkene og DVD’ane og CD/LP’ane (jepp, har faktisk skaffa meg heile to LP’ar dette året!)

DVD/BlueRay:

StarWars-samlinga (helst på BlueRay)

Freddy vs Jason

Evil Dead (den nye!)

Evil Dead 2

True Blood, sesong 2

The Walking Dead, sesong 1 & 2 (og 3 og 4! :op)

 

Bøker:

I Am Legend

Hitchhiker’s Guide to The Galaxy

Alle Harry Potter-bøkene, gjerne på engelsk!!

 

CD’ar:

HIM ? Tears on Tape

P!nk ? The Truth About Love

Nick Cave & The Bad Seeds: Murder Ballads

Die Antword – $O$

Die Antword ? Ten$Ion

 

Og om du er i kategorien «gåvekort er geniale» (noko eg er veldig einig med deg i!!) så er følgjande butikkar mine favoritt-sjapper:

 

Outland

Indiska

Dragens Hule

Kremmerhuset

Åhlèns

Platekompaniet

 

Og for dei som syns sånt er greit, så ligg jo alltids ynskjelista mi til Dragens Hule her, og blir berre lengjer og lengjer for kvar gong eg er innom sida:

 

http://www.dragenshule.no/wishlist.cfm?uid=A80411D0F68D76B252B13D1EEBC75E84-32498

 

 

Vel, kortare blir ikkje lista mi uansett, men eg gjer mitt beste! xD