Om religion og sånt.

Det har alltid forundra meg at folk klarar å tru på ting dei ikkje har opplevd. Særleg kristendomen, som er den mest utbreidde religionen blant Ola Nordmann. Når me lever i 2011, er det framleis nokre som tviheld på trua om at ei høgare makt har skapt verda me lever i, for ikkje å snakke om alle dei pussige historiane i Bibelen. Her snakkar me om ein pensjonist som bygde ein båt, som var så stor at alle dyra i heile verda fekk plass i den! Og det  utan spikarpistol eller bandsag! (Ei venninne av meg konkluderte for så vidt med at det var det som var grunnlaget for utryddinga av dinosaurane.) Dei trur fult og fast på at Maria blei smelt på tjukken av ein fyr i skyene, utan at Josef hadde vore i nærleiken av ho med snurrebassen. Og Moses hadde ikkje dei heilt store problema med å dele hav eller samle enorme svermar med grashopper.

All respekt for dei som klarar å tru på dette! Eg har sjølv ein fyr i huset som er kristen, og eg lar han få leve i trua si. Han legg seg heller ikkje oppi at eg er spiritst. 
-Javel, tenkjer du sikker då. -Dama har ingen problem med å tru på skrømt og reinkarnasjon, men å tru på at Jesus tusla ut av grava, DET er ein big deal!

Saka er at eg har hatt fleire “møter” med uforklarlege fenomen som alltid har vore ein naturleg del av mitt liv. Eg vaks opp med ein herremann i huset som hadde tendensar til å låse dørar, knirke i trapper og stable ved ved ytterdøra. Det skjedde mykje merkeleg i huset vårt, men eg var sjeldan redd. Det virka då mykje meir absurd for meg at nokon trudde på kristendomen, forstå det den som kan.

Eg rakk å bli ganske stor før eg innsåg at det var individ der ute som verkeleg trudde på Gud og kristendomen. Eg vaks opp med ein far som var ateist, og ei mor som var kristen-light når det passa seg sånn. Det var aldri snakk om Jesus eller englar, bortsett frå dei eg hadde i glansbileteboksen min, og dei mamma samla på som pryda stova vår i jula. 
Så forundringa var stor då bror min ein dag kunne informere meg om at ein av kompisane hans faktisk trudde på Adam og Eva!  
Trass i at eg hadde teke del i både barnekor og kristne barneorganisasjonar, var undringa mi stor. Eg klarte ikkje å styre meg frå å spørje ut denne fyren om korleis han kunne tru på noko sånt! Alle visste då at Adam og Eva berre var eit eventyr?
Så klart hadde eg høyrd historiane om epler og slangar og korsfestingar og denslags, men i mi verd var dette fine historiar som høyrde til kristendomen. På lik linje med at norske folkeeventyr høyrer med til den norske kulturen. Den stakkars guten blei ein kuriositet i mitt univers; nærmast som ein sirkusfreak som endeleg stod fram. Der og då tykte eg synd på han, og lurte på om han kanskje var litt tilbakeståande, i og med at eg aldri hadde møtt eit anna menneske som innrømma at Adam og Eva var reelle karakterar i livet deira! Ein måtte jo prøve å forklare han at dinosaurane kom til jorda før menneska, og at me var eit ledd i evolusjonen og stamma frå apene!
Han på si side var ikkje vidare imponert over innsatsen min. Forståeleg nok, kanskje!

 

Mamma var heller ikkje så imponert då eg ved middagsbordet entusiastisk utbraut at: -Han kompisen til bror min TRUR på Adam og Eva! Han trur det er sant!

Mamma keik opp frå middagen sin og sette blikket i meg.
-Det er mange som gjer det.
Eg blei paff. Fanst det fleire der ute? 
-Jammen….Det er jo berre eventyr, prøvde eg.
Mamma var ikkje vidare interessert i å diskutere det. Ho sukka, og tenkte nok at eg ikkje akkurat hadde vore den mest engasjerte under andakta på kristenorganisasjonane.
Der tok ho feil. Eg var veldig merksam på ting som blei sagt. Eg likte historiane, men eg hadde då aldri trudd at det var meininga at eg skulle tru på det! Eg slutta då å tru på julenissen i ganske ung alder, og sjølv om troll og dragar og alvar facinerte meg frå fyrste eventyr, og sjølv om eg håpa intenst at eg ein dag skulle få møte av nokre av dei, så visste eg skilnaden på eventyr og realitet!

Seinare har eg møtt mange som har innrømma at dei trur. Trur på både det eine og det andre, skal eg vere ærleg. Nokre av dei er blant dei herlegaste menneska eg veit om, andre er så trongsynte  at det grensar til psykose. Det er eigentleg ganske imponerande at dei held fast ved trua si, og at dei kan vere så sikre på at dei har rett!

Hadde det ikkje vore for at paven har avskaffa Helvete, så kunne det jo vere dei blei skuffa den dagen dei stod der i flammane, og verten sjølv sa som Rowan Atkinson: -I’m     afraid the Jews were right.

 

Godt nyttår!

Eg er sjølvsagt nokre dagar på etterskot. Noko anna ville vel vore særs ulikt meg. 
No sit eg her og nyt stilla. Me har hatt jentungen til gubben her i romjula, og idag reiste ho.  Og han sjølv stakk på jobb. Så idag føles det eigentleg berre heilt rett og riktig å berre sitje på ræva og gjere minst mogleg. Huset virkar stå stille og ryddig og….tja, reint? Ingen ungeskokk som brasar ut og inn dørane med våte uteklede og ingen som okkuperar badet for å sminke seg til små barneprostituerte, ingen som grisar med falske negler og neglelakk, og ingen som hyler av sine lungers fulle kraft fordi nokon seier nei. Ah, la nyårsfreden senke seg.

Det var så mykje eg skulle gjere her no. Eg skulle få orden på blogg(ane) mine, laste opp bilete frå jula, svare på mail og jobbe med bøkene mine. Men det må vente. Aller helst vil eg berre sitje her og la tankane fare langt og vilt. Surfe litt på Facebook og lese nettaviser. 
Eg hadde eigentleg store planar om å leike interiørblogg her no før eg fjernar julepynten, men eg innser at julebuska mi (eg har ikkje plass til juletre; ergo blei det julebusk i kroken i staden) tek til å visne vekk, og julepynten heng skeivt i kring i stova mi, etter at åsgardsreia har fare forbi. So be it. Det kjem vel atter ei jul, der eg kan vere endå meir kreativ på dekorasjonane. Og forhåpentlegvis har eg då i tillegg ei større stove å boltre meg i enn det eg har pr. idag.

Rammstein på anlegget, og pepsi max i glaset. Tida er snart inne for å snurre ein skrekkfilm på TV’en, utan at jentungen mistar nattesøvnen dei nærmaste 5 åra. Av og til er livet berre fint.