Naudsynte justeringar i Project: Z Survival

Då straumen rauk i natt, og drøydde til langt på dag med å kome tilbake, innsåg eg at det var visse manglar og hòl i planen min for den dagen zombiane kjem. Eg trudde det eg hadde kokt saman var temmeleg vatntett, men eg hadde ikkje teke med i betraktning at det kan oppstå aldri så små kriser berre av eit halvt døgn utan elektrisitet. 

Soundtrack: HIM – When Love and Death Embrace

Plan A er fyrst og fremst å kome seg til helsike vekk frå folkerike områder, og søkje dit ingen kunne tru at nokon kunne bu, eller rettare sagt BaleBy.
Det er ikkje det at det er fullstendig aude i heimbygda mi, men når ein tenkjer på kor isolert ein blir der dersom det går ras og ferjene blir innstilt, så kan ein fort sjå kor mykje lettare den staden blir å forsvare enn midt oppå Hardangervidda, sjølv om det òg er langt frå folk.
Problemet mitt var berre at eg innsåg at det var ingen plan B! For det er ingen garanti for at ikkje hordar av levande daude gjer vegstrekningane uframkommelege, og at ein dermed må avvente sjølve fluktplanen til nokon får rydda veg. Med mindre ein har ein tanks. Eg har ikkje noko tanks.

Så då sit ein altso her oppe i ein høgde der ledd og lemmar på dei som allereie har til ein viss grad har vandra over til den andre sida vil bli så stive og ubrukelege i vinterkulda at dei neppe kjem og bankar på stovedøra di.
Så langt, så vel. Men alle som er fan av zombie-sjangeren veit at noko av det fyrste som forsvinn i filmversjonane av apokalypsen (rett etter sunn fornuft, vel og merke!) er straumen. Og her hjå oss forsvinn då vatnet i same rennet sidan me har pumpe og brønn.

Og la meg berre få utbrodere kor hjelpelaus ein blir utan elektrisitet:
Det blir mørkt. Og kaldt. Me har heldigvis vedovn, og eg trudde eg hadde redda skinnet mitt allereie der. Men kva hjelp det når ein ovnen er så barnevenleg at katten nærmast kan sove oppå den medan den er i full fyr? (innhaldet i vedovnen, vel og merke. Ikkje katten.)
Det neste problemet med støytte på var at Dùnedain ikkje fungerar utan kaffi. I grensa til å gli over i zombiane sine rekkjer av koffein-mangel svima han rundt i lang tid medan me freista å finne ei løysning på situasjonen.
Komfyr, microbølgjeovn, vatnkokar og kaffitraktar: Ingen av desse fungerar utan el-juice.
Så fekk mannen ein idè og forsvann ned i kjellaren. Før eg rekk å snu meg er han tilbake og vil lage bål på stovegolvet. Vel, nesten. Han hadde ein sånn gasskoke-sak som fylte halve rommet, som var til å koke krabbepannene på. Og ei gassflaske som fylte andre delen av rommet.
-Uhm, javel?
-Ja, eg tappar berre vatn frå varmtvatn-tanken i ei panne og så kokar me det.
-På golvet?
-Ja?
-Nei.
Det var ein tilsynelatande snurt kar som fint måtte pakke saman bålet sitt og tusle nedatt i kjellaren. Og eg sat att her og lurte på korleis dette huset hadde blitt ståande til eg flytta inn. Eg trudde idèen hans var basert på ein koseleg liten primus, men min eigen private Lars Monsen hadde ikkje meir raudsprit til å få futt i denslags, så enden på visa var at han måtte sitje nede i kjellaren og vente til vatnet koka.

Då han omsider var tilbake i dei levande si verd og atter hadde fått koffein i blodomløpet, sat me i kvar vår ende og stira tomt ut i lufta. Kva no?
Finne ut kva som gjer at straumen er vekke? Nyttar ikkje. Nettet er nede.
Lage oss frukost? Nope, me har berre sånne halvferdige rundstykkjer og ingen steikeovn.
Skulle me lage ferdig bryllaupsinvitasjonane? Nei. Damn. Limpistolen treng straum.
Spele litt på mobilen medan me ventar på at dette skal gå over? Eller er spela mine online? Jepp, dei er visst det.
Og skrive går ikkje, for skriveria mine ligg i DropBox’n som er, gjett kva? Online.
Dusje, vaske litt i huset, stryke gardinene som eg hadde utsett til sundag….Ingenting funkar utan straum!!
Me fraus i det minste ikkje, for det brann lystig i ovnen.
Dermed gjorde me det som folk gjerne gjorde i gamledagar, når digital underhaldning var ikkje-eksisterande: Me las kvar vår bok.

Til sjuande og sist drog eg konklusjonen om kva som manglar i planen min: Bøker. Haugar og dungar av lesestoff. Eg treng MINST ei palle med litteratur til den dagen zombiane kjem. Ellers trur eg at me er på veg rett mot tidenes mest stusselege dommedag-scenario.

Alle sin favorittzombie Bub demonstrerar kor viktig god litteratur er for å overleve apokalypsen! (Day of the Dead – Universal Pictures)

 

Ei koronatilståing midt oppi mageopprør

I dag er ein sånn dag der magen min brått bestemmer seg for at den ikkje tåler noko som den heilt fint har tålt til dags dato. Det skjer av og til i kjølvatnet av magesekk-operasjonen min. Så kva passar då betre, når vêret er så ufyseleg at det knapt går an til å gå til Skrivarstovao? Då bloggar ein.

Soundtrack: Nick Cave & The Bad Seeds feat. PJ Harvey – Henry Lee

Heldigvis skjedde det på ein dag der eg ikkje hadde vidare planar. Så då passar det fint å berre liggje på sofaen mellom turane til porselenstruna, og køyre Fear the Walking Dead-maraton med Dùnedain.
Men tingen er at eg føler hjernen min råtnar vekk når eg berre glor passivt på TV. Eg trur det kom av alle åra eg budde utan TV på Askøy: Eg er ikkje van med å sitje og glo i ti

mesvis. På den tida blei det ein film i ny og ne, og resten av tida gjekk til….tja, kva gjekk eigentleg tida til? Masse gaming og sosialisering, jobbing (i dei dagar på ein bensinstasjon) og dyrestell. Trur eg.

Sidan Dùnedain utfordra skjebenen og valde å stige ut i slapse-snøen for å gjere noko kreativt i Skrivarstovao, så bestemde eg meg for å vere kreativ her inne i den ordinære stovao.
Eg tenkte å kome med ei tilståing. Korona-pandemien. Det er min feil. Det var nok eg som presterte å starte galskapen.

Den vesle krabaten som er rota til alt som er gale i verda, lånt frå FHI. Bilete, ikkje viruset. Og som liknar kraftig på Skomakar Andersen si adventsappelsin? Har nokon prøvd å nappe ut nellikspikarane? Alt gjekk veldig bra då Hans Petrus gjorde det; det blei brått jol og greier!

Eg har jaggu fått høyre at det ikkje var ein vidare god idè å reise på goth-party i sydlegare delar av verda og omgås vampyrar og flaggermus, slik eg tydelegvis har for vane.
Men sumaren 2019 pådrog eg meg eit eller anna virus. Eg veit ikkje kva det var, og heller ikkje legane kunne gje meg eit fornuftig svar, slik det gjerne er når eg pådreg meg noko.
Som regel veit dei mindre enn meg, og eg må veilede dei eit stykkje. Ein gong var det ein lege som nekta å tru at eg hadde fått helveteseld nedover venstre arm fordi, og eg siterar, “det får ein då berre i fjeset?!”
Nei. Eg hugsa ganske tydeleg at bestao mi hadde det i eine foten, så eg visste at det kunne oppstå andre stader på skrotten. I og for seg sjølv litt pussig at ein ikkje orienterar studentane om sånt på medisinstudiet? At komplikasjonar KAN oppstå på ikkje-tilviste plassa?
“Uhm, du har frykteleg vondt i armen, seier du? Nei, brot kan det ikkje vere. Det skjer berre i bein. Har du bein i armen, seier du? Det var då ein særs ekstraordinær stad å ha bein? Kan du gå på dei?”

Vel, i dette tilfellet var det hoste og heftige respirasjonsplager. Eg kunne hoste så kraftig at eg ikkje klarte å trekkje pusten, fekk problem om eg berre gjekk tre steg, og i dei verste episodane var det ikkje nok at lungene svikta, men blæra tok halve støyten i same rennet.
Nei, eg hosta ikkje med blæra, men det var jaggu ikkje langt ifrå!
Ingenting anna. Hoste og lunger som ikkje ville fungere. Og det ga seg ikkje heller! Eg trur eg gjekk og bjeffa i  hytt og gevær i kring tre månadar, medan legane trakk på skuldrane og sa at det gjekk nok over.

Og så reiste me på ferie, med meg i denne tilstanden. Turen gjekk til Mallorca.
Eg hosta på flyet. Kom til Syden og hosta på alle eg møtte der. Og så hosta eg meg heimatt. Med fly. Og legg ein til alle eg hosta på under opphald på flyplassar med fly som gjekk til alle avkrokar i verda, så blir det ein del folk som blei hosta på gitt!
Kan inkludere at eg var på ein kinarestaurant i Palma Nova og hosta litt, og kven veit om dei tilfeldigvis hadde slekt og vener i Wuhan som dei reiste på ferie til for å hoste litt på?

Til sist var det dei stakkars kinesarane som skulle få skulda for å ha starta galskapen, når namnet på sjukdomen i seg sjølv (corona = krune på spansk) burde avslørt det mykje før.
Det kom frå Spania, etter at eg hadde vore der. Men sidan dei allereie hadde spanskesykja på samvitet (i alle fall blei det påstått at det var spanjolane som starta det, men dei var berre dei fyrste som faktisk rapporterte den!) så ville dei vel ikkje ha fleire sjukdomar oppattkalla etter seg.
Dermed såg dei til Kina, for det er tydeleg at det står eit politisk spel bak det heile. Kina er eit skikkeleg teit land som bryt menneskjerettigheitar og er skikkeleg lumpne for tida, så kvifor ikkje?
Og medan alt dette spreier seg i verda og alle peikar fingrar på kvarandre, så sit det eit lite kvinnfolk her på Vestlandet og tig heilt stilt om at det eigentleg var ho som starta det heile.
Det har mutert og mutert og herja på, og eg tek til å nærme meg eit punkt der eg bør tenkje på om eg skal ta ansvar og tilby nokre dråpar av mitt eige blod for å skape ein medisin som fungerar, i og med at eg tydelegvis er patient zero!

Føreløpig held eg litt tilbake. Eg er så spent på å sjå om mutasjonane til slutt fører til dei zombiane eg har brukt mesteparten av mitt vaksne liv på å førebu meg på å bekjempe.
Men når den tid kjem, så lovar eg å donere ein skvett!

[PS! Til alle som no vil stille meg for retten, rekrutere meg til KonspirasjonsKlubben AntiVaxx & Co., eller har fått for seg at underteikna er eit spinn hakkande gale individ (som for så vidt stemmer, men … ) så må eg få understreke at innlegget må lesast med “humor”, noko som visse i dag har vanskeleg for å forstå. Men det tydar då “noko ein kan le av” frå gamalt av. Me hadde mykje av det på 90-talet då me framleis hadde lov å vere morosame!]

Min Dùnedain

I helga fekk eg spørsmål om kvifor eg kallar kjærasten min Dùnedain. Fyrst og fremst brukar eg det namnet på han online, for han likar ikkje så godt å vere “synleg” på nettet…(men han har jo skaffa seg HEILT feil kvinnfolk om han på død og liv skal vere anonym!! Præhæææ!) Men eg kallar han det reint privat òg. Og kvifor? Jau, no skal du høyra.

Soundtrack: HIM – Resurrection

Fyrste gong eg og Dùnedain møttes, var på ein fest hjå Gabbi og Harelabb. Han var sjåfør for nokre kompisar, og eg var der av gamal vane. Partyløve, her.
Me byrja å syngje karaoke saman, og etterkvart som kvelden gjekk byrja me å snakke om dei kreative interessene våre. Han var litt Reodor Felgen; han elska å putle med alle slags oppfinnelsar og diverse småplukk (modellbåtar, LEGO, u name it), og både teikna og var trubadur.
Eg har ikkje så mykje skapande kreativitet i fingrane reint fysisk, men har ein vill fantasi og er full av kreative idèar oppi toppen. Så eg fortalde han at eg skriv mykje. Filmmanus, songtekstar, dikt, noveller, og ikkje minst romanar.
Eit av mine livsverk, som tydelegvis aldri blir ferdig, er ein fantasy roman som heiter Calendilah.
-Kva handlar det om? spurde han.
-Ei einsam halv-alv-jente som lever aleine i skogen, fortalde eg og la ut om den magiske verda mi som eg hadde skapt, full av troll og alvar og dvergar og hekser, og alt anna som høyrer heime i slike landskap.
Han smilte, og lagra meg på telefonen sin som Calendilah.
Då han i tillegg kunne fortelje at han treivst godt heilt aleine i skog og mark, utbraut eg: -Om eg er Calendilah, då må jo du vere ein dùnedain!

Det blei hengjande ved han. For dei som ikkje veit så mykje om Ringenes Herre, så var dei etterkomarane av alvevenene som kjempa saman med alvane i kampen mot Morgoth, for å sei det veldig kort. Aragorn var ein av dei, og han har vel dei fleste høyrd om etterkvart.
Hunden vår, Elessär, har fått namnet sitt i og med at det var det alviske namnet til Aragorn, men det er ein annan historie.

Den natta blei me sitjande og prate lengje om alt mellom himmel og jord. Eg fortalde han at eg var heks og spiritist, men i starten tykte han at å kalle nokon “heks” var frykteleg brutalt.
-Men du er magisk, sa han.
-Kanskje eg er ein alv, spøkte eg.
-Det skal du ikkje sjå bort ifrå, svarte han.

Eg likar tanken på at me er litt magiske, både eg og han. Det føles i alle fall magisk å ha funne eit anna menneske som elskar meg så ubetinga og høgt, og kjensla er så absolutt gjensidig. Tye-méla Dùnedain <3

 

Foto: Wenche Olsen

 

På rett stad, til rett tid

Dette er eit noko personleg innlegg, men eg tykkjer det er verd å dele det likevel. Det har gitt meg håp og ein tanke om at ein kjem dit ein skal vere, når ein skal vere der. Uansett kor tungt livet til tider måtte vere.

Soundtrack: Rammstein – Mutter

Eg var ganske ung då eg byrja å slite med vonde tankar. Eg hugsar dei fyrste minnene mine som dreia seg kring kor dum og vanskeleg verda var, og tankane mine byrja etterkvart å dreie seg om døden.
Då eg var 9 år mista eg både katten min Mokki og marsvinet Marve. For folk flest er det vanskeleg å forstå kor mykje dyra i livet mitt betyr for meg, og eg har ofte blitt avfeia med at “det var jo berre ein hund/katt/marsvin/osb.” Ikkje for meg. For meg har det å miste eit av dyra i livet mitt vore like vondt som å miste andre familiemedlem. Men sånn er eg samanskrudd, og eg forventar ikkje at andre skal forstå det.

Det å miste desse to bestevenane mine ga meg i alle fall mi fyrste forståing av døden. Det at nokon du elskar skal på eit tidspunkt forsvinne, og at tida tikkar mot at dei fleste som er nær og kjær på eit tidspunkt svinn hen. Ein skulle bli vaksen. Og eg frykta tida som vaksen meir enn sjølve døden. Eg forsto at det ikkje var ei så enkel tid. Ein mista evnen til å leike, og i staden skulle ein ta ansvar for alt i sitt eige liv, få jobb og vere flink til det ein dreiv med. Du skulle få ungar, og kanskje mista ein evna til å drøyme og sjå huldra i skogen og dragar i skyene? Når kosebamsar og dokker ikkje lengjer var gode samtalepartnarar dei dagane verda var teit. Og brått var ein heilt aleine i ei verd der alle andre var like einsame.
Eg ville ikkje bli sånn. Eg ville ikkje at den dumme klokka skulle tikke nedover mot alt dette skumle og fæle som ein måtte igjennom. Pubertet. Ungdomsskule og så vidaregåande. Og så skulle ein studere og føde ungar, og uroe seg for pengar. Flytte frå heimbygda mi som eg elska.
Alle desse tankane skremde meg så intenst at eg ofte vurderte om eg ikkje berre skulle gjere slutt på alt sjølv og sleppe unna. Eg var 9 år og vurderte sjølvmord.

Men eg hadde ein ting som kunne få meg ut av desse mørke tankane. Inne i mi eiga vetle fantasiverd hadde eg ein plass eg rømde til.
Ein stad inne i ein skog, med grøne tre og ei eng som bølgja av gule smørblomar. Det låg eit vatn der, og hjortane beita under ein solfylt himmel der det aldri var skyer. Og på ein liten haug i det fjerne låg ei lita stove. Eg visste ikkje kva som var i stova, men i mine draumar var det ein god plass. Ein trygg plass, som låg der i det fjerne og lokka på meg.
Eg kunne leggje meg i den gyngande gule sjøen min og sjå på dyra kring meg. Det var fredfullt. Berre fuglesong og vinden som suste over meg.
Og for ei stund forsvann alle dei fæle tankane. Ei stakka stund var eg fylt av ei enorm ro som ingen kunne ta frå meg. Det var ingen krav der. Ingenting av alt det skumle som fylte alt anna i verda. Og det var aldri lengjer vekke enn at eg kunne late att augo og la meg sjølv forsvinne i alt det gode som var i skogen min.
Det var så livaktig til tider at eg kunne lukte trea. Piggsvina som kravla rundt i ly av eit gulv hav og ekorna som hoppa frå grein til grein kring meg. Høyre det skvulpe i tjernet mitt. For ei stund var alt perfekt og akkurat slik det skulle vere.

Åra gjekk. Eg blei vaksen. Eg snubla mange gongar på vegen, og periodane med vonde tankar trengde seg gjerne på nokre gongar opp igjennom åra. Men skogen min blei i bakhovudet. Som ein stad ein kunne trekkje seg tilbake om ein mediterte.
Det å vere vaksen fekk eg aldri heilt til, men eg klarte meg. Og eg møtte Dùnedain, som på mange måtar var alt eg hadde drøymd om i ein partnar, og meir til. Saman flytta me opp i det vesle huset der me no bur, og fylte det med firbeinte pelsungar.

Den fyrste sumaren kom. Eg sat på trappa medan hundane var i hagen og vimsa slik hundar gjerne gjer.
Blikket mitt søkte nedover bakkane. Til ei eng av blømande smørblomar som skilde meg og huset frå eit vatn der bittesmå bølgjer skvulpa lett i sumarvinden.  Det var ikkje uvanleg at eg såg hjortane beite der nede, sumar som vinter. Sola skein oppe på himmelen, og bada eit vidunderleg bilete i glansen sin.
Eg sat på trappa. Utanfor ei lita stove oppå ein haug. Ei stove fylt av uendeleg mykje kjærleik frå små snutar og ein mann eg ikkje ville vore forutan. Ei stove som var min heim.
-Eg klarte det, tenkte eg. -Akkurat her er det meininga at eg skal vere. Eg er heime.

Bilete er lånt frå Scottish Wildlife Trust (og ja, eg veit det ikkje er ein norsk hjort, men (sannsynlegvis) eit skotsk rådyr!!)

Så gjekk det som det måtte gå…

Eg er ikkje overraska. Kalendaren har for ein drøy halvtime sidan bikka over til 9. januar, og antalet innlegg i bloggen min har ikkje akkurat nådd svimlande nye høgder.

Soundtrack: “Trollsyn” – 1994

Dùnedain har slått seg ned framfor TV-skjermen med den norske gamle filmen “Trollsyn”, som skremde vatnet av meg i barndomen. Normale ungar blei skremd av Hufsa og historiar om troll og spøkelse, som eg med stor glede serverte dei. Eg kunne Bygdabokji på rams frå den dagen eg klarte å lese sjølv.
Eg? Vel, svartedauden var noko av det skumlaste eg kunne tenkje meg. Men som den morbide kid’n eg var så klarte eg ikkje la vere å lese alt om den som eg kunne kome over.
Og no har noko av denne morbide facinasjonen smitta over på han eg bur med. Stakkars mann.

I det minste har denne veka gått med til å dra meg sjølv i gong med skrivinga igjen. Det var…tungt. Men etterkvart har eg kome inn i ein god flow igjen, så det blir framleis bøker av det eg jobbar med.
Og brått kom helga, naboane inviterte på middag, så kom det tikkande ein invitasjon til å gå ut og ete på Villani i Skostredet og i morgon skal det akast og rulle i snøen med tantongane mine <3
Deretter kjem måndagen igjen, og minimum 7 nye kapittel skal oppstå.
Vel, eg blir ikkje arbeidsledig med det fyrste.

Noko spennande å skrive om på bloggen? Nope, det har eg ikkje. Men eg har eit håp om at det kjem betre tider. Eg må berre setje av tid til å lage meg ein slags skriveplan for dette prosjektet òg!

Godt aor og takk for det gamle!

Eg merkar på kroppen at måndagen kjem til å bli hard. Snøen er vekke, skrotten lid under eit overinntak av mat som det sannsynlegvis ikkje var meininga at me vanlege daudelege skulle stappe i oss i så store mengdar, og eg vrir meg i indre smerte kvar gong eg kik innom nettavisene berre for å bli slått i trynet av nye oppslag om koronasituasjonen. 

Soundtrack: Dùnedain som spelar CoD

Herifrå kan det neppe gå andre vegar enn oppover? Men det tenkte eg i fjor òg, utan at ting blei så veldig mykje betre. Det føles merkeleg nok som om 2020 og 2021 var same året, og begge gjekk seigt som sirup OG fort som lynet.
Året som gjekk medførte endå meir kjipe dagar innestengd i eigen heim, koronatestar opp og i mente, utsett bryllaup, to tette dødsfall i familien og ein bortkomen Boromir-pus.
Men det kom to nydelege små nye familiemedlemmar, Thrallya og Èowyn, og ny jobb til meg der eg kan gjere noko av det eg elskar mest her i livet: Skrive. (film, dyr og drive avlastningsheim for både born, dyr og unge kjem på ein solid…uhm, fyrsteplass. Saman med skriving. Eg er allsidig. Kors på halsen.)
Så eg vil naudsynt klage, sånn sett! At bryllaupet vårt måtte utsetjast til 2022 er heller ikkje det verste som kunne skje, i og med at me har litt meir å rutte med økonomisk no OG midt oppi pandemien kunne me risikert å berre få lov å ha 20 gjestar dersom dagen vår havna midt i ein ny lock down.

Det er med andre ord lite å skrive heim om, både når det gjeld året som gjekk og året før der.
Nyttårsafta 2021 blei feira iført pysj/dasseklede i stova framfor TV’en, medan me åt oss gjennom pinnekjøtrestar og Hobbiten-filmane. Verken eg eller Dùnedain var i vidare god form; han småsnufsen og forkjøla, og eg generelt berre heilt kake etter all joleferieringa. Dermed fekk champangen stå i fred i kjøleskapet, og det nærmaste me kom ei utskeiing var kvar si skål sjokoladepudding med vaniljesaus.
Rett før klokka slo tolv høyrde me nokre slappe fjertar som minna om rakettar utanfor, og gjekk ut for å tenne oss kvar vårt stjerneskot. I det fjerne skaut nokre av naboane opp ei knippe fargerike fjertar til, som knitra og døydde hen i natta.
Dermed tusla me slukøyra innatt til dyrehagen og siste rest av Hobbiten: Femhærerslaget, før me tok kvelden og tusla vidare til sengs.

Eg tek vel og merke på meg å vere varsam optimist for året som kjem. Det står ein rund fødselsdag på programmet, ein baby er på veg som eg har lova å vere live-in nanny for ein periode, me skal gifte oss og Rammstein har (forhåpentlegvis!!) konsert i Oslo til sumaren. Og kanskje blir tvillingane våre så tørre bak øyro at eg slepp å plukke dei ned frå dørkarmar og gardiner i løpet av året som kjem?
Uansett kva året måtte bringe, så vonar eg det blir til det beste for alle kjende og kjære (og eventuelt andre som får med seg helsinga mi!) med eit håp om betre tider og ein utdøyande pandemi.

Godt nyttår!