5 kilo og DER forsvann gifteringen!

Endeleg er eg ferdig med suppe-tida mi!! I dag blei det havregraut med eple og blåbær til frukost, og det var rett og slett fantastisk! Eg føler meg -mett- for fyrste gong på lengje! Ikkje berre full og tettpakka som med suppene og alt det andre flytande fjaset eg har hella nedpå. Der har eg stort sett berre ete og ete, og så var det brått ikkje plass til meir, sjølv om eg ikkje følte meg så veldig mett at det gjorde noko. Men havregrauten la seg fint i magen og eg blei mett. Fine havregrauten <3

Eg har mamma på besøk. Ho og Kira skal vere her nokre dagar. Og eg har eigentleg ikkje tid til å sitje her og blogge noko vidare. Not today. 
Men etter å ha dusja idag, hoppa eg like gjerne opp på vekta. Det er tross alt tysdag idag! Og den bladde seg opp til….80,5!! I går måtte gifteringen leggjast i smykkeskrinet, for den hang ikkje på lengjer. Og no byrjar eg å merke at eg ikkje har det heilt store utvalet av klede i klesskapet mitt lengjer heller. Men det er jo litt digg òg då! ^^ Det visar i alle fall at det går framover! 

Ei vond tid

Dei siste tre dagane har vore vonde. Forferdeleg vonde. 
Eg mista go’voffen min; Maggie Megumi Miraquel. Den nydelege voffen min. Besteven og baby.
Det gjekk heldigvis fort, så ho slapp å lide i det lange og breie. Eg har tenkt å skrive eit langt og fint innlegg om veslejenta mi når eg er tilbake på øya, og har masse bilete som eg kan pynte det med. Men foreløpig er det litt vondt og sårt.
Ho er gravlagd i hagen her hjå foreldra mine no, og eg søkjer trøyst blant andre firbeinte englar. I dag har eg nappa og kamma Kira, kosa med Lille My og Fenris, og hatt to lengre og djupare samtale med fjordinghesten Espen. Det hjelp masse. Eg sovnar med senga full i kosete pelsballar, og vaknar gjerne med eit par ekstra kring meg. Så sjølv om tårene piplar fram i augekroken så snart eg tenkjer på Magz, så trøystar resten av dyrehagen meg. Eg MÅ ha dyr kring meg, så enkelt er det.
Og dyra forstår. Då me hadde gravlagd Maggie i går, sette Kira seg ved fotenden av grava og grein. Saga og Luna og Rafaela klynga seg saman kring meg då me kom heim etter at Maggie var sovna inn. Men dei fekk heller få seg ei langweekend hjå tante Nett’n og onkel Roger, sidan pappa’n min er så allergisk mot gnagarar. Dei kan jo ikkje få det betre enn der. <3

Forhåpentlegvis skal eg hente meg ein pusebeibi hjå Jeanette i løpet av neste veke. Det var jo eigentleg avtalt og planlagd. Planen var å introdusere vesle Skumring og Maggie denne helga, men det gjekk jo ikkje heilt som tenkt. No hadde då vel og merke Skumring forsvunne her om dagen, så eg går berre og hååååpar at det ikkje har skjedd noko med veslejenta mi! Vil ikkje miste endå fleire nurk på så kort tid…! 

Så no sit eg her i stova til mamma og pappa med Kira liggjande på føtene mine. Mamma lagar graut (og eg MÅ jo prøve å få i meg litt; eg kan jo strengt tatt så smått byrje å ete litt fastare ting etterkvart! Og mamma lagar verdas beste graut!!) og gubbelusken er på hyttetur med mamma’n sin. 
Eg skal straks hive meg i dusjen. Eg luktar hest og bikkje så det held! ^^ 

Klippe-klippe, sa kjerringa!

Eg skal til frisøren. Snart. Eg ventar berre på at økonomien min skal vere med på idèen. Så melder det vanlege spørsmålet seg; what to do? Kva skal eg NO gjere med håret mitt? 
Det er eit år sidan sist eg makka meg opp i klippestolen, og då ordna eg meg med kort hår, med to lange…uhm, “rottehalar” på sidene. Dette blei så bleika og farga lilla, og stort lengjer kom eg vel aldri? Det har vore lilla og frittveksande sidan. Før det igjen hadde eg nesten same frisyra, berre med ein “rottehale” på sida. Og før det var det vel ganske langt før eg klipte meg….? Eg hugsar ikkje. Men eg er av typen som ikkje går så ofte og klipper meg, og derfor skal verda revolusjonerast kvar gong det faktisk skjer. Fargen blir uansett plommelilla. Eg må farge det med noko som ikkje skadar håret og som faktisk heng utan at eg bleikar det. Bleike-pause FTW. Og eg har tilfeldigvis ein boks med plommelilla hårfarge som stort sett heng veldig greit på ubleika hår.

Og så var det dei alternativa eg vurderar då: 


1) Tja, håret mitt er nok overhovud ikkje i nærleiken av å klare å halde seg såpass krølle-bølgjete som dette meir enn toppen eit par timar vel og merke. The curse of straight hair. Men la oss ta det utan krølleting i. Berre kort bak, litt lengjer framme og rufse-rufse. Eg likar eigentleg den frisyra, men no har eg lissom hatt den så mange gongar….?


2) Eg trur dette er den frisyra eg har vurdert sterkast. Igjen; drit i bølgjene/fallet. Det kan eg sjå langt etter. Men barbert sånn på eine sida, kanskje til og med på beggje, og så langt på toppen? Sånn at eg kan lage -både- mohawk og eventuelt berre feste det i ein hestehale baki nakken….? Har sansen for desse barberings-frisyrene, men samstunes så har “alle” det no. Dermed måtte eg eventuelt tatt skrittet litt lengjer, og tatt begge sidene. Sjølvsagt.


3) Dette er vel meir eller mindre slik eg har hatt det. Litt mindre bob, og litt meir rufs, vel og merke. Men kanskje eg skulle prøvd bob….? Syns eigentleg ikkje det er så veldig meg då; eg trivst best med frisyrer som er litt unike. Ikkje at eg ser Kvarmannsen vandre kring med ei sånn frisyre, men det blir likevel veldig….”vanleg” når ein slengjer på den bob’en!!


4) Endå ein variant av mohawk’en. Denne diggar eg. Akkurat passe langt, og eg hadde kanskje greidd å halde rufsen på toppen ved like? Hm. 


5) Likar desse òg, eg! Dei er litt Yolandi, sjølv om luggen hennar er masse kortare. Men lugg….? Eg elskar lugg, ikkje misforstå. Men det tek maxx to veker før eg har den nedi augo igjen. Blæh. Og eg er ikkje flink nok til å klippe beint, så eg får ikkje fixa det sjølv! Det er bakdelen her.


6) Hm….Kanskje litt emo? Likar rufsen og lengda, men det der hadde sett fint ut på meg i cirka ti minutt etter at eg kom ut av frisørstolen, og så hadde eg ikkje gidda meir. Det hadde blitt hengande utan verken voks eller anna form for styling til det var for langt. Som vanleg. 


7) Ein annan frisyre eg diggar!! Den er eigentleg veldig meg. Men eg har eigentleg veldig lyst på kort hår no etterkvart! Det er tross alt sumar, og på høg tid å klippe av vinterpelsen?


8) Det var den luggen då….Eller elska eg denne òg. 


9) Så slo tanken meg om å prøve noko HEILT nytt! Og då syns eg denne var skamtøff. Men eg har kort og rund hals, ikkje slank og elegant som denne dama, så spørsmålet er kor bra det hadde sett ut på meg…?

Nokon som har nokre hjelpande kommentarar? Støttande innspel? Knusande kritikk? (som om eg bryr meg!! xD) Det blir ein av desse, men eg klarar ikkje å bestemme meg for kva for ein!!

Funny thing; då eg hadde googla etter frisyrer ei stund, la eg merke til at av ein eller annan grunn kom fleirtalet av modellane i resultata mine opp med LILLA hår…! Er DET blitt mote òg no? Eller er det berre søkjemotorane som er blitt endå meir virituelt intelektuelle??

30 Things in 30 days. Sånn cirka.

Mann på 34 år sit i hagen og furtar fordi kjerringa sa at no fekk han ta kveld og kome seg inn. Og så seier han at EG må bli vaksen?! *facepalm*

Men over på noko anna. ancient_girl kom over eit deppe-innlegg på ein av privatbloggane mine, og kom med ei genial oppfordring til meg om å lage ei liste over ting eg kan gle meg til framover! Leggje litt planar og belønne meg sjølv etterkvart som eg skrir framover på min supperiske veg. Er det eigentleg eit ord? Supperisk? Bygones.  
Eg har tenkt å gjere det til mi vesle greie; kvar dag skal eg prøve å få gjennomført EIN av desse tinga, og forhåpentlegvis vil dei komande 30 dagane gå SWISJ avgarde. Supper og mosamat til sides. 
Nokre av tinga vil av praktiske orsaker ikkje vere mogleg å gjennomføre før det har gått litt tid, som til dømes punkt 8 og 17, men då tek me det mot slutten av månaden. Som kanskje blir nærmare to månadar, sidan nokre av tinga tek litt meir tid enn ein ettermiddag å få gjennomført.
Men i alle fulle fall; her er lista mi:

1) Plante roser i hagen 
2) Kjøpe ny dongerishorts, som får rompa mi til å sjå heilt SMASHING ut!!
3) Ha jentekveld!!
4) Reise på picknic ved sjøen.
5) Besøke pusebeibisen min; Skumring <3
6) Male hagemøblane
7) Kjøpe ei solseng og liggje i den i berre bikini ein heil ettermiddag og løyse
kryssord og høyre på musikk.
8) Ta ein ny piercing.
9) Gå til frisøren.
10) Bade!!
11) Gå på kinarestaurant.
12) Ta meg ein skikkeleg heimespa-kveld.
13) Farge håret mitt.
14) Bruke gåvekorta mine!!
15) Gå på kino med gubbelusken og sjå Men in Black III
16) Ha full clean-out garasjesal i hagen. Vekk med ALT eg ikkje treng meir!
17) Gå på by’n.
18) Syngje karaoke!
19) Ha grillkveld i hagen.
20) Organisere og planleggje ein ferietur til utlandet.
21) Besøke Gunvor-mi <3
22) Ete knekkebrød med brunost.
23) Reise på hytta og gå på UE i Luster.
24) Ete Deli deLuca-is.
25) Gå på konsert eller stand-up show eller anna show.
26) Plante blomar i blomekassar i hagen.
27) Fiske.
28) Skrive ferdig ei av novellene mine!!
29) Skrekkfilmkveld ein sur og guffen kveld…
30) Ta ein joggetur i regnet!

Nokre av tinga er som ein kanskje ser, både enkle og trivielle. Men det er ting som kan gjere desse komande vekene hakket lettare å kome gjennom + at dei gir meg noko å sjå fram til etter at eg har kome gjennom desse helvetesvekene…
Og om du ser noko på lista som du kunne tenkje deg å ta del i, så er det berre å hyle ut! ^^ Eg er glad for alt det selskapet eg kan få, eg! :oD

 

 

 

 

Mørbanka kjøleskapssnok!

I natt var andre natta eg stod opp for å snoke i kjøleskapet. Sjølv om eg hadde ete ein kopp med rett-i-koppen ei stund før eg la meg, og drukke ein del vatn, så tok det ikkje lang tid før magen min byrja å protestere då eg hadde kome meg oppi loppekassen. Eg har fått tips om å prøve å døyve svoltkjensla med vatn, men det hjelp berre i nokre augneblink. Svoltkjensla er som eit enormt tomrom inni magen, som…tja, roterar! Det føles som eg har eit miniatyr “svart hòl” inni der, som sluker alt kring seg og humrar stille for seg sjølv fordi eg må klynke litt av smerte. 
Så eg stod opp og heiv i meg ein liten porsjon kyllingsuppe, og sov som ein nyfødd då eg kom tilbake til senga mi.

Vel, i går var faktisk den fyrste dagen der eg følte meg som meg sjølv. Heilt 100% meg sjølv. Eg slo på mobilen, og fekk skravla med både Wenche og Gunvor, sat ute i sola og løyste kryssord, børsta Maggie, laga supper som eg stabla i kjøleskapet til oppvarming etter behov, og var i det heile ganske oppegåande, og mentalt på plass. Eg var i godt humør, positiv, eg lo og fjasa….Og fekk merke det når ettermiddagen snegla seg innpå meg! xD Herregud, så mørbanka eg var i magen!! Heldigvis er det betre no, men eg er framleis ganske….mør. 
Og i går såg eg for fyrste gong på arra mine. Gubben måtte rive av plastera for meg, men eg beit meg i leppa og håpa halebeinet mitt ville overleve smertene. Det gjekk greit. Men det KLØØØR!! Herregud som det KLØR! Eg har lyst å røske ut desse forbaska metallstiftene og KLØØØØ!
Eg har i tillegg kutta ut smertestillande. Eg taklar ikkje meir stikkpillar!! Eg vil heller ha det litt vondt enn å føle at eg konstant må på do. Så både au’ar og kløe er vel i stor grad min eigen feil. Uhm, utan at eg skal sei sikkert at kløe og smertestillande har nokon samanheng?

Det er ei veke sidan eg vakna frå narkosen og var nyoperert idag. Vekta mi stod då på 85 kilo. Idag var eg på vekta igjen. Og overraskinga var positiv. Den stoppa på 83,1 kilo!! 

Og sidan eg er blitt slik ein gartnar-spire på mine gamle dagar, så tenkte eg å presentere ein liten bilete-serie av kva me driv å puslar med ute i hagen for tida^^


Blomebedet mitt! Der det er “ope” skal det etter planen kome nokre fine 
roser snart! 


Stemorsblomane mine <3


Gubbelusken har eit prosjekt gåande borti skuret sitt. Det byrjar å ta form
omsider!


Denne vesle plattningen har me no fått heilt fri for mose og gras, og skal
fylle med jord og plante plen på! Maggie er særs lite nøygd med løysninga
foreløpig, og legg seg gjerne og rullar i grusen som er der no. I protest.


Fine blomane eg fekk av svigers, besta og besten og foreldra mine då eg
låg på sjukehuset <3

Meg: Ein medisinsk kuriositet.

Etter å ha stått opp og fått i meg litt mat til eit noko lunde allment akseptert klokkeslett idag, gjekk det ikkje lengje før eg var tilbake under dyna. Ikkje fordi eg var noko vidare trøytt, men fordi eg fraus heilt ut i hårspissane. 
Så medan eg låg der under dyna mi og hutra, med klede på og 40 varmegrader på soverommet, byrja eg å fundere over kor pussig eg EIGENTLEG er skrudd saman. Eg meinar; tidlegare har eg hevda at Freud hadde gått ut av side gode skinn om han hadde fått rota kring oppi topploket mitt, men eg trur faktisk  Emil Adolf von Behring (som for ordens skuld var den fyrste som mottok Nobels Medisinpris. Så veit du det!) ville meint eg var eit historisk fantastisk og særs facinerande objekt han med.

Ta dette med korleis eg blir liggjande i fosterstilling under to dyner og fryse. Det er det som skjer når eg får vondt. Det hjelp ikkje kor varm verda er; eg kunne lagt på ei solseng. I ein steikeovn. I termodress. Med øyrevarmarar. Og likevel frose ræva av meg. Det går jo fort over, men eg frys intenst. Det som er au går veldig ofte over, og blir erstatta av at eg frys inni meg. Og det er for så vidt heilt greit, for det er tross alt betre å fryse enn å ha vondt!
Det er ikkje som at eg får fryseanfall om eg dunkar hovudet i ei skapdør som eg gløymde å lukke før eg retta meg opp igjen! Det må vere ting som verkeleg gjer vondt! Menssmerter eller sånn som no; operasjonsau.

Men eg har ein mystisk medisinsk tendens til, eg! Og denne sit i halebeinet. Det fungerar slik, at når eg ser eller høyrer noko som høyres vondt ut, så får eg vondt i halebeinet. La oss sei at nokon visar meg eit sår som ser skikkeleg vondt ut, så må eg ofte reise litt på meg. Halebeinet mitt skrik ut i smerte. Dette fører då i tillegg til ein annan fin-fin mekanisme. Så lengje eg ikkje ser mine eigne sår, så har eg overhovud ikkje vondt, eg! xD Men ser eg på dei, får eg vondt BÅDE der som såret er, OG i halebeinet!

Det er meir òg. Men eg føler meg foreløpig ikkje heilt kvalifisert til eigen utstillingshjørne hjå Ripley’s Believe it or Not endå! xD Så me får ta det seinare. Sometime.
Signing off, og forflyttar skrotten ut i sola.   

Saknar meg sjølv!

Det høyres kanskje pussig ut, men det er eit faktum. Eg -hatar- å føle meg…som nokon annan. Berre det å vere nøydd å ta ut ringen min i nasa medan eg låg på sjukehuset føltes….Overhovud ikkje bra. Eg er mest meg når eg har kledd meg slik eg føler meg den dagen, har ringar og smykker og anna luvlee-bling der det trengst, platåsko på beina og gjerne litt krigsmåling i trynet. Ein freshare hårfarge enn kommunemusegrå er heller ikkje å forrakte. Og når eg er i eit slikt modus der eg har lyst å sosialisere meg, momse is og skravle, gjerne med nokre iskalde pils innan rekkjevidde. Kort sagt; eg elskar å vere i sentrum og at folk legg merke til meg. 
Det høyres utruleg egosentrinsk og sjølvdiggande ut når eg ser det sånn svart på kvitt her framfor meg no, men det er sånn eg er. Det vil ikkje sei at eg ELSKAR meg sjølv, eller at alle bør elske meg eller noko sånt. Men om eg skal vere ærleg, så er det sånn eg er sett saman. Utan at eg på nokon måte ynskjer å setje meg sjølv framfor andre! Eg elskar alle dei fine menneska mine. Eg elskar at dei er så ulike, så fulle i fantastiske kvalitetar og så perfekte akkurat som dei er.

Men no er den delen av meg nærmast viska ut. Den delen som gjerne vil vere i rampeljoset. Sjølvsagt vil det sannsynlegvis gå over når kroppen berre får justert seg (*bank i bordet*) men akkurat no er det ikkje noko gøy. Eg saknar å ha energien til å skravle i telefonen. Eg saknar å ha energien til å bli med på noko. Eg saknar….å ha energi!
Og eg saknar is og grilling og hagearbeid og det å kunne ta ein DIGER slurk iskald pepsi max.
THIS STATE IS KILLING ME!!
Eg er allereie så lei av supper at eg trur eg SPYR! Eg er lei av å ha sår på magen. Eg er lei av stikkpillar og au og det å føle at eg er tredd innpå ei vatnflaske utan at det minkar på vatnmengda. Eg er lei av å passe på at eg får i meg nok av ditt og datt.  Eg er lei av minislurkar og å ete med t-skei. 

Ei veke og to dagar att på flytande. Så to veker på mosamat. Eg hadde aldri trudd eg skulle gle meg så mykje til å ete most babymat. 

Operasjonen og litt om det å føle seg så crappy at ein berre vil krype under dyna og bli der.

Omsider har eg samla saman krefter til å sitje meg i go’stolen min og faktisk skrive eit skikkeleg innlegg. Det tok si tid! ;op Heilt utruleg kor tappa for energi eg har vore siste dagane?! Til og med som det sovedyret eg er, er eg overraska! Men idag har eg fått i meg litt mat; tomatsuppe og supermosa kjøtsuppe. Litt energidrikke (som smakar hestepiss, sjølv om dei reklamerar for at det smakar jordbær…?) som berre gjer meg kvalm, og ein del eplejuice og biola med bringebærsmak. Hurra! 
Det er no tre dagar sidan operasjonen, og eg er i det minste heime i mi eiga seng. På eit rom der lufta faktisk sirkulerar. Under ei dyne som har ein annan funksjon enn å berre liggje som ein våt ullsokk oppå meg og få meg til å føle meg nasty. Og med ein dusj, og ein fantastisk assisterande gubbelusk som passar på, kjem med supper, pakkar meg inn når eg frys, byter bandasjar (eg tørr ikkje sjå på såra mine!!) og det som ellers er. Eg er fantastisk heldig som har han. <3

 
Gubbelusken leika fotograf dagen før operasjonen min; eg ser seriøst ut som ein dass,
men eg føler meg smashing på dette bilete samanlikna med kva eg føler no!!

Men ja. Eg føler meg seriøst crap. Eg orkar ikkje ein gong å prate me folk! Telefonen min er av. Dei gongane den har vore på og fått ringje, har eg berre lyst å grine. Eg orkar ikkje prate, både fordi eg har sjukt vondt i halsen mesteparten av tida, og fordi eg er så jæææævlig moody. Eg kan byrje å grine av ingenting, blir sliten av endå mindre, og føler eg har nada å prate med folk om. Og dette igjen gir meg ein helsikes angst, fordi om operasjonen på sikt skal føkke med meg som sosial person, kjem eg til å angre livet av meg!! Hovudgrunnen til at eg opererte meg, var for å bli kvitt diabetesen. Om eg går ned 70 kilo og blir den nye Kate Moss, så drit eg loddrett i heile greia om ikkje diabetesen min forsvinn!! Men neeeidå. Eg gjekk frå å ha eit blodsukker på 5 komma-eit-eller-anna på sjukehuset til å ha over 12 no når eg kom heim. Hurra. Då blei eg glad. 
Heilt seriøst; tek det ikkje knekken på blodsukker-komplikasjonane, er eg freista til å gje ein god bæng i heile greia, og ta opp igjen alle uvanane eg elskar og saknar, og så får livet gå sin gong. Eg vil heller nyte eit kort liv enn å ha det pyton eit langt liv!!
Men det gjennstår å sjå.

Men eg skulle skrive om operasjonen min, eg! Det var jo derfor eg sette meg her. Ikkje for å -berre- sutre! xD
Og heilt seriøst; om nokon der ute vurderar ein slik operasjon BERRE for å bli slanke, dersom ein berre ligg litt over det samfunnet fortel deg at du skal vege: IKKJE GJER DET!!
Det er betre å bli glad i seg sjølv for den du er, og heller vere lukkeleg. Dette er IKKJE noko gøy og dans på roser, er mi meining!

Eg fekk til slutt sett inn veneflon, og dei tok til å dope meg. Eg prøvde å dokumentere ting undervegs, men det var begrensa kva som lot seg gjere. Så la meg illustrere med det eg har:


Sååå sinna! Og sååå nervøs!!

Eg blei trilla ned ein etasje, trur eg, og ført bort i ein gong der ein kjekk pleiar i grønt møtte meg. Han prata og hjelpte meg ut av senga. Eg fekk på meg badehette og CSI-fotposar. Og så var det å tøfle avgarde til operasjonsrommet.
Dei som var der var kjempekoselege. Dei fekk meg oppå bordet medan dei presenterte seg, og skravla iveg om laust og fast. Så kjem det brått frå anestesi-sjukepleiaren, at han ville setje inn ein veneflon på den andre handa mi òg! Og DER kom panikken, merka eg. Det gjekk lissom opp for meg kva som var i ferd med å skje. Fyrst prøvde eg å sei at dei veldig gjerne kunne vente til dei hadde lagt meg i koma, men han insisterte. Eg snudde meg mot den einaste kvinnelege pleiaren eg hadde (faktisk!) og sa: -Okay, men då MÅ eg få halde deg i handa!!
Ho smilte og sa det gjekk fint. Så prata ho med roleg, snill stemme, eg kjende det stakk til i handa, og i neste augneblink var eg i draumeland.
(og berre sånn for å illustrere korleis kjenslene mine er heilt på viddene for tida, så byrja eg faktisk å tute no når eg tenkte på kor koseleg ho pleiaren var!)

Eg hugsa fint lite av dagen då eg vakna. Eg veit gubben var der. Han hadde kjøpt kryssord, EON-hefte og eit nydeleg delfin-smykke til meg. Ei dansk pleierske som var veldig koseleg, vimsa kring og ordna med alt mogleg. Eg orka ikkje snakke, og hadde veldig tørr munn med ekkel smak. Og tørre lepper med kvitt belegg. Hendene mine var tapetisert med plaster og ledningar. Eg var full i ledningar. Eg kunne knapt røre meg. Eg hugsar eg blei snudd nokre gongar, og at eg så vidt registrerte at det hang eit dren ut av magen min som det rann blod og gørr ut av. Men eg hadde ikkje vondt. Det var ømt i magen og vondt i halsen, men eg hadde eigentleg lite vondt! 
Innimellom all sovinga mi, syns eg at eg høyrde nokon sei til meg at eg klarte meg veldig fint til å ha vore operert for så kort tid sidan, og at dette kom til å gå kjempebra.  
Så eg sov. Og sov. Og sov. Det blei natt, og eg veit gubbelusken reiste utpå kvelden. Det kom ei ny pleierske på jobb. Ho var dansk ho med. Ho sa ho skulle vere der i natt. Eg fekk det eg skulle av medisinar, og så sovna eg igjen.

Eg vakna kvar halve time, sånn cirka. Eg hadde tissa ein gong i løpet av dagen, og merka at eg måtte på do igjen. Eg ringde på pleierska, som hjelpte meg på ein dostol. Det var fyrste gong eg var på beina etter operasjonen, og det gjekk eigentleg veldig fint! Litt komplisert når eg hadde så masse lesningar stikkande ut i alle rettningar, og eg følte meg som ei brennmanet på avveie.
Men så byrja ting å bli mindre koseleg på oppvakningsposten. Eg hadde visstnok for høgt blodtrykk, og det virka som om dei som virra kring meg til tider var litt bekymra. I alle fall kom denne danske kjerringa som hadde nattevakt med nokre tablettar og eit lite medisinglas med vatn. Eg hadde jo fått beskjed om å ta bittebitte små slurkar, men ho skulle ha meg til å styrte heile medisinglaset på ein gong. Tidlegare hadde eg òg fått saft med sugerøyr, og ingen av desse tinga var visst vidare bra midt oppi alt. Så vidt eg skjøna. Legen blei for så vidt ganske sjokkert då ho høyrde om begge tinga dagen etter. 
Ho pleiardama mumla eit eller anna, og sa ho skulle kome tilbake. Ho måtte berre hente noko. Medan eg låg der, med berre eit tynt laken over meg, byrja eg å fryse. Eg hakka tenner og skolv. Det føltes som om ho hadde vore vekke ei eve, så eg byrja å lure på om eg hadde misforstått noko; at ho ikkje kom igjen. Kanskje det var nokon andre der ute som kunne hjelpe meg?
Eg trakk i snora. Ho kom springande tilbake etter ei stund, gjekk heilt opp i fjeset på meg, og sa skikkeleg surt: -Høyrde du ikkje at eg sa eg skulle kome tilbake?
-Nei…Eg berre…frys så fælt!
-Ja, det er ikkje som om det er nokon andre som kunne hjelpe deg her. Og det kunne då vente i to minutt?
Hadde eg vore i fin form og meg sjølv heilt 100%, så hadde den fitta fått seg ein på trynet så det song. Det er mogleg dei måtte leitt etter nasebeinet hennar i bakhovudet i etterkant. Frekke folk burde ha forbod mot å jobbe med, tja både folk og dyr. Dei burde blitt henvist til å vaske bekken i ein eller annan kald steinkjellar!!
Men der låg eg då, og følte meg liten, iskald og eigentleg livredd. Så eg gjorde noko eg aldri brukar å gjere; eg byrja å tute. Eg prøvde å skjule det, men eg veit ho la merke til det. Ho gjorde seg berre ferdig med det ho skulle, og trampa ut. Og der låg eg igjen aleine, og hadde lyst å sende ein varmesøkjande rakett opp i ræva på kvinnfolket.

Heldigvis måtte eg ha minimalt med det mennesket å gjere etterpå. Då sola keik opp framfor vindauga mitt (eg hadde ein fantastisk utsikt, og månen den natta medan eg låg der var rett og slett spektakulær!! Eg skulle ynskje eg kunne teke bilete, men sånt er fy-fy på den avdelinga der dei hadde parkert meg) kom det ein hyggeleg fyr som heitte Alan inn. Han fjerna alle ledningane mine, og eg merka ikkje ein gong at han tok ut pulskrana mi! Som for så vidt var heilt genialt; eg slapp såååå mange blodprøvar fordi dei berre kunne hente blod frå den! <3
Eg fekk gå på badet og vaske meg, og følte meg nesten som eit nytt menneske.
Ikkje lengje etter sende dei meg tilbake til avdelinga mi, der eg skulle vere til eg blei utskriven. Min kompanjong i nauden var allereie komen tilbake, og dei to eldre damene eg hadde på rommet var i full vigør. Ho eine viste seg å vere 90 år gamal, og hadde både iPad og iPod! Haha, eg var faktisk rimeleg imponert! ^^

Slik var då begge hendene mine tape’a på plass og fulle i røyr då eg omsider
hadde lov å bruke kamera igjen! Eit røyr mindre, vel og merke, for puls-tappe-kranen
blei fjerna. 

 

I utgongspunktet hadde eg vore småleg skuffa fordi me måtte bu fire stykk på eit rom! Men då eg blei trilla opp igjen, var det faktisk to personar som måtte bu på gongen utanfor rommet vårt! 
Eg blei eigentleg forferdeleg provosert under heile opphaldet mitt på sjukehuset, eg. Dette er Noreg; verdas rikaste land. Og folk som er sjuke og treng hjelp blir plassert på fellesrom eller på gongen?! Det er heilt på TRYNET!! Gjett om eg så absolutt skal engasjere meg litt meir i helse-Noreg sin politikk om eg klarar å karre meg tilbake til politikken!?


Heilt avsluttningsvis inkluderar eg eit lite snap-shot av korleis magen min ser ut no. Eg har lyst å ta nokre bilete av meg sjølv i meir full-scale, men eg føler meg seriøst så nasty at det ikkje fristar litt ein gong. Syns DETTE bilete er nasty òg, eg. Eg har jo ikkje fått vaska meg skikkeleg eller noko medan eg var på sjukehuset! Men no er eg dusja og har fått lagt på litt hudkrem i trynet, parfyme og vaska håret. Eg føler meg i det minste betre, sjølv om eg framleis føler ei trong til å krype under dyna og gøyme meg for verda. 

Me får ta det som det kjem.
 

 

 

 

 

Beste helsing Tornerose.

Herregud, det føles som om eg har sove vekk ei veke. Og på sett og vis har eg vel nesten det. 
Men no er eg komen heim, og har akkurat send gubben på butikken for å kjøpe rett-i-koppen, så eg får noko næring i skrotten. Sånn reint fysisk har eg ikkje ete noko sidan måndags ettermiddag, og eg saknar verkeleg smaken av maaaat!!
Så idag har eg berre sove. Alle sjukepleiarar og fysioterapeutar har masa non stop på at me må opp og gå og ut og springe og gudane veit. Men når eg ikkje har ein tøddel av energi i skrotten, så skal det jaggu godt gjerast!

Så idag har eg sove. Eg har vore oppe og gått litt kvar gong eg har vakna, men det er som sagt begrensa kva eg orkar.
Det å blogge har i alle fall vore heilt utelukka. Eg har stort sett sett på tv-seriar når eg har vore vaken, og prøvd å røre meg litt. Eg var utruleg heldig vel og merke; eg delte rom med ei som blei operert rett før meg, og ho blei skikkeleg kvalm og uvel stakkars.
Eg er berre øm og mørbanka i mageområdet, litt småkvalm, og SJUKT svolten!! Og så har eg så hinsides vondt i halsen! I tillegg går eg på så masse blodfortynnande at eg ikkje kan pusse nasa ein gong!
Men om ein ser vekk ifrå alt eg har å sutre over, så har eg det eigentleg ikkje så ille! ^^
Skal heller lage eit meir utfyllande samandrag av veka når kreftene berre er på plass. Utan mat og drikke, og alt det der. Det stemmer i alle fall. 

Kirurgisk Avdeling – dag 2: Så var dagen her!

Det blei ei lang og varm natt. Sovetabletten virka ikkje noko særleg, og i det lange løp var ikkje senga mi så veldig behageleg. Den blei rett og slett for smal for ei som er van med stor dobbelseng,
Ingen frukost, og min allierte gjennom operasjonar og annan tortur her på huset, er trilla ned til operasjon for ein time sidan. Herregud, det er berre ein og ein halv time til det er min tur!!

Eg blei vekt av at det var rimeleg masse action her på hotellet. Ikkje på eit “kritisk” nivå, men det var mange som var i sving med morgonstell, og eg glippa med augo og prøvde å kravle meg opp i sitjande stilling. Eg blei møtt av nåler og temperaturmålar. Eit stikk i fingen, eit stikk i armen, og så sit eg då her og ventar på veneflonen. Tenkte eg skulle køyre i gong ein episode av the Walking Dead medan eg psyka meg opp.

Føler meg svært snerten her eg ligg i ei nattrøye størrelse XXXL; usminka og hot. Har fått ein beroligande som òg skal vere smertelindrande, så det kan bli spennande kva hallelujasjonar eg gir meg i kast med no straks!
Gubbelusken skulle kome om ein halv time òg. Håpar dei lar han møte meg før eg skal opererast!!

Fastande. Har ikkje lov å verken ete eller drikke. Tørst og trøytt. Og skitande redd. Det er statusen akkurat no.