Filmanmelding: Den 12. mann

Den 12. mann

Norsk drama/krigsfilm (2017)
Med Thomas Gullestad, Jonathan Rhys-Meyers & Marie Blokhus
Regi: Harald Zwart
Lengde: 2 timar 15 minutt

Ein stakkars motstandsmann får ein verkeleg kjip og lang tur til Sverige. 

 

 

 

 

 

Historia om Jan Baalsrud er i seg sjølv sterk. Og lang. Forferdeleg lang. I korte trekk reiser tolv menn som ei sabotasjegruppe frå Shetland til Troms, med mål å lage krøll for tyskarane i 1943. Det går ikkje så bra, og båtferda endar med eit iskaldt og noko ufrivilleg bad, massearrestasjon og ei avskoten tå. Og så gøymer Jan seg. Han gøymer seg veldig godt; faktisk så godt at filmen grensar til uuthaldeleg keisam. Det blir tortur, kolbrann, snøskred og tær som kuttast av med tollekniv. Men likevel skjer det ikkje så mykje. Baalsrud har fleire liv enn ein gjennomsnitteleg huskatt, og det er imponerande at han overlevde, men filmen blir meir ein dokumentasjon av det som skjedde; nærmast ei rein oppsummering. Samt eit bilete på kor fæle nazistane var. For dei var skikkeleg dumme, men det har me vel allereie fått inn med t-skei i tida frå barneskulen? 
Bileta er kjempefine, skodespelarane er truverdige, og effektane er flotte, men det er likevel ikkje nok. Då det var litt over ein halvtime att av filmen, keik eg på klokka og tenkte: -Herregud, er han ikkje snart i Sverige?! Kor langt kan det eigentleg vere til den pokkers svenskegrensa?!


 

Jan Baalsrud og alle som hjelpte han på vegen fortenar ein film, men det hadde gjort seg betre i form av ein dokumentar. Eller ein kortfilm. 2 timar og 15 minutt med ein kar som ligg i skjul i hytter, under steinar, bak snøhaugar og i iskalde nordlandsfjordar blir i overkant langt. Filmen har eit klimaks mot slutten, der du lenar deg litt fram i setet og heiar på nordmannen (og reinen. Den reinen var skikkeleg fin!) men det er ikkje verd to timar med venting. 

 

Hei igjen, verda!

Eg har eigentleg berre eit mål for 2018: Eg skal byrje å blogge igjen! 

Klokka er halv åtte ein tysdags morgon, og eg er oppe. Nokon lunde vaken. Og heilt frivilleg. 
Sånn sett startar året greit, bortsett frå eit kranglete kne og noko kaldt vèr. Det er vel sånne ting ein byrjar å merke når åra trekk på? Helsa og vèret. Og ein merkeleg trong til å dokumentere livet sitt, av nostalgiske orsaker. 
Eg har etterkvart gått nokre år utan å gjere akkurat det, og eg merkar eg saknar å skrive. Allereie før eg hadde lært meg å setje saman ord med bokstavar, sat eg som eit ljos og freista å dokumentere livet mitt i dagbøker. Eg lærte å skrive, og brått fylte eg den eine dagboka etter den andre med skriveri om teite lærarar, forelskingar, frustrasjon og glede. Så glei det over til at eg fekk brevvener, og det var dei som blei nøydd å lese om livet mitt i tjukke brev på nippet til romanar. Og så kom bloggane. Enjoydiary var plassen eg fylte med tekst, om smått og stort, humor og alvor. Men etter fleire år der, blei det stille. Eg anar eigentleg ikkje kvar det blei av skrivelysta mi, men eg kjenner på meg at den ligg og murrar og saknar å la fingrane flyge over tastaturet, og få tankar ut i form av tekst. Så her er eg! Velkomen tilbake, Lukritzia! 

Det er eit skrikande behov for oppussing her på sida mi, vel og merke. Så foreløpig blir det nok berre eit innlegg i ny og ne, fram til eg har fått eit design som gir meg skrivelyst. Akkurat no er dette litt som å kome heim til mamma og pappa i studietida. Pikerommet står der, og det er den einaste plassen ein kan invitere eventuelle gjestar dersom ein ynskjer litt privatliv. Veggane er tett dekorert av bilete og minner frå tenåra, men du merkar du har kome noko lengjer sidan du klistra veggar opp og ned med bilete av idola dine, foto av fyllekuler med vener og gamle bamsar og dokker sit på enkeltsenga di, der du og din fyrste kjæraste ein gong låg tett saman og slåss om dyna. 
Det er litt kleint, men det er likevel både trygt og fult i minner. Du veit at mamma har planar om å byggje gamlerommet ditt om til heimekontor, og at ein malarkost snart skal leggje nye lag med farge over den gamle Disney-tapeten din, som du skamma deg over når du hadde gutar på vitjing i den tida du framleis hadde streng på tennene og kviser i hopetall som du desperat freista å male over med det du hadde i sminkeskapet. 
Me har vel alle vore der. 

Men no er eg tilbake her, og har store forventningar til året 2018. Eg trur det blir bra. Og uansett så skal det dokumenterast med tekst og bilete, fryd og skam. Let’s get started! Godt nyttår, store og små!