Amerikansk skrekk/thriller (2019)
Med Taylor Russell, Logan Miller & Jay Ellis
Regi: Adam Robitel
Lengde: 1 timar 39 minutt

Filmar om escape rooms og andre med “eg-er-fanga-og-må-vere-glup-for-å-kome-ut”-tematikk finst det snart ein million variantar av. Og her er endå ein!

Det er verken orginalt eller nyskapande. Underhaldande? Jau.
Seks personar utan tilknytning til kvarandre får ein invitasjon til å bli med i eit escape room. Ein rik kakse, ein spelerom-entusiast, ein lastebilsjåfør, ein krigsveteran, ei genial universitetsstudine og ein lagerarbeidar med eit alkoholproblem. Og så blir sjølvsagt romma dei blir kasta inn i ein smule meir dødelege enn dei hadde forventa.
Dermed må dei samarbeide og vere veldig smarte for å kome seg ut på andre sida.

Det er ikkje keisamt, men me har sett det før.
For ein person som meg, som slit så hinsides med høgdeskrekk, blei det til at eg måtte holde pusten ei stund då dei skulle ta seg gjennom ein bar der golvet (eller taket? Vanskeleg å sei faktisk!) forsvann ned i avgrunnen og trua med å ta heile bøtteballetten med seg på ferda.
Det er spennande, og tempoet held seg oppe heile vegen. Men det blir meir action enn det blir intenst, så derfor er det fristande å hevde at denne høyrer betre heime i thriller-sjangeren. Dessverre.
Allereie i 1997 kom Vincenzo Natali ut med Cube, og den sette eigentleg standaren for sjangeren. Eg vil anbefale å sjå den framfor å gje deg i kast med Escape Room dersom du vil ha ein variant som verkeleg gir gåsehud på ryggen!


Men det var kjekt å sjå Deborah Ann Woll i rolla som Amanda Harper om ikkje anna! Eg trur ikkje eg har sett ho i noko sidan rolla som Jessica i True Blood! Ho var badass der, og jaggu er ho badass her òg! <3

Denne veka kom det ein snill ljosmann til oss og kurse oss litt i ljossetjing. Så då er det kanskje naturleg at me lagar skrekkfilm?

Soundtrack: Prodigy – No Good (Start the Dance)

Då eg i mine yngre dagar studerte film hadde me berre den gamle typen ljos som krevde fem menn for å rigge. Eg er old school og likar det best. No går det i stor grad i LED-ljos, som på mange måtar er mykje meir praktisk, men som gjer at ein må jobbe litt anleis. Så for min del er det veldig greit å få oppdatere seg.
Problemet var vel helst at eg blei fullstendig ubrukeleg sidan eg skulle vere skodespelar i tillegg: Fyrste dagen spelte eg bissnisskvinna Isabella von Meyer med falske raude negler. Dei hang ikkje godt, for å sei det mildt!


Berre det å pudre den stakkars motskodespelaren min, Jonny, var ei utfordring sidan neglene ramla av berre eg pusta. Men me kom gjennom det! Og eg må innrømme eg tek meg godt ut som seriøs aksjemeglar når det kjem til stykkje, sjølv om eg følte meg så malplassert som det overhovud var mogleg å bli!


Historia var ikkje den mest kompliserte, sidan dette berre var ei øving. Me hadde med oss Dùnedain som prod.ass og på lyd, snille Inge stilte med ljos og kursing, og Wenche tok seg av regi, foto og delvis produsent, sjølv om me andre stemde i når det var naudsynt. Jonny tok på seg rolla som Carl Frederick Morgenstierne; ein noko ufyseleg kar som ville kjøpe det ingen pengar kan kjøpe: Ei menneskeleg sjel.
Eg hadde sminke, prod.design og spelte det stakkars offeret hans som var nøygd med å selgje sjela si for ein milliard dollar.

Innspelinga gjekk over to dagar + ein dag med rigging.
Utanfor var vêret rett og slett horribelt, og med vind som kom ned gjennom pipa og ei dør som konstant sto og knirka, så blei det litt utfordringar for den ferske lydmannen vår som berre har helde bommen ein gong før i sitt liv.

 

På dag to skulle sjela overleverast, og eg måtte iføre meg spøkelseskostymet mitt. Noko som inkluderte å sminke hendene mine, og dermed etterlate seg kvite fingeravtrykk på ALT eg tok i.
Det må leggjast til at eg sette ny rekord i linse-påsetjing denne dagen!! Begge linsene kom på med eit forsøk!! HURRA!
Og så fekk me leike oss med tørris. Eit særs komplisert konsept som funkar dårleg på metallfat etter mi erfaring. Effekten blei awsomme, men hendene mine sto i fare for å fryse fast meir enn ein gong i prosessen! Men når bileta blei så kule som det kan sjå ut til at dei blei, så var det verd kvart einaste avfrosne lem!


For å sei det slik, så er ikkje dette eit prosjekt som skal vidaresendast til festivalar, men på sikt dukkar nok snutten vår opp på YouTube! Så hald pusten, finn fram popcornet og set deg til rette når den tid kjem! Om historia kanskje ikkje er Oscar-materiale, så har eg trua på at det kan bli ein artig liten sak likevel!

Yay! So I’m blogging in English today! Why? ‘Cos I got a goodiebag from the US, and my friend Sara deserves to know what I think about it! 😉

Soundtrack: Drowning Pool – Bodies

I got a HEAVY package today! It’s been waiting at the Post-office for a few days since I haven’t had time to go get it, but yesterday was the day!
So with Dùnedain serving as my photographer, I got to dive in!

It’s HUGE! And HEAVY!
Continue Reading "Unboxing – English edition!"

Nordisk film har ei eiga evne til å vere så kunsternisk og teatralsk at det er til å sovne av. Og jammen tviheld dei ikkje på dette til siste andedrag! 

Nordisk skrekk  (2016)
Med Ellen Dorrit Petersen, Cosmina Stratan & Peter Christoffersen
Regi: Ali Abbasi
Lengde: 1 time og 32 minutt

Det var ein time og tretti-to minutt eg ikkje får igjen av livet mitt. Faktisk blei minuttane så mange og lange at filmen måtte sjåast i to omgongar.
Me møter Elena (Cosmina Stratan) som kjem til Sverige for å vere hushjelp for eit par som er busett langt pokker-i-vold vekke frå folkeskikken, i eit hus utan straum eller innlagd vatn. Dei dyrkar sin eigen mat og held høns, og drøymer om å bli foreldre. Louise (Ellen Dorrit Petersen) slit med å bli gravid, og ho klarar å overtale Elena til å bære fram eit barn for ho. Men noko mystisfistisk skjer med den stakkars hushjelpen når fosteret byrjar å vekse i magen hennar.

Vakre bilete til tross, så blir dette både langdrygt og keisamt. Det er litt som å sjå eit fyrsteutkast til Rosemary’s Baby, der Polanski hadde teke noko beroligande før han peisa på.
Dialogen er lite overbevisande. Måten karakterane snakkar til kvarandre blir så unaturleg, for ingen snakkar slik! Alle me møter gjennom filmen glir på eit vis i ei dramatisk tåke, og når dei opnar kjeften blir det nærmast like svevande det som kjem ut.

Så er det plottet då. Ein ond baby.
Born kan vere hinsides skremmande om det blir gjort på rett måte, men ikkje ein augneblink får me kjensla av at det er vesle Shelley som er skummel. Ho er berre ein baby som ligg og stirer på folk, og all verdens lydeffektar og overdramatiske fakter på dei som møter ho gir oss eit anna inntrykk. Shelley er berre ein baby. Ho er lita og søt og ser heilt uskuldig ut. Hadde det bygd opp litt meir mystikken kring dette nurket, så kunne det ha funka, men det er ingenting skremmande med denne søtnosen. Ho har verken horn eller splitta tungespiss.
Og kvar er greia med alle desse nakne damene? Både Petersen og Stratan kler av seg i kunstens namn, så her er det både pupp og mus! Men pikk og pung glimrar med sitt fråvèr.

Om ein likar nordisk film med lange vakre og dramatiske naturbilete, og tankefulle kunstpausar, så er dette filmen for deg. Men som skrekkfilm er ikkje dette noko å rope hurra for. Om ein er nøydd å pause ein grøssar for noko anna enn å roe nervene, så har regissøren bomma grovt.


Norsk folketru har eit HAV å ta av innan gode skapnader å putte på sølvskjermen. At fjøsnissen skulle bli ein av dei hadde eg derimot ikkje trudd. 

Norsk skrekk/humor  (2023)
Med Martin Starr, Amrita Acharia & Kiran Shah
Regi: Magnus Martens
Lengde: 1 time og 40 minutt

Spark som fluktfartøy. Amerikanarar som prøver lutefisk og lengtar etter nordljoset. Calle Hellevang-Larsen og fjøsnissar i hopetal.
Det er nok av fantastiske element i denne suppa, og ikkje smakar den så verst heller! Kven visste at fjøsnissane hadde eit eige samfunn der dei grip til våpen når folk steller i stand fest på låven deira?

Ein god latter forlengjer livet, seier dei. Og det gjer meg ingenting at den latteren kjem i ein grøssar-samanheng.
Fire amerikanarar; far, stemor og to born, flyttar til Noreg etter å ha arva eit hus der onkel Erik (Eldar Vågan) tidlegare tapte kampen mot ein sta og hissig fjøsnisse. Og som ein kvar nordmann med vitet intakt, så held ein seg for god til å stelle i stand låvefestar med tilhøyrande overdriven ljosshow, i motsetjing til kva amerikanarar gjerne tyr til. Minstemann i familien, Lukas (Townes Bunner) blir derimot på go’fot med nissefar, og freistar å gjere alt i si makt for å halde han blid og glad. Dessverre gjer han tabben med å servere lutefiskrestar til mannen på låven då pappa’n i familien et opp jolegrauten.
Og så bryt sjølvsagt helvete laus.

There’s Something in the Barn er ein herleg film for dei som likar å sjå ting på skjermen i same kategori som Evil Dead, Død Snø og Shawn of the Dead. Det er tøysete og blodig, og karakterane er fullstendig over-the-top. Og det er gøy.


Som skrekk-komedie er dette absolutt noko å anbefale. Om ein les seg opp på dei gamle historiane om fjøsnissane, så var dei ikkje til å spøke med. Der har dei i alle fall treft spikaren på hovudet.
Men direkte skremmande er det ikkje, trass i at filmen er godt laga. Du ler meir av kor dumme og feilinformerte amerikanarane er enn du gøymer deg bak puta fordi nissane er skumle. Men stereotypiane sit som eit skot; dette er akkurat slik me ser for oss at nokon frå solskinsstaten California ville oppført seg om dei forvilla seg inn i dei snøkledde norske dalane. Og amerikanarane ville nok ha oppfatta oss nordmenn mykje på same viset som dei blir framstilt her. Me er inneslutta og mutte heilt til heimebrenten kjem på bordet, og sjølv om alle har høyrd om fjøsnissen så er det ingen som trur på han.
Likevel er sannsynlegvis dette ein film som passar betre for ei kveld i lystig lag med andre skrekkentusiastar enn noko du set på for å skremme kjærasten din på fyrste date.

Eg har uansett lyst på min eigen fjøsnisse etter å ha sett den! Men det seier kanskje meir om meg enn noko anna.

Så blei det eit lenger opphald vekke frå bloggeverda for min del. Men ting har vore litt hektisk gitt! 

Soundtrack: Rammstein – Halleluja

Eg hadde store planar om å nå ei deadline på måndag, slik at eg kunne kaste meg i gong med bok 8 i den nye serien min. Aller helst ville eg hatt 10 bøker klar før dei fyrste lesarane fekk bok nummer ein i hendene, men det var tydelegvis det dei på godt engelsk kallar “a long shot”.
Fyrstkomande fredag skal den etter planen “Eirill Seidkvinne – Hulderdatteren” liggje i postkassane til dei fyrste abonnentane, og det sitrar litt både her og der i spenning for korleis folk kjem til å ta imot den! Eg håpar jo eg har gjort ein god nok jobb som kan måle seg med Søstre, men det får tida vise.

Men nokre kjeppar i hjula er det alltid. Eg var -nesten- ferdig og skulle levere inn manuset mitt på måndag, men så blei eg liggjande strak ut i helga med mini-fluensa. Dermed havna eg fullstendig på etterskot og måtte skrive som ein helt så snart feberen slapp taket og hovudet byrja å klårne.

Eg er berre sjeleglad for at skallen tok til å bli ullen før ETTER eg og Dùnedain hadde vore og sett Dagfinn Lyngbø på Forum fredagen!! (kort fortalt så var han like herleg som alltid og me kosa oss glugg!)


Bok sju som eg har jobba med siste vekene var eigentleg så godt som ferdig før eg blei sjuk. Eg skulle berre skrive inn eit par kapittel til, rette galskapen og få den avgarde. Men så er det noko med at dei eg skriv om har ei eiga vilje som eg ikkje har kontroll over.
Ein av karakterane mine skulle sjølvsagt setje seg fullstendig på bakbeina og snike seg innatt i historia etter at eg trudde eg hadde send han langt pokker-i-vold vekk. Men neidå. Brått sto han der og gliste, og eg hadde ikkje anna val enn å la han få leggje fram ærendet sitt. Eigentleg er eg glad for han kom inn igjen, for han ga litt meir til skriveria mine når alt kom til alt. Resultatet blei at eg måtte ta vekk fire kapittel som eg hadde planlagd, for han var ikkje så lett å bli kvitt! Så dei siste dagane har gått med til å kjempe med han og endre planane slik at eventyret mitt hang saman.
Men sjølv om manuset blei send til forlaget i gårkveld, så blir eg ikkje arbeidsledig med det aller fyrste.
Me i Alien Ghoti er i gong med eit og eit halvt nytt prosjekt: Ein kortfilm som skal spelast inn til våren/sumaren og ein øvingsfilm der me skal jobbe med å forbetre ljossetjing-skillsa våre. Der skal eg vere både prod.design, sminke og skodespelar, så eg gler meg noko hinsides!
I tillegg skjer det jo litt knytt til release av serien min. Så langt har eg fått litt tilbakemeldingar frå folk som har lest fyrste (og andre? Litt usikker … ) bok, og tilbakemeldingane har vore nydelege. Sånt gjer ein sliten forfattar ganske happy! ^^

I dag skal det ikkje forfattast så mykje vel og merke. Innimellom må eg ta meg av litt meir administrative sider av jobben, så det blir hovudsakeleg budsjett/økonomi, filmprodusent-issues og utforming av synopsis til filmkonkurranse i dag!
Men som bonus, så legg eg ved eit bilete av ei av jentene mine, som sov på magen min i natt.

Èowyn Mazikeen <3