Hunter blir funne som spedbarn på ein kyrkjegard i USA, innpakka i eit teppe med satanistisk’ishe symbol og med eit opp-ned kors rundt halsen. Som vaksen oppdagar ho at ho har norske aner, noko som fører ho til Bergen og inn i metal miljøet si spede vogge.
Norsk … krim-thriller? (2022)
Med Alicia von Rittberg, Ellen Dorrit Petersen & Stig R. Amdam
Regi: Alex Herron
Lengde: 1 timar og 46 minutt
Men er dette eigentleg ein skrekkfilm?
Eh, nei. Det føles eigentleg meir som å sjå ein ny film i Varg Veum-franchisen, berre med litt ekstra skumle greier som lurer i skuggane.
For all del, filmen er ikkje dårleg. Det er spennande, mystisk og bileta er ikkje til å klage på heller. Nokre av skodespelarane skulle kanskje vore litt meir drilla før dei slapp til framfor kamera, men det er snakk om dei mindre rollane, så det får stå sin prøve.
Nemnde eg at eg er med i denne filmen? Om du ser GODT etter så kan du få to glimt av bakhovudet mitt under konsertscenene i starten, og så tuslar eg forbi kamera på gata litt seinare, i noko tåkete og blørri tilstand.
Men nok om meg. Tilbake til filmen.
Då eg fyrst høyrde om filmen (og fekk invitasjon til å vere statist) vart det omtala som ein skrekkfilm. Og i starten kan ein gjerne ta det for å vere akkurat det.
Ein foreldrelaus baby forlatt på ein kyrkjegard, omringa av okkulte element. Ei spontan reise frå Amerika til Bergen for å nøste opp i trådar som fører ned i den dystre kjellaren under tidlegare Garage (RIP) der metal-miljøet framleis held det gåande. Dystre våte gater i verdas vakraste by … Alt ligg til rette for ei spenningskurve som susar rett opp i eit himmelrike av det overnaturlege og skremmande.
Men så snubla den norske nordmannen inn dørane med sin down-to-earth haldning kring dette med realistisk film.
For av og til kan ein undre seg over om dei som lagar film her til lands i det heile er i stand til å tenkje nytt og ikkje minst: nytt på ekstreme måtar.
Der Hollywood ville ha pøsa på med flygande damer i flagrande kvite kjolar og jump-scares i kvart hjørne, held denne filmen litt tilbake. Dei bryr seg ikkje ein gong med å byggje opp til det krypande ubehaget som ein god skrekkfilm skal ha.
Ein helt kanskje pusten litt når handlinga føregår inne i ein fancy, flott og småleg creepy villa, men tross i at Hunter (Alicia von Rittberg) er fødd og oppvaksen i USA blir det altfor norsk. Det blir for likt så mykje anna me har sett før, og historia lenar for mykje på å oppklare kven som er Hunter sine foreldre framfor å dra fram det som er skremmande og intenst i filmen. Trådane blir nøsta opp og me får svar på det me lurer på, men du sit ikkje att med den klumpen i magen som får deg til å miste nattesøvnen.
Overnaturlege element dukkar opp litt her og der, og idèen er i utgongspunktet god. Hadde denne filmen blitt presentert for meg som eit krimdrama, mysteriefilm eller til og med ein thriller, kunne eg gått god for den. Men som skrekkfilm når den dessverre ikkje opp på lista mi.
Den endar på ein 3’ar. Ein sterk 3’ar vel og merke, men likefullt ein 3’ar.