Naudsynte justeringar i Project: Z Survival

Då straumen rauk i natt, og drøydde til langt på dag med å kome tilbake, innsåg eg at det var visse manglar og hòl i planen min for den dagen zombiane kjem. Eg trudde det eg hadde kokt saman var temmeleg vatntett, men eg hadde ikkje teke med i betraktning at det kan oppstå aldri så små kriser berre av eit halvt døgn utan elektrisitet. 

Soundtrack: HIM – When Love and Death Embrace

Plan A er fyrst og fremst å kome seg til helsike vekk frå folkerike områder, og søkje dit ingen kunne tru at nokon kunne bu, eller rettare sagt BaleBy.
Det er ikkje det at det er fullstendig aude i heimbygda mi, men når ein tenkjer på kor isolert ein blir der dersom det går ras og ferjene blir innstilt, så kan ein fort sjå kor mykje lettare den staden blir å forsvare enn midt oppå Hardangervidda, sjølv om det òg er langt frå folk.
Problemet mitt var berre at eg innsåg at det var ingen plan B! For det er ingen garanti for at ikkje hordar av levande daude gjer vegstrekningane uframkommelege, og at ein dermed må avvente sjølve fluktplanen til nokon får rydda veg. Med mindre ein har ein tanks. Eg har ikkje noko tanks.

Så då sit ein altso her oppe i ein høgde der ledd og lemmar på dei som allereie har til ein viss grad har vandra over til den andre sida vil bli så stive og ubrukelege i vinterkulda at dei neppe kjem og bankar på stovedøra di.
Så langt, så vel. Men alle som er fan av zombie-sjangeren veit at noko av det fyrste som forsvinn i filmversjonane av apokalypsen (rett etter sunn fornuft, vel og merke!) er straumen. Og her hjå oss forsvinn då vatnet i same rennet sidan me har pumpe og brønn.

Og la meg berre få utbrodere kor hjelpelaus ein blir utan elektrisitet:
Det blir mørkt. Og kaldt. Me har heldigvis vedovn, og eg trudde eg hadde redda skinnet mitt allereie der. Men kva hjelp det når ein ovnen er så barnevenleg at katten nærmast kan sove oppå den medan den er i full fyr? (innhaldet i vedovnen, vel og merke. Ikkje katten.)
Det neste problemet med støytte på var at Dùnedain ikkje fungerar utan kaffi. I grensa til å gli over i zombiane sine rekkjer av koffein-mangel svima han rundt i lang tid medan me freista å finne ei løysning på situasjonen.
Komfyr, microbølgjeovn, vatnkokar og kaffitraktar: Ingen av desse fungerar utan el-juice.
Så fekk mannen ein idè og forsvann ned i kjellaren. Før eg rekk å snu meg er han tilbake og vil lage bål på stovegolvet. Vel, nesten. Han hadde ein sånn gasskoke-sak som fylte halve rommet, som var til å koke krabbepannene på. Og ei gassflaske som fylte andre delen av rommet.
-Uhm, javel?
-Ja, eg tappar berre vatn frå varmtvatn-tanken i ei panne og så kokar me det.
-På golvet?
-Ja?
-Nei.
Det var ein tilsynelatande snurt kar som fint måtte pakke saman bålet sitt og tusle nedatt i kjellaren. Og eg sat att her og lurte på korleis dette huset hadde blitt ståande til eg flytta inn. Eg trudde idèen hans var basert på ein koseleg liten primus, men min eigen private Lars Monsen hadde ikkje meir raudsprit til å få futt i denslags, så enden på visa var at han måtte sitje nede i kjellaren og vente til vatnet koka.

Då han omsider var tilbake i dei levande si verd og atter hadde fått koffein i blodomløpet, sat me i kvar vår ende og stira tomt ut i lufta. Kva no?
Finne ut kva som gjer at straumen er vekke? Nyttar ikkje. Nettet er nede.
Lage oss frukost? Nope, me har berre sånne halvferdige rundstykkjer og ingen steikeovn.
Skulle me lage ferdig bryllaupsinvitasjonane? Nei. Damn. Limpistolen treng straum.
Spele litt på mobilen medan me ventar på at dette skal gå over? Eller er spela mine online? Jepp, dei er visst det.
Og skrive går ikkje, for skriveria mine ligg i DropBox’n som er, gjett kva? Online.
Dusje, vaske litt i huset, stryke gardinene som eg hadde utsett til sundag….Ingenting funkar utan straum!!
Me fraus i det minste ikkje, for det brann lystig i ovnen.
Dermed gjorde me det som folk gjerne gjorde i gamledagar, når digital underhaldning var ikkje-eksisterande: Me las kvar vår bok.

Til sjuande og sist drog eg konklusjonen om kva som manglar i planen min: Bøker. Haugar og dungar av lesestoff. Eg treng MINST ei palle med litteratur til den dagen zombiane kjem. Ellers trur eg at me er på veg rett mot tidenes mest stusselege dommedag-scenario.

Alle sin favorittzombie Bub demonstrerar kor viktig god litteratur er for å overleve apokalypsen! (Day of the Dead – Universal Pictures)

 

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg