Opp som ein hjort – Ned som ei 90 år gamal dame med knekt lårhals

Men norsk helsevesen er visstnok i verdstoppen (enn så lengje! Eg mistenkjer at Erna har andre planar på sikt….) Så den gamle dama blei gipsa i hop, og send heim til underbemanna aldersheim for å nyte utvatna lapskaus. Det var berre vatn. Sundkokt vatn!

Soundtrack: The Rasmus – Supernova

La oss innsjå det; sumaren er komen. Eg merkar det i alle fall, i og med at myggen har funne vegen til dessertbufèen. På rappen kan eg telje fem myggstikk som har dukka opp i løpet av siste 24 timane. Eit av dei er til og med midt oppå planeten. Heldigvis har eg ikkje fått nokon av dei intense kløene (bank i bordet!!) som vanlegvis sender meg på randen til vannvidd. Revolusjonerande nok har kroppen min funne på ei ny greie; no skal alle myggstikk etterlate seg blåmerker! Vel, den var ny. Og i kjølvatnet av tapasfesten dei held på min venstre rompeball i natt, er eg særs spent på korleis den blir sjåande ut når eg om nokre veker skal sprade lettkledd rundt borti California!

Ting har vore temmeleg bra etter sist innlegg, som var noko post-angst-relatert. Eg er tilbake, og I’m on fire!! Det skjer så masse for tida at eg slit med å finne opningar i kalendaren min! Trur omtrent eg er fullbooka fram til eg reiser til L.A. og Palm Springs i midten av juni!

Men la oss fyrst starte sånn rundt angst-helga mi. Gabbi og Harelabb hadde som vanleg ein heidundranes fest i casa’n sin på 17. mai. Rømmegraut og kaker, etterfølgd av piker, vin og song, sånn standaren er. Eg kom heim med ei hofte ute av ledd (trur eg? Den poppa då på plass igjen etter to dagar!) og gjekk som ei gamal dame med lårbeinsbrot. Eg hadde x antal kutt på beina, og kunne ikkje i min villaste fantasi forestille meg korleis DET skjedde, for eg sat jo stort sett fint på ein benk og preika piss heile kvelden? Trur eg? Kan nokon informere meg om eventuelle merkelege sprell undervegs her?
Haha, eg ELSKAR at eg har ein sånn gal gjeng å leike med! ^^ Og Gabbi seier ho er særs nøygd med denne dama her, som ho bestilte via nettet for omtrent to år sidan. Ho etterlyste ei nerdete dame, som kunne danse inn med ei vinflaske i neven og ein attetude som matcha utsjånaden. Sånn basicly. Det fekk ho tydelegvis! Og takka vere at eg snubla halv-dritings inn i livet deira, fekk eg verdas nydelegaste mann inn i mitt.

Så blei eg raudtopp igjen, rett og slett fordi det eksisterar ikkje ein sveis eg klarar å leve med i det uendelege. Jiiz, eg føler meg rett og slett usynleg med kommunegrått og halvlangt hår?! Vòila, dis be me now! Så ser me kor lengje det varar. Men eg SKAL ha langt hår når eg giftar meg!!

 

Raudtopp FTW!

Eg kryssa i tillegg ei barriere eg har slite lengje med på fredag: Eg fekk meg tatovering!!

Litt tøff i trynet før me set i gong!!

Både eg og Dùnedain dekorerte oss med kvar vår ulvetatovering, som ved sidan av kvarandre utgjer yin/yang. Min er ei svart alfatispe med make stjerne som Elessär hadde i panna som kvelp, og hans er litt underdanig og leiken, vanskeleg å halde styr på, i kvitt. Det symboliserar oss så fantastisk perfekt! Dùnedain er kanskje ikkje direkte underdanig, ikkje misforstå! Men han kan vere noko «orsak at eg er til» sånn innimellom! Han er det vakraste mennesket på jord, men han klarar ikkje alltid å sjå det sjølv. Iiiih, eg elskar den mannen så utruleg masse-masse!! Han er perfekt!! * gå over i kliss-søt modus *

 

Men til dei som lurte, så er det vondt å få tattis. Gunvor kan ryke og reise med sine påstandar om at det berre «kitlar» litt og er skikkeleg «deeeeeilig». Meg i rompa. Det stakk og brann og var ømt i dagar etterpå! Eg har talt. (men eg angrar overhovud ikkje; eg klarar ikkje slutte å sjå på den!!)

Så timeplanen vidare: Eg skal til Los Angeles. Filmen vår Ella kom inn på kortfilmfestivalen i Palm Springs, og eg får reise dit! Premieren vår var heilt fantastisk; eg fekk blomar og raudvin, og go’orda hagla!

 

 

 

<3

Eg er så stolt av Tommy som står bak manus og regi, og som er bakmannen og skal ha all cred for ein heilt fantastisk og rørande film. Eg skal reklamere meir for filmen seinare, men no er det fyrst og fremst Amerika som står for turen.

La oss halde fram: Eg skal ut med fine Caro i helga, som eg ikkje har sett på år og daaaag! Så er det rollespel-kveld med D’n’D, sumarfest hjå Gabbi, roadtrip med Wenche, Foo Fighters-konsert med Ida, og forhåpentlegvis kan eg og kadlen min byrje å planleggje ein ferietur no som veslevoffen tek til å bli tørr bak øyro.

Og fram mot dei kaotiske kvardagen eg ventar på at skal starte (eg har fyrst to rolege dagar!), skal eg berre chille og vere babysjuk her i mi eiga vesle premenstruelle verd. Heldigvis går det i firbeinte pelsdottar når eg blir babysjuk, så eg drøymer om beibiboff eller pusebeibi, eg. Eller marsvin og kanin. Dvergponny. Kva som helst med pels og poter <3
(ikkje fortel Dùnedain; han er altfor lett å påverke, så brått planlegg han nye tilskot til dyrehagen. Utruleg nok er det EG som må setje foten ned i dette forholdet! OMFG, yet another reason for loving him….!)

Om angst. Av ein veteran.

Eg veit ikkje kor flatterande det er å kalle seg ein angst-veteran, men sånn er no situasjonen.

Soundtrack: TV2 Nyhendene

Det har vore nokre relativt kjipe dagar. I går låg eg flat ut i senga og ville ikkje løfte hovudet frå puta. Det var berre under dyna (eller delvis under dyna, sånn grunna varmen) at eg følte meg nokon lunde trygg, utan at eg kunne setje fingeren på kva som var greia. Angsten var høgst reell for min del, og eg ana ikkje kva som hadde sparka i gong sirkuset.

I dag er verda litt betre. Noko positivt kjem likevel ut av det; eg føler for å skrive! Så då føles det naturleg å skrive om angst. Og eg greidde å presse meg sjølv til å reise på butikken, heilt ute på Sotra, for at Dùnedain skulle få seg ny shorts! Men eg merka intenst korleis angsten hamra i hovud, kropp og sjel medan eg freista å fylle handlevogna med det me mangla av vått og tørt i heimen.

Det skjer utruleg mykje i hovudet mitt når eg har angst. Heldigvis har eg lært meg mykje om korleis eg skal handtere det når det fyrst kjem, og det kjem stadig sjeldnare. Hurra for det, og kryss i taket og alt det der!
Dagen i dag har eg brukt mykje til å freiste å analysere kva i alle dagar som har utløyst det denne gongen, og har konkludert med at det har vore ein tilfeldig kombinasjon av mange små ting som tidlegare kunne utløyse angsten min. Og dette er bizarre ting som myggstikk, varme, store mengdar folk som straumar forbi stoveglaset mitt siste dagane, kosthald som har blitt litt….tja, 17. mai-prega, og ein noko ko-ko døgnrytme.
For til sjuande og sist sit eg ikkje her og er REDD noko, eg berre har dei same «symptoma» som eg kjenner så godt. Eg går med ein klump i brystet/magen som gjer at eg føler for å hyperventilere og grine, eg skjelv, er sliten som ei gamal vaskefille, manglar matlyst, og føler berre for å sove og sove og sove. I tillegg er det som om hjernen min snakkar kjempehøgt. Ikkje som om det er «stemmer» i hovudet, men omtrent som alt eg tenkjer berre blir ropa inni hovudet. Eg må nesten le av det i retrospekt, når alt har roa seg og eg er tilbake til meg sjølv, for det skjer at heilt absurde og random ting skrik inni hovudet mitt. Som «OI! NO FEKK EG JAMMEN LYST PÅ SJOKOLADE!»
No er det som regel negative og angst-relaterte ting som skrik der inne, men så tilfeldige ting som sjokoladedøme mitt kan førekome. Eg har tatt meg sjølv i å bite i meg trongen til å berre rope «HYSJ!!» høgt i det offentlege, men heldigvis har det ikkje gått så langt at eg faktisk har gjort det.

Midt i dette innlegget, som eg byrja på for to dagar sidan, kom den fysiske reaksjonen, og eg måtte rett og slett gje meg med skrivinga. Eg måtte kapitulere, og leggje meg på senga, for kroppen gjekk heilt i vranglås. Det var som om eg ikkje greidde å slappe av i musklane, og låg berre med spasmer som rykka og reiv i heile kroppen. På det tidspunktet var hjernen klår, men skrotten var ikkje. Og til meir eg freista å kjempe mot det, til mindre kontroll hadde eg over armar og bein. Stakkars Dùnedain blei skikkeleg uroleg, men eg har forsikra han mange gongar om at av og til har eg tilbakefall, og hjå meg kan etterdønningane vere særs fysiske.
I dag er eg heilt fin. Eg tek meg sjølv i å sitje og smile og humre over kor absurd hjernen min faktisk kan vere! Og tenkje seg til at dette var kvardagen min for berre 6-7 år sidan?! Eg kunne bli i senga heile dagen, fordi eg rett og slett ikkje hadde krefter til å stå opp, og eg kunne liggje i timesvis og berre ynskje at eg skulle sovne der og då og aldri vakne opp til ein ny dag av denne typen. Eg var så sliten, så dårleg, og følte meg så ubrukeleg at eg har knapt ord for det. Jobb og studie gjekk ofte rett til helvete, fordi eg klarte ikkje å fokusere på nokon verdens ting. Det mest oppløftande eg kunne gjere var å drøyme om sjølvmord eller planleggje mi eiga gravferd! For då fekk eg i det minste -fred- og slapp alt som var så vondt inni meg.

I dag er eg ikkje redd for å sei at eg er stolt av meg sjølv. Då eg var på mitt sjukaste, stod eg på mange måtar heilt aleine. Legar og resten av helse-uvesenet ville ikkje hjelpe meg, og sa eg var ikkje sjuk nok til å få hjelp. Då eg omsider fekk kome til psykiater, var han mest opphengd i å kritisere mine tankar kring problemet. Eg sa eg visste at problema mine starta då eg var 9 år, og han var skikkeleg kritisk og spurde meg korleis eg kunne vite at eg var så ung?
– Eg har førd dagbok sidan eg lærte meg å skrive, og det var då eg var 9 at eg byrja å skrive om det, svara eg. Så var han ikkje overbevist om at min kjærleik for dyr kunne vere så sterk som eg la det fram (dyra mine er borna mine; eg elskar dei meir enn noko anna, og sånn har eg vore heile livet!) og meinte eg overdreiv det som føregjekk inni meg, sidan det «viste så dårleg på utsida».
Då eg kom inn i ein betre periode, der eg følte meg aldri så litegrann ovanpå, meinte han at eg var tross alt på betringens veg, og at me dermed kunne avslutte terapien. Meg i ræva. Eg freista å sei til han at psyka mi svinga, og i nokre periodar kunne eg ha det bra, før eg stupte ned i mitt eige personlege helvete igjen. Men han var psykiateren. Han visste best.

Det skulle bli fleire einsame stunder på kjøkengolvet med ein kniv i handa og ei korg full i ulike tablettar likevel. Heilt til eg innsåg at det var faktisk berre ein måte å kome ut av det på. Angst er å sjå framover. Depresjon er å sjå bakover. Så då må ein slutte med å sjå i alle slags rettningar, og ikkje overanalysere alt. Det som har skjedd, kan ein ikkje gjere noko med uansett. Det som skjer, det får skje. Men det som er akkurat no, er det eg har kontroll over, og må gripe tak i.

Så byrja å trene hjernen til å tenkje på heilt nye måtar. Elske det som kvardagen. Trekke pusten djupt når det regnar, og nyte dufta av våt jord og frisk natur. Gå litt ekstra sakte i snøen, sånn at den knirkar høgt under skosålane. Farge håret rosa, fordi det gjer meg glad. Eller lilla, så blir eg endå gladare. Berre leve, setje pris på kva augneblink der eg er til stades. Elske. Samle på små, rare skattar som gjerne berre er rot for alle andre.

Og når den matraen sit som den skal: Føre dagbok. Med andre ord, fullføre det innlegget om alt som var fantastisk neste veke, og som eg prøvde å få ferdig før angstanfallet heiv seg over meg. Med bilete.