Myser på skjermen

Den største bakdelen med å ha kome til eit punkt der eg faktisk likar sol og sumar, og freiste å kombinere det med å vere datanerd, er at det er komplett umogleg å sitje ute med ein dataskjerm av mitt kaliber på fanget. Eg ser ikkje ein døyt. Og det trass i at eg har søkt tilflukt i skuggen. 
Eg sit her, dekka i hundehår, sippar pepsi max og løyser kryssord i staden. Sumarjobb som hunde – og kattepassar er midt i blinken for meg. Kira, familien sin petit basset griffon vendèen, har fått ein omgong frisørbehandling, og både Lille My og Fenris, dei to bortskjemde pusekattane i husstanden, latar seg i sumarsola. Og eg merkar at livet ikkje er så verst. 

Men alt i alt er BaleBy ein stusseleg plass for einsame individ. Det skjer fint lite her, og tida står stort sett stille. Late dagar kan fort bli i overkant late, og eg saknar det å kunne stikke til by’n ein svipp. Og eg har berre opphelde meg her i få timar! Heldigvis lurer ein tur med verdas herlegaste gutebass til Latvia og Riga i det fjerne. Det er snakk om sju dagar. Eg får bite tenna saman og sjå framover! ^^

 

….og så døyr batteriet mitt. Så då blir det ikkje så mykje anna til val enn å emigrere innandørs, og vente på betre tider. 

 

Ville Villekulla – Eit prosjekt under oppføring.

Eg greidde å gløyme att fotoapparatet mitt heime før eg sette nasa mot fjordar og fjell i heimlege strøk. Så eg er redd det blir endå eit bilete-laust innlegg. Ikkje rart ingen gidd å lese her hjå meg! xD I staden pyntar eg opp med litt diverse frå nettet. Innlegga mine har ein tendens til å bli ganske så keisame og lite fengjande når dei berre er samansett av tekst…? 

Rydde-ferie hjå gamlingane. Yippee! Mamma har gitt meg i oppdrag å få unna rotet på gamle gjesterommet, fordi ho har oppussingsplanar. I tillegg har ho byrja å ralle om at ho syns eg skal flytte heim og overta huset, slik at ho kan overlate rotet til meg. I call it an act of desperation; like greit å få dottera di til å overta huset framfor å rydde opp i rotet. Nuvel. Eg kan ikkje hjelpe for at eg dermed småfantaserar litt om kva eg ville gjort dersom eg faktisk slapp til og skulle omgjere casa del Loco til mitt eige krypinn. 
 
(Døme på draumehusa mine!)

Som lita dreia desse fantasiane mot å lage symjebasseng i kjellaren, byggje tårn på hushjørnet og plante ferskentre i hagen.

Eg kan med handa på hjarta sei at idèane slett ikkje var dumme! Om ein då vel og merke flyttar bassenget ut i hagen og byggjer bilijard-rom i kjellaren i staden. Eg kunne hatt atilje…attillije…atilè…sånt malerom på loftet, hobbyrom og eit par rom til hundar og kattar og kaniner og….Og eg kunne ha starta ein eller annan form for pensjonsheim for gamle dyr, som salrygga hestar med behov for kvile, og kattar som har levd harde liv på gata i altfor lang tid. 

Bibliotek skulle eg sjølvsagt hatt. Med ei skjult dør som førte…hm. Inn i ein mørk vinkjellar! Der eg gøymde vekk vin. Og tequilaen min.

Inntrykket mitt er at gamle tre er ganske vanskelege å skaffe. Me har to gamle pæretre rett utanfor døra her, men dei er ikkje utfordrande nok. Eg ville hatt eit eiketre. Nei, forresten! TO eiketre! Av den typen som byrjar å sprekke litt, sånn at det blir hemmelege gongar og hòlerom i dei!

Dei skulle eg fått plassert oppi bakken her, sånn at eg kunne ha slengdisse i dei, av typen som får deg til å føle at du flyg! Og eg kunne hatt ein hengekøye spent opp mellom dei. Kanskje ikkje eit sjakktrekk dersom eg set trea i motbakke, men det er lettare å flytte hengekøyar enn å flytte eiketre, så ein ting av gongen.

Froskedam må alle tøffe hagar med respekt for seg sjølv ha. Så kunne jo kanskje Sandra stikke innom og finne draumeprinsen sin her, og slå seg ned som rockedronning i BaleBy….? Me treng så absolutt det her!!

Karpe kan òg få bu i dammen min, om dei klarar å overleve kalde sognevintrar? Det må ein jo då setje seg inn i på forhånd, som ein ikkje risikerar at våren kjem, og det berre er beinfrosne fiskepinnar å spore i dammen….Her vekslar jo vintrane mellom istid og sørpelandskap…

For folk tilbake til BaleBy måtte blitt ein kampsak når eg fyrst var i gong her i bygda. Berre det at eg eigehendig hadde bygd opp Villa Villekulla i hood’n, trur eg ikkje er nok til å trekkje folk. Uansett kor fantastisk det måtte vere å vere venen min med eit sånt praktpalass til disposisjon. Me har allereie vore innom froskar til Sandy. Men det er så absolutt eit behov for skjenkemoglegheiter, jobbmoglegheitar og shoppingmoglegheitar. Sistnemnde kaaaan eventuelt erstattast med netthandel, sjølv om det ikkje blir heilt det same. Ein pub er med andre ord essensielt. Og sidan det allereie no er planar for eit bilijard-rom i kjellaren her, så køyrer me på med bardrift i same slengjen. Med ein reell innsats frå mi side, kan eg kanskje prestere å få alle innbyggjarane over på trygd, og ein har dermed eit samfunn tufta på uendeleg med fritid og jamnleg grøftefylla. Noregstoppen i lever-donor-trengjande. Not good. Stryk det siste der. 

Nei, trass i fri tilgong til frukt og bær, fjordar, fjell og isbrear, ro og fred, og (for augneblinken) fantastiske late sumardagar, er det vel lite sannsynleg at eg flyttar heim med det fyrste. At eg til tider lengtar heim til den nydelege bygda mi, kan eg godt skrive under på. Men på mine gamle dagar har eg i stor grad blitt bortskjemd med langopne butikkar, relativt fungerande busstilbod og ein stor omgongskrets samansett av fantastiske individ, som dessverre ikkje lar seg flytte til ein stille liten plass bortgøymd inne i ein krok ved Sognefjorden. Men ein gong, når alderen -verkeleg- byrjar å ta på, vil eg tru at eg lengtar heimatt til roseblømande hagar og merkelege opningstider på alle offentlege tenester. 

PS! Gidd nokon fortelje meg kva SVARTEN som er greia med alt bosset folk har stilt opp i vegkanten her i bygda?? Hæ? Er det KUNST?! Jiiz.

 

 

 

Bileta i dette innlegget er lånt frå:

http://adventuresinlalalandblog.com/tag/cute/
www.dirnat.no

http://dosfamily.com/2009/08/my-dream-house/
http://s278.photobucket.com/user/Liisa75/media/Gotlanti108VillaVillekulla.jpg.html
http://www.finn.no/r/feriehus-hytteutleie/object?finnkode=34216068

Skrivekløe i natta…

For min del er det då den melder seg. Skrivekløen. Gjerne i kombinasjon med eit “gah-eg-gidd-ikkje-fixe-bilete-til-bloggen-bilete-noooo”-anfall. Og medan dette står på, ligg det ein kar i senga og ropar: -Iniiiiin!
Men skrivekløen er der framleis. Eg har mest av alt lyst å gje meg i kast med ein av romanane mine når det byrjar sånn; hovudet er stappfult av gode idèar, men klokka tikkar mot halv tre om natta, og eg VEIT eg burde gå og pusse tennene, og finne loppekassa. Det er berre så pyton når hjernen er så i siget!!

Kva er det eigentleg som gjer at kreativiteten boblar over når mørkret får senka seg?! Eg har ein teori om at det er stilla som lokkar det fram. Og i tillegg utviklar eg eit særs kreativt tankemønster når natta fell på. Det er alvar og tussar og troll og spøkelser opp og i mente. Trollmenn og magi og dragar and you name it. Fine tenkje-verda.
 
Dei fjøsnissane som fann ut at det skulle vere på -dagtid- alt skal foregå, skulle hatt seg ein knyttneve i naserota. Men ein trøyst i det heile er vel at eg no har fått lasta bileta frå speiglreflekskamera mitt inn på pc’en, og dermed har eg tilgjengeleg noko å publisere her på bloggen min. Snart. Ein dag. Når eg berre finn tida. Og vegen ut av Azeroth.