Godt Nyttår!

Året fekk for min del ei ganske trist ending, då bestao brått ikkje lengjer var blant oss. 18. desember sovna ho inn på gamleheimen i BaleBy, og sjølv om det var knusande vondt å miste ho, har ho i det minste funne fred. Ikkje meir sjukdom, og sånn eg ser verda, er ho endeleg saman med besten igjen. Ho kan sjå att ommo og ollis, og alle andre som fòr før ho, og klø Marve og Luina bak øyro, stryke Mokki over den spraglete pelsen og bli overaust av varme sussar frå Gaya, Maggie og Pettit, og alle dei andre fantastiske firbeinte venene våre. Det hjelp å vere spiritist i slike stunder. For min del gjer det verda mindre fæl når eg mistar nokon eg er glad i. Og eg er takksam for alle minner og alle gode stunder med både bestao og alle andre som har forsvunne ut av livet mitt. 

Men i det store og heile, var 2014 eit av dei beste åra i livet mitt. 
For fyrste gong har eg følt meg FRISK! Psyka mi har vore i balanse på eit heilt nytt nivå. Eg har aldri opplevd så mange dagar der eg utan problem kan stå opp og sjå verda i andlete, utan å krype skjelvande tilbake under dyna. Endeleg fekk eg oppleve å bli tante til eit herleg lite vesen, som er så lik meg sjølv som baby at eg blir heilt varm inni meg. Synne, som kom til verda i august, er den nydelegaste babyen som nokon gong har sett dagens ljos, og eg gler meg til kvart augneblink eg skal få saman med ho òg.
Tida mi som student er omsider over (så sant eg får eit positivt svar på siste eksamen…*dum-di-dum*) og sjølv om det er aldri så vedmodig, så er det samstundes ganske godt. Eg har fått meg ein jobb hjå New Choices, og eg syns det er sinnsjukt spennande!! 😀

Økonomien har til tider vore trong, men eg har klart meg.  Pengar er faktisk ikkje alt, noko eg verkeleg har merka dette året. Det som gjer livet verd å leve er dei gode, små tinga. Ein god klem frå nokon ein ikkje har sett på eviglengje, ein entusiastisk våt suss frå ein firbeint ven, ein SMS frå nokon som bryr seg når ting er tungt med bodskap om at dei er der og tenkjer på meg. Slike ting er det som gjer livet verd å leve. 
Og aldri før har eg vore SÅ klar over kor velsigna heldig eg er som har så hinsides mange fantastiske menneskjer i livet mitt! Eg har alltid hatt mange vener, og eg anar ikkje kva eg skulle gjort utan dei. Men det fossar inn med invitasjonar til festar og middagar og hengje-dagar og shopping-turar og skravle-dates. Og eg set så utruleg pris på kvar einaste ein, sjølv om eg til tider må takke nei fordi eg innser eg har teke meg vatn over hovudet.
Tusen takk til kvar og ein av dykk; de er heilt fantastiske alle saman! <3
Og eit riktig godt nytt år til dykk alle! Måtte dette året bli det beste året nokon sinne! Der eg forhåpentlegvis klarar å oppretthalde løftet mitt om å kike innom bloggen min sånn innimellom! ^^