Aldri har eg sett Nicolas Cage så creepy, og eg har sett både Ghostrider og The Wicker Man frå 2006!! … eller godt mogleg det var meir cringe enn creepy. Hm.
Amerikansk skrekk/thriller (2024)
Med Maika Monroe, Nicolas Cage & Blair Underwood
Regi: Osgood Perkins
Lengde: 1 time og 41 minutt
“Den beste seriemordar-skrekkfilmen sidan Silence of the Lambs“! Eller ikkje.
Denne filmen var eit ganske så typisk tilfelle av noko som blei blåst opp i ein dimensjon der det ikkje høyrde heime.
FBI-agenten Lee Harker, som blir nydeleg spelt av Maika Monroe, slit med traumer frå barndomen. Akkurat slik som Clarice i Nattsvermeren. Og underleg nok var ho òg FBI-agent.
Allereie der merka eg at eg blei skeptisk til kor imponerande bra dette var. Seriemordar. Kvinneleg traumatisert FBI-agent. Er dette eigentleg vidare nyskapande?
Det hjelp litt at Nicolas Cage er fullstendig ugjenkjenneleg og riv ruskande galen, men han klarar ikkje å krype oppunder huda på meg og gje meg kjensla av at han gøymer seg i klesskapet mitt når eg går til ro for kvelden. Det gjorde ikkje Hannibal Lecter heller, men karakteren der var så fantastisk portrettert av Anthony Hopkins at han trengde overhovud ikkje vere i klesskapet mitt for å vere skummel! Det held lengje at han var på skjermen!
Men kvifor Longlegs? Når me endeleg får eit skikkeleg glimt av mordaren, så tykkjer ikkje eg han ser så høg ut. Faktisk er han skuffande kort i skitfallet i mine auge. Med eit slikt namn såg eg for meg at han kom til å ruve høgt over offera sine i ekte Slenderman-stil!
Ikkje klarar eg å få så mykje sympati med hovudpersonen heller. Lee er litt synsk, litt god på å løyse kodar og har ei litt smårar mor. Men bortsett frå det er ho ganske så tafatt heile dama.
For all del; eg digga utsnitta, kameraføringa, stemningsbyggjinga og ljossetjinga. Det er ingenting å sei på det reint praktiske, men ting tek for lang tid. Men med Longlegs har Perkins fått til noko ganske unikt; han klarar å skape ei intens stemning med ei heller langdryg og keisam historie.
Om ikkje anna så er det skills å skilte med. Hadde det berre vore nok.