Sååå dett i dasa!

Det går mot betre tider. Håpar eg.
Siste veka har eg hangla kring med tett nase og småitchy hals, og berre hatt utruleg masse sympati med meg sjølv. Men laurdags morgon vakna eg og hadde ALL grunn til å påføre meg sjølv litt ekstra sjølvpleie. Og omtanke. Og det som ellers er påkrevd når ein vaknar med influensa. Sånn som sjokoladeis frå Ben & Jerry’s til over 60 kroner boksen. *uuups*

Men eg trur kanskje eg greidde å bremse det heilt store influensa-forfallet litt, med mine forebyggjande tiltak. Så eg tenkte eg skulle dele mine tre beste “kjerringråd” som bør følgjast når ein merkar at helsa byrjar å skrante:

Kamille-te med honning:
Eg syns det smakte hestepiss med tilsett sukker i starten, men etterkvart som eg blei van med smaken, var det eigentleg ikkje så ille. Faktisk er kamille-te beroligande og koseleg. Og eg føler meg særs alternativ når eg sit der og nippar i den.
Men framfor alt er den super-effektiv når forkjølelsen set inn! Berre hugs honningen. Det er mange som har gått på limpinnen der, og droppa den, med det resultatet at dei vaknar akkurat like sjuke som dei hadde gjort utan råda mine.
Så, altso. Honning er alfa og omega når ein fyrst skal ta knekken på ein teit forkjølelse. Og kamille-teen kan verken bli for sterk eller på nokon måte OD’ast!! Putt gjerne TO te-posar i koppen din. Og fyll på med ei RAUS te-skei honning. Eg held ein knapp på den honningen med Ole Brumm på. Den er litt ekstra…eh, søt. Hm.
Pøs på! Drikk som om du ikkje har gjort anna! Eg kan love deg du ikkje kjem til å angre! ^^ 

 

 

 

 

Sitron:
Eg har høyrd rykter om at c-vitaminar skal vere sunt og godt og forebyggjande. Om det stemmer, så bør ein sannsynlegvis få i seg rikeleg av dette òg, når vinterkulda tvingar seg ned i lungene og får deg til å rasle og surkle som ein vaskemaskin med akutt reperasjonsbehov. 
Dette er grunnen til at eg køyrer sitron-shots når eg merkar at helsa hanglar. Eit shot-glas (eventuelt eit eggeglas) med sitronsaft, anten nypressa eller frå sånne flasker som ein dryp i teen sin, morgon og kveld, og kroppen får eit ekstra lite push i rett rettning. Som vil sei vekk ifrå rennande nase, sår hals og mindre praktisk whiskeystemme. 

Søvn: 
Den som søv, syndar ikkje. Eller så har han akkurat synda, og innhentar seg sjølv. Uansett, så kan ein ikkje sove nok når ein er sjuk. Pakk deg inn i ei varm, god dyne, ta på deg favoritt-pysjamasen, få kjærasten, naboen eller romkameraten din, eller ein tilfeldig passerande til å dunke puta di så den blir luftig og og å liggje på, og bestill ein einvegs-billett til Draumeland.  Overstay your welcome. Og nyt det. Eg er overbevist om at eg har vore litt betre for kvar gong eg har opna gluggane etter ein time eller to på auga. 

 

 

 

 

 

 

….og sist men ikkje minst, har eg oppdaga at gelè faktisk er ein god ven i nauden. Eg er litt usikker på kor mykje cred den fortenar, men eg har kvelva i meg ein heil boks, og likar å tru at sidan gelè i utgongspunktet er vatn i fast form, så vil det bidra til at væske-inntaket i skrotten blir høgare. Og det skal visst vere bra det med, når ein fyrst ligg der! ^^ Såh, eg anbefalar folk å ete gelè. Om fleire føler det faktisk virkar, så gje meg ein lyd! xD
La oss håpe at eg i morgon vaknar endå friskare og raskare enn på lengje. Det ville så absolutt gjort seg.

 

Bileta er lånt frå:
http://www.123rf.com/photo_7826419_herbal-camomile-tea-on-a-white-background.html
http://www.vitalen.no/frukt/sitron.html
http://maidimoo.wordpress.com/2012/06/26/this-seems-fitting-right-now/

Høg på seg sjølv? Det må vere lov! ^^

Eg og Nett’n snudde nasa mot by’n i går, for å gjere den både raud og utrygg. Og av god gamal tradisjon, enda me på Scotchman. Her rista me rompa, kvelva i oss nokre pils og kvar sin strawberry daiquiri, og hadde det eigentleg veldig fint. 

Så blei ting endå finare. Har eg nemnd at eg aldri blir sjekka opp på by’n? Vel, det er tilfellet. Ikkje sjekka opp på andre måtar enn drita fulle mannfolk som trur at det å gni snoppen sin oppetter ryggen din på dansegolvet er ein form for velfungerande kurtise. Og dei får som regel ein platåsko godt plassert akkurat der deira framtidige arvingar held til. 
Men eg gjorde ein liten deal med meg sjølv denne dagen. Kva om eg faktisk freistar å vere smilande, blid og hyggeleg mot alle som snublar innanfor mi komforsone?
La meg leggje til at eg på denne kvelden ikkje var mindre skummel enn eg brukar å vere: Håret i hanekam, piercingane tydeleg plassert i øyre og nase, kjettingar på kryss og tvers, skotskrutete miniskjørt, svart sliten nettingtopp og platåstøvlettar på beina. Andlete var iført krigsmåling i tonane grått og grålilla, og dei tre kvisene som så absolutt ville vise seg fram i mitt allereie bleike fjes, var gøymd bak eit lett lag bleik foundation. Som eg mange gongar har fått høyre at får meg til å sjå endå bleikare ut enn eg har for vane å gjere. But I luv it; det står i stil til resten av skrotten.

Men tilbake til dei sjarmerande herremannane som faktisk presterte å gjere kvelden min til noko heilt spesielt.
Eg forlot Nett’n si side for å snike meg ut og ta ein blås. Medan eg stod der og tasta litt på mobilen, kjem det to karar bort til meg. Eg keik opp.
-Du er berre utruleg fin, seier den eine. -Heilt seriøst, du står skikkeleg ut i mengda; du er dritfin!
Hadde det ikkje vore for foundationen, hadde eg raudna frå hårrøtene og heilt ned i platåskotuppane. Eg klistra på meg eit smil.
-Tusen takk; det er ikkje så ofte eg høyrer, sa eg.
-Seriøst? Du er jo berre utruleg fin!
Kompisen hans smilte sjenert. Dei overausa meg med kompliment, og eg følte meg som ein supermodell der eg stod. Samtalen dreia seg inn på piercingar og tatoveringar, og gutane var veldig opphengde i korleis tattisar var ting ein gjerne kom til å angre på når dei nærma seg 40. Eg held klokeleg kjeft om kor mykje nærmare eg var den alderen enn dei; eg vil tippe dei begge var i starten av 20-åra.
Røykepausen min gjekk mot slutten, og nokon ropa på han eine fyren. Han snudde seg og svara, og vende seg tilbake til kompisen.
-Eg må inn igjen. Kjem du, eller vil du heller stå her med pene damen?
Kompisen hans såg i bakken litt sjenert.
-Bli her, sa han.
-Pene damen er ferdig å røyke, så eg må inn igjen eg med, svara eg. Så ga eg dei eit hyggeleg smil, og rusla tilbake til Nett’n.

Nett’n fann seg kort etter ein dansepartnar frå India, som hadde supersøte krøllar og som eg hadde utpeikt som ein av dei få snæxxi individa i forsamlinga den kvelden. Han kom bort og prata med oss litt etterpå, og introduserte kompisen sin for oss. Så forsvann han tilbake på dansegolvet, og eg og Nett’n kasta oss tilbake i rytmane. Brått er det ein fyr som kjem frå det store intet og står heilt opp i andlete mitt. Nett’n forsvann, og der stod eg med ein fyr som eg ikkje ante kvar hadde kome frå. Han lurte på kva eg dreiv med; om eg var student?
Samtalen var ein smule vanskeleg å halde i gong, i og med at musikken var høg og han tydelegvis høyrde like dårleg som meg. Ungfole i starten av 20-åra han med. Han strauk meg over håret og stira på meg med eit særs intenst blikk. Ei lita stund var eg nærmast redd for at fyren skulle gå ned på kne og fri til meg eller noko tilsvarande, så eg orsaka meg med at venninna mi såg så einsam ut og at eg måtte tilbake til ho.

Då eg nokre timar seinare sat på bussen heim, måtte eg smile litt for meg sjølv. At eg skulle oppleve denne typen merksemd hadde eg faktisk aldri trudd. Eg har aldri sett på meg sjølv som pen, men trivst veldig godt som skummel og mystisk. Men er det rett og slett det at eg har gått kraftig ned i vekt som gjer at folk faktisk vågar å kome innpå meg? Er menneska på denne planeta verkeleg så shallow??
Når eg berre har pengar til det, går turen til frisøren. Eg skal bli blondine, og freistar verkeleg å ta ein tur på by’n med blonde lokkar, kort skjørt og ekte babe-wrapping i outfit’n. Berre for å sjå korleis dei har det på DEN sida av menneskeheita! ^^ 

Ein FANTASTISK handkrem!!

Eg MÅ berre anbefale eit produkt. Eg har ikkje for vane å gjere det, kanskje mest fordi eg så sjeldan snublar over produkt som berre er heilt utrulege, men denne MÅ eg dele. Det er mi plikt som medmenneske og samfunnsorientert medborgar!

Eg var innom Boots Apotek for å hente nokre medisinar her om dagen, og dei hadde eit tilbod med at om du handla for over 50 kroner, fekk du eit gåvekort på 200 kroner som du kunne bruke i januar. Pengar spart er pengar tent, eller kva det no heiter? 
Så eg røska med meg eit produkt frå Soap & Glory-hylla deira. Eg har ein facescrub i det merket frå før, og elskar for så vidt designet på produkta deira, så why not?

Eg kom heim med denne i posen: 

 

Eg har prøvd mange handkremar i mi tid. Som regel er dei klissete, og etterlet seg ei ekkel hinne på huda leeeeengje etter at eg har tatt det på, andre funkar sånn halvpasse, og nokre funkar ikkje i det heile. Men DENNE! Åååh, eg har funne -min- handkrem! <3

Den trekk fort inni, og den gjer faktisk huda mi mjuk som berre fy! Og så luktar den så godt at eg har lyst å eeeeteeee den! xD
Haha, det er ei sånn greie eg har med handkremar; nokre luktar rett og slett for godt.

Og gubben min, som er plaga med skikkeleg tørr og sår hud på hendene, syns den funkar fantastisk! No er ikkje han fult så flink å smørje hendene sine som det eg er, men det er tydeleg skilnad!

Noko seier meg at det gåvekortet frå Boots skal brukast på fleire Soap & Glory-produkt! ^^  

New Year – New Screwups. Mine Nyttårsforsett 2013.

 

Så var nok eit år omme, og eg har så langt greidd å unngå å tryne inn i det nye året, i motsetjing til kva eg gjerne har bruka å gjere. Det blei ei roleg nyttårsfeiring, hovudsakeleg med pinnekjøt og Buffy. Martine var her, og ein kan sei at stemora hennar sette VELDIG stor pris på at trultao endeleg ville sjå Buffy med ho igjen! <3 Whohoo! :oD

Men når eit nytt år står for døra, så er det på høg tid å kome med nokre nyttårsforsett som eg kan bryte! 
I 2013 skal eg prøve å gjere følgjande:

Setje av ein dag i veka til kreative hobbyar


Det vere seg brevskriving, scrapping, male, foto….Eg har så mange prosjekt liggjande, at eg burde så absolutt sjå til å bli ferdig med nokre av dei! Vurderar å setje av sundagane til sånt noko. Før var eg jo kjempeflink til å vere kreativ, om enn ikkje kjempeflink kreativt, og eg saknar det verkeleg. Særleg det med å få bilete i album burde eg skjerpe meg på. Det er så utruleg koseleg å ha sånne fine minner i orden og permar! ^^

Skrive!!


Bøkene mine blir ALDRI ferdige. Men eg skal setje av litt tid til å faktisk skrive no. Ha med meg noko på laptopen som eg kan putle med når eg sit og ventar på bussen eller eventuelt når eg sit på bussen. Målet er å få ferdig anten Calendilah eller Med ei Grav i Helvete, men sannsynlegvis blir det novellesamlinga eg kjem til å satse hardast på.  

Lese på senga


Eg saknar å forsvinne inn i verda til Tolkien, C.S. Lewis, Anne Rice og dei andre favorittforfattarane mine. Dei siste åra har eg hovudsakeleg lese teikneseriar, og for all del! Eg ELSKAR teikneseriar! Men som regel har gubbelusken masa om å få slått av ljoset, og dermed blir det ikkje så mykje lesing. Men no er det nok. No VIL eg lese litt kvar kveld. Eg får heller fortelje han fyren min at det styrkar skriveferdigheitane; han masar tross alt hòl i hovudet på meg om at eg må bli ferdig med bøkene mine! xD 

Trene


Jepp, eg skal trene. Eg skal melde meg inn på SiB, og stille i joggebukse og med go’sko på beina, og bli både støl, sveitt og sliten. Her skal det strammast opp både her og der, for sånn det er no heng ting litt og sleng. Kroppen min er blitt AMAZING etter operasjonen, men eg har knapt hatt tid til å trene. Eller råd. Eller ballar nok til å trappe opp aleine borte på Sprek & Blid. Men med (forhåpentlegvis) psykisk støtte frå Cejo satsar eg på å kome igong igjen. Poledancing freistar òg, men det får me sjå litt an. Økonomien får avgjere om det i det heile blir eit alternativ! 

Blogge


Eg fattar eigentleg ikkje kva som skjedde på bloggefronten. Brått blei det nada blogging og masse fjasing her i garden. Før dokumenterte eg nærmast kvar einaste dag i detalj, men så stoppa alt opp. No more. Eg vil prøve å kome inn i bloggemodus igjen, og i det minste klare eit blogginnlegg i veka. Jiiz, eg byrjar å innsjå at eg blir nøydd å stå tidleg opp om dagane for å få tid til alt! xD Men då har eg i det minste masse å skrive om, sidan dagane brått blir lengjer! xD 

Prioritere venane mine <3


Herregud, eg føler eg har fullstendig ramla ut av det sosiale laget! Dagane har vore så hektiske, og det har vore så mykje som har foregått, at eg føler eg har forsømd venane mine noko så hinsides! :O Dei betyr jo ALT for meg; kvifor har det då sklidd sånn ut!? Nei, nok er nok. No skal det lagast avtalar, og avtalar skal haldast. Jentekveldar, pils på by’n med go’gutta mine, spelekveldar og kafèvitjingar: I’m back! Om dei stakkarane eg har forsømd i det heile er villege til å ta meg tilbake? 
Oooog, eg må bli flinkare å ringje folk. Det er enkelte som bur litt for langt vekke til at eg får prata med dei dagleg face-to-face, og dei må eg ikkje gløyme! :O  

LEVE!!


Eg lovar å gå på trynet, både i edru og bedugga tilstand. Eg kjem til å utsetje å betale rekningane mine fordi eg heller vil kjøpe akkurat DET skoparet. Eller DEN veska. Eg lovar å forsove meg, bli hyperstressa når eksamenstida nærmar seg, nerde i litt fleire timar enn det som sannsynlegvis er anbefalt, og eg kan garantere at eg kjem til å ete ein og anna sjokolade som eg ikkje hadde hatt vidare godt av. Du skal ikkje sjå bort ifrå at du får ein telefon eller ei melding frå meg midt på natta, fordi eg brått finn ut at eg gjerne skulle hatt DEG med på akkurat DEN festen. Eller fordi eg brått finn ut at eg er sjukt glad i deg. Du kjem til å riste på hovudet neste gong eg går til frisøren, og sei: -Kor gamal ER du eigentleg?!
Det same gjeld klesskapet mitt; det blir ikkje shoppa inn kjipe vaksenklede når garderoben min skal fornyast.
Men eg elskar faktisk livet mitt. Og det har eg så absolutt tenkt å halde fram med i 2013! 

 

Bilete lånt frå:

http://www.smashingmagazine.com/2009/12/30/stunning-fireworks-photos/
http://www.scrapping.no/?p=5674
http://nowrigglingoutofwriting.wordpress.com/
http://www.wallpapervortex.com/tag-dragon.html
http://www.mycorestrength.com/?page_id=14
http://thegospelcoalition.org/blogs/trevinwax/2012/10/30/6-changes-in-6-years-of-blogging/
http://rmaspero.com/2011/11/29/hand-of-friendship/ 
http://thinkpositive30.com/blog/2011/10/11/love-life/