A night in Hell?

Trur det er store sjansar for at det var akkurat der eg var i natt. Eg var akkurat sovna då gubbelusken kom og rista i meg, for å opplyse meg om at eg snorka, og han fekk ikkje sove. Og derifrå gjekk det stort sett berre nedover. 

Fyrst gjekk eg og bar på ein baby. Eg anar ikkje kven sin unge det var, men eg veit det ikkje var min. Eg gjekk frå hus til hus, utan at eg visste kvifor. Så la eg frå meg babyen for å klø meg i øyra, og oppdaga at hendene mine var fulle i blod! Eg tok meg til øyra igjen, og oppdaga at det rann i strie straumar med raud væske frå øyra mitt. Eg prøvde å halde meg roleg, men merka at panikken tok fullstendig overhand, så eg ropa til folk kring meg: -Hjelp meg! Hjelp meg! Eg skjønar ikkje kvifor det blør sånn!
Folk berre såg sjokkerte på meg, og ingen kunne hjelpe. Langt vekke såg eg mamma. Ho kom mot meg, men før ho kom fram, besvimte eg. 

Då eg “kom til meg sjølv” igjen, var eg saman med ein haug vener utanfor eit museum som låg inni ei grotte. Dei andre hadde høyrd at det spøkte der inne, og ville ikkje gå inn. Eg var ikkje redd, så eg gjekk inn fyrst. Eg merka at dei andre kom litt nølande etter, og eg gjekk kring og keik på alt det spennande som var utstilt der. Det var blant anna ei utstilling frå ei tid der hòla hadde vore ein offerplass, der dei kom med sjuke born for at dei skulle bli friske. Det var masse knoklar og beinrestar, og fossile avtrykk etter dyr og planter. Masse skilt på veggane som eg med stor interesse gjekk og las. Borna som ikkje blei friske, blei gravlagde i desse grottene, stod det. 
Så kom eg til ein stor vegg med masse smågroteske maleri. Her var det stilt opp stolar framfor veggen, sånn at ein kunne sitje og studere kunsten. Fleire av desse barokk-iske maleria var av personar det blei sagt at gjekk igjen der, og medan eg sat der, kom det fleire skapnader og sette seg på stolane kring meg. Eg såg dei berre i augekroken, men om eg snudde meg og såg på dei, forsvann dei som ei tåke. Eg blei superfacinert, og då eg litt seinare sat og såg på ei utstilling av gamle produkt-embalasjer frå 50-talet, kom ein eller annan frå veneflokken min bort. Eg fortalde med stor innleving om kor mange spøkelse eg hadde sett, men ho nekta å tru meg. I staden blei ho pissredd, og stakk av! xD

Vidare var draumane mine berre kaos. Eg vakna i alle fall då vekkjarklokka ringde, og ville halde fram å drøyme som vanleg! Haha, dramatisk natt, men dammit så mykje rart eg har inni skallen min! xD