Pupp?

Når eg skal ha merksemda til ein mann, har eg innsett at det er den mest effektive måten å oppnå det på. Uansett kva ein mann driv med (med mindre han lenar seg til ein meir homofil legning), vil responsen i dei aller aller fleste tilfella vere: -Huh?
Magi! Når ein mann sit med PS3’en sin og er djupt konsentrert om siste instance, medan han skrik til kompisane han er online med, kan du skrike at huset står i brann utan å få eit snev av kontakt. Men prøv å sei “pupp” med heilt normal innestemme, og han vil snu seg om Liverpool er på overtid i Champions League. 

 

Så kva er eigentleg dette hemmelege våpenet vårt bygd opp av? Feitt. Det er snakk om to feitt-sekkar på brystkassa. Det einaste magiske dei i røynda kan utføre, er mjølkeproduksjon. Akkurat som jura på kyrne. Og eg har aldri sett ein mann fotfølgje ei kvige over bøen grunna hennar magiske våpen?

Bryst -er- vakre, eg skal ikkje krangle på det. Eg syns generelt kvinnekroppen er vakker, i motsetjing til mannekroppen. Den er hårete og pussig, formlaus og utstyrt med dinglande kjønnsorgan. Ja, eg slit litt med penis-fobi.
Men eg blir overraska over den vannvittige effekten puppane våre har på mannfolka kring oss! Og ikkje minst blir eg oppgitt og sjokkert over synet jenter har på sine eigne puppar!
Personleg var eg lengje utruleg kritisk og misnøygd med puppane mine. Det vil sei, ikkje puppane, men framsida mi generelt. Eg har alltid hatt ein mage som var eit hakk lengjer ute i verda enn puppane mine. Og eg var frustrert fordi eg følte at puppane mine nærmast forsvann inn i armhòlene mine, utan at dei var noko vidare store eller lange. Neidå, dei hang der som to slappe plommer, og var berre kjipe.
Eg har i ettertid innsett at eg har all grunn til å vere nøygd med dei eg har. Dei er ikkje perfekte, men dei er verken for store eller for små. Og kva pokker har det å sei uansett?! Det er berre puppar!

Brystene våre er der for at me skal vere i stand til å mate borna våre fram til dei byrjar å mase etter pølser og pannekaker til middag. Og som ein bonus får mannfolka lov å leike seg litt med dei av og til.  Dei kjem i alle slags variantar. Om du er i tvil om dine er såkalla “normale”, så kik innom denne sida:http://www.007b.com/ Det var under ein random surfing på nettet at eg snubla over denne sida og byrja å filosofere over temaet. 

I og med at puppane eigentleg er blitt ganske tabu i denne verda me lever i, er det berre dei mest perfekte puppane som får lov å kome fram i dagsljos. Symetriske og store. Det er det dei helst skal vere. Men fleirtalet av puppane er ikkje slik! Og det skjærer i meg at folk finn på å leggje seg under kniven for å få stappa inn giftposar for å gjere dei store og det samfunnet framstiller som “perfekte”. Eg har full forståing for dei som får ryggplager og må fjerna litt av byrden, eller dei som har vore utsett for brystkreft eller andre inngrep, som har ført til at dei er i undertal på framsida. Men sunne, friske jenter, med normale bryst? Det er berre trist!

Ingen med fornufta i behald kan vel sei at dette er PENT?!

Eigentleg treng me meir puppar i samfunnet. Og då snakkar eg ikkje om opererte og perfeksjonerte puppar. Eg snakkar heller ikkje om mamma-klubbane som sit på kafèane og vippar fram tatten kring kafèbordet. (akkurat det syns eg er litt nasty; at folk ammar offentleg er heilt greit, men personleg likar eg ingen kroppsvæsker når eg prøver å få i meg mat. Det inkluderar morsmjølk.) Men eit samfunn der me kan innsjå at ein pupp er greit. Det er ein naturleg del av kroppen, som ingen treng å skamme seg over. Der ingen feittsug halve skrotten, men utvidar puppane til overdimensjonerte melonar. Hail to the boob! 

 

 

Patricia Piccinini & hennar absurde skapnader

Eg har alltid elska absurd kunst. Ikkje abstrakt, men absurd. Som lita falt eg for Th. Kittelsen sine troll og alvar, og ikkje minst favoritten min: Nøkken. Litt før eg snubla inn i tenåra, tok eg skrittet litt lengjer og forelska meg i kunsten til Salvadòr Dalì. Fantasykunsten fann vegen inn i livet mitt, og på sikt oppdaga eg Who Killed Bambi? (http://www.whokilledbambi.co.uk/) som var ei side FULL av sprø kunst av typen eg elska. Og no tenkte eg at eg skulle presentere ei dame som skaper slike ting som eg blir hovudstups forelska i. Patricia Piccinini.

For nokre år sidan, sirkulerte det ein e-post som framstod som ei omplasserings-/hundekvelpar gis vekk-annonse. På slutten av annonsa, fann ein dette bilete:

Mange grøssa nok, eller følte seg ein smule småkvalme. Eg syns bilete var heilt genialt. Lengje trudde eg at bilete berre var eit heilt “normalt” photoshoppa verk, som ein eller annan random fotonerd hadde pusla med. Men så oppdaga eg at det faktisk var ein del av ei kunstutstilling, som gjekk under namnet “We Are Family”! Det høyrer vel med til historia at eg blei intenst facinert av bileta eg klarte å spore opp på nettet frå denne. Eg har alltid elska tanken på mennesket som dyr. At me, tross våre iPhones og moteklede, elektriske duppedittar og filosofiske tankgong, likevel berre er dyr. Eit produkt av naturen, som ein gong var ville skapnader som levde fritt i naturen side om side med løver og hjort. At om me blei strippa for alt som gjer kvardagen vår komfortabel, står igjen som forsvarslause enkle vesen. 
Dei menneska me er i dag, er nok ofte både brutale og usympatiske, og som den dyreelskaren er eg, skjær det i meg å sjå korleis enkelte behandlar dyra sine. Eg er verken vegetarianar eller fanatikar; eg berre elskar dyra og verda me lever i. Så sjølv om skapnadane til Piccinini for mange framstår nærmast som monster, er det noko varmt og vakkert over dei.  

No vel. Det siste bilete her kan kanskje diskuterast. Men bilete av den vesle guten som søv over skuldera på det som mest av alt minnar om ei pensjonert sjøku, er i mine auge nydeleg. Ein kan vel ikkje kalle den kolosale skapnaden direkte nydeleg, men den ser så snill og god og trygg ut! Og trist. For min del får det meg til å fundere over korleis me menneska ville reagert om me blei nøydd å dele verda vår med andre skapnader, som både var tenkjande og reflekterande. Tenk Avatar. Tenk vesten sitt inntog i landa til indianarar og afrikanske stammar. Tenk eventyr med troll og alvar. Tenk Frankensteins Monster. I film – og skjønnlitteraturen si verd går det sjeldan vidare knirkefritt. Eg kunne sparka i gong ein lang avhandling om rasesyn, skjønnheit som kjem innanfrå og vår intense trong til å kontrollere alt, frykta for det ukjende, og kor tullete eg eigentleg syns heile menneskearten er. Eg skal la vere. Men utstillinga er uansett ein tankevekkar. Og blei du like facinert som meg, så kan du finne fleire av bileta til Piccinini her: http://www.patriciapiccinini.net/

 

Nytt år, nye moglegheitar

Godt nyttår, og takk for det gamle!
Nyttårsforset, seier du? Eg trur faktisk ikkje eg har så mange i år. Sjølvsagt skal eg prøve å vere flink å trene, lese så godt eg kan på pensum, møte til alle forelesningane mine og ete sunt. Dei forseta har eg kvart år, utan at det er naudsynt at eg startar frå 1. nyttårsdag. Eg kan like gjerne starte neste onsdag. Eller som eg brukar å sei til meg sjølv: -I morgon. I morgon skal eg ikkje ete ein einaste sjokolade, og stå opp på eit tidspunkt der normale mennesker kryp ut av loppekassane sine.
Det skjer aldri. Kanskje klarar eg det ein dag, maxx to, men så er eg tilbake med ei sjokoladeplate framfor pc’en klokka fire om ettermiddagen, når eg akkurat har stått opp. Men neste måndag. Neste måndag skal eg starte på nytt, og då skal eg absolutt halde det eg har lova meg sjølv.

Eit nyttårsforset har eg derimot sett meg. Eg skal tilbake til bloggen min. Eg skal byrje å blogge igjen. Sånn på ordentleg; ikkje berre eit innlegg ein gong i månaden der eg lovar meg sjølv og omverda at eg skal ta meg saman. Men eit innlegg i veka. Fast. Det burde eg vel klare. Eg treng den vesle greia mi med å skrive, sjølv om det kanskje ikkje gir allverdens meining. Men å setje ord på ting. Tenkje gjennom ting. La hjernen tømme seg litt.

Eg satsar på å få meg ein studiodag sånn kring skulestart, når håret mitt har gått frå å vere grå/rosa/lilla/brunt til å få ein klar lillafarge igjen. Eit par tøffe bilete, og nytt design. Det kan vere det hjelp litt på skrivetrongen, for designet eg har no er ikkje akkurat så mykje å skryte av…. Så får me sjå. Atter ein gong: Godt nyttår! La oss håpe at verda framleis står når me vaknar opp den 22. desember i år! ^^