Kjære Jolenissen; her er eg igjen!

Innimellom baking og pynting, shopping og husvask, så må det skrivast ynskjeliste, i år som alle andre år. Og her er mitt bidrag i år! Illustrert versjon!!

Soundtrack: P!nk – Secrets

Fyrst må eg understreke min store lidenskap for lister, og min enorme glede for at verda ellers har byrja å innsjå kor fantastisk gøy det er! Egoforlag har MASSEVIS av gøye bøker for sånne entusiastar som meg! Det er spesielt tre bøker som står på ynskjelista mi no:
Vi To – ei bok om forhold
Min Bucket-liste – ei bucket-liste mellom to permar (iiiih!!)
Boken om meg – som er ei reinspikka liste-bok som eg verkeleg hadde ELSKA!!
Det har òg blitt observert ein del liste-bøker på Norli, så sånne bøker generelt er dødsgøy!!

Orsak for noko utydeleg bilete; det blei teke i full fart medan eg stod i kø!!

Av litt billegare alternativ, så ynskjer eg meg:

  • Ein løpar til spisebordet (ein ikkje-jolete ein!!)
  • Hårstæsj (hårstrikkar, spenner, klips….Hovudskallar, einhjørningar, dragar, alveisk….Sånne lokkriske)
  • Gøy-teite øyredobbar (i same kategoriane som over her!)
  • Laserleike til Boromir (sånn liten penn!)
  • Sjokolade og marsipan
  • Gode sminkebørstar i alle størrelsar!
  • Kvitvin (elskar søte vinar!)
  • Duftpinnar (som dei under; gjerne sånne som luktar “ocean” eller “peach” eller noko anna som passar til badet eller til stova!)

  • Ballerinafigurar (dei har desse bl.a. på Nille!)

Hugsar folk sånne fugle-klips som besteforeldre (og nokre foreldre, kanskje?) hadde på joletreet? Eg ELSKAR dei!! Dei siste åra har dei kome litt tilbake, det finst sååå mange fine av dei!

Dei har dei blant anna på Kremmerhuset, heilt nede i 9,- stk! Drøyner om å ha eit joletre med MASSE sånne pippar på ein gong….Alle typar, anten dei er av glas eller plast eller fjør og isopor, står på ynskjelista! ^^

Ynskjer meg òg ei litt dekorativ honningkrukke! Treng ikkje vere noko dyre greier, berre den er litt søt og orginal, kanskje noko i rettning desse:

Forelska meg dessutan fullstendig i denne mugga som eg fann på COOP Obs! Den hadde vore sååå fint å ha jole-varmsjokoladen i til jolefrukosten!!

 

Av litt dyrare ting på lista, så ynskjer eg meg:

  • Thunder/plasma-ball (sånn med torden inni!! Dei har dei finaste på Teknikk Magasinet!)
  • Printer med scanner og kopifunksjon
  • Dalì-parfyme (Dalìflor og Dalìstyle)

….men parfymane til Rhianna er skikkeleg fantastiske dei med!! Dei har små, billege flasker på Normal!!

Og så var det dørmatte. Eg har sinnsjukt lyst på ei av desse dørmattene:

Etter at drikkefontena til pusane tok kvelden i haust, så har me ikkje somla oss til å kjøpe ny. Så det står på ynskjelista! Favoritten min er faktisk den billegaste, i blå eller kvit keramikk, frå Banggood!

Men det var eit par andre fine eg snubla over òg, som denne frå Zoopermarked eller denne frå VetZoo!

Eg har blitt litt hekta på Funko POP! vinyl-figurar, skal eg innrømme. Det skulle ikkje skje, men det er nokre som rett og slett berre MÅ få ein plass i nerdehuset mitt:

  • Deadpool (gjerne den som ligg!!)
  • Buffy, Angel & Spike frå Buffy the Vampire Slayer
  • Alle frå LotR/Hobbiten!!
  • Freddy Kreuger

Ellers treng eg pengar. Både fordi me skal gifte oss, og fordi me skal pusse opp kjellaren. Og gåvekort på tattoo er heller ikkje å forakte!
Og sånn heilt til sist, i tilfelle nokon framleis hugsar at det er mogleg å kjøpe CD’ar og LP’ar; her er dei eg har aller mestast lyst på:

  • P!nk – Hurts 2B Human
  • Lordi – Sexorcism
  • Die Antwoord – $O$
  • Nick Cave & the Bad Seeds – Ghosteen

Det var det for i år! Var litt ekstra gøy no som eg endeleg fekk bileta og linkane til å funke, så eg tok kanskje litt av. Men om du lurer på kva eg ynskjer meg til jol, så vonar eg du har fått svar no!

HaustTakk og utakk!

Eg er eigentleg litt imponert over meg sjølv, sånn kokkeleringsmessig! Det er nesten så eg burde vurdere å starte kokkeblogg! *superhøg på seg sjølv* Noko eg strengt tatt burde vurdere framfor vanleg forfattar for tida; det er jaggu ikkje mykje som føregår sånn kreativt ellers….!

Soundtrack: Nightwish – Ghost Love Score

Det er den tida på året igjen; lista over ting eg vil og bør og skal gjere, er lang som eit vondt år, sjølv om eg i teorien burde konsentrere meg om å skrive. Men med den andre lista i bakhovudet, blir eg i staden sitjande som ein apatisk sau og berre stire tomt framfor meg. Orda som skulle havne i boka forsvinn som ei lett tåke i fjellheimen, og eg sit att og lurer på kvar dagen blei av.
Det er vel det dei som driv med slike ting til dagleg kallar skrivesperre? Dei som skriv altso. Ikkje dei apatiske sauane.

Akkurat no sit eg i det minste god og mett i sofaen, med fyr i peisen og eit stort glas iskald pepsi max, og ein temmeleg avslappa dyrehage kring meg. Dùnedain jobbar på badet; han riv baderomsplater og driv med sånne tekniske ting der ute som eg ikkje er kvalifisert til å forstå. Tidlegare i dag laga han verdas beste kalkunsalat. Sjølv om han gløymde salaten. Og pitabrøda. Men flink er han då, den kadlen min! <3

Når me fyrst er inne på dette med kalkun; i helga arrangerte eg og Dùnedain HaustTakk! Det det blei ein heidundrandes suksess! Eg har ALDRI laga kalkun før, og skal innrømme prosessen totalt (inkludert å lage stuffingen) tok meg cirka 6 timar. Det skulle vel i teorien ta normale folk cirka 4, men resultatet var verdt det. Blei så klam om hjarterota då vår irske ven Derek sa at det smakte som ein irsk jolemiddag! 😀 Anten han sa det for å vere høfleg eller ikkje, så vel eg å ta det til meg, og smiler framleis av fine kommentaren!

Resten av gjestane hadde med ein fantastisk waldorfsalat, ei herleg ostekake (som Dùnedain serverte utan botn! Jiiz, det kjøkenpersonalet eg har kring meg?! Haha!) og superdigg saus med ris….Ris med saus? Psj. Eg åt mest saus med ris. Det er allereie teke opp og avgjort at dette er ein tradisjon som er komen for å bli.

Me fekk til og med GÅVER av dei snille venane våre! Strengt tatt ikkje naudsynt, men IIIIIH for alt som kjem innpakka! Eg hadde btw aldri trudd eg skulle bli den stolte eigar av eit oppblåsbart ljosande reinsdyr?! xD Men takk, Lene og Derek! No er eg i alle fall det! xD

I det store og det heile har det gått kast-i-kast siste veka, sånn omtrent. Huset skulle jo vaskast og ordnast til HaustTakk, og svigerfar var her for å setje opp vedovn, KæssKiss og eg måtte ha oss ein mykje sakna rånetur etter gamalt, og så hadde me Sjonkel Rolf på vitjing, noko som blei sett stor pris på av Elessär som har sakna han masse. Det blei til og med så trist når Sjonkel reiste heim at han måtte sitje litt midt på golvet og grine ein skvett!

Pixie set VELDIG stor pris på den nye vedovnen vår!

Med alt dette, var då planen at me skulle ta igjen den sløve sundagen på etterskot. Me hadde tenkt å liggje fyllesjuke på sofaen heile dagen, glo på Netflix og ete kalkunrestar. Sånn blei det ikkje, så plan B blei å ta det att på måndag. Det gjekk heller ikkje etter planen. Me enda opp med å tilbringe dagen på Lagunen, der me i utgongspunktet skulle handle inn middag for resten av veka, men brått sprang Dùnedain senteret rundt på jakt etter gåver til adventskalendaren vår! Stakkars mannen; alt han må gjennom for dette kvinnfolket han har funne seg….!

Eg på mi side, vakna i dag, fit for fight. Eg hoppa ut av senga (i slow motion, vel og merke.) ordna meg frukost og med ein trufast RedBull i lanken gjekk eg i gong. Med å lese avisa. Og sjå Last Week Tonight. Sjekke Facebook. Skrive to linjer i boka mi, og sletta ei side eg ikkje var nøygd med. Og så såg eg nokre episodar av SlappedHam, og etterpå ga eg opp. Det var ikkje meir i toppetasjen som var verd å få på papir. I staden gjekk eg inn og sov middag. Før middag.
Situasjonen er ikkje unik, vel og merke. Eg er jamnleg temmeleg ubrukeleg etter at det har vore mykje som har stått på. Av og til misunner eg mennesker med “normal” funksjonsevne! Ikkje at eg klagar. Tidlegare hadde ein sånn periode ført til at eg hadde blitt sengeliggjande; deprimert og med angst, rett og slett fordi eg hadde vore mentalt utsliten. No blir eg berre mentalt tappa. Og det er heilt greit! Det går an å hente seg innatt med litt søvn, og berre tømme kroppen for tankane.
Det er spesielt normalt i samanheng med visittane til Tante Raud. That lady’s a bitch. I dagane før ho dukkar opp, gjer ho sånne merkelege ting som å få meg drøyme om born og denslags. At ein kan bli så føkkings melankolsk og sutrete og ikkje minst grumpy og ha så kort lunte som den dama kan gje deg?! Eg HATAR meg sjølv i den perioden av månaden.
Igjen forsterkar det berre så til dei grader alt eg BURDE fått gjort; jolegåver og bilete til jolekort, boka mi, ting som skulle vore rydda og vaska, og midt oppi det heile kjem det frå Dùnedain: -Ja, me skal ikkje gifte oss allereie til sumaren då?
Der og då fekk eg lyst å rive ut alt håret eg til no har spart opp. Endeleg hestehale, og RØTSJ!
NEI søte snille fine deg! Eg klarar ikkje ein gong å fullføre innlegget eg byrja på om planleggjing av bryllaup!? Korleis skal eg då, stressa som eit helvete, klare å planleggje eit reelt eit?!
For all del; det ordnar seg. Men akkurat no var det eit særdeles dumt spørmål….! Og oppfølgjarspørsmålet var kanskje ikkje hakket betre: -Kva med til vinteren….?

 

To av tre i klassen “Største sjarmør med pels”!

Hjartesukk frå den norske fjellheimen

Eg skulle vere flink å blogge, eg. Så skjedde livet. Frå dag til dag føler eg at det ikkje skjer nokon verdens ting nytt i livet mitt, men når eg no såg på kor tid eg sist skreiv noko her, så innsåg eg at livet mitt har vore ganske så innhaldsrikt!

Soundtrack: Haunted – Shane MacGowan, The Pogues & Sinead O’ Connor

På dagtid freistar eg å skrive. Eg har vore i kontakt med eit større forlag, som har meld interesse for ei av bøkene mine. Så, hurra! 😀 Dermed har eg sett meg som mål å skrive 2000 ord kvar vekedag, men eg har til no nådd det målet tre gongar. Eg klarar vanlegvis 7-800 ord, før noko lagar krøll i strukturen.
Handlinga i boka er lagt til 1300-talet, og eg har brukt over ein månad berre på research. Eg blir i overkant irritert når bøker ikkje klarar å vere nokon lunde historisk korrekte, så eg har site med nasa i bøker, avhandlingar, filmar og dokumentarar som tek for seg denne tidsperioden, berre for å vere sikker på at eg ikkje gjer den tabben sjølv. Eg hiv meg over google berre eg skriv inn eit måltid, for å sikre meg at ingrediensane i maten fanst i Noreg på den tida!
Det einaste som var i overkant kjipt, var at boka måtte vere på bokmål. Og som veldig mange har fått med seg, så er ikkje det mitt fyrsteval av skriftspråk. Eg gjekk MANGE rundar med meg sjølv før eg tok ei avgjersle om å gå vekk ifrå nynorsk. For no. I framtida, på eit eller anna tidspunkt, kjem folk til å plukke ned nynorske bestselgjarar frå hyllene i gledesrus, men det er fyrst når eg har fått dei hekta på galskapen.
Håpet er at eg får send inn eit fyrsteutkast før jol, så får me sjå kvar det endar.

Eg har fleire prosjekt i tillegg. Eg og Tommy jobbar med ein ny film, og eg har fått tilbod om ein produsentjobb på endå eit prosjekt over jol. Så om berre verda kan vere snill med meg framover, så har eg kanskje ei inntekt når våren nærmar seg! Noko som hadde vore fantastisk, når ein ser på alt ein treng pengar til i dette samfunnet. I og med at eg har forflytta meg så langt frå folkeskikken som ein omtrent kan kome i Hordaland, så merkar eg i det minste at økonomien har blitt betre! Eg har nesten ikkje shoppa på eit år, samanlikna med det shoppoholikaren min i meg vanlegvis ville gjort! Og berre eit dumt impulskjøp, og det kom på 40 kroner! Haha!
Kjøpte noko på New Yorker som eg trudde var ein fantastisk stileg topp/tunika, berre for å kome heim og oppdage at:
1) Det eg trudde var ein strikk over bringa var ein temmeleg solid stoff-ting, noko som gjorde at den breie brystkassa mi ikkje hadde nubbesjans til å få den på seg
og
2) Det var faktisk ikkje ein topp i det heile! Det var ein sånn bukse/shorts-ting, som er eit klesplagg eg overhovud ikkje støttar. Kven vil KLE AV SEG for å gå og pisse?!
La oss håpe eg har lært at ein bør PRØVE kleda før ein kjøper dei til neste gong….(har gjort akkurat same tabben ein gong før, nemleg. Men den sydde mamma om til verdas søtaste snø-leopard-kjole for meg! <3 )

I går blei Boromir kastrert. Han er dopa på smertestillande, men eg er veldig spent på om han held seg like roleg når han er ferdig å gå på dei. Krage var i alle fall fullstendig utelukka; han tvang seg under sofaen og vrei seg ut av den medan kragen sat fast i sofakanten.
Det var i alle fall på høg tid å få det gjennomført. Guten har vore så full i hormonar at han har klatra opp på Khavi og bite seg fast i nakken hennar kvar sjanse han har hatt. Så ho vil ikkje vere vener med han, og insisiterar på å vere utepus i så stor grad som mamsen hennar kan tillate.

Boromir før ballefjerning. Og ignorer trusetørke-prosessen i bakgrunnen.

 

Elessär var så happy for at veslebroren kom heim, at han måtte liggje med hovudet inni pusehuset og vaske!

 

Papsen og Pixie <3

 

Og så har det vore Halloween! Eg og Dùnedain feira i ei føkkings veke! Det var party hjå Sara, der me stile som voodoo-prest & prestinne, og der eg brukte nesten all mi tid på å planleggje kostymet hans framfor mitt eige. Det tok eg på sparket dagen før! Men det blei knallbra like fult.
Så køyrde me skrekkfilm-veke, og åt så masse snop at me fekk vondt i magen begge to. Sidan ingen kom på døra vår, blei det ekstra masse snop på oss! Ao.

Me såg ganske bad ut, vil eg påstå!

 

Jack O’ Lantern vår!

Sidan eg og Dùnedain er så godt i gong å skape våre eigne tradisjonar, så bestemde me oss like greit for å leggje opp til ein til: HaustTakk. Mest av alt er det for at eg skal ha ein orsak til å lage kalkun! Det er cirka noko av det beste eg veit, rett bak hjortekjøt og kinesisk mat. Og det å faktisk ha eit spisebord er berre heilt fantastisk, for då er det til og med mogleg å gjennomføre noko sånt! Det er noko eg sakna intenst alle åra eg budde på Askøy….Eg lurer fælt på kvifor eg ikkje allereie har gjort det? Kalkunen ligg i alle fall klar nedi frysaren, klar til å bli støffa og servert med digg tilbehøyr.

Det beste som har skjedd i haust må vere at eg og Dùnedain ENDELEG fekk ordna oss ein skikkeleg ferietur saman!! Sidan Gabbi og Harelabb hadde bestemd seg for å feriere på Mallorca, bestemde me oss like greit for å prøve det same, akkurat den veka dei hadde bestilt tur. Og så fann me eit hotell i Palma Nova, der eg var på jente/flatfylla-tur i 2000!
La meg berre sei det var fantastisk. Eg hadde store planar om å blogge der òg, sidan det er noko eg alltid brukar å gjere på ferie, men når me kom heim på kvelden var me stort sett så slitne at me kræsjlanda på senga og sovna. Verken eg eller Dùnedain har ro nok i ræva til å liggje på kvar vår solseng i timesvis, så me leigde bil, og var på road-trips, dyrehage, museum, vitja gamle kyrkjer og borger og tårn, shoppa (jadda, eg fekk shoppa litt. Kontrollert shopping.) og var i theme-parken Katmandu. Me greidde til og med å spore opp gamle Banana Joe’s; stampuben til meg og jentene då me var der nede for snart 20 år sidan!! Men den snertne DJ’en hadde gitt opp karrieren og forflytta seg til nye jaktmarker. Var uansett veldig nostalgisk å sitje der med ein strawberry daiquiri i handa og mimre. Lysholmer ICE er tydelegvis ikkje ei greie lengjer, så eg måtte gå for noko nytt.
Og eg oppdaga at Woo-Woo er ein himmelsk god drink, så lengje den er laga på rett måte! Men det var då på ein annan pub…
Me greidde å karre oss på stranda to gongar, og begge gongane var etter at sola var gått ned. Badeferie meg i rompa.

Dùnedain fann eit tårn han berre MÅTTE klatre opp i!

 

Glad mann har fått ØL!

 

Den eine av dei to badeturane våre….
Me oppdaga at det var ingen skåler i leilegheita vår! Så i nauden et Fanden fluger.
Til mitt forsvar snurra denne tunnellen, og stakkaren bak meg blei sjøsjuk, så derfor er det eit i overkant blørri bilete.

 

Eg har som kjend store problem med å ikkje posere når sjansen byr seg…

 

KATMANDU!!

 

Wohoo! Ein Woo-Woo!!
Nydelege einhjørning/feen eg fekk i gåve av Gabbi & Harelabb på turen! ….kvifor overausar folk meg med einhjørningar og hovudskallar tru?? xD

Ellers har eg slite med ein hersens hoste i snart to månadar. Det er byrja å bli betre, og legen meinar det berre er eit virus som må gå over av seg sjølv. Me ventar på ny peis i stova, og eg har fått blod på tann kring idèen om å få pussa opp kjellaren til soverom med walk-in closet og nytt bad. I går var det såpass påtrengjande kreativitet på feltet at eg måtte designe badet og innreie det. Det hadde blitt awsomt.
No har eg vel og merke budd her oppe i fjellet i snart eit år, og eg har endå ikkje posta bilete av innsida av huset, slik eg lova folk på nettet!! :O Så, det står på to-do lista mi. Samt ta bilete til jolekort.

Tl;dr: Det skjer ganske mykje meir enn det eg trudde, og eg har det ganske travelt. Derfor er eg blant dei sløvaste bloggarane i cyber space.