Webdesign – Fyrste oppgåve

Me fekk i oppgåve å poste den fyrste oppgåva vår på bloggane våre, så her er mitt bidrag:

http://www.dragenshule.no/

 

 

Då denne sida hadde sin fyrste reklame bakpå eit Nemi-blad, tok det ikkje lang tid før eg var online og hadde oppretta konto der. Sidan har eg vitja denne nettbutikken ofte. Eg er ofte innom berre for å kike og sjå kva nye produkt dei har på lager. Sida har ikkje gjort større endringar i design sidan fyrste gong eg var innom, og har køyrd same stil heile vegen.

 

Sida er veldig «meg». Både i layout og innhald; her har dei litt av det meste eg elskar. Den får meg rett og slett til å føle meg heime. Eg likar spesielt godt den gothisk-inspirerte drage-banneren heilt øverst. Raudt og svart dominerar fargane i layouten, to fargar som gjerne blir forbunde med goth-kulturen, og andre som gjerne er kundar på denne sida. Dei to vindaugo som rammar inn kvar sin drage på toppen av sida, er tilpassa kolonnene på sidene, og dannar fine kuplar/søyler på sjølve sida.

Ei side som denne, som rettar seg mot folk som gjerne er litt utanfor A4-samfunnet, ville gjerne ikkje vore like attraktiv for kundegruppa dersom dei hadde satsar på ei veldig rein og enkel side. Men samstundes som den har ein del utsmykkingar, er sida fri for flashande grafikk som virkar forstyrrande på lesaren, og det er enkelt å navigere og finne fram til dei produkta ein er på jakt etter. Tabsane til viktig informasjon, som til dømes korleis kontakte butikken og innloggingsinformasjon, ligg tydeleg heilt øverst på sida.

Den overlappande raudt-til-svart bakgrunnen går igjen i annonsene og bileta av produkta deira.

 

Annonsene som dominerar sida visar til produkt og konkurransar butikken sjølv fører, og i menyen til venstre viser tydeleg til kva type produkt dei har for sal.