Sjukesystre fullstendig BLOTTA for grenser!

I dag var eg på vitjing hjå den fantastiske legedama mi. Eg er ganske så overbevist om at eg har verdas tøffaste lege; ho er tross alt gift med Batman!! (okay, don’t ask….! xD) 
Det er litt slik at eg tenkjer: -Yay! Legetime! *ler*

Verre var det med stikkedama idag. Eg funderar seriøst over kva hòl dei har greve ho opp frå?
Eg får litt dårleg samvit, for ho gjorde sikkert så godt ho kunne! Men me kom vel ikkje heilt ut på same go’fot.
-Stikk litt på sida av fingeren min, sa eg då eg sette meg i stolen. Eg fekk det tipset då eg fekk diagnosen diabetes, fordi når eg blir stukke på “puta” på fingeren, så blør det i ei eve.
-Eh, eg må nok stikke litt lengjer frampå, seier dama og *klikk* der kom det piplande fram ein bloddråpe frå der som det blør lengst og mest på fingeren min. Så byrja ho å styre og måle sukkeret og herja på, medan eg sat der med ein veksande bloddråpe på fingeren. Då eg tykte den tok til å bli vel stor, drista eg meg til å be om ein bomullsdott.  Teite bomullsdottane. Klistrar seg fast i blodet og eg sit der og føler meg som ein sukkerspinnbod-person med morderiske hensikter. På syre. 
-Har du det du treng no, spurde eg.
-Eh, nei. Eg må nok stikke deg ein gong til.
…hæ? Ho bør takke høgare makter for at det ikkje var tilfellet då eg akkurat hadde skifta ut fastlegen min frå BaleBy! Eg hadde hoppa hylande ut av stikkestolen og forsvunne som eit skot ut dørane! Men no er eg vaksen. Eg kan takle eit stikk. Sjølv om det er på det vondaste punktet på peikefingeren dama insisterar på å prøve seg på denne gongen.

Ja, så sat eg der då! Med to fingrane innpakka i bomull opp i lufta og såg passe smart ut.
-Eh…vil du kanskje ha eit plaster?
-Det hadde gjort seg, svara eg. -Har du fått alt du treng no då?
Ho nøla litt og såg ein smule forfjamsa ut. Så blir ho skamalvorleg i andlete.
-Nei, eg skal ha ein urinprøve òg.
-Ja, jau. Tenkte meir på om du trengde meir blod, eg.
-Eh. Nei.
Eg får ein kopp, og med fingrane tape’a som Michael Jackson i sine glansdagar, tuslar eg ut på toalettet. Som ligg vegg-i-vegg og med full oversikt for alle på venterommet over kven som kjem og går. Eg HATAR sånne venterom. Særleg når du skal kome tassande med ein urinprøve i handa. 

Nemnde eg at eg har mensen? Neivel. Det er uansett eit hinder i vegen når ein skal avgje urinprøve. Eg slit i utgongspunktet med å pisse på kommando, så eg blei sitjande der inne ei stund. Eg høyrde legen min kom ut og ropa meg opp igjen, men eg følte det lite givande å oppgje identiteten min medan eg sat på ramma. 
Så der sat eg då, heilt til eg ga opp og gjekk ut. 
Utanfor møter eg ei småleg forvirra stikkedame igjen, som virrar kring i korridoren. 
-Eh, har du urinprøven?
-Uhm. Nei. Eg fekk det ikkje til.
-Du blei så lengje!
-Ja, eg fekk ikkje til å pisse på kommando. 
(la meg for ordens skuld leggje til at denne samtalen foregjekk utanfor dodøra. I inngongsdøra til venterommet.)
-Jammen, eh…går det bra?
Eg var frista til å kome med ei skrøne. Sei eg måtte utkjempe ein tidskrevjande kamp mot dodraugen, eller noko tilsvarande. Eg beit det i meg.
-Ja, som sagt. Eg fekk det ikkje til.
– Men du blei så lengje?
GET THE FUCK OUT OF MY FACE BITCH!! *bite seg i tunga*
-Ja. Eg likte meg der inne. (okay, det var ein sånn ting som ein angrar på at ein ikkje sa i ettertid…!)
-Skal eg berre vente på venterommet, eller skulle eg gå tilbake til legen min?
-Nei, det veit vel ikkje eg?!
*facepalm*
-Neivel.
Og så var det å vende tilbake til venterommet og sitje der og tvinne tommeltottar. Omgitt av eit u-tal individ som no var veldig klar over at damer med lilla hår gjerne har litt problem med å pisse. På kommando.

Men gode nyhende kom til slutt: Diabetesen min er byrja å betre seg!! DAMN! Så er vekene på suppe og salat verdt det likevel! ^^ HURRA!! 

 

På uventa date med Justin Bieber.

I natt hadde eg ei ganske spesiell opplevjing. Eg sat på nattoget, då ein engelsktalande fyr brått spurde om han kunne slå seg ned attmed meg.  
-Sure, svara eg, og flytta tinga mine. Han hadde caps og solbriller på, men eg kunne sjå at han var i ein heilt annan aldersklasse enn meg. Eg dukka ned i boka mi igjen, og brydde meg ikkje vidare om fyren. Brått byrja han å prate. Han spurde meg kvar eg skulle, og skravla iveg.
-For ein kjekk ung mann, tenkte eg i mitt stille sinn, og let samtalen gå sin gong.
Han spurde kva eg heitte. Eg presenterte meg, og tok han i handa. Han smilte, og sa han heitte Justin.

Då me kom fram til endestoppet, gjekk det brått opp for meg kven dette var. Den unge, solbrillekledde herremannen, som hadde site ved mi side gjennom natta, var han her:

Han spanderte kaffi på meg, og spurde om eg hadde sigarettar. Då eg svara nei, spurde han kva aldersgrense det var på å kjøpe det i der me var, for han visste ikkje om han var gamal nok! xD
Fyren var faktisk artigare enn eg hadde tatt han for, og eg blei rimeleg betatt der me sat i ein svær toghall og venta på neste tog, med ein 7Eleven-kiosk i bakgrunnen og ein stabel med vesker og koffertar kring oss. Men som eg prøvde å fortelje han; eg var ferdig med grunnskulen før han var ferdig med bleiene! Han lo, og sa han hadde aldri trudd det. 
Merkeleg nok var det særs lite jenter som prøvde å overfalle han; det var kanskje 4-5 stk som kom bort til han då han stod utanfor og røykte. 
Men toga våre kom, og våre vegar skildes der. 

Sjølvsagt var det ein draum. Eg måtte klø meg sjølv i hovudet både ein og to gongar då eg vakna frå denne vesle ferieturen min. Fnise litt for meg sjølv, fordi eg følte meg som ein vaskeekte cougar der og då. 
No er det ikkje berre denne draumen som gjorde at eg sette meg ned for å skrive om Justin Bieber. Nei, faktisk har eg andre agendaer på lager! 
For eg merkar eg blir rimeleg provosert av alle som (i alle fall påstår) har kjøpt billettar til konserten hans til våren, BERRE for å føkke med Beliebers’ane! Eg er ingen fan sjølv, søte draumar til trass, men eg har vore fanatisk fan sjølv i min ungdom!! Og eg VEIT korleis det er å byggje heile verda si opp kring ein artist/eit band. 
Sjølv om det ikkje er slik i røynda, føles det som om ALT i livet dreiar seg om denne eller desse personane. Du vil ikkje leve om det skulle skje noko med dei. At dei gir seg og trekk seg frå rampeljoset, ville vore einstydande med ein smertefull død for deg. 
Mi besetting heitte East 17.

Fire unge gutar frå Walthamstow i London, som snudde opp ned på heile livet mitt. ALT dreia seg om å møte dei, kome nærmast mogleg, dyrke dei som gudar. Eg kunne prate om dei non stop, og Brian var mitt alt og everything. 
No var eg blant dei heldige; eg besøkte dei i London (i alle fall Brian og Tony!) og eg fekk møte dei att i vaksen alder og feste med dei. I Drammen, av alle stader! xD Og eg skal ærleg innrømme at eg framleis syns Brian er sånn cirka noko av det hottaste på mannefronten her på kloden. *yummy* 
Eg forstår at folk syns eg var spinnvill i hovudet, og at det var vanskeleg å fatte kor store dei var for meg. Men heilt ærleg? Eg ville ikkje vore tida forutan. Og venane mine som eg møtte gjennom denne tida? Fantastiske menneska. 

Så eg vel å stille meg bak Beliebersane i denne samanheng. La dei vere hysteriske og stormforelska. Det er eigentleg ikkje nokon skade i det, sjølv om det grensar til galskap til tider. Eg dissa andre grupper og andre artistar opp igjennom åra, og Take That-fans var eit mål i seg sjølve. Men å kjøpe billettar for å knuse andre sine draumar? DET er i drøyaste laget, syns eg! Skam dykk!!


Eit av dei lukkelegaste augneblinka til då i livet mitt; 
møte med Brian & Anthony i London <3

 

Synd på meeeeg!!

Eg vågar å påstå at det er ikkje rart om eg går ned i vekt om det held fram slik…! 
Det meste av mat eg får i meg, kjem oppatt. All mat gjer meg kvalm, og til tider det eg drikk òg. Eg klarar maxx fire-fem munnfullar med mat, og er det rett på dass for å spy det opp igjen. No kjem ikkje “alt” oppatt; mest slim og “skum”, men eg må som regel belage meg på å henge ved porselenstruna ei stund etter at eg har prøvd å ete. Og resten av dagen held eg meg i senga. Om eg ligg på sida, med ei dyne “pakka” mot magen, så er det ikkje så ille. Khavi kjem som regel tuslande og krøllar seg inntil meg, for å trøyste stakkars mamma’n sin. Det hjelp på.

Det var på det verste då eg var heime i Sogn. Stort sett så sov eg. Laurdagen var spesielt ille; eg spydde og var rett og slett elendig. Men sundagen byrja ting å bli betre, og då eg kom heim var eg i fin form nokre dagar. Heilt til eg gjorde generaltabben, og åt kyllingsnitzel med ris til middag.
Etter det har eg stort sett helde senga. Det vesle som vèl å bli i magen, passerar så fort gjennom systemet at eg rekk knapt å svelge siste tugga før eg må på do.

Eg er konstant svolten, sidan maten ikkje ikkje får gjort jobben sin. Og eg går konstant med dårleg samvit fordi eg ikkje trenar. Men når kroppen er så i oposisjon til hjernen, så klarar eg det ikkje. Overskot? Nope. Finst ikkje. I staden ligg eg på sida i senga mi og klagar mi naud til pusen, som er den einaste som gidd å høyre etter. xD

Mykje av tida føles det som om eg har feber; eg føler meg skikkeleg varm, men småfrostig. Kaldsveitte og sliten.
Eg trur rett og slett eg må bli flinkare å dokumentere kva eg et. Det må vere ein ingrediens som går igjen i det eg hiver i meg, som gjer at eg blir så dårleg?

Men eg trur like greit eg kan finne senga for i kveld. Har sove fleire gongar i løpet av dagen, men eg kjenner at eg er trøytt som eit fly igjen allereie….*gjesp* 

Mitt eventyrlege draumerike – med eit dunkelt fargekart for tida

Eg er ikkje ukjend for ville draumar. Det Alice opplevde då ho ramla ned i kaninhòlet den gongen, blir ein såkalla walk in the park samanlikna med den krigssona eg gjerne kjempar meg gjennom på nattestid. 

I det siste har draumane mine vore mindre fargerike og morosame enn det dei brukar å vere. Når eg let att gluggane, kastar eg meg som regel inn i ei verd fylt med eventyr og artige vriar på merkelege idèar. Eg har vore på bussturar der eg har observert ein observerande Ibsen i spøkelsesform, eg har vore på fleire zombiejaktturar enn gjennomsnittsmannen, det har vore dragar og alvar, kinesiske mafiakrigarar og hanky-panky med Freddy Kreuger. Er det rart eg elskar å sove? Draumeland er magisk, og den verda eg ser til dagleg bleiknar i forhold. 

Men dei siste vekene har draumane mine berre vore realistiske, og eigentleg temmeleg kjipe. Eg likar det ikkje.
I natt var eg på ein slags leirskule-ting. Eg var sikkert berre 12-13 år gamal. Alle dei andre som var der, var gutar. Jake frå Two and a Half Men var der blant anna. Det var ein trenar der, som dreiv Jake veldig hardt. Me måtte klatre på nokre klatrestativ, og spring på ei bane. Leiren låg i ein skog med masse myr kring. Ein smal, kronglete veg gjekk forbi gjerdet. Eg gjekk ut dit for å ta bussen til by’n. Det var ingen andre måtar å kome seg derifrå på; om ein gjekk langs med vegane der ute, kom ein alltid tilbake til der ein starta.
Ein buss stoppa, og der står bror min og Ane i full bryllaupsmondur.
-Der er du, utbryt bror min. -Kvifor var du ikkje på bryllaupsfesten?
Eg innser at eg hadde gløymd det. Eg blir heilt fortvila, for eg skulle jo vore i bryllaupet til bror min, og ikkje på ein teit treningsleir?!
Det kjem folk ut av bussen, og eg kjem meg ikkje på. Dørane lukkar eg, og bussen forsvinn. Nokre av dei som har gått av, er folk eg kjenner eller har kjend tidlegare, som ikkje har noko tilknytning til bror min. Men dei har vore i bryllaupet. Dei snakkar om kor mykje alle sakna meg. Eg snur og spring tilbake til leiren, der eg klatrar opp på eit høgt høgt stativ, og blir sitjande og stire ut i lufta. Nokre av gutane på leiren kjem opp til meg og lurer på kva som er gale. Eg byrjar å grine, og seier at eg har gått glipp av så mykje. Eg har gløymd så mange viktige ting i livet mitt.
Under meg er det ei hard betongtrapp. Langt der nede. Eg hoppar.

Ein annan draum eg hadde som sit ganske godt i, handla om at eg jobba på gamleheimen heime i BaleBy. Dei fleste av dei gamle eg møtte på der, er tidlegare pasientar som no er døde, og har for så vidt vore det ganske lengje. Eg trur eg jobba på kjøkenet eller i vaskeriet, men av ein eller annan grunn var eg berre oppe i etasjen der pasientane held til.
Inne på eit rom, som virka heilt enormt, stod det berre ei seng med ei bittelita gamal dame oppi. Ho var så tynn og spinkel, og eg kjende ho igjen frå tida då eg jobba på aldersheimen. Ho døydde for snart 13 år sidan, og var veldig “vekke” før ho tok turen. Men no låg ho der, klår som krystall. Eg gjekk inn til ho, hjelpte ho å byte nattskjorte, og vaska armane, andlete og nakken hennar. Ho smilte til meg, og sa noko om at eg var snill, og at eg ikkje måtte gløyme. Gløyme kva?! Ho sovna igjen, og eg gjekk ut i stova på aldersheimen.
Det var nesten ingen ansette på huset. Det stod enorme sekkar med skitenklede i eine hjørnet, og eg skulle prøve å få dei med meg ned i vaskekjellaren. Medan eg sleit og bala på, blei dei gamle i rommet brått yngre og yngre. Dei forvandla seg til folk eg kjenner som idag er mellom 40 og 50 år gamle. Og stadig gjekk alderen nedover. Ein av pasientane samla på datamaskiner. Han var sikkert ikkje meir enn i 30-åra.

Midt oppi alt, har det sjølvsagt vore ein herleg befriande zombiedraum. Det må til.
Denne gongen var eg i BaleBy, og me hadde sikra huset til foreldra mine til å bli ein solid festning. Eg og ei handfull andre folk, reiste kring og samla saman folk som hadde overlevd. Mange av dei var born.
På eit tidspunkt var eg aleine i huset, og oppdaga ei svartkledd skikking som dreiv å sneik seg kring hushjørna. Då eg keik ut vindauga i andre etasje, på gamlerommet til bror min, oppdaga eg at altandøra nede i stova stod open. Eg sprang ned og fekk klæsja den igjen rett framfor nasa på den svartkledde dama, som viste seg å ikkje vere ein zombie. Ho var eigentleg veldig snill, og ville berre ha litt mat før ho la i veg igjen.
Då alle var komne tilbake og trygt innlosjert i huset, reiste eg til Bergen. Som ikkje lengjer var Bergen, men den byen som eg så ofte drøymer om. Eg stod og venta på ein trikk eller ein metro eller eit eller anna slags tog-greier, medan eg høyrde på ein liten radio eg hadde med meg. Det var ingen zombiar i sentrum, men eg visste dei lurte i mørke bakgater. Folk blei oppfordra til å halde seg langt unna folkemasser, men ingen brydde seg.
Eg kom meg på toget, men kom meg ikkje av igjen på mitt stopp. I staden måtte eg gå av nede ved ein stor togstasjon ved ei diger elv, der eg visste det var masse zombiar. Eg fekk følgje med ei gamal dame tilbake til der det var trygt, og alt gjekk heilt fint. *ler*

Men i natt kjem eg til å krevje å drøyme noko koseleg. Alveprinsessejeger i ein magisk skog til dømes. Eg treng ein pause frå djupe, teite draumar. 

Heimlengsel, mat-prat og krympande mage

Av ein eller annan merkeleg grunn, har eg ei gryande heimlengsel til Sogn for tida. Eg klarar ikkje å setje fingeren på nøyaktig -kva- det er som gjer at eg drøymer meg dit, men det føles meir som ein reversert prosess i oposisjon til den vanlege lengselen eg har tilbake hit som gjerne kjem snikande når eg er i Sogn! (Håhå, det var skikkeleg mange fine lange ord, gitt! *føle seg smart*)  
Eg trur mykje av skulda ligg i at eg er rimeleg isolert for tida. I BaleBy er eg stort sett isolert, sidan eg ikkje lengjer har vener som bur der.
Men her brukar eg å vere übersosial, og det er konstant invitasjonar til å vere med på ting. For all del; det har ikkje mangla på invitasjonar no heller! Men formen har vore mindre bra, og eg har vore nokre turar i kjellaren etter at Maggie døde. I tillegg jobbar gubbelusken, og eg sit heime med ei lita voffejente som tissar på golvet og riv ned huset om ho blir for lengje aleine. ^^ Og når så mange av dei eg omgås er allergikarar eller har eigne dyr som kanskje ikkje set pris på å ha fem kilo hundekvelp hengande i halen, så er det ikkje så aktuelt å ha ho med på lasset heller.

Men tida kan då brukast på andre ting!  Khavi krev masse tid på fanget med kos og lange samtalar (herregud som den pusen pratar?!) og Marky oppfører seg som ein småunge i trassalderen, og er konstant i hælane på meg. Og innimellom gjer eg nokre forsøk på å få rydda andreetasjen, der det ligg strødd med alt slags papir som skal i permar og i system. 
Kreftene er ikkje akkurat heilt på topp endå, etter ei særs turbulent veke…Idag skulle eigentleg vere min fyrste dag på fast føde, men eg tjuvstarta allereie førre torsdag. Hadde eg fått EIN porsjon til med sleip, mosa babymat, som glei som ein halvtygd snegle nedover halsen, så hadde eg prosjektilspydd i ekte Linda Blair-style. Det blei dermed anten fast føde eller ingenting.
Men det var ikkje direkte problemfritt heller; sjølv om eg på forhand hadde fått beskjed om at eg kom til å fylle tallerken etter gamalt mønster, og dermed tok meg sjølv hardt i nakken for å berre ta ein fjerdedel eller mindre av det eg gjorde før operasjonen, så blei det likevel for mykje. I tillegg trur eg ikkje eg tygde maten godt nok til ei kvar tid, og eg blei skikkeleg dårleg. Eg spydde, låg som eit slakt og var kvalm, fekk magesjau og vondt i magen, og orka eigentleg fint lite anna enn å liggje under dyna og tykkje synd i meg sjølv.
Men ein lærer då så lengje ein lever. Babysteps er ein fin ting, og knekkebrød er heilt genialt. Så det lever eg i stor grad på no. Knekkebrød. Og i morgon blir det fiskegrateng.
Einaste bakdelen er at det virkar så meiningslaust å mekke mat til seg sjølv, når ein skal ete så lite! Og gubben jobbar jo, så eg sit her aleine og prøver å knekkje ut glupe middagsidèar. Men eg meinar eg kanskje hadde ein yummy wok-pose liggjande i frysen, med kylling og squash og andre grønsaker som faktisk ikkje er så ille å knaske på! Så det blir vel ei råd med middagen idag med! ^^  

Og vekta stoppar no på 78.5. Det har svinga litt i det siste; eg har faktisk gått både litt opp og litt ned! Men eg reknar med det kjem grunna fast føde, og at kroppen kavar med å fordøye både det eine og det andre. 

Bodycare give-away!!

I eksamenstida mi lova eg å somle meg til å leggje ut litt ting og tang som eg gir vekk etter å ha rydda ut av badet! Og no har eg rydda og fylt ei lita korg med alle slags ting som aldri kjem til å bli brukt av underteikna. Om det er noko du kunne tenkje deg her, så er det fyrstemann til mølla! ^^ Du kan hente det hjå meg, eller eg kan sende det. Nokre av produkta er prøvd, nokre er brukt (men det er meir igjen i flaska som eg ikkje kjem til å bruke opp, så eg gir det vekk!) og nokre har lagt fint i ei skuff sidan dei blei kjøpt! 
Gje meg eit hint, så er det ditt! ^^ 

NB! Det som er gjennomstreka er lova vekk allereie!!

Me startar med desse her: 
Eden Eau Deodorante Parfume – Flaska er cirka halvfull, og dufta er skikkeleg frisk og god! Eg brukte den litt i starten, mest som parfyme framfor deodorant, men etterkvart måtte eg innsjå at eg ikkje tålte den. Men skikkeleg god er den uansett! 
Phytum Active – Oxigenaciòn spray – Antifloke/balsam spray! Men den funkar ikkje heilt som den skal på mitt hår, særleg ikkje no som mitt er så bleika og slite. Eg må nok ha kraftigare kurar, innser eg! xD
Flaska er i alle fall cirka halvfull.
BioSpecific Nutrition BODYspray – Den skal visstnok “släta ut” huda? Eg er ikkje nokon kløppar på svensk, men det fungerar som ein bodylotion i spray-format. Heilt greit, den gir fuktigheit, og er bittelitt skimmer i. Har brukt bittelitt av den, men eg måååå kvitte meg med litt bodylotion-saker, så dette er ein av dei som tek turen.
PureCamille til andlete & kropp – No veit eg allereie at eg ikkje tåler sånt til andlete, og dermed går det inn i kategorien bodylotion. Duftar kamomille, og eg har så vidt opna den og prøvd litt på huda.

Cien Bodycare Hand & Nail Cream: Olive – Handkrem med bievoks, allantoin og olivenolje, visstnok. Dermatologisk testa er den òg, og det er sikkert kjempeviktig å få med! xD Den er heilt ny; til og med tape på tuten sånn at ingenting skal lekke ut! xD Litt greiare å gje den vekk, enn alle dei eg har liggjande som berre er ein bitteliten dæsj igjen i.
RED TEA lip balm frå Dynamo House – Eg skal heilt ærleg innrømme at eg er litt usikker på denne; om det er mogleg å skrape av det øverste laget og bruke det som er under. Den virkar litt…tørr på toppen? Vil sei den duftar te-aktig; har ikkje prøvd den, berre opna den og lukta på den. Eg fekk den i New York, så ja….Den er litt gamal. Men den er din om du vil ha den! xD
Phytum Actice Extra-Volume – Visstnok 100% vegetabilsk hårskum! Prøvd, men det funkar tydelegvis ikkje på mitt hår, så derfor har eg pakka den vekk. 
Kosmea Australia radiant hand & bodylotion – Endå ein ubrukt handkrem. Ikkje prøvd på, og den skal visst vere bodylotionish òg? Skal ikkje uttale meg. Væsjågo’.
Moisturising Cream Bath frå BOOTS med multeduft – Eg brukte denne då eg framleis hadde tilgong til badekar. Men sidan det ikkje er noko eg kjem til å ha innan rekkjevidde på nokre år, så kan nokon andre få overta. 

Nature parfyme – Har så vidt prøvd den på for å kjenne dufta, men det var ikkje meg. Anar ikkje kvar eg har den frå, men den duftar framleis parfyme, og ikkje sånn “stått-for-lengje-og-er-blitt-sprit”. Og kva den luktar? Hm….Eg ville sagt ein hage i full blom i nærleiken av ein skog…? Too poetic? Nuvel. Det er cirka det eg klarar å få ut av det. 
Pearl Shine Highlighter Duo – Fancy skimmer-highlighter! Eg har prøvd den ein gong, men den passa ikkje til mi bleike hud. Og så er eg ikkje kjempefan av å skimre så veldig heller. Føler meg litt feilprodusert vampyrsk. *grøss* Den gir mest skimmer, så alle som ikkje er bleik-raude i trynet (sånn som eg er!) vil sannsynlegvis kunne bruke den utan noko problem! ;o)
Celestial dagkrem frå LUSH – Skikkeleg frisk hudkrem med litt vanilje og mandel-duft. Den skal tilføre masse-masse fuktigheit til huda, men som så mange andre hudkremar funka den dessverre ikkje på meg. Eg fekk kviser. Men det skulle den EIGENTLEG ikkje gje, så eg er vel berre feil samaskrudd på endå eit felt. Dyyyyr krem! Brukt nesten halve boksen!
Serum Vegètal nattkrem – Brukt cirka halve, men kasta inn handklede til slutt og innsåg at dette ikkje var noko for mi hud. Hjalp ikkje noko særleg, men den skal vere for alle hudtypar!
Vaseline Intensive Care Hydra Aloe – Den funka kjempebra i starten, og duftar heilt fantastisk! Men så kom brått kvisene mine fram av den likevel. Så halve boksen står igjen til nestemann. Om du skulle ha same reaksjon som meg, så er det i det minste halvparten igjen. Like mykje som eg kunne bruke før eg byrja å reagere! xD

Couleurs Nature 3 i 1 stick – Den er ikkje brukt, sjølv om den ser litt sånn ut! Eg har berre vore uheldig når eg har opna den og skulle setje korken tilbake på den. Og den har lagt saman med ein mascara som lak, så det er då dei 3-4 svarte flekkane utanpå stift-coveret. Men det skal då vere ein kombi auge/leppe/complexion (blei litt usikker på kva eg skulle oversetje det med?) stift i ein naturleg rosa farge.

Sèrum Vègètal nattkrem med eple og akasjie (eller noko sånt!) – Ikkje prøvd! Står at den skal stramme opp andlete, men mitt fjes treng fuktigheit, ikkje oppstramming! Så derfor. 
Spa Skurestein – Eg hadde nok kalla det “flytestein”. Er det ikkje sånn til å “file” tørr og hard hud….? Eg har aldri hatt behov for slike så langt, så eg anar lissom ikkje kva eg skal med den? Den er framleis i plasten sin, og når eg no tok ein nærmare kik på lappen som hang på, stod det at det var ein pimpstein. Veit du kva det er, og har behov for ein, så er den din!
Spa Energie Vegetale: Ginseng – Bodylotion-ting som aldri er blitt opna. Eg kjøpte den saman med ein sånn bodyscrub-ting i same stilen, og den var i alle fall heilt fantastisk! Så om bodylotionen er like god, er den verkeleg anbefalt!

Kva ventar du på? Hyl ut om det du vil ha så eg slepp å kaste det!!

Utan å disse nybakte mødre, men kva i alle dagar er det som tek så på??

Veka som gjekk har vore eit blanding av eit mareritt og ein dans på rosa skyer i lukke – og gledesrus. 
Eg og gubben tok oss ein tur til Hardanger saman med TinTin, og returnerte med ein pelsball full i skarpe tenner og med overivirig blære. Dagen før hadde me henta oss ein mindre pelsball, med innebygd motor og kulerunde auge. Pusen Khavi og voffen Marky var in da house, og glea var i høgsetet.  
Khavi held seg under sofaen fyrste døgnet, og ei stund etter at Marky entra scenen. Så kom ho fram, og sidan har ho stort sett lagt samankrølla i fanget mitt og malt på akkord. Snillaste pusen på fire bein. Marky derimot, er som kvelpar flest. Same rase som Maggie var, men full i faen og kvelpefakter.
For å toppe galskapen, blei eg skikkeleg dårleg. Eg prøvde meg over i feltet “fast føde”, fordi eg rett og slett ikkje takla meir mosa mat. Det gjorde meg berre kvalm og uvel. Så eg prøvde meg på knekkebrød. Det gjekk strålande. Men etterkvart byrja eg å bli dårleg. Eg kasta opp. Eg var konstant kvalm. Kroppen kolapsa, og eg greidde ingenting anna enn å sove og sove. Og sove. Magen var heilt på bærtur, og alt var vondt og tungt.
Så kroppen var ikkje vidare samarbeidsvilleg. Og gubben var meir enn arbeidsvilleg, og var vekke mesteparten av dagane i jobbsamanheng.
Der sat eg då. Maroder herifrå til evigheita, med ein liten voffeloff som hadde lopper i blodet og makk i ræva. Maur i tenna og spreng i blæra. Pusen oppførte seg vel og merke heilt eksemplarisk, men ho krev sjølvsagt ein del kos og at mat – og drikkeskåla inneheld dei rette ingrediensane.

Så medan eg låg der på sofaen, med brekkningar og mage-au, og ei bikkje som prøvde å forvandle alt av inventar til sagflis, byrja eg å fundere på kvifor småbornsmødre er så utslitne? Dei med smånurk på babystadiet, vel og merke. Når borna byrjar å klatre i gardinene og forsyne seg av jord frå blomepottene, har eg full forståing for at ting tek på. Men dei som går heime med nyfødde babyar? Kva er det som gjer dei så slitne?

  • Ein baby har bleie på. Om dei likevel klarar å pisse på golvet kvar halve time, så må det vere mamma/pappa sine bleiepåførings-kunnskapar det skortar på. 
  • Ein baby kjem ikkje så langt. Dei spring ikkje rundt i huset som om dei hadde Fanden i hælane, og leitar etter fanteskap dei kan utføre.
  • Babyar er tannlause små krek. Eg har tusen sår oppetter armane og leggane etter nåleskarpe små tenner, som eigentleg berre vil leike litt.
  • Ein kan putte ein baby oppi ei vogn og trille avgarde dersom ein skal ut eit ærend. Min baby må eg bære. Eller slepe etter meg. Akkompanjert av eit hyle – og sutrekor i protestkategori. 
  • Den største potensielle faren for inventaret ein baby kan stå for, er gulpeflekkar på sofaen. Eg må snart byte ut stovebordet, kommoden på soverommet, alle tepper i huset og halve garderoben min. 
  • Nattevak er like essensielt med voff som med baby. Eg og gubben må opp cirka kvar andre til tredje time for å lufte voff, og resten av natta blir me underhaldt av sutring, bjeffing, gnaging og pipeleikar.

Men eg skal ikkje klage. Formen min tek til å bli betre, og eg er på beina. Og uansett kva fanteskap dei no nye små englane mine måtte finne på, så er det verdt det. Dei er nydelege, herlege, og heilt til å ete opp. <3