Okay, la meg kjapt setje scenen her: Donald er den store dumme bølla i skulegarden. Putin er jocken som dopar ned jenter på fest og gjer som han vil med dei. Og Kim Jong-un er den halvkjipe kompisen deira som stappar i seg ostepop og ler medan Donald bankar opp nerdane. Landa i resten av verda er medelevane som må leve med desse lakabodlane.
Soundtrack: Lordi – Lucyfer Prime Evil
I filmane er vanlegvis bølla ein ekkel liten gut som har fått altfor mange cheeseburgarar fordi mamma aldri laga skikkeleg mat til han heime, og eigentleg ikkje var så glad i han. Han er usikker på seg sjølv og har liten tiss.
Tilfellet vårt er mykje det same, bortsett frå at Donald ikkje er usikker på seg sjølv. Snarare tvert imot; han er den ufyselege gutungen som kjem frå ein rik familie med altfor mykje pengar, og som har fått lov å ture fram akkurat som han vil heile livet.
Akkurat no har han peikt seg ut Danmark som sitt nye mobbeoffer, sidan det ikkje var gøy å plage Venezuela lengjer. Og sidan han veit å angripe der det svir mest, slik bøller gjerne gjer, har han gått etter lillesyster Grønland.
Alle veit at Grønland er ganske forsiktig og uskuldig, men at ho alltid har sjokoladepulver til å putte i mjølka si til lunsj. (ein referanse for oss som gjekk på skule då ein fekk lettmjølk eller h-mjølk, og ikkje Litago som skulemjølk!)
Og det har Donald lyst på.
Men som bøller flest er Donald ganske uberekneleg. Ein veit aldri kva han kjem til å finne på, for han skal tøffe seg for den kule Putin og blir heia på av den små-ekle Kim.
Det skremmer alle dei andre elevane ved skulen hans, for det virkar ikkje som om verken lærarane eller foreldra hans er i stand til å tøyle han. Dei er altfor opptekne med å stikke nasa så langt opp i kaviarkrysset på fyren som det er å råd å kome i håp om at så lengje han er nøgd så gjer han ikkje for mykje gale.
Og her er det eg byrjar å hisse meg opp.
Eg likar ikkje mobbing. Eg har ALDRI takla at folk plagar andre, oppfører seg som om dei er betre enn alle kring seg eller at nokon er stygg med andre.
Slike folk tykkjer eg treng ein heftig dose juling og ein smak av eigen medisin.
Då eg var ei rund og god lita kruttønne i barndomen, så sette eg meg på dei. Eg la dei som plaga andre i bakken, sette meg til rette oppå dei og let tyngdekrafta gjere jobben. Dei måtte sverge å vere snille før eg reiste meg igjen. Cred til Vetle-Bolla.
Donald blir litt vanskeleg å setje seg på. Han er langt vekke, og eg hadde nok blitt plukka raskt ned av Secret Service om eg kom for nær. Ikkje slepp dei meg inn der borte på andre sida av dammen så mykje som eg har kava meg opp og skrive online om dette kreket av ein mann heller.

Men det Donald og venene hans driv med no er sidestilt med mobbing. Dei skal vere store og tøffe, og har derfor bestemd seg for å ta seg til rette. Akkurat som det måtte passe dei. Og i staden for å stå opp mot mobbarane, køyrer leiarane kringom i verda same taktikk som skremde elevar som fryktar at dei blir neste mål for banden: Dei bøyer seg baklengs i håp om at om dei berre gir akkurat passe masse etter, så vil Donald bli happy.
Tingen er berre at slik fungerar det ikkje når ein har med ein fyr som er så høg på seg sjølv som Donald å gjere. Han er typen som får vetlefingeren og tek heile handa.
Han bryr seg ikkje om eit “nei”, og trur at ingen reglar gjeld for han.
Me er komne til eit punkt som byrjar å grense til det latterlege. At ein puslete mann, sprø som kjeks og dum som ein frøloff, har ansvar for eit av verdas mektigaste land er i seg sjølv komisk, men at verda til ei kvar tid føyer seg for innfalla hans og freistar å snakke vit med han er heilt ko-ko.
Fyren skryt av at han tek fyrsteklasses MRI-bilete av hjernen sin, utan at han ein gong veit kvifor dei la han inni tuben og fotograferte han! Han lever på cheeseburgere frå McDonalds og driftast på Cola Zero, og når han opnar kjeften undrar eg meg kvar einaste gong på kor mykje den eine hjernecella han har til rådigheit jobbar overtid for at han i det heile skal ha vit til å trekkje pusten. For det er jaggu ikkje mykje som foregår mellom øyro på den karen. Eg er sikker på at om han hadde ramla og slått hòl i hovudet, ville vakuumet i skallen på han vore stort nok til å suge oss alle inn i ein ny dimensjon.

Det einaste som gjer nytten for å setje denne karen på plass er å gje han ei sabla god oppdraging, slik foreldra hans heilt tydeleg ikkje gjorde.
Det vil sei avskjære han frå burgarane og colaen, sjå til at han held leggjetidene sine og setje han i time-out når han ikkje oppfører seg.
Slike ting må gjerast på heimebane, for det rår ikkje me utanfor Statane over. Men me kan jo nekte å leike med han og resten av USA til dei lærer seg folkeskikk! Sei at dei får ikkje meir maskiner, bilar, medisinar eller data-deler av oss før dei tek til vit.
At det hadde blitt litt slunkent i grønsaksavdelinga deira om ikkje Mexico ville dele avocado’ane og tomatene sine, og Guatemala hadde snurpa att leveringa av bananer hadde kanskje ikkje Donald merka så mykje til, slikt sunt kosthold som han svergar til.
Men om Canada og Chile (som er blant dei største eksportørane av kjøt og fulg til USA) hadde sagt klart og høgt NOPE!, og India og Nederland hadde stoppa opp leveransane av sjokoladebønner og kakao pulver, så er det mogleg at Donald hadde fått litt kalde føter fordi han såg opprøret i landet bryggje.
For er det EIN ting eg veit om mitt eige kjønn, så er det at det er faen meg ingen du har mindre lyst å få på nakken enn ein gjeng premenstruelle sjokolade – og junk food-sugne kvinnfolk!
Viva la REVOLUTION!!
PS! For ordens skuld så er det ikkje positivt å vere ein lakabodl!!
































