Bursdagen rett kring hjørnet!

Jada, jada. Eg VEIT eg sa eg skulle skrive cirka eit innlegg i veka dette året. Og nei, det har dessverre ikkje blitt tid til det. Verda mi har vore mildt sagt hektisk siste par månadane, så eg får freiste å starte på nytt. No. Snart. Kanskje allereie til neste veke. Consider this a fresh start! ^^

For no er det på tide med ei oppdatert ynskjeliste!! Bursdagen min er rett kring hjørnet, og eg har i det minste freista å vere hakket kortare på ynskjeliste-fronten enn på lengje. Så ladies and gentlemen; dette vil eg gjerne få til bursdagen min!! <3

Eg har for tida fått litt Sims-dilla, så det er to pakkar eg har VELDIG lyst å utvide samlinga mi med!

The Sims 3 Expansion:

Studentliv og De Fire Årstider. Andre stæsj-pakkar er òg hjarteleg velkomne, men mest av alt er det desse to som trunar høgast på lista! ^^

I tillegg er det nokre spel til eg gjerne skulle hatt klørne i, hovudsakeleg til pc sidan eg snart er utan PS3, men eg takkar ikkje nei til å få dei på konsoll anyways! Det ligg i planane å skaffe seg ein ny, nemleg!

PC & PS3-spel:
TombRaider
The Walking Dead – Survial Instinct
SimCity

 

Det er ikkje så veldig mange filmar som ligg høgt på lista i år, men det er nokre få:

 

DVD/BlueRay:
Men in Black 3
StarWars-samlepakke (helst på BlueRay)

 

Nokre ting må det nesten vere plass til òg. Relativt fornuftige ting, faktisk! :oD 

Gryteklutar
(for eg har nesten ingen fine igjen! Marky åt seg godt veg gjennom samlinga…)
Nøkkelskap, type nostalgisk

Okay, den siste var vel meir tøff enn nostalgisk, men eg ynskjer meg noko fin-fint å hengje i gongen jaffal! Den eg har vil ikkje nøklane hengje på lengjer! :O

Oooog, eg tenkte å gjere huset mitt litt meir oversikteleg, og då treng eg oppbevaringsboksar. MASSE oppbevaringsboksar. Til alt frå vaskepulver, knekkebrød, kattemat og hei som det går!

Berre for å illustrere nokre dømer på fine oppbevaringsduppedittar! ^^ Mesteparten av dette er frå Kremmerhuset, men oppbevaring er stikkordet!

Så kjem Monster High-dokkene. Det er kanskje det einaste på ynskjelista mi som er litt “off” denne gongen! Men eg ELSKAR dei.

Går det an å -ikkje- elske dei?! Så JA! Sånne har eg lyst på! Såg dei hadde dei til 99,- på ein leikebutikk (som eg sjølvsagt ikkje hugsar namnet på!!) så då er ikkje prisen så ille? Har (dessverre) berre Rochelle Goyle foreløpig (gargoyle’en, if U didn’t get that?), men eg håpar på å få utvida samlinga på sikt! ^^

Eg ynskjer meg faktisk ei yoga-matte! Har veldig lyst å byrje med yoga, men ei frisk matte å utfalde seg på hadde gjort seg! 
Og ein embosser hadde vore fint. Eg hadde ein fantastisk draum der mor mi hadde funne ein LILLA ein til meg, og eg var heilt i ekstase!! Finaste fargen jo! :oD
 Ikkje at den treng vere rosa eller neongrøn eller noko fancy sånn eigentleg. Så lengje den virkar er eg meir enn nøygd! ^^

Nokon som hugsar desse frå DNA?

Dei er sjølvsagt frameis på lista. Og om skjebnen ikkje skjenkar meg desse skoa i denne omgongen heller, så får dei heller forflytte seg til lista over ting eg sparar til. Medan eg intenst håpar dei snart kjem på sal!!

Og så ynskjer eg meg ei krydderhylle. Fann ei på Black Design som funka, og fann i same slengjen ei handfull andre ting eg falt for:


Har falt skikkeleg for dei tallerkane med sånn hjartekopp til! Helst i svart. Aaaaw, finaste! ^^

Og så er det nokre bøker eg har veldig lyst på! 

Bøker:
I Am Legend
Hitchiker’s Guide to the Galaxy
Alle Harry Potter-bøkene, helst på engelsk!

Og så har eg veldig lyst på den nyaste CD’en til Lordi: To Beast or Not to Beast!! 

 

Likar du å gje gåvekort? Her er nokre veldig gode forslag til gåvekort EG syns er fantastiske å få! 

Gåvekort:
Outland
Indiska
Dragens Hule
Kremmerhuset
Åhlens
Platekompaniet

 

Og sist men ikkje minst: EG YNSKJER MEG PENGAR!!!! Eg har sjukt mange planar for ting eg har lyst å kjøpe, som må sparast til.  
Fyrst og fremst sparar eg til å ha råd til ein kinesisk nakenhund. Og så vil eg på FERIE snart!! Type utlandet! ^^ Billettar til Nick Cave-konserten i Bergen i sumar hadde vore utruleg fantastisk òg, dersom det ikkje blir utseld før økonomien min stabiliserar seg.
Pluss at eg lever i trua om å få råd til nagleskoa min. Sånne dyre sko må det rett og slett setjast av ei årsløn til! xD
Og heilt til sist: Eg vil ha meg ny PlayStation! PS3, vel og merke. Teite PS4 er visstnok ikkje kompatibel med spela mine. Dummingane. 

And there you go! Jaggu blei det nokre ting på lista mi i år òg! xD