Snøen og livet og sånn!

Snøen kom. Til slutt. Eg er temmeleg overbevist om at Jolenissen har send gåver via PostNord denne gongen, for den er berre tre veker for sein. Og så var det heller ikkje GRENSER for kor mykje han sende når han fyrst var i gong?!

Soundtrack: It’s my Life – Bon Jovi

Elessär elskar det. Papsen gjorde den tabben å sei at naboen berre skulle ta vekk snøen då han køyrde traktoren forbi og brøytte vegen for oss, og etter det har bikkja stått vakt i vindauga og lurt på om han skulle ta alt, eller om det skulle bli noko att til han. Og står han ikkje på den posten, så ligg han ved utgongsdøra og grin fordi han har mest lyst å vere ute og danse i snøen.

Pixie og pusane er meir skeptiske; snø stod overhovud ikkje på ynskjelista deira i år. I alle fall ikkje slike mengdar! Pixie slit med å finne ein plass ho kan setje rompa nedpå for å få gjort sitt fornødne, og pusane går snart på VEGGANE fordi det er så kjipt å vere inne. Og ute er det kaldt. Og dei forsvinn i snøen. Rododendroen min har òg dukka fullstendig under i snøfallet, så eg ventar i spenning på korleis den ser ut til våren!


Og eg sit oppe i natta. Dùnedain har for lengst gått til ro, og resten av dyrehagen søv/halvsøv rundt i huset. Mensen melde sin ankomst i dag, så eg har lagt som eit slakt på sofaen eller senga og sove vekk dagen, medan eg har vore sinnsjukt sjølvmedlidande. Smertestillande tok berre toppen av all ao’en, og då finst det ikkje nok sjokolade på denne planeta til å få meg opp og i gong med nokon verdens ting fornuftig.
No har det heldigvis avteke litt, og då melde skrivekløen seg! Det er digg. Eg hadde som mål å klare å skrive jamnt og trutt, og har så langt greidd å halde meg til det. Men eg skal ha helgepause, sånn at hjernen ikkje blir heilt rømmegraut. Lovar likevel bra at eg faktisk klarar å skrive kvar dag, og kjenner ei glede med det eg gjer! Hurra!

Jolepynten skulle for så vidt ned i dag, men eg har ikkje lyst å fjerne den. Treet var så fint i år, og den himmelske hærskare med englar som danderar stova mi er så vannvittig koseleg! Huset har vore opplyst av så masse små og store ljos og stjerner og treet har dufta så fantastisk, og så skal alt berre pakkast ned og hivast oppatt på loftet. Do not like.


Årets tre-tema var “fantasi”. Neste år trur eg at “vinter” skal vere tema, om eg berre finn att dei jolekulene som tydelegvis ikkje var på loftet her hjå meg. Eg har f*** meg jolepynt til å pynte tre hus, ein villa, eit par herskapsgardar og ein utedass, men den er spreidd for alle vindar. Jadda.

Faktisk så er eg ganske optimistisk for året 2021, eg! Det er ikkje akkurat som om det skjer allverdens, og eg føler meg asosial som ein frosk i ein karpedam, men om verda på død og liv skal stå på pause, så vil eg gjere det beste ut av det. Det inneber sjølvsagt jobbing heimanfrå, men det er òg ei fantastisk orsaking til å spele både WoW og Sims på kveldane!
Eg ser for meg at det i stor grad blir slik 2021 kjem til å bli, dessverre. Det vil jo sei at det meste av ting eg hadde gleda meg til utgår, i år som i fjor. Bursdagsfeiring, utdrikkningslag, hausttakk, jolebord…og eg fryktar for at det spøker for bryllaupsplanane. Men sånn sett brenn det ingen plass. Eg får sei som Gabbi sa: -Du æ’kke amish og bringer skam over slekta fordi du lever i synd heller!!
For ein gongs skuld i livet løftar eg blikket og ser framover. Med glede. Det er så masse fantastisk eg har i vente, og det er så mange ting eg gler meg til når verda byrjar å gå tilbake til normalen! Om det skulle ta litt lengjer tid enn planlagd, så forsvinn det ikkje heller. Det gir meg berre endå meir tid til å glede meg og spare opp til dei tinga som måtte koste nokre kroner! <3

Ny runde: 2021 – Don’t ask me to hold your beer!!

Det har vore eit vaskeekte SKITÅR! 2020 går ned i historia som eit makkverk av dimensjonar, og måtte me heretter gjere eit unntak for historiebøkene, og berre hoppe direkte frå 2019 til 2021. 

Soundtrack: The Truth about Love – P!nk

Jepp, her er eg igjen. Det har sin heilt logiske forklaring kvifor det knapt blei skrive eit ord i bloggen gjennom heile 2020, for kva svarten skulle ein eigentleg skrive om?! Det skjedde fint lite. Ingen bursdagfeiring (verken min eigen eller nokon andre sin), ingen ferieturar, ingen HaustTakk, og alle sat på kvar si tue og tvinna tommeltottar. Det har vore eit keisamt og LANGT år.

RIP fine Kira

Derfor er eg varsamt optimist for 2021. Det er ti tusen ting eg gjerne skulle gledd meg til, men når året byrjar med eit leirskred som øydela liva til alle i ei heil bygd nede i aust, så vågar eg ikkje sjå positivt på kva me har i vente. Det at voffsejenta vår i BaleBy sovna stille inn rett over jol bleiknar i forhold, men det gjer meg heller ikkje meir positiv.

Eg har ikkje så mange mål for året, som sagt.
Eg skal skrive. Om eg står fast i forfatteria mine, så skal eg i det minste produsere eit blogginnlegg.
Eg skal trene. Ikkje nokre svære greier, men får eg stramma opp lår, mage og armar bittelitt til bryllaupet i august, så er eg happy. Etter det skal eg gå tilbake til å forfalle inn i eva.
Eg skal kutte røyken. Nuff said.
Og eg skal gjere mitt beste for å planleggje bryllaup. Sånn at eg kan få klipt av meg dette lange ragget som eg har spart ut på toppen. Eg likar ikkje langt hår, så enkelt er det.

Med det legg eg 2020 bak meg, nyt heilsteikt kalkun på denne siste av årets joleferie, og siktar mot nye høgdar. Eller dalar. Alt etter kva skjebnen vil.

GODT NYTTÅR!